Jon Hellesnes er forfattar og professor emeritus i filosofi. Han har tidlegare gitt ut mellom anna essaysamlingane Maska bak andletet (2002), Illusjon? (2004) og Om livstolking (2007).
DET NORSKE SAMLAGET
ISBN 978-82-521-7605-6
www.samlaget.no
det femte monarki og andre essay
Boka inneheld i tillegg eit oversyn over kva forfattaren har arbeidd med innanfor filosofien frå og med dei første skriftene i 1960-åra og fram til no.
hellesnes
Jon Hellesnes er ein av Noregs skarpaste essayistar. I denne samlinga presenterer han nye, velopplagte og velformulerte tekstar. Boka opnar med ei utgreiing om gapskratt. Gapskratten lurer også i bakgrunnen utover i boka, endå om den då ikkje lenger er tema. Det er derimot ei rad andre fenomen: sakprosa, forfall i media, bullshit, storytelling, lettnihilisme, prosjektmakeri, finansakrobatikk, skremmeleg optimisme, ideologisk villskap, gudeleg satanisme med meir. Fenomena blir skildra, forklarte og nærare granska. Hellesnes går til åtak mot dumskapen, stiller spørsmål ved vedtekne sanningar og forsvarar det mangetydige.
jon hellesnes
DET FEMTE MONARKI og andre essay
samlaget