
Dikt Samlaget Oslo 2025
«Søvn og vak, lys og mørke, stemme og stille … la présence et l’abscence.
Alle dei antatte motsetningane samlar seg ein stad, i eit punkt der dei syng hymna om si foreining – og denne staden er, i alle fall inntil vidare, vårt hjarte.»
Rainer Maria Rilke
Tekstane i denne boka er arrangerte i den rekkjefølgja dei er skrivne, den første i juli 2023, den siste i mai 2025.
Juli–august 2023
handa di krummar seg mot sola
som ein tulipan vesle kvitrande fugl
eg veit ikkje korleis eg skal halde deg
hendene mine er for store og dumme
eg stolar ikkje på dei
vi er aleine for første gong
mor di søv
du begynte å gråte
så eg plukka deg opp og la deg mot brystet
eg gjekk til vindauget og begynte å synge
og du slutta å gråte
i striper av lys og skugge
frå solstrålane som sildra gjennom persienna
og mens vi står der kjem regnet
dropane svever sidelengs over plenen
landar mjukt i graset
lydlaust mot lauvet
eg høyrde ikkje gråt
før eg høyrde deg gråte
kinnet ditt mot brystet mitt
ansiktet opp mot meg
augo lukka munnen halvt open
heile søvnen din vend mot songen som løftar seg
gjennom kroppen min
den mjuke pusten din som seier der er du, Pappa
men eg veit ikkje kven det er
eg er like ny som du
så eg syng til deg
eg legg songen min mellom stripene av lys
eg legg songen min inn mellom regndropane
eg legg songen min inn i søvnen din
eg syng til deg
og eg har aldri sunge før
ho et opp mor si
smattar og grin og mora blir bleikare og bleikare
ho ligg på golvet som eit teppe
1.
vi bur rett ovanfor Stavne kapell
ved sida av går Stavne bru over Nidelva
i 1978 blei Torunn Finstad valdtatt og drepen der i 2023 veit dei fleste som går over brua dette
og dei veit at Fritz Moen blei dømt for dette drapet
samt drapet på Sigrid Heggheim i 1977
og dei veit at Fritz Moen var uskuldig
eg blei fødd i 1984 ikkje langt frå Stavne bru
av ei mor som var like gammal som Torunn Finstad og Sigrid Heggheim
drapsmannen var Tor Hepsø
som tilstod på dødsleiet i 2005
i bibelen på nattbordet var det markert fleire passasjar blant anna:
En niding
En niding og ugjerningsmann er den
som går omkring med falskhet på tungen, som blunker med øynene, skraper med foten
og gjør tegn med fingrene.
Han har planer om å ødelegge
og har alltid ondt i sinne; slik volder han trette og strid.
Derfor kommer ulykken over ham brått, med ett blir han knust og kan ikke leges.
då hadde Fritz Moen døydd føre TV-en sin
i ei leilegheit i Oslo ni månader tidlegare han hadde blitt frikjent for mordet på Torunn Finstad
mens han levde og blei posthumt frikjent for drapet på Sigrid Heggheim
og kvar gong eg går over Stavne bru tenker eg på Torunn Finstad
og eg tenker på ein venn som vaks opp på andre sida som fortalde at då dei var ti så fekk dei vite kor drapet hadde skjedd og at dei gjekk dit nokre gutar
som ikkje visste kva dei såg etter men fann ein brukt kondom
og eg tenker på då ein kompis og eg vandra dritings rundt på Nidarvoll i tenåra han stoppa og peikte og sa «det var her Fritz Moen drap ho andre»
landemerke skapt av total vald etterfølgd av djup stille som heng igjen
som blir fotnotar i ei forteljing om barndom
sår vi alle får
fordi forteljinga skjer der vi er høyrer den til oss
og eg tenker på nidingen som ikkje treng vere ein mordar
som kan vere ein som meg eller ein politimann eller advokat som står opp pussar tenner stikk på jobb tar ein kopp kaffi
og set seg på kontoret for å arbeide med å halde Fritz Moen fengsla
han dei sa var som eit barn han som var uskuldig han som også høyrde til oss tyskarunge barneheimsbarn blottar døvstum lam i høgre arm
James Baldwin: «barna er alltid våre kvart einaste eitt av dei, over heila verda
og eg begynner å mistenke at den som ikkje er i stand til å innsjå dette
umogleg kan vere moralsk»
kva er eit barn?
Ronja har inga skam kvart augeblikk er rått ho tar imot det heilt ærleg
eg har forvandla meg sjølv så mange gonger at det ikkje finst tal på meg rolla mi i fortalde og ufortalde forteljingar dreier meg rundt
ein av studentane mine sa at ho drøymde eg sat på ein stubbe i skogen eg helsa med ein arm då ho gjekk forbi
same dag sa Mormor at ho drøymde om meg
at eg hjelpte ho komme inn i huset sitt som hadde glidd opp ein bakke
og stod på skrå lent mot ei rot
alt dette er forteljinga om meg for nokon andre
eg er ikkje eit barn
no som eg har fått eit barn har eg tatt meg sjølv i å tenke:
når slutta eg å vere eit barn? kva var det siste eg gjorde?
Ronja og eg skal trille for første gong
eg trillar ho ned til Stavne kapell
vi les gravsteinane til dei engelske sjøfolka
frå 1940 vi ser på det samiske minnesmerket
vi tar to rundar rundt gravlunden og ho sovnar
så passerer vi den nye skateparken
og trillar over Stavne bru
på andre sida av brua snur vi nordover mot St. Olavs hospital
ho sparkar inni vognposen då vi går forbi Tilfredshet kyrkjegard
og då vi trillar inn på sjukehusområdet
har ho vakna
og ho hylgrin
og eg blir ein dårleg pappa
eg veit ikkje kor eg kan skifte på ho
eg har ikkje med mat til ho
eg stoppar i den vesle parken
med trea og blomsterhekkane og plaskedammen
som ligg rett nedanfor rommet der ho blei fødd
og eg tar ho opp og byssar ho i armane mine
og ho ser på vinden i lauvet
og ho lyttar til kviskringa
og til meg som syng
Byssan lull med ord eg finn på sjølv
og det hjelper ei lita stund men berre ei lita stund
og eg vil ikkje forstyrre pasientane som sit på dei andre benkane
som røyker og tenker på døden
så vi går
ho grin i vogna ho grin i vogna når vi går forbi busshaldeplassane og folk kikkar på meg
eg møter ingen blikk berre trillar forbi kryssar sjukehusbrua
då eg kjem på at eg sveittar det er ikkje berre fordi eg går fort
det er ein jævla varm dag eg har på meg tynne klede
så eg opnar glidelåsen på vogna
handa mi kjenner på den varme klamme nakken hennar
eg tar av ho lua og sokkane
teppet har ho sparka av sjølv
eg opnar kalesja så lufta kjem seg inn
og etter ei lita stund sluttar ho å gråte
vi kjem heim til Astrid
eg har meldt ho og bedt om hjelp så ho møter oss ved garasjen
og tar Ronja opp frå vogna Ronja er sliten
roleg har det litt bedøvde blikket ho får når ho ventar
det same som eg får når eg står i kø på butikken
eg har aldri merka det blikket forme ansiktet mitt før
men no har eg sett det hos ho
og no tenker eg: no ser eg ut som oss
trappene i det gamle huset er måla med linolje
som ikkje skapar nokon friksjon mot ullsokkar
så eg sklir i trappa ramlar ned dei fem–seks siste trinna og treffer golvet med ansiktet først
Astrid høyrer at noko skjer og ropar frå stua men
kjem ikkje til meg ho ammar eg blir liggande
mens pastavatnet eg sette på før eg gjekk opp kokar på kjøkkenet
eg svarer ikkje
eg seier ikkje kva som har skjedd
eg synest ikkje Astrid skal legge Ronja frå seg og komme til meg
men eg synest ikkje eg kan seie at det går bra heller
det gjorde vondt
det går ikkje bra Veke 4 (Tomt hus)
eg har hatt vondt i ryggen sidan sjukehuset
eg er snart 40 og senga på det vesle rommet vårt var laga
for yngre fedrar utan ryggproblem
utan blodtrykksmedisin
utan pustemaskin mot søvnapné
sidan eg kom heim har eg nesten ikkje skifta ei bleie fordi smertene som skyt opp ryggen min kvar gong eg bøyer meg svakt framover gjer meg redd for at eg skal miste Ronja
eller falle på ho nokre dagar har eg ikkje tort å halde ho mens eg står
og eg har 126,– kroner på konto fem dagar etter lønn
og ein ubetalt faktura frå rekneskapsføraren min på 9000,–og restskatt på 20 000,–og kredittkortgjeld på 40 000,–
og eit bustadlån som etter rentehevingane har dobla seg til nesten 20 000,– (lønna mi er på litt over 20 000,–)
eg har allereie tatt ut forskot på Mary Ruefle-gjendiktinga eg må bli ferdig med innan dei neste to vekene så det kjem ikkje fleire pengar inn på den og frå før har Nansenskulen fjerna ei av undervisingsvekene mine
og Litteratursymposiet i Odda har trekt invitasjonen min og eg har ikkje høyrt noko meir om skrivekurset eg skal halde i regi
av Forfattersentrum i haust men djupast sett gir eg faen i alt dette for mora mi har ein flekk på levra som veks og veks og det klarer
eg faen ikkje å tenke på og eg var jævla uforsiktig
og krympa alle kleda ho har strikka til Ronja fordi
vi har ny vaskemaskin med hygienedampprogram og internett sa det skulle gå bra men det gjekk ikkje bra og eg øydela blant anna det jævla fine søte teppet med
ein liten kanin på som Ronja kunne ha i vogna si det er eit tova teppe no kanskje
det kan brukast når eg tar dei kleda ut av vaskemaskina så sit eg på golvet
og grin i ein time for eg strekk ikkje til det går ikkje den fine jakka
Ronja kunne ha i haust sokkane og no har eg tryna i trappa og
og eg veit vi må selje leilegheita vår eg vil ikkje
det eg vil er å be Astrid ta med Ronja til mora si
så kan eg ta 30 valium og sette fyr på huset med meg inni
men eg kan ikkje eg må kjøpe tripptrappstol
og bleier og eg må bere Ronja med magen mot armen når ho grin
om natta fordi ho ikkje får til å bæsje og
korleis kjem Ronja til å hugse meg?
Astrid seier at barn alltid gjennomskodar foreldra sine
det er ein tanke som fyller meg med uro på andre sida av meg er ei ytre rand av skugge
eg får ikkje til å reise meg frå golvet men eg gjer det likevel
eg puttar pasta i kokevatnet
eg sveittar guanciale i panna men er fortumla når eg skal
blande egg og parmesan eg føkkar det til med for høg temperatur
carbonaraen blir ei gul gugge som eg gir til Astrid som gumlar
mens Ronja ammar vidare og eg ser på Ronja og så går eg og eg legg meg
og eg står ikkje opp på to dagar
Astrid drar til mor si med Ronja
så eg får tid til å komme meg i den tomme leilegheita veks eit stort ingenting
som eit tre som står på stua greinene strekker seg ut mot veggane eg må snike meg rundt og forbi om eg skal på do eller ete
i badekaret veks eit mindre tre av ingenting og eit mindre tre av ingenting rotnar i kjøleskapet
når eg ligg på soverommet kan eg høyre menn eg har kjent ete tre av ingenting på stua
dei pratar ikkje med kvarandre men eg veit kven dei er eg kan høyre tre knake i kjakane deira og sjå for meg dei stive svarte blikka
dei er mennene som valde ingenting
ingenting i garasjen
ingenting i skogen
ingenting i fjellet
ingenting i fjorden
ingenting i ei gult opplyst loftsstue
3.
eg veit kva som er på veg no
eg er stressa og deprimert og det kjem til å bli verre
eg kjem til å bli suicidal det er ei reell moglegheit for at eg ikkje er i live
om nokre veker sjølv om det kjem til å gå bra fordi det må gå bra denne gongen også
men det står meir på spel no men mens eg skriv dette
veit eg ikkje om det er ein bra ting eller ein dårleg ting
eg er redd no eg vil ikkje døy
sjølv på mitt mest sjølvmordariske har eg ikkje hatt lyst til å døy
fleire gonger har trongen til å døy vore så stor
at eg har gått ut døra for å aldri komme heim igjen
men så har eg likevel komme heim igjen og igjen og igjen
første gong trur eg kanskje eg var 14 eg gjekk ut midt på natta med ein kniv
det var sommar og lyst
eg kom så langt som til ein benk ved parkeringsplassen på Nardo Centeret
der eg blei sittande til sola stod opp
så gjekk eg heim
eg har hatt søvnproblem sidan eg var liten
då eg var i tenåra
kunne det gå veker der eg ikkje sov meir enn 4–5 timar totalt å møte på skulen til same tid kvar dag var tidvis tortur
verst var det på våren og på hausten i periodane då talet på timar med sol og måne skifta frå dag til dag og fordi eg også var valdeleg og drakk mykje
og hadde eit rykte så fekk eg ikkje hjelp til å handtere det men var som resten av gutane som var som meg eigentleg ei tapt sak som ein ikkje skulle kaste bort tid og ressursar på
greitt nok, tenkte eg då eg bestemte meg for at eg ikkje ville vere i stand til å stå i jobb ingen av dei variasjonane av levemåte som verka tilgjengelege for meg var appellerande
så eg bestemte meg for å døy den sommaren eg var ferdig med vidaregåande
fordi det låg litt i framtida hadde eg tid til å manne meg opp
det er deilig å gi faen
eg kunne vere god til det eg var god til og drite i det eg var dårleg til
og etter kvart så gjekk det opp for meg at eg var god til å skrive
eg begynte å lese poesi og eg begynte å skrive poesi
og eg skreiv ein stil og ved sida av 6-aren hadde læraren min, Jørgen, skrive:
«jeg tror du kan livnære deg av å skrive»
og eg bestemte at om eg likevel skulle drepe meg sjølv
så kunne eg like gjerne forsøke å bli poet først
og så blei eg det
eg må tenke fort
fuglen må plukkast frå himmelen
haldast mot brystet mitt fuglen blir
mitt ribba hjarte
og eg låser meg ut av huset og legg nøkkelen i postkassa
dei gjer noko dreneringsarbeid nede i svingen før dei skal legge asfalt eg kryssar sperringane brukar gravemaskinas stagnerte spade
som ei trapp eller ein stige og eg set meg ned i grøfta
det er vått og kaldt og luktar jord eit hòl i vassrøyret lar meg høyre
praten frå alle soveromma dei pratar om meg i staden for å sove
dei pratar om den gongen eg kyssa ho som sov
som ikkje ville vakne for å sjå meg i augo
dei pratar om guten vi jaga ned bakken mot motorvegen (eg såg han aldri igjen)
om den gongen eg bestemte meg for at no drep eg han berre og klemte hendene hardt
så hardt eg kunne mot strupehovudet hans
då ein lærar drog meg av han
eg lausnar grepet frå fuglens strupe
det renn vatn ned i grøfta og vatnet renn inn i hòlet og vidare
før det rekk å nå hakespissen min
kva skal eg gjere utan Mamma? eg hadde ikkje vore i live
eg hadde gjort slutt på det for lenge sidan
men Ronja er barnet no
fedrar får ikkje lov til å drepe seg sjølv
eg må beskytte berre kjærleiken
kan beskytte men eg veit ikkje korleis eg legg hender
på såret der eg drog ut fuglen av brystet
men det berre piplar blod
eg må tenke fort ingenting av dette er sant
eg må tenke fort
eg må tenke fort