Don-Carlos

Page 1

høyde: 188 mm

friedrich schiller don carlos

S

Friedrich Schiller Don Carlos

omslag: blæst / s. hole

isbn 978-82-521-7740-4

don carlos er rekna som eit av hovudverka til den klassiske tyske diktaren Friedrich Schiller (1759–1805). Dette lyriske dramaet er fylt av romantisk glød, lidenskap og kamp for rettferd, der ei pasjonert kjærleikshistorie ved det spanske hoffet utviklar seg til blodig kamp mellom fridom og tyranni. Dei sentrale personane er henta frå Spania midt på 1500-talet, i regjeringstida til kong Filip II, men Schiller diktar fritt. Gjendiktaren er lyrikaren Knut Ødegård (f. 1945), den norske lyrikaren i samtida som er omsett til flest språk. Han har fått ei rekkje prisar og ordenar, til dømes fekk han Bastianprisen for omsetjinga av Thor Vilhjálmssons Fort fort, sa fuglen (Samlaget 1983).

skodespel av Friedrich Schiller gjendikta av Knut Ødegård redaktør for serien Jon Fosse

samlaget.no

bakside: 115 mm

rygg: 27 mm

forside: 115 mm


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

13-08-10

13:44

Side 2

OMSETT DRAMATIKK PÅ SAMLAGET

Thomas Bernhard: Ved målet. Frå tysk ved Jon Fosse. 2003. Marguerite Duras: Savannah Bay. Frå fransk ved Ragnar Hovland. 2004. David Harrower: Knivar i høner. Frå engelsk ved Jon Fosse. 2002. Ödön von Horváth: Historier frå Wienerskogen. Frå tysk ved Knut Ødegård. 2003. Sarah Kane: Må. Frå engelsk ved Finn Iunker. 2002. Sarah Kane: Psykose 4.48. Frå engelsk ved Jon Fosse. 2008. Sarah Kane: Fedras kjærleik. Frå engelsk ved Jon Fosse. 2009. Bernhard-Marie Koltès: Roberto Zucco. Frå fransk ved Ragnar Hovland. 2000. Federico García Lorca: Frøken Rosita / Bernarda Albas hus. Frå spansk ved Tove Bakke. 2007. Yukio Mishima: Åtte moderne no-drama. Frå japansk ved Anne Lande Peters. 2005. Gregory Motton: Den største diamanten i verda (kriminelle lidenskapar). Frå engelsk ved Jon Fosse. 2006. Harold Pinter: Kjøkkenheisen / Landskap / Stille / Natt / Ingenmannsland / Av jord er du komen. Frå engelsk ved Bjørn Endreson, Jon Fosse og Einar Økland. 2001. Nathalie Sarraute: For eit godt ord. Frå fransk ved Ragnar Hovland. 2004. Botho Strauss: Tida og rommet. Frå tysk ved Ragnar Hovland. 2000.

2


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

13-08-10

13:44

Side 3

Friedrich Schiller

DON CARLOS Kronprins av Spania Eit dramatisk dikt

Gjendikta frå tysk av Knut Ødegård

Samlaget Oslo 2010 3


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

13-08-10

13:44

Side 4

© 2010 Det Norske Samlaget www.samlaget.no OMSLAG:

Blæst design / Stian Hole Samlaget SKRIFT: Sabon 10,5/13 PAPIR: 90 g Munken Print Cream 1.5 TRYKKERI: AIT Otta AS Printed in Norway FØRTRYKK:

ISBN 978-82-521-7740-4

Utgåva som er lagd til grunn for gjendiktinga vart utgitt på Reclam-Verlag Stuttgart i 1951

4


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

13-08-10

13:44

Side 5

PERSONANE FILIP II,

konge av Spania dronninga hans DON CARLOS, kronprinsen ALEXANDER FARNESE, prins av Parma, kongens nevø PRINSESSE KLARA EUGENIA, eit barn på tre år HERTUGINNA AV OLIVAREZ, overhoffmeisterinne ELISABETH AV VALOIS,

MARKISA AV MONDEKAR PRINSESSA AV EBOLI GREVINNE FUENTES MARKIEN AV POSA,

ein maltesarriddar

HERTUGEN AV ALBA GREVEN AV LERMA,

sjef for livvakta riddar av Det gylne skinn HERTUGEN AV MEDINA SIDONIA, admiral DON RAIMOND AV TAXIS, overpostmeister DOMINGO, kongens skriftefar HERTUGEN AV FERIA,

KONGERIKETS STORINKVISITOR PRIOREN FOR EIT KARTEUSERKLOSTER

EIN AV PASJANE TIL DRONNINGA DON LUDWIG MERKADO,

livlegen til dronninga

Fleire damer og stormenn. Pasjar. Offiserar. Livvaktene og forskjellige stumme personar. 5


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

6

13-08-10

13:44

Side 6


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

13-08-10

Første akt Den kongelege hagen i Arajuez

13:44

Side 7


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

13-08-10

13:44

Side 8


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

13-08-10

13:44

Side 9

Første scene Carlos. Domingo.

DOMINGO

Dei gode dagane i Aranjuez er over no. Men kronprinsen dreg ikkje gladare herfrå. Så var vi her til fånyttes. – Bryt denne gåtefulle teiinga og opn opp hjarta Dykkar, prins, for faderhjarta no. For dyrt kan neppe kongen kjøpa sjelefreden i sin son, den einaste, nei, knapt for dyrt. (Carlos ser ned på jorda og teier.) Finst enno eit ynske som himmelen ikkje har gjeve den kjæraste son sin? Eg var jo der då Carlos lét seg hylla stolt på Toledos murar, såg kor fyrstane pressa seg fram for å kyssa prinsen på hans hand, og såg dei låg der knelande, i eitt knefall låg dei, kongerika seks for føtene hans – eg stod og såg det unge, stolte blodet 9


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

13-08-10

13:44

Side 10

stiga opp i kinna på han, såg kor bringa svulma sterkt av fyrstelege planar, såg at augo flaug i glede over denne folkehopen, i lykkerus til brestepunktet – prins, men dette auga tilstod: Eg er mett. (Carlos vender seg bort.) Denne stille, høgtidsame sorga, prins, som vi i nesten åtte månader har sett i augo Dykkar, denne gåta for alt hoffet, angesten i kongeriket, den har kosta majesteten mange tunge netter alt, og kosta Dykkar mor så mang ei tåre. CARLOS

(snur seg fort): Mor? – Å himmel, gje eg kunne gløyma den som gjorde henne til mi mor! DOMINGO

Prins? CARLOS

(tenkjer seg om og dreg handa over hovudet): Vyrde herre – eg har ikkje hatt stor lykke med dei mødrene eg fekk. Mi første gjerning då eg fekk sjå verdas lys, det var å fremja modermord. 10


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

13-08-10

13:44

Side 11

DOMINGO

Er det mogleg, nådige prins? Har De verkeleg samvitskval av det? CARLOS

Og den nye mor mi – har ho ikkje allereie kosta meg fars kjærleik? Far min har knapt elska meg. Min føremon er berre den at eg er eineson hans. Ho har gjeve han ei dotter – kven veit kva som slumrar attom synsranda i framtida. DOMINGO

No spottar De, prins. Heile Spania forgudar dronninga. Og De kan berre sjå på henne med slikt hat i augo? Berre sjå klok spekulasjon i henne? Korleis, prins? Verdas vakraste kvinne, og dronning – og ein gong trulova med Dykk? Umogleg, prins! Utruleg! Utenkjeleg! Den som alle elskar, den kan Carlos ikkje heilt åleine hata; Carlos er då ikkje slik så underleg ei sjølvmotseiing. Pass på, prins, at ho vil aldri merka at De, sonen hennar, ikkje likar henne; ho vil lida om ho veit det. CARLOS

Trur De det? 11


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

13-08-10

13:44

Side 12

DOMINGO

Om min høge kronprins hugsar siste riddarkappleiken i Zaragoza, der ei lanse streifa majesteten – dronninga, ho sat med sine damer midt på den tribunen nær ved slottet for å sjå på kampen. Nokon ropar: «Kongen blør!» – Folk spring i kvarandres føter, og ei stille mumling kjem mot øyra hennar. «Prinsen?» ropar ho og ho vil kasta seg ut frå det øvste gelenderet. – «Nei! Kongen sjølv!» får ho til svar. – «Så hent då legar!» seier ho, og når så anden att. (Etter ein kort pause): De står i tankar? CARLOS

Eg beundrar kongens glade skriftefar, så heime i morosoger. (Alvorleg og mørk:) Men eg har høyrt at dei som tolkar minespel og spreier rykte, gjer meir vondt på denne jord enn gift og dolk i mordarhand kan makta. De kunne spart Dykk bryet, herre. Om De ventar takk, gå då til kongen.

12


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

13-08-10

13:44

Side 13

DOMINGO

De gjer rett i, prins, å vera varsam i omgang med folk – men det finst unntak. Støyt no ikkje venen frå Dykk saman med ein hyklar. Eg vil alt så godt for Dykk. CARLOS

La då ikkje far min merka det. Elles kan De missa Dykkar purpur. DOMINGO

(stussar): Kva? CARLOS

Ja visst. Lova han Dykk ikkje første purpurdrakt som kardinal i Spania? DOMINGO

Prins, De spottar meg. CARLOS

Gud forby meg at eg spottar den forferdelege mannen som kan saligkåra og fordøma far min! 13


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

13-08-10

13:44

Side 14

DOMINGO

Ikkje dristar eg meg, prins, til det å trengja inn i Dykkar edle, løyndomsfulle sorg. Bed berre høge prinsen om å hugsa på at for ei plaga sjel er Kyrkja tilfluktsstad, ingen konge har sin eigen nøkkel dit inn, der kan all misgjerning liggja under sakramentets segl – De skjønar kva eg meiner, prins. Og eg har sagt nok. CARLOS

Nei! Det er fjernt for meg å freista seglforvaltaren! DOMINGO

Prins, denne mistrua – De miskjenner Dykkar trufaste tenar! CARLOS

(grip handa hans): Så gje meg heller opp. De er ein heilag mann, det veit all verda – men beint fram sagt – for meg har De det altfor travelt. Vegen Dykkar, høge fader, er den lengste inntil De set Dykk på Peters stol. Mykje visdom ville vera altfor tung ei bør å bera. Meld no det til kongen, han som sende Dykk. 14


Don Carlos ferdig.qxd:Don Carlos

13-08-10

13:44

Side 15

DOMINGO

Sende meg hit? – CARLOS

Det sa eg. Ja, alt, så altfor vel veit eg meg stygt forrådd ved dette hoffet – veit at hundre augo ser meg, leigde for å overvaka meg, veit at majesteten Filip har seld eineson sin til dei simplaste av sine menn, og at kvar ei staving som dei snappar opp frå meg, blir meir fyrsteleg betalt for enn god gjerning nokon gong er lønt av han. Eg veit – men tei no! Ikkje meir om det! Hjarta mitt held på å strøyma over, og eg har sagt altfor mykje no. DOMINGO

Kongen ynskjer nå fram til Madrid før kvelden. Hoffet samlar seg alt. Om De er så nådig, prins –. CARLOS

Alt i orden. Eg kjem med. (Domingo går. Etter ein stutt pause): Du ynkelege Filip, slik som son din du òg ynkeleg! – Snart vil eg sjå sjela di blø som av hoggormbit, 15


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.