Dr. Munks testamente

Page 1




R AGNA R HOV L AN D Alltid fleire dagar. Roman 1979, 1987 Vegen smal og porten trang. Historier 1981, 1999 Sveve over vatna. Roman 1982, 1988, 1995, 1997 (m. Dr. Munks testamente), 2002, ny utgåve med teikneserieintervju av Steffen Kverneland 2008, 2020 Under snøen. Roman 1983, 2009 Bussen til Peking. Tekster 1984 Professor Moreaus løyndom. Roman 1985, 2022 Love Me Tender. Drama 1988 Utanfor sesongen. Roman 1988, 1991, 2006 Sjølvmord i Skilpaddekafeen. Prosa 1989, 1992, 2010 Konspirasjonar. Essay 1990 Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd. Drama 1990 Paradis. Roman 1991 Langs kvar ein veg. Nashville – Memphis – Austin. Country-reisebok (saman med Dag Helleve og Per Olav Kaldestad) 1992 Over Bali og Hawaii. Tre drama 1992 Alltid fleire dagar / Mercedes. Pocketutgåve 1993 Eline og Julie tar ferja. Roman 1994 Poetisk modernisme. (Red. saman med Jon Fosse, Eva Jensen, Per Olav Kaldestad og Finn Øglænd) 1995 Vegen til Navan. Ei musikalsk-litterær reisebok frå Irland (saman med Dag Helleve og Per Olav Kaldestad) 1995 Federico García Lorca: Månen har tenner av elfenbein. Utval og gjendikting ved Tove Bakke og Ragnar Hovland 1996 Dr. Munks testamente. Roman 1996, 1997, 2004 Raymond Queneau: Stiløvingar. Gjendikting 1996 Halve sanninga. Tre versjonar. Roman 1997 Sarah Kirsch: Alvekongens dotter. Gjendikting 1997 Guillaume Apollinaire: Den melankolske vaktposten. Utval og gjendikting ved Ragnar Hovland 1998 Texas. Korte tekster av lange menn (saman med Eduardo Andersen og Reidar Karlsen). 1999 Åleine i Alpane. 20 bøker. 1999, 2006


Psst! Kubanske notat 2000 Ei vinterreise. Roman 2001, 2002, 2022 Norske gleder. 2002 Finske dagar og netter – reisenotat frå Finland (saman med Dag Helleve og Per Olav Kaldestad) 2003 Brevet. Roman 2006 1964. Roman 2006, 2007, 2022 Paradis / Eline og Julie tar ferja. (Eittbandsutgåve) 2006 Dr. Munks popleksikon. 2008 Kunsten å komme heim og andre essay. 2011 Stille natt. Roman 2011 Frå Ragnar til alle. E-post i utval. 2013 400 mil frå Sogndalsfjøra. Langnovelle 2022

Ragnar Hovland har også gitt ut bøker for barn og unge. Sjå www.samlaget.no for komplett bibliografi.



Ragnar Hovland

Dr. Munks testamente Roman

Samlaget Oslo 2022


© Det Norske Samlaget 1996 www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Trykkeri: Nørhaven Printed in Denmark ISBN 978-82-340-0769-9 3. utgåva Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Innhald

Prolog hos diktaren 11 Det spring ein mann gjennom stormen og mørket 12 Doktor Munk 19 På lufta 25 Dei flygande incestoffer 29 Utdrag frå dr. Munks kokebok (Dr. Munks forlag, 1992) 32 Opp ned 33 Brevet frå Munk 36 Siste gong 39 Ein kvit sommarfugl 40 Tropehjelm 42 Eit fint minne 45 Waglens Wideo 47 Leonid Bresjnev versus Knut Hamsun 53 Guds barn 58 Kommunepolitikk 65 Vi sit og bannar og steiker og ser tenksamt ut av vindauget 70 Ein kveld på Sognefjorden 71 Eg seier farvel 77 Vi ser på sakene til Munk 81 Wartburg de luxe 87 Burugle de luxe 89 Til hovudstaden 92 Vi drøymer, kvar på sitt vis 95 Cyrano de Bergerac 97 Sandra 101 Dressmann 107 Theatercaféen 110 I mørket 122


Morgonen etter 127 Waglen lærer frå seg eit nyttig triks 130 Vi førebur oss 131 Oppsummering 137 Terningkast to 140 Vi diskuterer på ein sakleg måte kven som er den mest geniale i det tjuande hundreåret 144 Val i livet 154 Eit kapittel der eg oppsummerer litt, noko som vel kan trengast 155 På vegen att 159 Waglen trekker pistolen 161 Munk kjem med uventa harde utfall mot Evert Taube 164 Morgon i Norge 170 Tre åndshøvdingar drar ut i Europa 175 Ei natt på havet 186 Landkjenning 197 Autobahn 203 Munk fortel ei historie om å ivareta fadderpliktene sine 209 Vi rangerer folkeslag på ein oversiktleg måte 214 Mondnacht auf der Alster, eller: Herbrand viser seg for oss på ny 218 Natt i Hamburg 225 Natta held fram 231 Oppbrot 236 Walpurgisnatt 243 Munk held minnetale over Waglen 247 Farvel til Heidelberg 252 Mannen i døra 254 Når du ligg i helvete 257 Waglens Wideo 260 Doktor Munks testamente 263 Epilog hos diktaren 268


A fine bunch of men. Nervous, but fine. Donald Barthelme



Prolog hos diktaren

Så set deg ned og høyr på orda mine og ta dei til deg, slik eg veit du vil. Eg trur nok skildringane kan bli fine, med sterke karakterar, utan dill. Og eg ser for meg: Du vil le og grine og få litt innsikt, om eg får det til. Men les med ope sinn, så kan det hende, at du vil følgje soga mi til ende. Her skal det òg bli lange diskusjonar om vesentlege ting, om ditt og datt, og erotikk og kjærleik så det monar, og spørsmål vil bli sett under debatt. Eg legg mi sjel i dette og eg vonar at du som les det òg får noko att. Så legg til side alt som distraherer, grip intensjonen før du kritiserer. Og når du så har lese boka ferdig og tatt deg eit glas vin og ein sigar, så var det nok eitkvart du fann merkverdig og du har tenkt: Du store tid, kor tar han det ifrå? Men jo, sannferdig, det er det visst, den saka synest klar. Men no er tida komen, du er reie, no får du sjå kva diktaren vil seie. 11


Det spring ein mann gjennom stormen og mørket

Det spring ein mann gjennom stormen og mørket. Han høyrer det krasar av tre som fell og havet som kastar seg mot klippene. Av og til flerrar eit lyn kveldshimmelen, og alt blir lyst som dagen. Mannen veit ikkje kor han er, han veit berre at eit einaste feilsteg kan føre han ned i dei frådande brenningane der nede ein stad. Då ser han eit einsleg, gult lys langt borte. Han snublar og fell, reiser seg att og skundar seg mot lyset, det einaste håpet han har. Eit nytt lyn flerrar mørket, og han ser konturane av eit hus. Han spring mot huset, dei første regndropane piskar mot ansiktet hans idet han når fram til døra og dundrar laus på ho. Ei uhyggeleg knurring høyrest innanfor. Døra blir riven opp, og ein mann i mørke klede, med eit vilt uttrykk i ansiktet, fyller døropninga. Kanskje er det naturleg at det begynte med ei gravferd. Det er ein slik korsveg i livet som gjerne får folk til å reflektere og stille seg ein del spørsmål, særleg når det er ein venn og jamaldring som er årsaka. Nils hadde ein gong vore ein venn av meg, vi hadde begge likt Helen Shapiros Walkin’ Back to Happiness og hadde snakka om at Helen Shapiro ikkje var så mykje eldre enn oss at det ikkje trong vere heilt utenkjeleg at ein av oss ein gong kom til å gifte seg med Helen Shapiro. Ho såg ut som ei som kunne passe for oss, og vi lovde kvarandre å ikkje bli sure på den som gjekk av med sigeren. 12


Det kjem vel ikkje som noka stor overrasking at ingen av oss blei gift med Helen Shapiro, og for Nils sin del var det i alle tilfelle no for seint. Nils hadde altså stukke sin veg, om det var til ein betre eller verre stad, visste ingen andre enn han sjølv, og eg stod der på kanten av grava hans og høyrde halvt på at presten sa det som prestar vel brukar å seie i slike tilfelle, eg såg på foreldra til Nils, som såg ut som elles, berre litt meir høgtidsame og dradde i ansikta og oppdressa og stive, og det eg tenkte på, var sjølvsagt: Kva faen er dette livet for noko? Nils hadde aldri drive det til noko som helst. Han jobba på sildoljen, som dei fleste andre, til den blei nedlagd, og etterpå visste eg i grunnen ikkje kva han hadde drive med. Alt eg no klarte å assosiere han med, var Helen Shapiro og det barnslege tullpreiket vårt om å gifte oss med henne. Så gode venner hadde vi vel heller aldri vore, når eg no tenkte etter, og om eg tenkte endå betre etter, så hadde han vel helst vore eit rævhol og omtrent den siste som ville fått sjangs med Helen Shapiro, som trass i alt var kjend for å ha ein viss smak. På vegen heim til foreldra mine etter kaffien og smørbrøda (der eg hadde fortalt historia om oss og Helen Shapiro, noko eg hadde trudd skulle lette litt på stemninga, få fram litt humring mellom borda, men som mislykkast totalt, då eg tydeleg var den einaste i lokalet som visste kven Helen Shapiro var, og som eg altså med fordel kunne spart meg) heldt eg fram med å tenkje, utan å sjå verken til høgre eller venstre, eg tenkte på at det kunne ha vore meg som no låg der i grava, og kva hadde eg eigentleg drive det til så langt, og eg kom til å tenkje på mi eiga ungdomstid og dei folka eg vanka saman med. Munk, t.d. Nokre dagar etter var det slik at eg skulle ringe til nokon, 13


truleg ein eller annan som hadde noko med skuleverket å gjere, og eg slo opp i katalogen. Då, mens eg blafra gjennom telefonkatalogen, fall augene mine på eit namn eg tykte eg kjende: Munk, Dr., lærar og kyrkjesongar. Eg kjende altså i si tid godt Munk, eller Doktor Munk, som han gjerne kalla seg, ja eg ser ikkje bort frå at det var fordi eg kjende han, at eg klarte å få meg jobb i den vidaregåande skulen. Våre eventyr frå den gongen er elles godt dokumenterte, bearbeidde litterært av ein norsk forfattar og gitt ut på eit anerkjent, mellomstort norsk forlag.1 Forfattaren fortel sjølvsagt ikkje sanninga – det har han til felles med andre forfattarar – og kanskje var det heller ikkje så mykje å fortelje. Det var mi ungdomstid, på mange måtar ei fin tid, og som ei kvar anna ungdomstid kan ho vere verd å minnast. Eg skulle studere språk og litteratur for å bli lærar, og Munk gjorde det han kunne for å hindre meg i å studere og ta eksamenar og slikt eg eigentleg skulle. Men når eg no ser tilbake, angrar eg på lite av det som skjedde. Forfattaren har hatt ei heldig hand med skildringa av enkelte episodar, nokre av dei hadde eg faktisk gløymt, og i dei første åra mine i skulen blei eg ofte beden av elevane mine om å lese avsnitt frå denne boka (ein kan sjølvsagt tenkje seg kva slags), men eg klarte alltid å snakke det bort. Nokre spurde også etter Munk og sa at dei hadde god lyst til å møte han, men eg kunne ikkje hjelpe dei. Munk var på den tid for lengst forsvunnen ut av livet mitt, og eg visste ikkje eingong kor han heldt til. Eg sende julekort nokre år, til den gamle adressa, men fekk aldri noko svar. Elles treivst eg i skulen. Dei første åra kunne eg nærmast flyte på legenda, dvs. vennskapet med Doktor Munk, og sei1

Ragnar Hovland: Sveve over vatna. Det Norske Samlaget 1982.

14


nare gjekk det nesten av seg sjølv. Eg gifta meg med Aslaug, som brått kom inn i livet mitt og fylte det nesten heilt, og vi bygde oss eit hus oppe i skogkanten, med utsikt over fjorden, og planta fire frukttre. Eit halvt år etter kom guten til verda. Vi kalla han Alfred, etter forfattaren Alfred Jarry, ein av mine heltar frå ungdomen. Jo, eg trur det var slik. Eg trur det var namnet i telefonkatalogen som gjorde utslaget. Nett i den augneblinken velte det innover meg at det måtte vere nærmare tjue år sidan eg kjende Munk, og eg var bassist i rockebandet Saba de Luxe, og var ulykkeleg forelska i Sandra, og kva var livet mitt blitt til, og kva tenkte eg den gongen at det skulle bli? Eg slo likevel ikkje nummeret. Det gjekk ikkje. Eg kunne ikkje nærme meg på den måten. Eg hugsar eg var uroleg ved middagen. Det var berre Aslaug og eg, Alfred var på handballtrening eller på musikkøving, og vi spelte ei plate, noko med fiolinar og fagottar. – Kva er det for ei plate? sa eg. – Den med fiolinar og fagottar, sa Aslaug, og deretter kan eg hugse at vi vikla oss inn i ein heller merkeleg samtale om kvinner og menn, som endte omtrent slik: – Det er riktig, sa Aslaug, – ein er ikkje fødd til kvinne, ein blir det. – Alle er fødd med pikk? sa eg. – Men nokon veks den av seg. Så er det andre som blir sitjande med den resten av livet, stakkar. Eg var ferdig med å ete og reiste meg frå bordet. Ikkje fordi eg på nokon måte var støytt av det som blei sagt, og eg oppfatta det då heller ikkje som noko som var retta spesielt mot meg. Eg gjekk opp på arbeidsrommet mitt og såg over bokhyllene. 15


Alle dei gamle bøkene stod der, dei skikkelege bøkene, dei som hadde følgt meg i alle år. Kor lenge var det sidan eg hadde opna ei av dei? Eg gjekk til vindauget og såg utover fjorden. Ein boreplattform glei stilt forbi, og nokre ungar stod på ein knaus og vinka. Ein stor, svart fugl sat på mønet hos den forstokka og reaksjonære naboen, og han letta med eit ufjelgt skrik då blikket hans møtte mitt. Eg kjende eg fekk lyst på noko å drikke, og tok ein kikk i skåpet. Det var enno ein skvett att av calvadosen vi kjøpte på siste Frankrike-turen, og eg tømde i eit glas. Eg kunne ikkje seie at det ikkje var godt. Og eg tenkte igjen på Munk. Det hadde vore ein tredje mann i bandet vårt, på trommer. Per Waglen heitte han, og han hadde gått i parallellklassen min på realskulen. Då vi skulle starte band, sat Waglen i fengsel, og vi måtte naturleg nok befri han. Han hadde også glidd ut av livet mitt, heilt til eg møtte han att, på 15 års-jubileet for realskulen. Det var naturleg for oss å kome i snakk, og Waglen drog meg med bak nova, der vi blei ståande og drikke av heimebrenten hans og røyke sigarar og snakke om Munk og gamle dagar. – Munk, sa Waglen. – Han var jo ein sattan. På den tid var både Waglen og eg nygifte, Waglen hadde slått seg opp i videobransjen, og eg hadde nokså nyleg fått jobb i den vidaregåande skulen. – Munk, sa Waglen. – Han var ei skikkeleg fitte. Men eg likte han på ein måte. – Ja, sa eg. – Ein måtte liksom like han. – Eg veit ikkje om ein måtte det, akkurat, sa Waglen. – Sjå her, ta deg ein slurk, for helvete. Waglen hadde dei lengste og spissaste hjørnetennene og 16


den høgaste utdanninga innan videobransjen (dvs. realskulen), og det hadde ikkje vore vanskeleg for han å slå seg opp og bli ein kjend videosjarmør og trendsetjar. No gjekk han rundt og var storkar og spanderte på alle han såg. – Men kor det blei av han, sa Waglen, – det veit eg faen ikkje. Han såg drøymande på meg. – Eg har fått meg kjerring, sa han. – Ho er så utruleg god å pule. Det er faen meg nesten ikkje til å halde ut. – Det høyrest bra ut, sa eg. Waglen løyste på slipset med Marilyn Monroe på. – Fy faen, eg trur eg begynner å bli full. Kan ikkje du drikke litt òg? Den gamle tysklæraren vår, Malmkvist, kom rundt nova, og Waglen rekte han flaska. Han tok seg ein god støyt og sa at vi alltid hadde vore gode og ikkje minst positive elevar. Det undra han slett ikkje at vi hadde gjort det bra i livet. – Skikkeleg positive elevar, sa Malmkvist. – Ta deg ein slurk til, for helvete, sa Waglen. Det eg elles hugsar frå dette realskulejubileet, er at Waglen og eg og to andre stakk frå hotellet og køyrde opp til realskulen. Der braut vi oss inn og stal to pultar (den eine hadde namnet til Waglen skore inn med kniv, så han meinte han hadde krav på den) som vi tok med i bilen og gjorde eitt eller anna med (Waglen hevda at vi hadde misbrukt dei seksuelt). Ut på føremiddagen neste dag vakna eg og oppdaga at eg låg i ei hotellseng ved sida av Bjørg Hildur som hadde gått i klassen min for femten år sidan. Ho var heilt naken, og eg kunne godt forstå kvifor eg hadde hamna i senga hennar, og eg skjønte også straks at det var ikkje alle ting eg var nøydd å fortelje til Aslaug. – God morgon, sa Bjørg Hildur og greip meg i pikken. 17


– God morgon, sa eg. – Trur du det er for seint å få seg frukost? Eg såg ikkje meir til Waglen eller pulten hans, og det blei ikkje meir snakk om Munk. Eg blei einig med Bjørg Hildur om at dette skulle vi berre ha mellom oss, og ikkje skulle vi kjenne oss skyldige, og så drog ho heim til mannen sin som jobba i trygdeetaten, og som ho hadde tre halvvaksne ungar med, og eg drog heim til Aslaug. – Var det moro? sa ho. – Det luktar heimebrent av deg. Og noko anna. – Ja, sa eg. – Det var vel det.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.