Flør

Page 1




Kri s ta L i e n I n dr e h us  Flør Dikt

Samlaget Oslo 2021



ser at livet dirrar alt er varmt alt er gult: eg finn tørt gras under neglene eg finn stadig nye flak av krøllete hud på leppene kan det regne snart så hendene mine og hendene til bestemødrene mine kan kjøle seg og sleppe taket i denne tørken kvar ei fluge eller mygg som landar på meg slår eg i hel

5



som barn veit eg at verda er mitt blikk og derfor er verda umogleg utan meg så går bestemor bort eg ler i bilen på veg til øya eg ler på båten på veg til gravferda ein latter som ikkje forheld seg til døden og det er heilt i orden fordi eg er eit barn heilt til vi kjem rundt den siste svingen og eg ser huset under fjellknatten

7


i vindauget er eit kors eit skilje mellom greiner og støv bestemors kropp er tom men bestemors blikk blir sakte samanvove med mitt og vi ser dei same blondegardinene i kjøkkenet, og bak: den same utsikta til gras og stein og fjell fulle av arr etter vind, is bølger som igjen og igjen slår sekunda i berget bestemors blikk og mitt fletta inn i dette framleis levande huset denne framleis bundne kroppen

8


går frå kjøkkenet til spiskammerset det luktar mjøl og sirup kjenner tyngda av døra eg måtte hugse å stenge raskt for flugene som alltid ville inn eg har sett bestemor i kvit kjole ho hadde dei same augebryna som før over dei same augeloka var igjen resten likna ikkje på henne

9


eg er eldre no reiser igjen til øya og verda er mogleg utan mitt blikk

10


her finst eit fyr eg går på vegen til fyret går over enger eit ormeskinn ligg inntørka den eine halvdelen blant lupinar og hundekjeks den andre i kort gras sauer beitar på tuppen av øya der sjøen filer på ei rivne i berget har nokon bygt ein passasje av stein og betong det blæs og jakka mi klistrar seg til armane mange gonger har det blåse orkan over passasjen eg veit det fordi bestemor fortalde det menneskelagde steinblokker slitne frå kvarandre av ingen hender av ingen fingrar er avtrykk av storm eg hoppar frå blokk til blokk over rifter i berg 11


over restar av passasjen som saltet enno pussar på vi deler dette synet

12


tar bilde av fyret, sender det til venninna mi ho elskar å sjå på havet seier at ho føler blikket stå stille i synet tida frys ho blir ein del av eit måleri ho kan betrakte på avstand eg førestiller meg det også slik men i denne vinden må eg knipe auga saman gni vekk tårer dytte nevane inn under hetta som stadig blir pressa ned i ansiktet mitt

13


blikket ser mot framtid kan ane framtid i lauv som spring lauv som visnar vårtunge elver som syg av sine breidder grånande hår i tinningane til foreldre rundt middagsbordet

14


ser eit cruiseskip i horisonten og når eg snur meg det raude huset i korte glimt der trea opnar seg for vinden

15


å snu ryggen til fyret er som å snu ryggen til hardt arbeid som om eg venta å finne noko her som ville rettferdiggjere hardt arbeid å gå tilbake til husa og bilvegen følest som å miste noko eg skriv til venninna mi: kva er det eg trur eg skal finne ved fyret ho svarer: du vil ta med fargen ok, kanskje ikkje fargen du vil ta med tomheita i det at alt blir blått når du ser bort frå fjella og småøyene eg skriv: det er umogleg ho svarer: det er umogleg

16