Page 1


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 2

AINA BASSO Ingen m책 vite. Roman 2008

2


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 3

Aina Basso

Fange 59. Taterpige Roman

Samlaget Oslo 2010


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 4

© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Stian Hole dokument på forsats: Framside for Fundatz anlangende et udi Trundhjem indrettede Tugt-og Verk-huus. 1735. Statsarkivet i Trondheim. Innskrift for fange nr. 1, «Maria Andersdatter, Tatter-pige». Fangeprotokoll nr. 1 for Trondhjem Tugt- og Verks-Huus 1737 1814. Statsarkivet i Trondheim. førtrykk: Samlaget skrift: Minion papir: 90 g Munken Print Cream 1.5 trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521- 7553-0


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 5

Innhald Tukt 7 Teneste 119 Ordliste, romani 255 Sitat 255 Jenta i protokollen 256


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 6


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 7

TUKT


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 8


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 9

Tatere, som omløbe og besvige Folk med deris Bedrægeri, Løgn, Tyveri og Troldom skulle af Stædets Øvrighed paagribis, hvor de kunde befindis, og de, som af Almuen paa Landet ertappis, skulle leveris til næste Bonde Lænsmand, som ved Bøndernis Hielp skal føre dem til Fogden og alt hvis de have med at fare dennem fratagis, og deris Anførere paa Livet straffis, og de andre inden vis Tid at rømme Riget fra næste Stæder de kunde udkomme; Og hvis de efter den Tid spørgis, eller overkommis kunde her i Riget, da som deris Anførere at straffis paa Livet, og hvo dennem huser, eller herberger, bøde til sit Herskab for hver Nat, og for hver Person, som den der huser fredløse.


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 10


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 11

Stiftsbyen Trondheim, 24. august 1749


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 12


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 13

Ho spring. Fort forbi husveggar med småruta vindauge, oppover breie brusteinsgater med steinrenner, inn dei smale veitene mellom husa. Ho kan ikkje snu seg, kjenner vektarane som eit trykk mot ryggen. Ho set opp farten. Svingar rundt eitt hjørne, rundt det neste. Fotsolane klaskar mot brusteinen, pusten er høg i hovudet. Ho vågar eit kort blikk bakover, blikket humpar, kroppen. Ho ser ingen. Tomme gater, skyming, små lyssirklar som blir tende innom glasrutene. Ho spring vidare. Forbi ein gammal betlar med krumma handskål, ho løftar handa til helsing. Ut av byen. Ut, ut, ut. Fort over dei grøne løkkene på Kalvskinnet, forbi reparbanen, tukthuset, det kling i ei klokke, ho spring vidare, fortare, eit press for bringa. Ho ser dei små husa nede på Sanden, hospitalet med kyrkja, den grøne løkka, no nærmar byporten seg og Skansen. Porten skal vere open ei stund enno, kva var det vektaren ropte? − Klokken er slagen å-tte. Vinden er sø-r-lig! Springe, springe, mur, port, fort ut.

13


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 14

Ho smett attom dei grøne buskene på utsida, lener seg til muren og hiv etter pusten. Ho støttar armane mot knea og held auge på portopninga. Tida går, ingen kjem. Ho sig ned på bakken. Beina prikkar. Ho gnir seg hardt over lår og leggar. Himmelen mørknar, fjorden skyl innover stranda. Frå festninga ute på Munkholmen skin faklane gult. Langs leia duvar skipa på dønningane, nokre måsar jamrar, flyt på luftstraumane. Ho fjernar seg varsamt frå skansevollen, går i retning Byåsen eit stykke, før ho raskt og duknakka kryssar vegen mot Nidelva. Ho klyv forsiktig ned skråninga. Graset er sleipt, gir ikkje skikkeleg feste. Langs breidda ligg nokre kvelva båtar. Ho ser spora deira, frå elva opp på land, beine skar etter kjølane. Oppe i elveskråninga finn ho ein lun stad og set seg. Samlar kleda tett om kroppen, kryp saman. Natta djupnar.

14


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 15

Nidelva renn i ei blank slynge under åsen. Det er stjerneklart, nattelufta er rå. Kor er dei andre no? Ho såg dei sist på torget, dei nølte, berre nokre sekund, då vektarane viste seg. Mors hender, raske, pakka varene saman. Spring! Auga til søster, store som tinntallerkenar. Dei hadde selt varer på dørene heile dagen. Fruene pruta, snudde og vende på tinga, drog på det. Ville ha det til at mor prøvde å lure dei, at varene var for dyre. Taterpakk, var det ei som sa, smelte døra att i andletet på dei. − Det er ingenting å bry seg om, sa mor, rask i smilet, skubba jentene vidare, banka på neste dør. − Fine varer! Tørkle, dukar, lekre broderi! Dei kom seg nok unna. Ho får lite på at far har sørgt for at han og Johan sleppte trygt ifrå det denne gongen òg. Ho trekker knea inntil kroppen, finn tærne med hendene og varmar dei. I åsen ovanfor skimtar ho hus. Eit svakt lys frå ei opning i ein vegg. Ei smal røykstrime frå eit tak. Varme senger. Fyr på grua. Nysteikt brød og varm fisk som ein kan plukke frå kvarandre med fingrane.

15


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 16

Eit nesten usynleg trakk opp mot rivna i fjellet. Berget opnar seg, dei går inn. Tørre veggar, fuktig takkvelv. Mor breier ut skinn og teppe, dei set seg. Far tek fram fela, Maria er trøytt. Ho legg seg i fanget til mor. Berre lyden av regnet som fell i høgt gras. Ein feletone som glir, som stig og søkk. Fela til far sullar henne inn i ein draum.

16


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 17

Lyden vekker henne. Natta er rund. Månen er eit andlet over åsen, ei sky driv omkring han. Ho blunkar, gnir auga med handa. Der er han igjen. Noko blir drege over graset. Ein båt? Nei, det kan det ikkje vere, lyden er for svak. Noko mindre, som ein sekk? Ho kvepp av nokon som kviskrar, som rører seg i mørkret, altfor nær. − Ta i litt, då! Dei to skikkelsane beveger seg mot elva. Straumen suser. Omrissa deira i bleikt skin, to menn. Eit lite plask. − Helvete! No blei eg våt! − Ja, kva fan ventar du, då. Få han uti! Eit større plask. − Hysj! Fan for eit leven! Dei romsterer nede ved breidda, kavar med ein diger bylt, skyv han frå land med ei åre. − Eg høyrte noko! Ho stivnar, held pusten. Den eine skikkelsen huker seg ned. − Kom deg ned, for svarte! Ho strekker hals, men mennene er ikkje lenger å sjå. På elva duppar ein bylt i vasskorpa. Blir sakte ført nedover med straumen.

17


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 18

Natta grånar, fuglane syng. Ho kan ikkje ha sove. Hovudet er stramt, det skin ein tynn verkestråle inn i tinningen. Ho gløttar fram frå kjerret og ser elva renne, breidda på andre sida, båtkvelvane på stranda. Dei to mennene er ikkje å sjå. Ho ventar ei stund, så vågar ho seg fram. Ho løftar armen og snuser inn i armhola. Sveittelukta er allereie skarp. Ho går ned til elva, trekker skjørta opp til knea og dreg forsiktig av seg trøya, så den store sølja ikkje skal dette av, skottar kring seg. Ingen å sjå. Ho vassar uti eit stykke, hutrar av elvevatnet mot leggane, formar hendene til ei skål og drikk. Ho kastar vatn i andletet, på halsen, oppover armane, i armholene. Ho nøler litt og ser seg rundt, så dreg ho skjørta opp til midja og set seg fort ned i straumen, vaskar seg mellom beina med handa. Oppe på Ila er det enno stilt. Ein hane gjel med brosten røyst, nokre høner klukkar bak eit gjerde. Bak henne strekker den lange Byåsen seg med spreidde gardar. Ho høyrer møllehjulet i morgonstilla, suset frå elva og bølgjene. Framom henne ligg fjorden og Munkholmen, nokre små hus, stablar med trevirke. Den bratte skansevollen med byporten er til høgre. Han er open no, ingen vakter å sjå. Ho går den vegen, kjenner svolten knipe. Ho kjem seg fort innanfor bymuren og fortset nedover mot sjøen, godt ute av syne frå hovudgata. Nede ved stranda ligg eit einsleg, lite hus. Det ulmar i eit bål utan-

18


Fange 59 ferdig.qxd:A

04-08-10

11:21

Side 19

for, ein eim av sur røyk som driv hennar veg. Ho rynkar nasen og vil ta ein omveg, men så kjem ein mann ut av huset, og ho huker seg ned bak ein haug med greiner. Mannen rakar litt i glørne, dei sprutar opp og flammane sleiker svoltnare om trekjeppane. Han er sterk og mørk, kledd i ei kvit kufte, han nynnar medan han rakar. Det er noko kjent med den songen. Dei mjuke tonane, så nære, dei rører ved henne på uventa vis. Ho kryp nærare. På nært hald minner han litt om far, sjølv om han ser yngre ut. Det kriblar i magen. Kan han vere ein av dei? Mannen lener seg på greipa og myser mot sjøen. Så byrjar han å synge. Først lågt, så sterkare: − Kor eg lengtar ut på vegen og til ho eg har så kjær. Når eg kikar opp i himm’len er det som eg ser ho der. Kor eg lengtar etter henne, jenta mi som eg har kjær. Når eg ser ei stjerne blinke, er det som om ho er nær.

19


Fange 59  

AINA BASSO Ingen må vite. Roman 2008 2 Aina Basso Roman Samlaget Oslo 2010 © 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no isbn 978-82-521- 7553-...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you