
2 minute read
Redslar
27. JANUAR 20 18
Eg er ikkje modig. Eg fryktar først og fremst alt som stryk seg langs bakken, og meir enn noko anna fryktar eg slangar. Eg er redd edderkoppar, mark, mygg, endåtil fluger. Eg er redd høgder, og dermed også heisar, kabelbanar, fly. Eg fryktar sjølve jorda vi set føtene på, når eg innbiller meg at ho kan sprekke i to eller vere utsett for ein kollaps i det universelle maskineriet som får henne til å falle, slik eg hugsar frå barneregla vi song då vi var små. Snurr, snurr, rundt i ring. Jorda fell. Verda fell. Alle ned på bakken. Åh, som dei orda skremde meg. Eg er redd alle menneskelege skapningar når dei blir valdelege. Eg er redd dei når dei brøler, krenker, bruker skjellsord, stokkar, kjettingar, stikkvåpen eller skytevåpen, atombomber. Og likevel, kvar gong det som barn var nødvendig å vise at ein ikkje var redd, viste eg at eg ikkje var redd. Eg vende meg raskt til å reagere mindre på verkelege eller innbilte farar og meir, mykje meir,
15
på augeblinkar då andre reagerte slik som eg brukte å gjere, eg blei lamma, klarte ikkje å reagere. Venninnene mine hylte fordi dei såg ein edderkopp? Eg vann over vemminga og drap han. Mannen eg elska, føreslo ferie høgt til fjells med uunngåelege turar i taubanen? Eg draup av sveitte, men eg drog. Ein gong hadde katten lagt igjen ein slange under senga mi, og eg, utrusta med kost og feiebrett, fekk han skrikande ut av huset. Og om nokon truar døtrene mine, meg, alle tenkelege menneske eller harmlause dyr, vinn eg over trongen til å flykte. Det er vanleg å meine at den som hardnakka har trena seg opp til å reagere slik som eg, har det sanne motet, nemleg det som går ut på å vinne over redselen. Men det er eg ikkje samd i. Øvst av alle redslane våre plasserer vi fryktsame, kampvillige menneske redselen for å miste respekten for oss sjølve. Vi set oss sjølve svært høgt, og for ikkje å måtte stå ansikt til ansikt med vår eiga sjølvfornedring er vi i stand til å gjere kva som helst. Kort sagt jagar vi bort redslane våre, ikkje av altruisme, men av egoisme. Og derfor må eg innrømme at eg først og fremst fryktar meg sjølv. Eg har lenge visst at eg er i stand til å overdrive, og prøver derfor å mildne dei aggressive reaksjonane eg har lært meg opp til frå eg var barn. No er eg i ferd med å lære å akseptere redslane mine, endåtil vise dei fram med sjølvironi. Dette begynte eg med då eg forstod at døtrene mine blei skremde når eg forsvarte dei på mitt mest overdrivne mot små, store og innbilte farar. Det ein kanskje bør frykte mest, er raseriet hos dei vettskremde.