Eg bur her no

Page 1




Kari Anne Bye

EG BUR HER NO Dikt

Samlaget Oslo 2021


© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no B ok d e s i g n : Magnus Osnes S k r i f t : Kings Caslon 10,8/17 P a p i r : 80 g Munken Print Cream 1,8 T r y kk e r i : ScandBook AB, Falun Printed in Sweden I S B N 978-82-340-0627-2

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Innhald 1 Byrjinga

7

2 Flaumen

43

3 Muggen

101

4 Åremålet

161



1 BYR J I NGA



B RYG GA

Eg er ikkje ei kvinne ein beheld. Eg har klamra meg til sengekantar som bryggekantar til fingrane kvitna vel vitande om at dei snart vert brekte opp av meg sjølv eller bryggeeigaren. Eg legg meg ikkje til. Ikkje bekymre deg for det.

9


NYKELEN I DØRA

Eg har teke all verdas atterhald. Veksla mellom å vere varm og kald agurk-kul og desp. Ikkje tru eg er for keen. Ikkje tru det er deg eg vil ha eg ligg her og ventar på stæillkar’n på Ås. Til slutt vert dette spelet gammalt. Det vert i grunn eg òg. Eg er ikkje kul. Nervane tyt ut som romkrem frå alle mine lag. Eg vil ha kjærleik. Herregud sa eg det høgt.

10


I K K J E N O KO F I N T

Det beste er å ikkje ønske seg noko fint. Da vert ein på magisk vis nesten aldri skuffa. Sikt så lågt at du snublar i draumane dine på veg opp av senga, seier no eg. Om du i det heile kjem deg opp. Berre det er jo ein siger i seg sjølv. Eg ønsker meg noko fint skreiv du i uskuldsreint overmot på Tinder-profilen.

11


E I T B L A F F AV H A N D L E K R A F T

Det blir så lite med meg, ein skulle tru eg tenkte sakte men det gjer eg ikkje. Eg tenker faktisk megafort. Diverre går dei fleste tankane mine i ein evig, kveilande loop. Han der vert ikkje ledig på marknaden lenge, sa kameraten min. Somme gongar vert eg så målretta at eg ikkje kjenner meg sjølv att. Eg matchar med deg og skriv melding med det same. Du og eg skal treffast! Greitt om du òg blir informert om dette tenker eg.

12


FØRSTE GONGEN

Første gongen vert du med meg heim. All målrettinga mi er borte og eg er berre sjenert og klein. Eg snakkar altfor mykje. Du snakkar altfor lite. Så kallar du meg ein blyg fiol og eg knekk saman i latter. Neste gong vert eg med heim til deg. Du har svart stålstrenggitar ganske lik min og dikta til Aslaug Vaa på hylla. Du vart nett kjekkare.

13


V E V NA D

Vi kjem tilbake til kvarandre du og eg. Eg står på dørmatta di du står på dørmatta mi og vi slepp inn og slepper einannan inn og ho er vakker denne gjentakinga av opne dører. Når du går ligg lakenet i plissé etter deg. Eg stryk fingrane over faldane eg veit enno ikkje kva du er. Stundom ser eg strimer. Eg grip dei samlar dei flettar dei saman vil lage ein vevnad av den du er. Kanskje er det heilt feil det eg lagar.

14


Da står eg der. Og har vove meg aldeles bort.

15


Ø R L A N D S B L ÅT T

Første gongen eg verkeleg ser deg er to veker etter vårt første møte. Litt nedanfor meg halvt i profil i trappa på Nordenfjeldske kunstindustrimuseum. «Vi lever på en stjerne» heng framfor oss. Der må det henge nett der. Berre i trappa er veggen høg nok. Veggen rommar biletet, biletet rommar verda og eg held meg fast i gelenderet, for eg kan ikkje romme verda. Det går flerrer gjennom henne. Det går flerrer gjennom alt og eg held meg fast. Det er for mykje. Altfor mykje for meg og der står kjærleiken. Kjærleiken midt i alt som ei kraft, som ei påminning sårbar som nakne menneske ein naken mann og ei naken kvinne og heile universet rundt dei og eg ser deg. Du er gyllen. Eg kan ikkje seie det høgt. At eg ser deg slik

16


midt i dette. Det er for stort for snart. Men der er du flammande gyllen mot det blå.

17


BEKKEN

Alle kjem frå ein plass. Ikkje eg. Eg vaks opp i ein forstad. Ingen kjem frå forstaden. Han er berre ein mellomstasjon mellom bygd og by mellom ei tid i livet og den neste dit vaksne fer for å sette barn til verda for så å fare vidare ved høve og tomme reir. Ingen skriv heimstaddikting om Heimdalsmyrene. Men du du er ein som kjem frå ein plass. Seint om hausten tek du meg med går vi over myrene dine over heiene ser utover gammalsetra som er seld. Du syner meg merkesteinane og det som er att av skogen dykkar

18


etter han vart snauhoggen på grunn av ei feillesing av gards- og bruksnummer. Du hoppar så lett over skigardar og bekkar at eg vert reint forbløffa eg eig ikkje spenst. Du fortel meg om saueleitinga da du var unge og korleis du sprang og sprang. Så lett du er i dette terrenget! Eg har aldri sett deg slik før. Eg trur du kunne sprunge fortare enn kva sau det skulle vere men sauen er òg borte no. Ved bekken stoppar du. Ein einsleg aure på veg opp straumen. Han er seint ute, seier du nett som oss.

19


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.