Den-forste-slurken-ferdig

Page 1


Den første slurken 1 korr.qxd:Ă˜rsma

gleder-ferdig.qxd

2

20-01-10

09:49

Side 2


Den første slurken 1 korr.qxd:Ørsma

gleder-ferdig.qxd

Philippe Delerm

den første s lu rk e n med øl Prosa

Frå fransk ved Ragnar Hovland

Det Norske Samlaget Oslo 2010

3

20-01-10

09:49

Side 3


Den første slurken 1 korr.qxd:Ørsma

gleder-ferdig.qxd

© 2000 Det Norske Samlaget Originaltittel: La première gorgée du bière et autres plaisirs minuscules © Éditions Gallimard Paris 1997 Tidlegare utgitt med tittelen Ørsmå gleder (2000) Omslagsdesign: Jesper Egemar Printed in Denmark Norhaven A/S, 2009 Boka er sett i Samlaget med Adobe Garamond ISBN 978-82-521-7602-5 2. utgåva

4

20-01-10

09:49

Side 4


Den første slurken 1 korr.qxd:Ørsma

gleder-ferdig.qxd

IN NHALD

Ein kniv i lomma 7 Pakken med kaker på søndags føremiddagen 9 Hjelpe til å skolme erter 11 Ta eit glas portvin 14 Lukta av eple 16 Croissanten på fortauet 18 Lyden av dynamoen 20 Inhalering 22 Vi kunne nesten ha ete ute 25 Ut og plukke bjørnebær 27 Den første ølslurken 29 Motorvegen om natta 31 I eit gammalt tog 34 Tour de France 37 Ein banana split 40 Overraskande invitasjon 42

5

20-01-10

09:49

Side 5


Den første slurken 1 korr.qxd:Ørsma

gleder-ferdig.qxd

20-01-10

Lese på stranda 44 Arabiske søtsaker 46 Søndag kveld 49 Det rullande fortauet på Montparnasse-stasjonen 51 Kino 53 Haustgenseren 55 Høyre ei nyheit i bilen 57 Den stille hagen 59 Væte ut espadrillane 62 Glaskulene 65 Avis til frukosten 67 Ein roman av Agatha Christie 69 Bokbussen 72 Silkerasling 75 Dukke ned i eit kaleidoskop 79 Ringe frå ein telefonkiosk 82 Sykkel og racersykkel 84 Pétanque for nybegynnarar 96

6

09:49

Side 6


Den første slurken 1 korr.qxd:Ørsma

gleder-ferdig.qxd

20-01-10

EIN KNIV I LOMMA

Ikkje ein kjøkkenkniv, sjølvsagt, heller ikkje nokon springkniv. Men ingen pennekniv heller. La oss seie ein faldekniv, Opinel nr. 6 eller ein Laguiole. Ein kniv som kunne ha tilhøyrt ein hypotetisk og fullkomen bestefar. Ein kniv han kunne ha stukke i lomma på ei sjokoladefarga fløyelsbukse med breie render. Ein kniv han kunne ha dratt opp av lomma ved lunsjtid, stukke spissen i pølseskivene med, skrelt eplet langsamt, med heile handa rundt bladet. Ein kniv han hadde lukka med ei full og høgtideleg rørsle, etter å ha drukke kaffien av eit glas – og det ville ha signalisert til alle at det var tid for å gå tilbake til arbeidet. Ein kniv ein ville ha tykt var vedunderleg då ein var barn: ein kniv for pil og boge, til å spikke tresverd med, skjere ut festet i borken – kniven som foreldra dine meinte var for farleg då du var barn.

7

09:49

Side 7


Den første slurken 1 korr.qxd:Ørsma

gleder-ferdig.qxd

20-01-10

Men ein kniv til kva? For ein lever ikkje lenger i denne bestefaren si tid, og ein er ikkje barn lenger. Ein virtuell kniv, altså, og dette latterlege alibiet: – Jau då, den kan brukast til mange ting, på tur, til piknik, til og med til snikring når ein ikkje har anna verktøy … Det er ikkje slik, ein veit det godt. Gleda er ikkje der. Den absolutte egoistiske glede: ein vakker, unyttig ting av varmt tre eller glatt perlemor, med det kabbalistiske teiknet på bladet, for dei verkeleg innvigde: ei krona hand, ein paraply, ein nattergal, bia på skaftet. Å ja, snobberiet smaker godt når det er knytt til dette symbolet på det enkle livet. I faksens tidsalder står det for landleg luksus. Ein ting heilt i seg sjølv, som får lomma til å bule til fånyttes, og som ein tar fram frå tid til anna, aldri for å bruke den, men for å røre den, ta på den, for den velsigna tilfredsstillinga å opne og lukke den. I denne gratis notida søv fortida. Nokre sekund kjenner ein seg på same tid som den pastorale bestefaren med kvit bart og som barnet i vasskanten i dufta frå syrinen. I den tida det tar å opne og lukke bladet, er ein ikkje lenger mellom to aldrar, men begge aldrar samtidig – det er knivens løyndom.

8

09:49

Side 8


Den første slurken 1 korr.qxd:Ørsma

gleder-ferdig.qxd

20-01-10

PA K K E N M E D K A K E R P Å SØNDAGS FØREMIDDAGEN

Oppdelte kaker, sjølvsagt. Ei mokka-petit-chou, ein mandeldraum, to jordbærterter, ei napoleonskake. Bortsett frå ei eller to så veit ein kven som skal ha kva – men kva for ei skal bli ekstrakake for matmonsane? Ein ramsar opp namna, utan hast. På andre sida av disken står ekspeditrisa med kakeklypa og dukkar underdanig mot dine djupaste ønske; ho viser ikkje eingong teikn til utolmod når ho må byte øskje – napoleonskaka får ikkje plass. Det er viktig med denne flate, firkanta kartongen, med runda, oppbøygde kantar. Den skal vere ein solid sokkel for eit skrøpeleg byggverk, med ein uviss lagnad. – Det var alt! Så senkar ekspeditrisa den flate kartongen ned i ein pyramide av rosa papir, som straks blir knytt saman med ei mørk snor. Mens ein tar imot vekslepengane, held ein handa under pakken, men så snart ein er komen ut av

9

09:49

Side 9


Den første slurken 1 korr.qxd:Ørsma

gleder-ferdig.qxd

20-01-10

butikkdøra, tar ein tak i snora og held den litt ut frå kroppen. Slik skal det gjerast. Søndagskakene skal berast slik ein ber ein pendel. Ein går med ønskjekvist på jakt etter kjeldene til dei små rituala, og ein er verken arrogant eller falskt smålåten. Slik høgtideleg framferd, den vise mannens alvor, er det ikkje latterleg? Slett ikkje. Dersom søndagsfortaua smaker av flanering, så har denne hengande pyramiden ein del i det – like mykje som ein purre som her og der stikk opp av ei handlekorg. Med kakekartongen i handa har ein same silhuett som professor Tournesol i Tin Tin – den som skal til for å møte ståket etter messetid og dunsten av kaffi og tobakk frå spelekafeen. Små familiesøndagar, små søndagar frå før i tida, små søndagar frå i dag, tida som dinglar som eit røykelsekar i enden av ei mørk snor. Litt vaniljekrem har laga ein liten flekk på toppen av mokkapetit-chouen.

10

09:49

Side 10


Den første slurken 1 korr.qxd:Ørsma

gleder-ferdig.qxd

20-01-10

H J E L P E T I L Å S KO L M E E RT E R

Det er nesten alltid i denne stille timen på føremiddagen at tida ikkje lenger hallar i noka retning. Gløymde er tallerkane og brødsmulane frå frukosten, langt borte er enno dei småputrande duftene av lunsj, kjøkkenet er så stille, nesten uverkeleg. På voksduken ligg berre litt avispapir, ein haug med erteskolmar, ein salatbolle. Ein er aldri der når operasjonen tar til. Ein var på veg gjennom kjøkkenet for å gå ut i hagen, for å sjå om posten var komen … – Skal eg hjelpe til? Det seier seg sjølv. Ein skal hjelpe til. Ein kan setje seg ved bordet og straks falle inn i den nonsjalante, rolege skolmerytmen, som verkar som den blir framkalla av ein indre metronom. Det er lett å skolme erter. Eit lite trykk med tommelen på sprekken i skolmen og så opnar den seg, lydig, byr seg fram. Somme, slike som ikkje er så

11

09:49

Side 11


Den første slurken 1 korr.qxd:Ørsma

gleder-ferdig.qxd

20-01-10

mogne, er meir tilbakehaldne – eit snitt med peikefingerneglen gjer at ein kan rive opp det grøne, og kjenne det fuktige og faste kjøtet, like under den falske pergamenthuda. Etterpå drar ein ut kulene med ein finger. Den siste kula er ørlita. Stundom får ein lyst til å ete henne. Den smaker ikkje godt, litt beiskt, men friskt som kjøkkenet klokka elleve, eit kjøkken med kaldt vatn og reinska grønsaker – like inntil, ved kjøkkenvasken, ligg nokre nakne gulrøter og skin på eit handkle, i ferd med å tørke frå seg. Ein snakkar i korte setningar, og ordmusikken verkar som den kjem innanfrå, fredeleg og velkjend. Av og til løfter ein hovudet for å sjå på den andre, på slutten av ei setning. Men den andre må halde hovudet bøygd – slik er koden. Ein snakkar om arbeid, planar, at ein er sliten – ingen psykologi. Skolminga av erter er ikkje skapt for å forklare ting, men for å følgje straumen, litt i utakt. Det kunne vore gjort på fem minutt, men det er godt å forlenge føremiddagen, få den til å gå litt langsamare, ertebelg for ertebelg, med oppbretta ermar. Ein stikk hendene ned i dei skolma kulene som fyller salatbollen. Det er mjukt; alt dette runde som ligg tett saman,

12

09:49

Side 12


Den første slurken 1 korr.qxd:Ørsma

gleder-ferdig.qxd

20-01-10

kjennest som eit grønt og mildt vatn, og ein undrar seg over at ein ikkje blir våt på hendene. Ei lang stille av lyst velvære, og så: – Så er det berre å gå og kjøpe brød.

13

09:49

Side 13


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.