Ein halv dag

Page 1


Ein halv dag ferdig.qxd_A 08.04.15 12:04 Side 1


Ein halv dag ferdig.qxd_A 08.04.15 12:04 Side 3

Hildegunn Dale

Ein halv dag Dikt

Samlaget Oslo 


Ein halv dag ferdig.qxd_A 08.04.15 12:04 Side 4


Ein halv dag ferdig.qxd_A 08.04.15 12:04 Side 5

Hagen overeksponert, nesten kvit. Eg prøver å sjå men bildet er uskarpt i rørsle slik at kvar grein trår ut av si form og ryggen din mot lyset blir viska ut. Du såg det klart, du skreiv det ned. Mellom blikk, hand og reiskap i tankens boge. Ei samtale, ei tyngd. Eg skriv i dine spor, ord. Hjartet sin gartnar er hagen sin far. Omsorg til hagen, til oss.

5


Ein halv dag ferdig.qxd_A 08.04.15 12:04 Side 6

Tante seier han likna ein fole. Sprang med lette steg forbi bringebærbuskene. Klipte plenen. Kutta greinene på eple- og plommetrea til ynskt form. . mai, for våren kjem seint til dalen og du hadde spara dette arbeidet til dagen før du skulle gå bort. Hagen stod igjen etter deg, ein augneblink slik du forlét den før alt summa seg og byrja å vekse igjen.

6


Ein halv dag ferdig.qxd_A 08.04.15 12:04 Side 7

Det tynne korset mot snødekte fjell. Eit kyrkjespir. Graset rekk deg til knea. Du står i bedet på hjørnet av huset. Smilet er ungt, i motlys. Kyrkja lenger bak. Bringebærbuskene. Du er ein vakker gut, kanskje  år. I dress. Håret er mørkt og stroke til sida over panna, bøygd litt fram.

Du er kanskje  har sett deg i graset framfor ei rekke små tre. Lys og skugge i blada. Du vinkar fotografen mot deg med høgre hand. Den venstre halden open mot lyset, dreg, kanskje meir enn å vinke. Lattermild, liksom sjokkert som om du ikkje skjønar kvifor fotografen ikkje senkar kameraet med ein gong kjem eit par meter inn frå stien og slår seg ned i det lange graset ved sida av deg.

Du er kanskje  og eit hovud høgare enn dei tre andre på bildet. Du har på deg den kvite hatten som beskyttar mot sol og vind. Står litt på sida, smiler ler under solbrillene. Lett tilbakelent. Med hendene i lomma. På eit fjell.

7


Ein halv dag ferdig.qxd_A 08.04.15 12:04 Side 8

Har du skrive om far din? Det går på ein måte ikkje an å skrive vidare. Det var kroppen han var redd for. Den lange armen retta ut. Eg skulle ynskje eg ikkje skreiv om dette. Eg gjer det. At dagen stod igjen etter deg og var halv.

Eg prøver å halde fast korleis det må vere å gå. Der ute på bøen, det er eit gjerde. Skyve bort ein del av huset. Potteplantane på rekke i karmen. Den kjølige lufta rundt veggen i garasjen. Eit glimt av sol idet den kvite himmelen sprekk opp i noko lyseblått, midlertidig.

8


Ein halv dag ferdig.qxd_A 08.04.15 12:04 Side 9

Eg hugsar kvar tida blei sett på vent og augneblinken utvida seg. På høgre side av vegen – litt ut i graset. Plystra han? Han plystra alltid når noko var gale gjekk rundt den kvite bilen som hadde stogga. Tom for bensin. Vi venta. Lo kanskje i baksetet, over den nye skrekken. Plutseleg å bli teken ut av det som fungerer.

Vi kjente aldri far din, som kom over fjellet med ein hest. Blei forelska i ei ung, mørk kvinne med blå auge. Ho tok bort etternamnet sitt ein augneblink før det nye namnet blei sett inn. Det kvite rommet mellom før og etter.

Ei lysning i skogen. Skogen lyser meg opp. Eit reir i eit nake tre. Dei tynne greinene er fletta saman med og balanserer reiret.

9


Ein halv dag ferdig.qxd_A 08.04.15 12:04 Side 10

Det var ein konkurranse mellom gardar bringe inn tørrhøyet fyrst, ha dei lengste hesjene vere dei fyrste til å få potetene i jorda. Eit føl var ei krone på verket, skriv bestemor. Bestefar var ein arbeidsmann. Han stupte under ein sekk mjøl på veg frå butikken, mot huset og låven. Han blei berre , men kva er livet utan arbeid? Som vaksen fekk du endeleg tid til å gjere som du ville. Vere din eigen herre. For kva er livet utan leik?

Eg pressar fingeren mot to ord i ei steintavle: Siur, det tyder siger. Og vindane. Vindane sveiper jorda. Brua blir reparert. Bakkane endevende. Gravemaskiner køyrer rundt mellom hest og kjerre. Det er meininga at vi skal forandre oss. Eg kan kjenne dragninga.

Det mørke håret, rette bryn. Den lyse frakken. Framfor hyllene. Ho er berre  og arbeider i butikken den dagen de møter kvarandre. Du er  og fri. Står på den andre sida av disken, får henne til å le rett fram og overgitt. Vil ta henne med opp på fjellet, ut i verda, overalt.

10


Ein halv dag ferdig.qxd_A 08.04.15 12:04 Side 11

Du grov ut ein ås. Med spade, hest og kjerre. Og seinare med gravemaskin og lastebil. Det tok heile livet. Du arbeidde hardt i barndommen, ungdommen. Gledde deg over å la oss sleppe med mindre. Det hende vi var med deg i sandtaket, plukka ut stein. Den rette storleiken kom an på kva folk hadde bestilt. Lukta av sol og stein frå hendene. Du målte den fyrste steinen med ein tommestokk. Vi studerte den før hendene og steinane hadde funne kvarandre i ein vane. Du er alt dette som du har arbeidd deg igjennom. Heile landskapet. Eg hugsar kartboka i framsetet av lastebilen. At du av og til stogga, spurde folk som gjekk forbi om vegen til ei eller anna adresse i byen.

11


Ein halv dag ferdig.qxd_A 08.04.15 12:04 Side 12

Det er du som har lært meg den sakte tida som går så fort. Lyfte ein planke, lese nokre liner i ei bok før klokka tre. Når vi kjem heim frå skulen, er du alt pensjonist ventar med middag. Når vi kjem heim frå byen, er vi alt flytta ut.

Vi finn fleire lappar rundt om i huset. Det går ein sti av lappar ut frå huset.

Det er nødvendig samla rundt lappane på kjøkenbordet å drikke eit glas vatn. Ein kvit lastebil veltar på plenen, nesten over meg. Når eg byrjar å skrive, byrjar eg å fly, springe, klatre. Alt som kan ta meg bort, bringar meg attende. Til rifta eg teiknar opp mellom kva som kan seiast og kva som kan eller ikkje kan skrivast.

12


Ein halv dag ferdig.qxd_A 08.04.15 12:04 Side 13

Eit hjarte er lite som i ein storm treffer det vatnet. Spreier bylgjene utover.

Å rive seg laus frå alle eigedomsforhold. Dei er ikkje verkelege. Dei er sterkare enn det som er verkeleg. Ein tanke, ei hand. Og ein del av eit tak, sett frå tunet. Ei kjensle av å høyre til. Korleis distansere seg frå dette?

Du var ein fjellets mann, vi har dette saman. Aleine, når sinnet opnar seg i glede mot eit større rom. Stilla over alle knausane. Ein varde. Lene ryggen mot varden. På den høgaste toppen, heilt oppe på snaufjellet. Sjå ned i ein del av dalen som ligg lenger borte. Ut i ein del av fjorden som ligg lenger ute. Over fjell etter fjell. Det bleike lyset.

13


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.