Den tolvte spelaren

Page 1


Den tolvte spelaren ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 1


Den tolvte spelaren ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 3

Tor Arve Røssland

Den tolvte spelaren Roman

Samlaget Oslo 2018



Den tolvte spelaren ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 5

Prolog Eg har ikkje vore i Våg på over tretti år. Sjølv om staden berre ligg ein liten time frå Bergen. Men i dag måtte eg tilbake. Tilbake dit marerittet starta. Eg sit i bilen min. Eg har parkert på ei lita høgde utanfor Våg sentrum. Bilane suser forbi, og eg ser ned på bygda. I passasjersetet ligg avisa. Framsida som fekk meg til å køyre hit i dag. «Mann (44) drepen i slagsmål i Våg sentrum», står det med store bokstavar. Mannen heiter Kåre Hansen. Eg hugsar godt første gongen eg såg han. Og siste gongen eg såg han. Den hausten eg for første gong såg eit dødt menneske. Men no hugsar eg alt som om det skjedde i går. 5


Den tolvte spelaren ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 6

Og det gĂĽr kaldt nedover ryggen min. Alt starta pĂĽ fotballbanen utanfor skulen.

6


Den tolvte spelaren ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 7

Kapittel 1 Eg fekk fotballen midt i trynet. Balansen svikta, og eg ramla bakover. Tårene kom trillande, heilt av seg sjølve. Ikkje fordi eg var lei meg, men ballen trefte midt på nasen. Og det svei! Skulle tru eg aldri hadde spelt fotball før. – Her, sa ei stemme. Eg blunka nokre gonger og såg ei hand framfor meg. Handa drog meg opp på føtene igjen. Guten som hjelpte meg, var eit hovud høgare enn meg. Han hadde stort hår, med mykje gelé i. – Ta to minutt! ropte trenaren mot meg. – Kåre, sa guten. – Og du er? – Kevin, svarte eg. – Kevin Borgen. Trenaren kom bort til oss. – Går det bra, Kevin? Eg nikka og kjente at tårene hadde slutta å renne. 7


Den tolvte spelaren ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 8

Eg likte at trenaren visste namnet mitt sjølv om det var første treninga mi. – Det er noko drit å få ballen i trynet, sa Kåre og smilte. Eg nikka. Eg sette meg ned på benken. Kåre fann to flasker med vatn og gav den eine til meg. Dei andre spelarane på laget heldt litt avstand. Dei dreiv framleis med oppvarming. Flirte dei av meg? Hadde nokon sparka ballen i trynet på meg med vilje? Kåre smilte og såg på meg. – Du ser ikkje ut som ein Kevin. Eg drakk ein slurk medan eg lurte på kva eg skulle svare. Ingen hadde sagt noko slikt til meg før. – Korleis ser ein Kevin ut? sa eg. – Eg aner ikkje, sa Kåre. – Du ser meir ut som ein Fernando Martinez. Kvar kjem du ifrå? – Columbia, svarte eg lågt. Eg var ikkje van med at folk spurde så direkte. 8


Den tolvte spelaren ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 9

– Så du er adoptert, altså? Eg nikka. – Eg kom hit då eg var eitt år gammal. I 1972. – Kvar flytta du ifrå no? – Bergen, sa eg og kremta. Kåre nikka og drakk resten av vatnet. – Du snakkar ikkje bergensk. Han smilte og sprang ut på banen igjen. Trenaren samla spelarane. No skulle vi delast inn i lag og spele. Eg var mykje betre enn dei andre, Det var ikkje vanskeleg å sjå. Her var det mange kløner! – Egil! ropte trenaren fleire gonger. – Skjerp deg! Kva faen har du drive med i sommarferien? Egil berre heva skuldrene og smilte. Det var eigentleg berre Kåre som hadde peiling. Eg sprang mykje fram og tilbake. Heldigvis blødde eg ikkje naseblod, sjølv om nasen verkte heile treninga.

9


Den tolvte spelaren ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 10

Då resten av laget gjekk i garderoben, kom trenaren bort til meg igjen. Han ordna på hentesveisen og sjekka at fløyta hang beint rundt halsen. – Kjekt med nytt blod, Kevin, sa han. – Du er rask og smidig, men må vise meir mot. Ta litt initiativ. Skjønar du? Eg såg ned på fotballskoa. – Første treninga kan vere vanskeleg, sa trenaren. – Eg veit at du har flytta i sommar. Men på torsdag må du våge litt meir. Ok? Eg skjøna godt kva trenaren meinte. Eg måtte få litt meir ballar. I garderoben var dei andre ferdige i dusjen. Eg slengde meg ned på benken, rett ved sida av Kåre. Han var ferdig med å dusje og stod i underbuksa. Han var mykje kraftigare enn meg. Måtte vere to år eldre, minst. Håret hans var langt i nakken og kortare på sidene. Han drog gelé gjennom håret.

10


Den tolvte spelaren ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 11

– Du er ganske god, sa eg. Kva var det for ein ting å seie? – På banen, altså! la eg til i full fart. Kvar elles? tenkte eg og angra på at eg hadde sagt noko. – Takk, sa Kåre. Han smilte forsiktig og kikka seg rundt. – Det er sikkert du òg, sa han og tok meir gelé i hendene. Eg skjøna ikkje heilt om Kåre var frekk, eller kva. Uansett hadde han rett. Eg visste eg var god. Eg hadde lyst til å skryte av meg sjølv. Heldigvis gjorde eg ikkje det. Kåre stogga litt opp, smilte og såg rett på meg. Han såg ut som han bestemte seg for noko. – Kvar bur du? spurde han. Kvifor lurer han på det? tenkte eg. Eg forklarte kvar eg budde. – Då er vi nesten naboar, sa Kåre. – Vi speler på grusbanen like ved om kveldane. Kanskje du kan stikke bortom?

11


Den tolvte spelaren ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 12

Eg nikka forsiktig. Eg hadde sjølvsagt frykteleg lyst, men spelte kul og avslappa. – Kvifor speler vi ikkje på grasbanen her? Kåre flirte. – Vaktmeisteren får fnatt om vi er her utanom treningane. Han er heilt forelska i heile dette anlegget. Han skulle berre visst kor mange som pissar i bassenget. Eg måtte flire. – Grusbanen er heilt grei, den, sa Kåre og gjorde seg ferdig med håret. Kåre slengde bagen på skuldra og slo følge med Egil mot døra. Dei lo, og Kåre sparka Egil i baken. Hovudtelefonane til Egil ramla i golvet. Begge lo endå meir. Sparket var ikkje hardt. Det var eit tullespark. Eg ville òg bli tullesparka. Kåre snudde seg mot meg igjen. – Du kjem vel på grusbanen i kveld? 12


Den tolvte spelaren ferdig.qxp_a 01.02.2018 15:24 Side 13

Eg nikka kort, prøvde å skjule kor glad eg blei. Det bobla i meg. – Kva tid då? spurde eg, utan å verke for interessert. – Så snart du har fått i deg middagen, sa Kåre.

13


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.