det enkle og det einsame

Page 1


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 1


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 3

Asta Olivia Nordenhof

det enkle og det einsame FrĂĽ dansk ved Anna Kleiva

Samlaget Oslo 2017


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 4


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 5

til andreas


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 6


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 7

ein våt grasplen og meg det blir herleg å gå ut på den her luktar platanlønn

det enkle og det einsame ikkje døy for eiga hand ikkje eige seg sjølv heilt det lovbundne og pliktene sørge for te og appelsinar til dei sjuke at livet kjem utanfrå det tidlegaste vatnet om morgonen

nervane er galnare enn eg

7


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 8

varmen og tømmermennene

eg fjernar meg frå dei eg elskar med merkeleg styrke frå heile kroppen

fekk innsikt i korleis eg skal døy

eg såg eksplosjonen innanifrå. frå blodet sitt perspektiv. eg var opprørt over det. kjærasten min sa: rolig olli

no veit eg ikkje lenger, viss eg fekk mulegheita til å oppleve min eigen død slik den i parallelltid allereie har hendt det er ikkje sikkert. så seinare: vi plukka villplommer og kirsebærplommer på ytre amager

ved solnedgang og metroen fór med lyset sitt, som eit strengt, som eit merkeleg harmt samfunn att og fram på himmelen

ingen på fields

ingen på kentucky fried chicken

to menneske framfor ein einebustad. sat med teppe på, snakka med kvarandre

«eg er veldig trøytt no»

«eg er også veldig trøytt»

kvifor er ikkje beinbygninga skjørare

raude raude sol

du så herleg du så likeglad om eg kastar ei plomme i ditt namn 8


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 9

og amager kor ømt at du gav meg ei plomme å kaste må skrive til morten!

må skrive til bjørn! jorda er øm og eg er ikkje nok til å forstå det korleis kan vi bli meir forgjeves, meir skitne meir forgjeves, lytt til ordet:

takk

korleis! det gjer vondt frå mensen og dei dårlege minna

låg i ein hagestol ein gong, det er eit dårleg minne

han eg deita sa: kva er det du driv med, kvifor sat du og viste trusene dine til alle eg forstod ingenting, eg hadde ikkje tenkt over det så fleire år seinare

så viser det seg! eg sit og snakkar med ein på ein bar

så seier han: den gongen på det arrangementet der du sat og viste trusene dine til alle

det var første gongen eg såg deg

9


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 10

farmora mi fortsette å røyke etter ho hadde fått hjernebløding ho var blitt lam på eine sida av ansiktet

kunne berre så vidt samle leppene nok, ikkje slik at dei var lufttette det må ha gått ut over styrken på sigarettane det tenkjer eg no

eg kan ikkje ha tenkt over det den gongen, eg var ti då ho døydde

når eg konsentrerer meg om å tenkje på henne er det ikkje ansiktet hennar som blir tydeleg

det minnet er øydelagt av fotografi

når eg prøver å komme på korleis ho såg ut hugsar eg i staden kvaliteten på fotografiet

det eine biletet er kornete

det andre biletet er framkalla i eit format som ikkje er standard lenger eg hugsar nokre objekt som var knytte til hennar eksistens

ei bordbrikke i raud skinande voks

ei blomsterkasse i betong, eit hjørne av amagerbrogade fortel meg at her skal eg svinge

her er farmor si gate

viss eg dveler lenge nok ved objekta begynner rom å forme seg 10


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 11

ein smal gang

ei dør som fører inn til stova soverommet ei seng.

eg trur eg kan plassere meg sjølv i den senga igjen

men forteljinga som høyrer til senga øydelegg fokuset

vi låg der

saman i den senga

vi såg alltid den store badedag

ei generell forteljing

viss det var onsdag, vi såg alltid den store badedag

det er i det lausrivne at nærværet blir størst

viss eg går ut av soverommet igjen gjennom stova, den smale gangen doen

der vaska eg ein gong ansiktet mitt

kaldt vatn

hender

ansikt

11


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 12

spegel

mintgrøn

ein liten pose med lavendel

berre det. at vatnet er kaldt at det gjer godt.

eg hugsar ikkje når eg forstod det at farfar banka dei alle saman slik far min hugsa det:

kvar dag vente på valden og så vart det stilt farmor kunne liggje på kjøkenet

som låg i direkte forlenging av gangen og var like smalt eller ho kunne liggje i gangen

eklast viss det blødde frå henne, viss ein måtte tørke opp når eg først har gangen for meg kan eg vere far min ikkje viss eg begynner å tenkje på barneknea hans

brune shorts

slik det ser ut på biletet:

farmor i kvitt, far i brune shorts

då er alt tapt 12


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 13

og eg kan ikkje finne far min sitt blikk der han sit på senga

derifrå kan han sjå spisebordet viss skyvedøra er dratt til sides eg veit at far min rømte heimanfrå då han var fjorten

i nokre år rusa han seg og levde på gata

eg har nyst oppdaga korleis han seinare i livet omtalar mor mi i brev skrivne til andre kvinner

den vesle grisen tok aborten pent, skriv han

viss han banka henne stakk ho til anni, ho ville ikkje at mormor skulle vite det eg veit det fordi anni fortalde det til mormor seinare

eit aldri opplevd minne som er blitt til etter eg såg dei breva:

breva ligg framme

planen hans har aldri vore å sende dei til nokon

mor mi skal finne dei. ho skal øydeleggjast

dei budde i den same leilegheita som eg bur i no

eg trur dei elska kvarandre

neglene mine har vakse ut og blitt klipte ned mange gongar sidan mor mi døydde

fleire gongar sidan far min døydde

eg vaskar av tinga og angrar på det 13


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 14

du har same kroppen som farmor di det sa mor mi støtt

du har same mimikken som far din det seier alle

ingen kunne høyre forskjell når eg tok telefonen heime hos mor mi

morfar trudde han prata med dotter si

den siste mannen til mor mi slo henne også

tenkjer på han komme gåande utanfor vindauget

han har henta noko i bilen, forknytt

noko med måten han viste motvilje mot lønsjserveringa på kroa

som om kleda hans var blitt for store

og å sjå han i den nye leilegheita etter mor mi var død han hadde kjøpt to lenestolar, eit tenkt liv framfor seg

frå her eg skriv er alt tapt

halde mor mi på panna, gjere seg viss på ho ikkje har feber

at handflatene ikkje er klamme

at ho sit på sykkelen sin

på veg til havet, vi plukkar hyllebær

all den kjærleiken eg har får plass i eit hyllebær 14


Det enkle og det einsame ferdig_Layout 1 21.11.16 14:00 Side 15

nokon skulle ta frå henne det audmjuke

mor mi

eg skulle ha sagt:

det er ingen som har rett til å øydeleggje deg

så mange fuckhovud

du er nøyen med sminka før vi skal på eit skulearrangement

gløym det

berre gløym det

der er ingen grunn til å vere vennleg mot dei uvennlege

gløym det

det er ingen som har rett til å krevje av deg at du er vennleg mot dei uvennlege

15


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.