Eg et før eg kjem

Page 1





Kari Anne Bye

EG ET FØR EG KJEM Dikt

Samlaget Oslo 2020


© Det Norske Samlaget 2020 www.samlaget.no O m s l a g : Magnus Osnes F ø r t r y kk : Magnus Osnes S k r i f t : Kings Caslon 10,8/17 P a p i r : 80 g Munken Print Cream, 1,8 T r y kk e r i : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden I S B N 978-82-340-0253-3

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Innhald 1 Hestane ������������������������������������������������� 7 2 Ein mann som kan riste verda ������������������������������ 23 3 Dagane ������������������������������������������������� 55 4 Ein mann som et før han kjem ���������������������������� 103 5 Vandrarane �������������������������������������������� 123 6 Ein mann som kan terge på seg gråstein �������������������� 145 7 Fuglane ������������������������������������������������ 167



1 H E S TA N E



E G GÅ R

Det byrja med at han la klinkekuler i skoa hennar. Knytte knute på strømpebuksene. Smula knekkebrød i senga. Stilte inn radioen hennar på P4. No går eg frå deg, sa ho til slutt. Å, viss du kjenner det slik, så, sa han.

9


U TA N SA K N

Ein saknar ikkje det ein ikkje treng. Manglar ein noko ein ikkje saknar, manglar ein eigentleg ingenting. Det er stor fridom i dette. Å vere utan, men ikkje sakne. Den sommaren byrja ho sjå dei. På bussane, på kafeane, på uteplassane. Desse mennene som sikkert hadde vore der heile tida. No såg ho dei. Og alt ho sakna.

10


VA K R E H E S TA R

Dei var som vakre hestar. Dei bevega seg rundt i verda og berre var vakre. Ho sette pris pü estetikken. Ho var ein estetikar, sa ho til seg sjølv. Men ho gjekk ikkje bort til dei. Vakre hestar er noko ein beundrar pü avstand.

11


B E R R E K JÆ R L E I K O G D Ø D ?

Ho gjekk lenge og såg på dei. Så gjekk ho lenge og tenkte på dei. Så gjekk ho ei lang, lang tid og snakka om dei. Herregud, slutt å vere heilt Tor Jonsson, kom deg ut og få deg noko! Det hadde toppa seg for kameraten.

12


E I T DÅ R L E G M E N N E S K E

Det var kameraten som hadde oppretta Tinder-profilen hennar ei laurdagsnatt da dei begge skulle ha slutta å drikke for lenge sidan. Dagen etter sletta ho han. Ho kjende at ho alt hadde blitt eit dårlegare menneske av å sile andre menneske. Så drakk dei seg fulle att. Denne gongen får du ikkje slette han, sa kameraten.

13


DEMOGRAFI

Byen hennar var full av ingeniørar. Gamle NTH ruva som eit mellomalderslott på høgda over byen. Før i tida hadde det vore så gildt å få ein ingeniør som svigerson at sjølv dei som ikkje trong pengane leigde ut husvære til studentane. No var det andre tider. No var dei på Tinder. Så mange av dei! Og så mange slag! Vassingeniørar! Bergingeniørar! Branningeniørar! Elektroingeniørar! Kjemiingeniørar! Ventilasjonsingeniørar! Dei var mest som Pokémon med og utan siv.ing.-ring.

14


PÅ T RYG G AVS TA N D

Og dei vakre hestane var der. Dei ho eigentleg ville stryke over men ikkje våga. Ho sveipte dei bort. Våga ikkje nærme seg slik skjønnheit.

15


IKKJE SLIK EIN HAR TENKT

Hipsterbaristaen laga hjarte i cortadoen hennar. Ung og søt som ein pomeranian i ei veske. Ho smilte og gjekk. Det var her ho budde no. Mellom kaffibarar og sykkelverkstadar. Det gamle arbeidarstrøket som dei ein gong ville rive for å gje plass til motorvegen. Somme gonger er det greitt at det ikkje går heilt som ein hadde tenkt.

16


G R Ø N T H JA RT E

Herregud, han får jo aldri vite det om han ikkje likar deg tilbake, sa kameraten og trykte grønt hjarte på vakkerhesten så ho gispa i panikk. Pling! Sjå! Det er ein match! Han har lika deg allereie! Skjerp deg! Kva er vitsen med Tinder om du ikkje tør å matche med nokon! Kameraten var ein framfus onkel som kasta henne i vatnet for å tvinge henne til å symje.

17


BARNESKIRENN!

Dei drakk mykje desse dagane, og da vart det lettare. Meir som ein leik, kanskje bingo? I alle fall fekk ho bingo forbløffande ofte! Ho kvein til der dei sat i sofaen til kameraten, kvar gong det plinga inn ein match. Alle desse mennene som lika henne, rader av dei, gav ­ dette i det heile tatt meining? Kanskje det gjorde det? Nesten like ofte sjekka ho sin eigen profil, berre for å sjå kva det var dei såg.

18


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.