Draumen om Catalonia

Page 1


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 1

Johannes Nymark Draumen om Catalonia Katalansk identitet i historisk lys

Samlaget Oslo 

1


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 3

Innhald Innleiing  Frå gullalder til nedgangstider  Kulturell blømingstid  Modernitet og modernisme  Med språket for fridom  Visca el Barça i visca Catalunya!  Kva no, Catalonia?  Etterord  Takk  Notar  Litteratur  Register 

3


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 4

4


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 5

Innleiing Identitet og nasjon . september har sidan  vore ein spesiell dato for katalanarane i det nordaustre hjørnet av Spania. Den dagen fall Barcelona i hendene på Bourbon-dynastiet, som like før kunne feira sigeren i den spanske arvefølgjekrigen (–). I  avskaffa så det franskætta kongehuset dei særeigne rettane og institusjonane som Catalonia-regionen hadde hatt i fleire hundre år. Med det franske språkakademiet – l’Académie Française – som førebilete skipa ein i  Det kongelege spanske språkakademiet, la Real Academia de la Lengua Española, og fekk såleis oppretta ein autoritativ institusjon for det spanske språket, det ein òg gjerne kallar for kastiljansk. I same slengen blei det katalanske språket avskaffa og erstatta med kastiljansk i det offentlege rommet: administrasjon, undervisning o.a. Denne tilbakegangen for katalansk gjaldt likevel ikkje for den private sfæren, noko som skulle få mykje å seia for den kulturelle bløminga som tok til i Catalonia frå -talet av. Den katalanske Renaixença  i tida – skriv seg inn i den europeiske romantikken med sin preferanse for kjenslene, fantasien, individet, naturen og heimstaden i vid tyding. La Renaixença fekk mykje å seia for utviklinga av det katalanske sjølvbiletet og den katalanske identiteten. 5


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 6

Identiteten til eit samfunn er ikkje lett å avgrensa. Det har mellom anna å gjera med den oppfatninga ei gruppe menneske har av seg sjølv, sjølvmedvitet deira. Ei slik oppfatning tek gjerne utgangspunkt i element som skil éi folkegruppe frå ei anna. I det katalanske tilfellet er språket katalansk kan henda det som mest spring ein i auga, og som folk flest har ei oppfatning av som identitetsmarkør i høve til kringliggjande geografiske område. Dette siste er likevel diskutabelt om ein røkjer etter kor stor utbreiing katalansk har, og kva ein legg i termen katalansk språk. Språket er det katalanarar flest vil nemna aller først når dei skal forklara kva katalansk identitet er for noko. Andre faktorar vil komma i andre rekkje: ei sams historie, genuine kulturelle manifestasjonar innanfor ulike kunstartar og økonomiske, politiske og juridiske tradisjonar som skil det katalanske folket frå andre folkegrupper. Alt dette er òg element som går inn i ein diskusjon om nasjon og nasjonalitet, tema som var særleg aktuelle i den politiske debatten i tiåra rundt . Den franske historikaren Pierre Vilar (–) – av mange rekna for å vera den største spesialisten på katalansk historie og nasjonalisme – har datert den store epoken for europeisk nasjonalisme til dei tiåra som går frå  og fram til utbrotet av den første verdskrigen i . Vilar skriv at nasjonalismen i desse tiåra stod fram som «ein doktrine som ser på nasjonen som eit essensielt faktum og eit overordna mål som individet hadde å underordna seg og ofra seg for. Andsynes nasjonen må gruppeinteresser og klasseinteresser vika» (Vilar : ). Alt før den franske revolusjonen starta i , tok ein, ifølgje sjølvsame Vilar, til å nytta termen «nasjon» i tydinga «alle 6


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 7

undersåttane i motsetnad til kongedømmet eller små privilegerte grupper» (Vilar : ). Mange katalanarar set sin nasjonalisme inn i ei ramme som avgrensar den frå sentralismen i Madrid. Då dei såkalla Manresa-basane frå  førte den katalanske rørsla frå intellektuell regionalisme og over til krav om regionalt politisk sjølvstyre, var dette ein reaksjon mot eit gjennom korrupt og udugeleg styre i Madrid, ein reaksjon som for så vidt vann tilslutnad langt utanfor katalansktalande område. I vårt land har nasjonalismen fått hengande ved seg til dels svært negative assosiasjonar etter fascismen og nazismen sine herjingar, og ein nordmann kan bli meir enn sjokkert når han høyrer katalanarar som stolte presenterer seg som nasjonalistar. Nyttar vi termen «nasjonalkjensle» der katalanarane seier «nasjonalisme», er vi nok meir på bølgjelengd. Tilhengjarar av meir suverenitet til Catalonia assosierer nasjonen og nasjonalismen med demokratiet og folket sin vilje, noko som kjem klart til uttrykk når dagens katalanske regionalpresident Artur Mas seier at «Catalonia si framtid blir avgjord av folket og ikkje i statsråd i Madrid eller av ein grunnlovsdomstol», som svar på forsøka frå ei dømmande og utøvande sentralmakt på å gjera kutt i det katalanske sjølvstyret. På same vis ser ein på den nye lova om offentleg administrasjon som eit påskot til å redusera den desentraliserte forvaltninga som blei innført i dei første demokratiåra med heimel i den demokratiske grunnlova frå . «Resentralisering», klagar ein i Catalonia, og dei er ikkje få, dei som i private samtalar hevdar at det høgreorienterte PP (Partido Popular) no syner sitt sanne ansikt ved å føra Spania attende til Franco-tida, 7


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 8

med økonomisk krise og behov for innsparingar som vikarierande motiv. Det har vore opp- og nedturar for katalanarane i dei  åra den katalanske identiteten har manifestert seg med krav om sjølvstyre eller full suverenitet. Den seinaste tida har kampen for full suverenitet hardna til. Tilmed den høgre–sentrum-orienterte koalisjonen CiU (Convergència i Unió), som i dag sit med makta i den katalanske regionalregjeringa, går no inn for folkerøysting om lausriving av regionen frå Spania, noko dei ikkje har gjort tidlegare. . juli  blei eit vendepunkt i katalansk politikk generelt. Den dagen tok ein million til gatene i Barcelona for å demonstrera mot at den spanske grunnlovsdomstolen ville kutta ned på det katalanske sjølvstyret. Den økonomiske krisa som rir Spania, har også nådd Catalonia. Det same har korrupsjonen, som stadig grip om seg. Catalonia har i løpet av få år – og som ein direkte konsekvens av den økonomiske krisa – opparbeidd seg ei gjeld på svimlande  milliardar euro (Datosmacro a). Det økonomisk dynamiske Catalonia – somme gonger omtala som det økonomiske lokomotivet i Spania – er hamna i eit uføre som det ikkje berre er skuld i sjølv. Den høge verdiskapinga som Catalonia har stått for, har ført store mengder avgifter og skattar over i den spanske statskassa, utan at Catalonia har fått sin del til drift og tenester i retur – heller ikkje ut ifrå kva ulike sentralregjeringar har lova – etter katalanske politikarar sine eigne vurderingar. For mange katalanarar er det sentralregjeringa i Madrid som er skuld i den økonomiske misera. Når PPregjeringa viser null interesse for å diskutera ei «skattepakt» med den katalanske regionalregjeringa, då er det 8


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 9

ikkje å undrast på at den økonomiske situasjonen får dramatiske politiske konsekvensar. Demonstrasjonen . september  var eit handfast prov på det, med om lag , millionar deltakarar ifølgje arrangørane. «Catalonia, ein ny stat i Europa» var hovudparolen i denne massemobiliseringa for uavhengigheit. Den spanske utdannings- og kulturministeren José Ignacio Wert kasta meir eld på det katalanske bålet då han tok til orde for å «spanjolisera» dei katalanske ungane. Endå eit prov, i alle fall for katalanarane, på at den konservative regjeringa til Mariano Rajoy orienterer seg i retning ideologien til Franco-regimet (–). Den katalanske identiteten var utfordra på sitt mest kjenslevare punkt, og det blei vanleg å høyra framlegg om at den katalanske nasjonen burde konstituera seg som eigen republikk. Den katalanske regjeringa tok i byrjinga av  initiativ til å skipa eit rådgjevande organ for den nasjonale overgangen. Optimismen var stor, og ein tok raskt til med å førebu ei folkerøysting og overgangen til eit eige nasjonalt statsapparat. PP annonserte at partiet ville nytta alle middel for å slåst mot desse måla. Terningen var kasta, kampen om Catalonia si framtid var i gang. For å forstå korleis Catalonia gjennom historia har utvikla seg til å bli det regionen er i dag, vil vi sjå på følgjande emne:

Frå gullalder til nedgangstider Catalonia sin kamp for meir sjølvstende – i si mest vidtgåande form fullt sjølvstende – går tilbake til sein mellom9


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 10

alder, då regionen hadde eigne lover, eigen kultur og eige språk i ein desentralisert konføderasjon med Aragón. Dette var ein periode då makta til konføderasjonen Aragón–Catalonia nådde ut til nærliggjande område (Valencia-regionen, og Mallorca, Menorca, Ibiza og andre øyar i Middelhavet) så vel som andre meir fjerntliggjande område som Sardinia, Korsika og viktige delar av dagens Hellas. I denne gullalderen mellom det . og det . hundreåret kom det litteratur på katalansk, og katalanarane utvikla les Corts Catalanes, som mange historikarar ser på som det beste dømet på det mellomalderske parlamentet.

Kulturell blømingstid For dei nasjonalt innstilte av dei vel , millionar katalanarane representerer . september  dagen då dei starta kampen for å vinna tilbake den tapte fridommen. På -talet gjekk denne kampen spesielt føre seg med utgangspunkt i det katalanske språket. Den kulturelle bløminga gjennom la Renaixença (litteratur, forteljingar, dans, song, musikk) har ein sentral plass i den perioden rørsla varte (–). I dette kapittelet vil òg dei sosiale, økonomiske og politiske særdraga ved katalansk samfunn på -talet bli analyserte.

Modernitet og modernisme På -talet gjekk den katalanske rørsla over i ein politisk fase og fekk eit sterkt preg av modernitet, spesielt ut frå diskusjonen om nasjon og nasjonalitet som i særleg grad gjorde seg gjeldande i tiåra før og etter overgangen til det 10


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 11

. hundreåret. Det konfliktfylte motsetnadstilhøvet mellom det økonomisk dynamiske Barcelona og det politiske senteret Madrid går tilbake til denne tida, og Barcelona fekk alt i denne perioden ein modernitetsidentitet. Den katalanske moderniteten avgrensa seg ikkje berre til politikken. Den kulturelle katalanske modernismen var kjenneteikna av ein vilje til å endra det katalanske samfunnet gjennom det ein gjerne omtalar som ei politisk-kulturell rørsle, noko som mellom anna la grunnlaget for eit tett samarbeid mellom kunstnarar, politikarar og næringsliv. Den katalanske Modernisme (om lag  til om lag ), slik vi særleg kjenner han gjennom Antoni Gaudi sin arkitektur, skulle skrivast inn i nasjonale katalanske rammer, og i dag er det liten tvil om at modernistane har sett sitt klare preg på det moderne Catalonia.

Med språket for fridom Etter at katalansk hadde vore til dels sterkt undertrykt under mesteparten av Franco-diktaturet (–), blei dette språket symbol for den katalanske fridomskampen frå slutten av -talet. Rolla som katalanarane sin Ivar Aasen – Pompeu Fabra – fekk for katalansk skriftkultur, var enorm, heilt sidan den første boka, Normes ortogràfiques, kom frå hans hand for vel hundre år sidan, i . Utviklinga av katalansk har vore rivande sidan diktatoren Francisco Franco døydde i , og språket fekk på rekordtid ein posisjon som høgstatusspråk i den katalanske regionen. Språkpolitikken ein har gjennomført for katalansk, kan på fleire måtar stå som førebilete for andre regional- og minoritetsspråk, også for nynorsk. 11


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 12

Visca el Barça i visca Catalunya! «Leve FC Barcelona og leve Catalonia!» er i våre dagar eit slagord som fokuserer på den rolla klubben har hatt som samlingssymbol i massemønstringar så vel i kampen mot Franco-diktaturet som når den politiske striden i dag står om juridisk og politisk suverenitet. Vi ser på relasjonane mellom klubben og Catalonia heilt frå den spede starten i  og fram til våre dagar, der FC Barcelona er ein viktig ambassadør for Catalonia. El Barça var også i motgangstider det mest synlege symbolet på katalansk identitet og motstand, noko som spesielt kjem av at ein på ein massearena som eit fotballstadion kan gje uttrykk for kjensler og meiningar som elles ville ha blitt brutalt undertrykte.

Kva no, Catalonia? Når ein skal sjå på dagens situasjon, kan ein ta utgangspunkt i den store demonstrasjonen i Barcelona . juli  då over ein million menneske demonstrerte mot kutt i dei katalanske vedtektene for indre sjølvstyre. Dei politiske avgjerdene i Catalonia dei seinaste åra er komne etter sterkt press frå eit grunnplan som har organisert seg og mobiliserer aktivt for at katalanarane skal komma til orde gjennom val og folkerøysting. Motstanden og til dels hatet mot sentralstyresmaktene i Madrid har auka oppslutninga om kravet om folkerøysting. Kampen står no mellom sentralregjeringa, som insisterer på det legale – den spanske grunnlova frå  tillèt ikkje ei folkerøysting for å danna ein eigen stat – og dei mest ihuga tilhengjarane av uavhengigheit, som viser til at dei har den folkelege legitimiteten på si side.


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 13

Frå gullalder til nedgangstider Ein skal ikkje opphalda seg lenge mellom historisk og politisk medvitne katalanarar før ein finn ut at dei er stolte over dei lange skrifttradisjonane til det katalanske språket. Alt i dokument – testament, protokollar, attestar og kontraktar – frå det . hundreåret kan ein kjenna igjen ord og konstruksjonar frå det lokale talespråket. På denne tida hadde talespråket utvikla seg såpass at dei som skreiv dokumenta, oppfatta dette som svært ulikt den varianten av latin som dei eigentleg skulle redigera dokumenta i. I dei følgjande hundreåra skulle det bli meir og meir katalansk i slike rettslege skriv, og på slutten av -talet fekk vi dei første dokumenta som så å seia frå ende til annan er skrivne på katalansk. Manuskriptet som går under namnet Greuges de Caboet («Fornærmingar av Caboet»), blei skrive mellom  og  og er på katalansk, viss ein ser bort frå korte innleiingar om kva tekstane handlar om, som er på latin. Det første litterære verket på katalansk kom vel hundre år seinare. Homilies d’Organyà («Preiker frå Organyà») er ei samling preiker som hadde som mål å utbreia evangeliet. Ut frå kvaliteten på pergamentet det er skrive på, og skriftanalysar – som tyder på at det dreier seg om overgangen til gotisk skrift – har ekspertar komme fram til at samlinga må vera skriven på slutten av - og byrjinga av -talet. 13


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 14

Kyrkjas menn hadde alt funne ut at folk flest ikkje forstod kyrkjespråket latin, og på kyrkjemøtet i Tours (Frankrike) hadde ein i  gått inn for at preikene skulle omsetjast til dei romanske folkespråka («transferre in rusticam Romanum linguam»). Dette gjorde at ein fekk ein situasjon med diglossi, der folk flest nytta lågstatusspråka – dei romanske språka – medan høgstatusspråket, i dette tilfellet klassisk latin, levde vidare særleg i kyrkjelege samanhengar. Mellomalderen blir tradisjonelt sett på som mørke hundreår kulturelt sett. Sjølve termen «mellomalder» viser òg til at ein er inne i ein epoke mellom stordomstider, den greskromerske klassisismen og renessansen, som på mange måtar er nettopp ein renessanse for kulturelle og kunstnariske særpreg frå klassisismen. Men for Catalonia er spesielt seinmellomalderen ei stordomstid, sjølve stordomstida som katalanarane i dag ser attende på med byrgskap, og ikkje berre på grunn av utviklinga av språk, kunst og kultur. Den katalanske gullalderen mellom det . og det . hundreåret er mellom anna kjenneteikna av intens handelsverksemd og ekspansjon. I desse hundreåra var Catalonia alliert med Aragón i vest i ein konføderasjon mellom to særs ulike område, der så vel Catalonia som Aragón hadde eigne lover, eigen kultur og eigne språk, men under den same krona. Det katalanske lovgjevande organet, les Corts, som blei etablert i , blir av mange historikarar rekna for å vera det mest genuine eksempelet på det mellomalderske parlamentet. Somme hevdar tilmed at det er det første parlamentet i heile Europa med reell folkedeltaking sidan det romerske imperiet gjekk i oppløysing i tida før år  e.Kr. 14


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 15

Les Corts Catalanes ligg langt framme i det katalanske medvitet også i våre dagar. Om katalanarane ikkje veit akkurat når det eksisterte, så hevdar mange at det blei kalla saman eit halvt hundreår før det tilsvarande lovgjevande organet i eit England som gjerne briskar seg med å ha vore først ute også på dette området. Ein raud tråd i katalansk historie er regionen si opne haldning til nye tendensar, til det som til kvar ei tid blir omtala som det moderne. Nye ideologiar og nye retningar har gjerne komme til den iberiske halvøya via Catalonia, og spesielt hamnebyen Barcelona. På midten av -talet styrte konføderasjonen Aragón–Catalonia også i Valencia-regionen, på Balearane i Middelhavet (Mallorca, Menorca, Ibiza og andre øyar) og dessutan på Sardinia, Korsika og viktige delar av dagens Hellas. Ein medlem av kongefamilien i alliansen Aragón–Catalonia sat på trona på Sicilia, og konføderasjonen kontrollerte gullhandelen med Sudan. Som viktigaste hamneby fekk Barcelona ein framståande plass i alliansen, med det resultatet at katalansk etter kvart blei tala i dei områda som alliansen kontrollerte. Aragón–Catalonia sin gullalder varte så lenge Middelhavet var det viktigaste området for handel og sjøfart for den iberiske halvøya. På -talet gjorde dei europeiske sjøferdene langs den afrikanske vestkysten og i særleg grad Kristoffer Columbus sine reiser til det amerikanske kontinentet at Atlanterhavet fekk status som det desidert viktigaste havområdet for menneskeleg ferdsle. Samstundes førte giftarmålet i  mellom Isabel av Castilla og Fernando av Aragón nokså fort til at Castilla fekk det politiske overtaket i eit Spania som var i ferd med å bli sameint. 15


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 16

Det finst såleis eit godt grunnlag for å hevda at dekadansen i Aragón–Catalonia fell saman med oppgangen for Castilla og med kastiljaniseringa av heile Spania – språkleg, kulturelt og politisk. Det . og . hundreåret var ein gullalder for katalansk litteratur. Det administrative organet for kongen av Aragón, la Cancelleria Reial, hadde mykje å seia for at denne gullalderlitteraturen fekk eit nokså einsarta preg. I våre dagar er katalanarane klare på at den første moderne romanen i Europa var i katalansk språkdrakt: Tirant lo Blanc, ein riddarroman som kom ut posthumt i  og var skriven av Joanot Martorell (–) frå Valencia. Den katalanske dekadansen skulle vara fram til starten av det . hundreåret, og sjølve termen er eit ektefødt barn av forfattarar innan den såkalla Renaixença.

Kvifor Catalonia? Det første dokumentet som gjev eit sikkert skriftleg belegg for det som i dag heiter Catalonia og katalanar, går attende til ei bok frå – (Liber Maiolichinius), eit mallorkansk verk der greven av Barcelona, Ramon Berenguer ., mellom anna blir omtala som catalanicus heros (katalansk helt). Sameleis blir Catalania her nytta som namn på det geografiske området der catalanenses heldt til. Mange katalanske forskarar finn det noko merkeleg at termen skriftleg skulle bli teken i bruk utanfor sjølve Catalonia før han blei vanleg i Catalonia sjølv. Men frå om lag midten av -talet er Catalunya – slik det blir skrive på katalansk i dag – i vanleg bruk både i sjølve området og i dei nærmaste kristne kongedømma. 16


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 17

I den aller første tida var termen Catalonia nært knytt til det geografiske området som greven av Barcelona herska over, men alt frå det . hundreåret blei han utvida til å gjelda heile det territoriet som grensa opp til kongedømmet Aragón, og som gjekk under namnet Principat (prinseriket). Det vi i dag kallar katalansk språk, kan dokumenterast i skriftlege dokument ei tid før det finst skriftleg belegg for sjølve termen «katalansk». Kva opphav termen har, er det framleis mykje strid om. Den mest aksepterte teorien går ut på at Catalunya er avleia av terra de castells (land av slott/borger) og har utvikla seg frå castlà, frå eldre fransk chastelain, ein term som blei brukt i tydinga «slottsguvernør» (guvernør med slott). Ut frå denne hypotesen har Castilla og Catalonia, kastiljansk og katalansk, det same etymologiske opphavet. Ikkje alle språkforskarar er forresten overtydde om at denne teorien held ut frå språkhistoriske kriterium (Sapiens ). Ein annan hypotese går ut frå at Catalunya kjem frå Gotholandia, gotarane sitt land, med referanse til vestgotarane, ei grein av dei germanske folkeslaga som herska over Spania i om lag  år, frå  til dei blei slått attende av dei muslimske maurarane i perioden –. Tilhengjarane av denne teorien viser til at Catalonia lenge blei omtala på latin som Cathalonia eller Catahalaunia, som minner ikkje så lite om Gotholandia. Også når det gjeld denne hypotesen er det språkhistorikarane som stiller seg mest kritisk. Ei seigliva legende vil ha det til at namnet Catalonia kjem frå etternamnet til ein tysk (eller fransk?) prins (eller greve) som gjekk under namnet Otger Cataló (eller 17


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 18

Catalon), og som skal ha freista gjenerobra land ved Pyreneane etter den muslimske invasjonen først på -talet. Historikarane festar lita tiltru til legenda, som første gong blir skriftleg omtala i ei krønike skriven av Pere Tomic i  og trykt opp i . Under den katalanske Renaixença på -talet blei minnet om Otger Cataló vekt til live att, og legenda blei nærmast ein del av dei felles historiske rammene som den katalanske identiteten då bygde på. Atter andre fører Catalunya tilbake til ordet laketani, namnet på den folkegruppa som skal ha hatt tilhald i omlandet til Barcelona i antikken ( f.Kr.– e.Kr.). Gjennom innverknad frå italiensk skal ordet ha endra seg til katelans og vidare til catalans. Og den arabiskkunnige historikaren Joan Vernet (–) slår frampå om at det aller første vitnesbyrdet til regionsnamnet kan ha komme frå den arabiske historikaren og geografen Al‘Udr-i (–), som i ei krønikebok nyttar stadnamnet Talunya eller Taluniya. Ved å leggja til den topografiske forstavinga «ca» får vi Catalunya. Er denne hypotesen rett, vil vi her ha å gjera med den eldste skriftlege forma av Catalonia som geografisk nemning. At ein ikkje kan slå fast ein gong for alle kor termen Catalunya stammar frå, gjer eigentleg ikkje så mykje for katalanarane og for det katalanske sjølvbiletet. Det gjev det katalanske opphavet ein eim av legende, på det nærmaste myte, som den kollektive identiteten finn stimulans i. Det er ikkje for ingen ting at legendene blir rekna for å ha oppbyggjeleg status.

18


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 19

Handelssenteret Barcelona Når ein kjem til Barcelona – hovudstad og største by i Catalonia – kan ein ikkje unngå å leggja merke til at byen har ei framifrå plassering i landskapet, omgjeven som han er av små fjell eller berg og med austleg grense til Middelhavet. Det tykte også Herkules – eller Herakles på gresk – då han, ifølgje ei anna legende, fann eit skip som hadde forlist nettopp på denne staden. Det var det siste av ni skip – det niande skipet, eller Barca Nona på latin – og mannskapet til Herkules blei så fortrylla av staden at dei, etter segna, grunnla byen Barcanona. Ei anna legende legg grunnlegginga av Barcelona til år  f.Kr., og æra blir gjeven til far til ein Hamilcar Barca (– f.Kr.), som skal ha døypt byen etter seg sjølv: Barkenon, Barcelino eller Barci Nova. Ingen av desse teoriane får støtte frå historikarar eller arkeologar av i dag, men dei blir likevel diskuterte opp og i mente på sosiale medium. Det ser beint fram ut til at katalanarane elskar å diskutera kva opphavet er til både Catalonia og Barcelona. Av mange blir Barcelona i dag rekna for å vera den mest kosmopolitiske av alle spanske byar, noko som sjølvsagt har å gjera med at byen ligg ved Middelhavet og i hundrevis av år har vore ein av dei aller viktigaste hamnebyane og handelssentra i dette området. Den geografiske plasseringa og mykje samkvem med folkegrupper langs Middelhavet gjorde at katalanarane blei meir vende utetter enn andre spanjolar. Dei store europeiske ideologiane kom til Spania via Barcelona og Catalonia. Katalanarar sjølve viser gjerne til døme som den italienske renessansen og det franske tankegodset frå opplysningstida på 19


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 20

-talet og frametter. Catalonia blei tidleg ei bru mellom den iberiske halvøya og folkeslaga rundt Middelhavet. Dei nasjonalt innstilte katalanarane liker ikkje at ein omtalar dei som ei eiga etnisk gruppe. I staden for etnisk identitet snakkar dei om kulturell identitet eller samfunnsborgaridentitet (identitat ciutadana), og dei viser til at regionen alltid har vore mål for andre folkegrupper og religiøse grupper som har busett seg der. Såleis har ein i Catalonia opp gjennom historia hatt ulike folkegrupper som iberarar, kartagarar, romarar, jødar, vestgotarar, muslimar og kristne. Og etter at den industrielle revolusjonen tok til i Catalonia rundt  – mange tiår før resten av Spania følgde etter – har folk strøymt til denne regionen både frå andre delar av Spania og frå andre land og verdsdelar. Som viktigaste hamneby, handelsstad og industriområde har Barcelona spela ei heilt dominerande rolle i denne samanhengen. Barcelona trivst i denne funksjonen som fleirkulturell og mangslungen regionhovudstad. Som få andre byar, om nokon, kan den katalanske hovudstaden by på kultur frå dei mest ulike tidene, frå romersk kultur via gotisk stil, barokken, klassisismen, romantikken, realismen, naturalismen, modernismen og til forskjellige utslag av våre dagars kunst og kultur. Og vel å merka: Desse kulturmanifestasjonane lever side om side – utan at det blir stygt. Ein reknar ofte at Barcelona for alvor blei til under romartida. I tiåra rundt Kristi fødsel fekk romarane fotfeste i det nordaustlege hjørnet av den iberiske halvøya. Truleg ein gong mellom år  og  f.Kr. blei Barcino det vanlege namnet på staden, som forkorting for det offisielle Colonia Faventia Iulia Augusta Pia Barcino (Hernán20


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 21

dez i Cardona : ). Alt i dei første hundreåra av vår tidsrekning blei Barcino rekna for å ha ei strategisk viktig plassering som knutepunkt for handelen til og frå NordEuropa og middelhavsområda i aust. Dessutan var staden friteken for skatt. Det romerske Barcelona – eller Barcino – låg i all hovudsak der vi i dag finn det gotiske kvartalet, på høgre side når vi går oppover La Rambla frå hamna til Plaça Catalunya. Sjølve byen hadde murar omkring seg, slik vanen var, og folket der levde relativt godt i det første og det andre hundreåret e.Kr. Folketalet auka i denne perioden frå  til opp mot , og innbyggjarane livnærte seg i hovudsak av landbruk utanfor murane – mellom anna vinproduksjon – og overskotet blei eksportert til Gallia (Frankrike, Belgia, vestlege delar av Sveits), Italia, Nord-Afrika og tilmed opp til dei sørlege germanske grenseområda. Romarane sette djupe spor i Barcelona og for så vidt i store delar av Catalonia. Dette finn ein framleis vitnesbyrd om i byen, i dei tronge sentrumsgatene og spesielt i det gotiske kvartalet (barri gòtic). Men først i den siste halvdelen av -talet skulle bymurane bli rivne, då var folkeauken blitt så formidabel at ein såg seg nøydd til det. Også frankarane, ei germansk folkegruppe som blei integrert i delar av Romarriket, gjorde seg gjeldande i dei katalanske områda og strøymde inn frå nord i ein grad som førte til at mange andre kringliggjande folkegrupper lenge kalla katalanarane for frankarar i mellomalderen. Muslimane, derimot, som okkuperte viktige delar av den iberiske halvøya mellom  og , fekk lite å seia i det katalanske området. Det var i slutten av denne historiske perioden at katalanarane hadde ein politisk gullalder og 21


Catalonia ferdig_A 01.07.15 10:27 Side 22

Barcelona ei økonomisk stordomstid takk vera handelen på Middelhavet. Mellom det . og det . hundreåret blei Barcelona eit politisk, økonomisk, sosialt og kulturelt sentrum for eit område som ikkje berre omfatta det noverande Catalonia, men også dei områda i det nordlege Middelhavet som høyrde til kongeriket Aragón, så langt vest som til Italia og Hellas.

Det inspirerande fjellet Catalonia har to klare grenseområde: Middelhavet i aust og Pyreneane i nord. Og på same måte som Barcelona er det opplagde senteret for kyststripa, så kan ein hevda at Montserrat-fjellet er det for fjellkjeda, sjølv om det med ein topp på  meter over havet er langt frå å vera det høgaste fjellet i dette området som utgjer grensa mellom Spania og Frankrike. Montserrat tyder «det takkete fjellet», eit namn det har fått ut frå det takkete omrisset av fjellformasjonane. Desse formasjonane syner i dag att i den monumentale kyrkja La Sagrada Familia («Den heilage familien») i Barcelona. Arkitekten bak verket, Antoni Gaudi (–), den mest kjende modernistiske arkitekten frå Catalonia, lét seg i høg grad inspirera av naturen, slik mange katalanske modernistar gjorde det i sin ambisjon etter å skriva kunstverka sine inn i katalanske rammer. Slik sett har modernistane – særleg arkitektane – som verka i perioden –, sett sitt preg på identiteten til det moderne Catalonia. La Sagrada Familia er det klart mest sette turistmerket i Barcelona. 22


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.