Eg et meg sjølv som lyng

Page 1


Eg et meg sjølv ferdig_Layout 1 25.11.16 13:09 Side 1


Eg et meg sjølv ferdig_Layout 1 25.11.16 13:09 Side 3

OLGA RAVN

EG ET MEG SJØLV SOM LYNG

PIKESINN

Frå dansk ved Inger Bråtveit

SAMLAGET OSLO 2016



Eg et meg sjølv ferdig_Layout 1 25.11.16 13:09 Side 5

INNHALD GRAMMATISK UBEHAG 7 EI KVIT INN I SEG SJØLV 17 FRONT IS MATTER 27 REKLAMEPIKEBARNET 41 DEIGENS GRØNE KRYSTALL 45 SKORPIONEN 55 BABY 59 HARESKOVEN 34 63 GULLHJARTA 67


GRAMMATISK UBEHAG

Eg et meg sjølv ferdig_Layout 1 25.11.16 13:09 Side 7


Eg et meg sjølv ferdig_Layout 1 25.11.16 13:09 Side 8


eg kultiverer eit tre med ei snor eller eg kan det.

tre med tillegg det skogbrynet sin tilsynekomst og stille lyssetjing whereever, band på grein på tre, tillegg. skogen si omkransing var fyrst eit uoverskodeleg meir heilt til datamaskina kunne skoda over mønsteret med sitt ville auge. treet er rana og ikkje nake men på mange måtar avkledd, når eit band vert bunde på.

--ha, eit smått, eit lite som stikk og stikk det rett i raud som er fleire og raude døgn utan. og åleine utan, med ting med blanke med raud, med berøring av blank, blank mot handa kalde hand handrekk. handrekk og ikkje, åleine utan, i utan og tjuveriet i berøringa. og smått blankt stikka i raude døgn raude og er tjuveriet i handa, og brystet si gremming når brystet skjer, vert bryst (under handa). åleine og utan rauddøgnet unaken skabb meg.

-

Eg et meg sjølv ferdig_Layout 1 25.11.16 13:09 Side 9

9


10

--uvitande står eg unaken framføre med eller utan tillegg. medvitet siv ut av siste barndom sekret skuldmedviten, ei form for demrande pubertetsovertru og forsikrande poesi og fengsel i ritual. raudreinsing i konstant gjentaking, tillegg på tillegg gjennom gjentakinga. rauddøgnet veks, men no heile tida det same, og no heile tida det same, og no tillegg på tillegg under handa, låtten til besjela rauddøgn. berøringa vert tilføying og berøving. eg vert ikkje, eg vert hundre prosent ikkje. daggraut, ha, grådøgns døgnraud, dagdøgn daggraut gråtraud, au, ranraud døgnran ranrogn, rauddraumen si truseræv i røyrblikket si berøring. presis upresis hamrande lita kake liten feber liten sveitt liten ankomst til utruleg blomstrete papir og håp kva er håp i ei lita hand, i ei frårøva, i ein rest av eg, i ein rest av rest, i resten sitt til.

--berget av løk i løa på øya og også dagen og døgnet sine punkt, det raude vert raudt. døgnet tida venner familie heile den stilleståande framskridande tida og døgnet vert døgn korleis. det raude døgnet har blått i seg, blått i seg utan, til mitt raudnande aseksuelle tilvære under hender. ut av den raudmelerte huda er utan altså, utan ut av den raudmelerte huda, av det raude av det raude av det apatiske. av huset og regnet og smugrøyking og raudløken i skåla. unaken og avkledd vert kroppen framand mot kroppen. pikesinn må bukka under for pikesinn. eigedelen vert eigedel under blikket, ja, under handa, ja, vert treet til bilete under tillegget, berøringa sitt tillegg, berøringa sitt eigarskap, ja, og også talen si italesetjing, å vera under hendene, sagt. og truser i raudmelerte pikesinn og kvalifisert innhald. ein liten men stor vondskap å kalla andre ei anna naiv ein liten men stor vondskap i det heile teke å vera døgnet sin naive SLAVE SLAVE SLAVE. og stira og stira på raudløken i skåla i kjøkkenet og vera stirande.

Eg et meg sjølv ferdig_Layout 1 25.11.16 13:09 Side 10


det same skjer ein gul ein gul i vått, i den ikkjevakninga i parforholdet i periferien. i parforholdet i periferien vel eg å ikkje plukka ditt du, i den oppvakninga av gul fukt og svært nytt minne. og svært ny avskil, svært liten avskil i lita hand vert ganske stor og vert ganske håplaus og vert ganske løgnaktig. svært små kjensler kan liggja på ein svært liten stad, her er så han ho og ikkje særleg mykje meir, blotte pronomen, blotte banale avstandar, meir eller mindre blotta avstandar. meir eller mindre besettelsar av døden som einaste eigentlege forløysing, svært lita forståing av døden kan liggja på ein svært liten stad, ikkje eingong den forståinga sitt eigarskap over døden, ikkje eingong på ein heilt liten stad. som om det var eit høve tillèt eg potensialet for vennskap og livslange forløp. som om det var eit høve tillèt eg ein gul i vått, eit parforhold i periferien. fordi eg er eit høve har kroppen tillate meg, ha, litt enno på ein svært liten stad, litt vått i kantane og utan, åleine utan, ha. dødens vesle cp, dødens gylne idiot, dødens smeltande klitoris, dødens nusselege nusse kyse. kjønna allting. eplet er for alltid eple, alltid rundt, ikkje til dømes eit anna kinn, ikkje eit eple eit lite eple er. ikkje sola ikkje ei lita sol er. ikkje eget ikkje kroppen ikkje tanken ein liten tanke er.

rauddøgnets påtvinga ramling, ristande bortetter, det vert fall bakom er klart bakom og ikkje ein del, berre rest utan sjølve, berre den resten med tillegg, heile tida påstanden om noko bak bak-om, tanken om det bak-bak vert før-bak under talen og gremmer seg over å verta eg. rauddøgnets raude raudar døgnrauden raudt, og raudtraudnande døgnrauder rauddøgnet raudane raudt døgnar rauddøgnet, raudt raudande raudar rauddøgnets raude heilt raudt til det rauddøgna røyr røyr med raudt røyr heilt tett med raudt, røyr heilt tett med raud.

Eg et meg sjølv ferdig_Layout 1 25.11.16 13:09 Side 11

11


12

pikebetraktning og ein liten søvn kan vera liten heilt utruleg blodet aldri under huda, men tilfeldigvis i gniding mot den slags overflate, rauddøgnet i indre spegling i berre enno ei stadfesting av gjentaking rundt og rundt og fullstendig uinteressert etterlatande spor som også er likesæle.

--kva er det kroppen ikkje forstår, kva er det handa, kva er det rauddøgnet ikkje forstår, kva er det ikkje, kva er det andre området, andre rørsla, kroppen sitt stadig upåverka, kroppen sitt stadige uynske, kroppen sitt ikkjemøte med kroppen sin kropp, med kroppen sitt anna, med katastrofen sitt utanfor, og med hender sine hender i slavetilstand rørlege framleis, kroppen vert kropp under utanfor, handa vert hand under seg sjølv.

like igjen oksygeninntaket og porene i glasuren til rauddøgnet si ikkjedør i forslag i ulik i lyssetjing. i stadig forsvinnande form av ordforråd imot ukunnskap. i rauddøgnets hand og rauddøgnets andre kroppsdelar som om. kan skjula skjulast, det skjulte er berre skjult og langt frå lys-fram, har berre eigenskapen å vera skjult, det vesle skjulte, det vesle glasur, det vesle søte skjulte i ikkje særskilt mykje i eit lite glasurskjul er ingenting. ha, og er sikkert i lys-fram lusingen, er kanskje møtet einsretta og svært lite møte grensande til ikkjemøte grensande til rauddøgn sine stadige triumfar, til søvnomslutta, til omslutta og gjennomtrengd av skjult glasur vesle kropp, rørt heilt tett av raudt. farga.

--gjentakinga så fint eit bilete på slavetilstanden. i pronomenet si vesle oppleving. i teksten sin slavestatus byrjar me igjen å seia slavestatus, byrjar me igjen å rabla om rauddøgn, byrjar me igjen å gjenta raudmelerte truser, held fram dei raudmelerte trusene si gjentekne framføring opp gjennom historia, insisterer framleis på dei raudmelerte trusene og på at botnen av dei raudmelerte raudspetta trusene held fram å vera uhyre uhyre.

Eg et meg sjølv ferdig_Layout 1 25.11.16 13:09 Side 12


ho svarar med ein trøytt munn som tek imot kysset heilt trøytt og blind.

eg eg fortel henne raud, fortel henne hud, fortel henne huda som einaste tynne vegg å håpa på, når det rauddøgna er ute og samstundes inne, samstundes også kroppen sitt utruleg likesæle framhald, kroppen sitt ute for dette eg eg, ja, fortel eg fortel eg, ikkje noko handgrep i fortid for fortid så dunkel så dum og så umogleg så utruleg liten.

--eit me, eit me i eit to i eit to i eit me forsvinnande, den innrøykte boka i hylla synt fram i potensiell sårbarheit, skjoldete av unamngiven farge men svært velkjend farge, og svært håpefull handrekk imot imot pustehol, imot eventuell utgang, for utgang i det notidige, for å koma ut, for å slå ut for å slå bort for å beundra kvarandre sine.

to som er to som er éin og ein meir, som er håpet om øm overkomeleg avstand i den relasjonen, frigjerande frigjorde kroppsrom i den relasjonen, her kroppen fiende og reiskap her kroppen rasande innstilt her dryp kroppen utflod og avfall, utpeikande prosessen sitt likesæle framhald, sjølv sjølv i eit tidlaust rom stadig kroppen si månadlege utskiljing, stadig fingeravtrykket sitt i trusene og på sida av låra og kor som helst utstøytande skit og potensialsymbol, symbolindifferent moldsaknande.

--eg talar deg fram i tome relasjonar, ja, det håpet, det hudhåpande håpet i håpmøtet, du ramlande i koll i kroppen si drift mot hjernedød og kroppsliv, ha, din vegg din vegg i oppreisinga si blå, i kysset i viljen og i flekkar av angst i kroppen som veks og skrumpar alt etter tilfelle.

--det utanfor endrar karakter, veks, eg sitjande med leigekontrakt i forstad og forstad sine små maskiner, eg i rauddøgn ynkande, eg i kroppen sitt fall samstundes med kroppen si opp-skodding, eg med håpet på veggen mellom rauddøgn og rauddøgn, hudhåpande, kroppen sitt uhyrlege framhald, si av allting urørte framdrift, eg står hudhåpande i rauddøgn, maskinomkransa blikket gjennom informasjonsleverande organ speidar eg svært lite felt av noko, ristar og skjelv huda elektrisk, er ei gjentakande redd og usynleg skjelving, siklar sitt grammatikalske ubehag med lånt sikl.

Eg et meg sjølv ferdig_Layout 1 25.11.16 13:09 Side 13

13


14

fordi eg kasta trekket til ei pyntepute og fordi puta under trekket var skjoldete såg eg eit andlet og det andletet heldt fram med å sjå på meg, fordi i ei uplasserbar tid, fordi innpakkingspapiret var utruleg blomstrete såg eg på det lenge, fordi nokon sa god jul og gav meg ei gåve, fordi eg berre finst i døgnet si gjentaking av seg sjølv, fordi nokon la opp skinke på eit fat og sette det på bordet, fordi skinka må leggjast opp, fordi såpa vert gnidd ut over andletet og skyld av, fordi nokon sa versegod å eta og eg åt,

--parken i boka parken i familien parken fordi nokon sa park og eg minnest det, ikkje meir enn det park, fordi nokon sa familie og eg minnest det, fordi nokon sa bok og eg las i ei, fordi nokon hengde pynt opp og eg vart hypnotisert fordi det var ein lyseraud flekk i botnen av sølvkula sitt vesle djup, fordi eg drøymde om noko i natt, fordi eg såg meg sjølv som fyrst det eine og så det andre, fordi nokon sa park og sa girlander utan at det nødvendigvis var nokon samanheng, fordi nokon snakka, fordi nokon snakka om laust og fast, fordi eg fanst i eit skiftande døgn av natt og dag og tussmørke,

--i det tilfangetaket og handspålegginga sitt gjennomtrengjande og løfte om frigjering, slik seier eg: valdtekt og meiner det svært abstrakt, slik seier eg: abstrakt og meiner det svært uvitande, slik seier eg: alle som ser ut på snøen og meiner eitt menneske spesifikt i eit sjukehusrom ein ettermiddag, og slik i ein, omstenda tekne i betraktning, sein alder kjærleiksoppdagande, ser ser eg eit eg framføre, og det er vakkert, i desperasjonsgjenkjenninga å vera forstått umoglegheitskropp og nærare umoglegheitssansing i ikkjemøtet masande og tannskjerande sigarettraseri kledd kledd i ei mengd gjennkjenneleg som: bittersøtt, lyserosa, ørken, tyggegummi, sæd, chiffon, parsell, veranda, ræv, kratt, plaster, lip gloss, jesus, slim, glitter, nattlampe, muskel, bomull, soverom, vindauge, feber, for alltid tapt og «fortapt». og anna anna fasthalde i pikesinnet sprellande, der møtest me forsøksvis.

Eg et meg sjølv ferdig_Layout 1 25.11.16 13:09 Side 14


fordi ei sansing som står klart i minnet, fordi sprellande under sitt eige minne, fordi parken i boka var rørande, fordi nokon torde, fordi raud er gjennomtrengjande, fordi eg ser ned på hendene mine, fordi ulike område vert ordna som dualitetar, fordi det er lysgirlandrar i hengepila på Tivoli, fordi ein kan sjå ho lysa opp bak gjerdet om natta, fordi hengepila er fin, fordi du seier korleis du har det og det er i orden, fordi det treet ikkje lenger er tre, fordi raud er gjennomtrengjande, fordi teksten ikkje er ein avslutta orden, fordi den sære lova i ein velseda logikk, fordi kvinna ikkje er ein sjø, fordi kvinna ikkje er kvinna eller ikkjekvinna og fordi mannen ikkje er, fordi overskridinga av kjønnet i teksten ikkje er nok, fordi at å vinna attende kroppen i teksten ikkje er nok, fordi kroppen finst.

Eg et meg sjølv ferdig_Layout 1 25.11.16 13:09 Side 15

15


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.