Dei litterære sjangrane

Page 1


Dei litterĂŚre sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 1


Dei litterære sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 3

Anders M. Gullestad • Christine Hamm Jørgen Magnus Sejersted • Eivind Tjønneland Eirik Vassenden

Dei litterære sjangrane Ei innføring

Det Norske Samlaget Oslo


Dei litterĂŚre sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 2


Dei litterære sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 5

Innhald

Føreord

7

JØRGEN MAGNUS SEJERSTED

Sjangerlære i eit essensielt og eit historisk perspektiv ANDERS M . GULLESTAD

Epikk

27

CHRISTINE HAMM

Dramatikk

83

EIRIK VASSENDEN

Lyrikk

129

EIVIND TJØNNELAND

Sakprosa

182

Oppgåver 217 Ordliste 226 Register 231

9


Dei litterĂŚre sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 6


Dei litterære sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 7

Føreord

Dette er ei bok om dei litterære hovudsjangrane. Ho gir òg ei innføring i litterær analyse. Boka held seg i hovudsak til skjønnlitteraturen, og det historiske perspektivet er viktig: Sjølv om alle sjangrane og teksttypane finst i heilt moderne utgåver, står dei like fullt i ein tusenårig tradisjon. Og sjølv om verka og teksteksempla talar til oss og vår tid, står dei òg i dialog med eldre tekstar i den litterære tradisjonen. Boka føyer seg i rekkja av innføringsbøker som presenterer dei litterære hovudsjangrane slik dei trer fram i sjangerdebatten frå antikken til moderne tid. I sentrum står dei skjønnlitterære sjangrane: epikk, dramatikk og lyrikk. I tillegg kjem sakprosaen, der særleg sjangrar som essay, brev og tale vert tema i litteraturstudiet pga. sine estetiske kvalitetar. Vi har freista å få fram både gjennomgåande trekk og endringar i sjangerhistoria. I nyare litteratur – særleg etter modernismen – har sjangerblandinga hatt rådveldet. Dramatikken vert episk, prosaen lyrisk og romanane essayistiske. Difor kan det vere vanskeleg for lesarar i dag å vite korleis sjangrane såg ut før dei vart blanda. Av den grunn har den tradisjonelle sjangerlæra framleis noko å tilføre. Dei som studerer nordisk litteratur treng ei oppdatert innføring både i sjangerlæra og i korleis ein kan nytte denne kunnskapen i analytisk arbeid med litterære tekstar. Vi har skrive ei lærebok med utgangspunkt i tradisjonen, men for eit moderne litteraturstudie. Boka er eit resultat av undervisninga i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Vi har lenge sakna ei lærebok om dei litterære sjangrane som tek utgangspunkt i sentrale tekstar studentane har på pensum. Boka er i eit format som gjer at studentane våre kjem gjennom henne. Ja, ho kan gjerne lesast fleire gonger! Men boka er òg nyttig for andre studentar, lærarar, kollegaer og den interesserte ålmenta.


Dei litterære sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 8

8

Dei litterære sjangrane

Vi har fått støtte av Det humanistiske fakultet og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen, som har løyvt pengar til fagmiljø som ønskjer å heve studiekvaliteten. Frikjøp frå undervisninga har gjort det mogleg å skrive dei einskilde kapitla. Vi takkar kollegaene våre, Heming Gujord, Ingrid Nestås Mathisen, Inga Undheim og Elin Stengrundet for kommentarar til manuset. Blant studentane har særleg Fredrik Parelius og Oda Vige Helle kome med innspel. Bergen i mai 2017 Anders M. Gullestad, Christine Hamm, Jørgen Magnus Sejersted, Eivind Tjønneland og Eirik Vassenden


Dei litterære sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 9

Sjangerlære i eit essensielt og eit historisk perspektiv ved Jørgen Magnus Sejersted

We all know that genres used to exist: in the good old days of classisism there were ballads, odes, sonnets, tragedies, and comedies; but do these exist today? Even the genres of the nineteenth century, poetry and novel […] seem to be coming undone, at least in the literature «that counts» Tzvetan Todorov 1990 [1978]: Genres in discourse.

Kva er sjanger? Alle lesarar i ein kultur har eit meir eller mindre klart sjangermedvit som hjelper dei til å forstå tekstane dei har føre seg. Ta til dømes desse linjene: Det var i den Tid, jeg gik omkring og sulted i Kristiania, denne forunderlige By, som ingen forlader, før han har faaet Mærker af den… Dette kunne ha vore innleiinga på til dømes eit brev eller eit essay, og då ville ein straks retta merksemda mot den historiske samanhengen og personen som kallar seg «jeg», som ein ville knytt til forfattaren. Dei same linjene kunne vore innleiingsreplikk i eit drama, der denne forteljande personen ikkje ville vore den sentrale forteljaren, men kanskje ein mimrande og irriterande olding som andre karakterar i stykket ikkje orkar å høyre på. Om linjene var presenterte med harde linjeskift, som eit dikt, ville fokuset blitt eit tredje: Det var i den Tid jeg gik omkring og sulted Om vi veit at vi står overfor eit dikt, er det ikkje historia som fangar merksemda, men snarare sjølve det medvitet som søkjer i fortida, subjektiviteten som finn ei tidlegare rastlaus svoltkjensle sett frå eit lyrisk no. Lesaropplevinga


Dei litterære sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 10

10

Dei litterære sjangrane

blir ei anna; vi les med vekt på stemninga hos han som ser bakover i tid. Om desse linjene derimot opna ein sjølvbiografi, ville vi ganske enkelt ha lese dei som eit uttrykk for korleis forfattaren vil byrje forteljinga om seg sjølv på ein stad han har vore, og som har betydd mykje for han. Korleis ville det påverka tekstforståinga om vi las denne setninga (i moderne språkdrakt) på e-post, Twitter, Facebook eller i ein blogg? Den teknologiske utviklinga bidreg til at nye sjangrar utviklar seg. Desse nye sjangrane kan bere i seg ulike normer for kva som blir skrive og korleis lesaren skal tyde innhaldet. Twitter-meldingar inneber kan hende eit impulsivt innfall, medan innlegg på Facebook ofte er ei noko meir gjennomtenkt sjølvframstilling, og bloggen kan vere ei provokativ debattform med lausare snipp enn det tradisjonelle lesarbrevet i ei avis – og så vidare. Når nye medium dukkar opp, kan det ofte vere uklart for avsendarane kva som er høveleg å skrive, og for mottakarane korleis dei skal tyde tekstane mellom ironi, innfall og alvor. Men la oss vende attende til tekstdømet vårt. Denne teksten er kanonisert som roman, men forfattaren sjølv ville ikkje karakterisere han slik. For han var det ein meir eksperimentell tekst som utfordra sjangerkonvensjonane; ein kunne til dømes sjå det som ei vitskapleg undersøking av kva svolt gjer med kroppen og moralen til eit menneske. Når ein lesar med god sjangerkompetanse i dag, allereie i det han opnar boka, nok tenkjer at det er ein roman han har føre seg, er det fordi den tradisjonelle sjangerforståinga styrer lesinga av, og forventningane til teksten. Derfor vil lesaren ikkje tenkje på dette som ei vitskapleg undersøking, men, kan hende umedvite, merke seg korleis innleiinga spelar på den klassiske forteljingssituasjonen som vi kjenner så godt frå eventyropninga «Det var ein gong». Lesaren vil vente seg ei utbrodering av hendingane som er samanfatta i det korte opningsavsnittet, der desse «Mærkene» skal bli utdjupa fram til det endelege punktet der eg-personen altså skal forlate byen. Kort sagt: Ein ventar seg ein komposisjon med samanheng og einskap. Romanlesaren er frå første stund open for fiktive trekk, sjølv om røynda òg er representert allereie i eigennamnet «Kristiania». Det skjønnlitterære ligg ikkje først og fremst i det fiktive, men i den estetiske komposisjonen av ei samla forteljing der ein spesifikk stad rommar ei rekkje utfordringar som fører til ei endeleg avreise. Lesaren vil òg akseptere dei særlege reglane for kva som kan seiast, om forteljaren er til å stole på, at andre karakterar er sett frå perspektivet til eg-personen, og ei rekkje andre trekk knytt til eg-romanen. Gjennom omslaget og omtalen av boka vil ein allereie ha danna seg ei meining om undersjanger; er det ein pistol på utsida, forventar ein at det her kjem ei kriminalforteljing, medan andre signal kan vekkje forventningar til ein kjærleiksintrige eller til utviklinga i ein danningsroman. Sjangeren blir signalisert på fleire nivå og fungerer som ein avtale mellom forfattar og lesar om korleis verket skal bli lest. Sjangermedvitet er ein viktig del av forforståinga til lesaren.


Dei litterære sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 11

Sjangerlære i eit essensielt og eit historisk perspektiv

11

Mange lesarar vil for lengst ha sett at det i dømet ovanfor er snakk om den berømte opninga på Hamsuns Sult (1890), ein tekst som på fleire måtar var eit sjangereksperiment som utfordra romankonvensjonane på 1800-talet og dermed varsla modernismen. Eit trekk ved modernismen var nettopp å utfordre tradisjonelle sjangergrenser gjennom teksteksperiment som braut med forventningane hos lesaren. Det er likevel ikkje berre i modernismen vi ser at individuelle tekstar utfordrar sjangergrenser. Sjangrar kan vere djupt forankra i kulturen og understøtta av institusjonar og økonomiske ordningar, men som alle slike autoritetsstrukturar er dei dermed takknemlege objekt for kritikk frå skribentar som vil uttrykkje originalitet og sjølvstende. Litteraturhistoria er full av sjangeroverskridingar som syner at dette er ein del av sjangerens vesen. Sjangerkunnskap sit djupt i kulturen og er ofte ein ikkje uttalt, umedviten kunnskap hos den einskilde. Vi følgjer sjangerkonvensjonane slik vi heile tida oppfyller grammatikken i morsmålet utan å tenkje nærare over det. Eit sjangerstudium handlar delvis om å setje vår ibuande sjangerkunnskap på omgrep, men ein kan òg utvide og nyansere sjangerforståinga gjennom å lære om teksthistoria.

Hovudsjangranes historie Ordet «sjanger» kan ein òg stave «genre», og denne stavemåten syner oss det etymologiske grunnlaget i den latinske rota gen-, som har med opphav, slekt og familie å gjere – slik vi kjenner det frå «generasjon» og «gen». Tanken om å klassifisere tekstar slik går attende til antikken, og litteraturhistoria har fortløpande diskutert kva for særtrekk som skil tekstar i grupper og kva for status desse skilja har. Nokre har sett ein parallell til naturvitskaplege skilje mellom ulike artar, medan andre har oppfatta litterære sjangrar som meir vekslande og tilfeldige enn klassifikasjon i naturen. Spørsmål opp gjennom historia har vore slike som: Kor mange er sjangrane? I kva grad ligg sjangrane fast gjennom historia? Kor grunnleggjande er sjangrane i høve til retorikkens språklege verkemiddel? Kva er forholdet mellom sjangrane og skiljet fiksjon og ikkje-fiksjon? Kva med sjangerblanding og sjangeroverskriding? Det er ikkje semje om svara på desse spørsmåla, men dei tar opp dei grunnleggjande problema i sjangerdiskusjonen. I opningssitatet til dette innleiingskapittelet peiker den bulgarsk-franske teoretikaren Tzvetan Todorov på at sjangrane rett nok har prega teksthistoria, men at dei i samtida hans (i 1978) ikkje ser ut til å vere like sterke. Er det slik at ein i gammal tid hadde faste sjangrar, men at det i dag rår fullt anarki i skrivemåtar? Den greske filosofen Platon, som levde omtrent 400 år før Kristus, meinte at hovudsjangrane låg fast. Han skilte mellom narrasjon, dramatikk –


Dei litterære sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 12

12

Dei litterære sjangrane

og, som eit tredje, blandinga av desse to framstillingsmåtane. Han meinte dermed å ha uttømt dei grunnleggjande moglegheitene i den litterære kunsten. Allereie her har vi altså ei inndeling i tre måtar å dikte på, men det er ikkje desse tre sjangrane vi opererer med i denne boka. Hos Platon er dei tre diktemåtane knytt til kor vidt ein speglar røynda direkte (som i drama), eller i attforteljing, eller blandar desse (som i epikk): Det er tre måter å dikte og fortelle historier på; den ene benytter seg helt og holdent av etterligning, slik er det som du sa i tragedien og komedien; den annen er helt gjennom en enkel beretning av dikteren selv, den finner du mest i dithyrambene [gresk korsang]; den tredje består av begge deler, den finner du både i episk diktning og mange andre steds (Platon Staten I. del, 3. bok, 7. kapittel). Vi legg merke til at sjølv om Platon knyter kvar av dei tre diktemåtane til konkrete undersjangrar, er det likevel måtar å dikte på han snakkar om, og dei kan vere blanda i konkrete tekstar og sjangrar. Denne nyansen mellom diktemåte og sjanger kan skape forvirring, og vi kjem attende til dette nedanfor. Eigentleg høyrer distinksjonen Platon trekker opp her meir inn under narratologien som blir drøfta i kapittelet om epikk. Ein skal òg merke seg at seinare i verket Staten syner Platon seg skeptisk til fiksjon i det heile, særleg slik fiksjon som ikkje er moralsk tydeleg. I staden framhevar han tekst som handlar om røynda slik han forstår ho, nemleg filosofien. I verket Om diktekunsten blir eleven til Platon, Aristoteles, meir spesifikk i gjennomgangen av dei ibuande kvalitetane i ulike former for diktekunst. Særleg blir drøftinga hans av forholdet mellom tragedie og komedie ofte referert til av seinare forskarar. Aristoteles skil òg mellom tekstar om det som faktisk har hendt (historie) og tekstar om det som kunne ha hendt (fiksjon). Sjølv om Aristoteles’ drøfting er det sjølvsagde utgangspunktet for mange sjangerteoretikarar, blir framstillinga hans gjerne sett som mangelfull. Til dømes dveler den franske narratologen Gérard Genette ved at Aristoteles, som Platon, ikkje tar opp det poetiske som ein eigen sjanger, og heller ikkje følgjer opp det komiske, og at han fokuserer urimeleg tungt på det tragiske (Genette 1997, 155). Det er eit hovudpoeng hos Genette at mange sjangerhistorikarar, fordi dei så gjerne vil forankre dei tre litterære hovudsjangrane i gammal tid, tillegg grekarane ei forståing av lyrikken som ein tredje, vesentleg sjanger. I følgje Genette syner dette berre at moderne litteraturhistorikarar framleis er så prega av den romantiske perioden si tru på det poetiske at dei feiltolkar den greske, todelte sjangerforståinga som tredelt. Fordi ein oppfattar sitt eige perspektiv som tidlaust, les ein det umedvite inn i skriftar frå oldtida. I mellomalderen blir den antikke retorikken utvikla som den grunnleg-


Dei litterære sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 13

Sjangerlære i eit essensielt og eit historisk perspektiv

13

gjande tilnærminga til alle tekstar. I eit retorisk perspektiv tenderer sjangerskilnader til å bli eit spørsmål om stil. Ernst Robert Curtius (1886–1956), som skreiv om korleis antikk tekstkultur held seg gjennom mellomalderen, la vekt på at den retoriske stillæra strekte seg over både poesi og prosa gjennom denne perioden. Sjølv om ein drøfta sjangerskilnadar og forholdet mellom fiksjon og ikkje-fiksjon, vart slike skilje mindre viktige enn det grunnleggjande retoriske perspektivet der funksjonen til teksten er i sentrum. Men når retorikken vart svekka som vitskapleg disiplin ut over 1700-talet, vart sjangerlæra viktigare. Klassisistane på 1700-talet var opptekne av å definere vesenskjenneteikn ved ideelle diktformer og sjangrar. Dei grip, som nemninga «klassisisme» seier, attende til antikken. Den kan hende første klassisisten, Jean Mairet (1604– 1686), seier som Platon at det finst tre typar dikting: dramatisk, forteljande og blandinga av desse to (Mairet 48). Den mest kjende franske klassisisten, Nicolas Boileau (1636–1711), skriv i sitt berømte læredikt om diktekunsten, L’Art poétique, om ei rekkje ulike diktartar, som vi i dag vil kalle antikke undersjangrar – slik som hyrdedikt, elegi, ode og så vidare. Men når han skriv om dei tre hovudformene for dikting, er det tragedien, eposet og komedien han nemner. Sjølv om Boileau i estetikken sin legg stor vekt på inspirasjon, kjensle og slike ting som ein seinare har kopla til lyrikken, som ei tredje diktform, blir ikkje dette ein eigen hovudsjanger for han.1 Først når vi kjem til romantikken som litterær periode mot slutten av 1700talet, blir lyrikken sentral, i det ein finn fram til ei ny form for tredelt system. I Noreg er filosofen Marcus Jacob Monrad (1816–1897) oppteken av å utvikle eit sjangersystem påverka av den tyske filosofen Friedrich Hegel (1770–1831). For Monrad, som for klassisistane, var diktinga «kunstenes kunst» fordi skjønnlitteraturen ikkje er bunden til eit fast medium, slik biletkunst er knytt til fargar og musikk er knytt til ljod. Språket og omgrepa er meir abstrakte, og står derfor høgare enn andre kunstformer på rangstigen til Monrad. Men han deler òg inn diktekunsten i tre på ein måte som speglar forholdet mellom kunstformene. For Monrad var den episke diktinga ein parallell til skulptur og biletkunst av di desse syner stoffet objektivt. Den lyriske diktinga såg han derimot som meir lik musikken, då dei begge var grunnleggjande subjektive. Dramatikken vart då ei eining av det episke og det lyriske, eller det objektive og det subjektive. Dette hegelianske systemet, der to motsetnadar går opp i ei tredje samanfatning, bygde på at Monrad såg det subjektive og det objektive som motpolar i menneskelivet. Slik sett reflekterte dei tre grunnsjangrane, og dynamikken mellom dei, for Monrad ei fundamental sanning ved tilværet.2 1 2

Les om Boileau til dømes i Asbjørn Aarnes 1961. Boileau og diktekunsten. M.J. Monrad 1890. Æsthetik. Det Skjønne og dets Forekomst i Natur og Kunst. bind II. «Kunsten og Kunsterne». Christiania.


Dei litterære sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 14

14

Dei litterære sjangrane

Ei slik sjangerforståing blir særs essensialistisk, av di sjangrane speglar noko tidlaust og uforanderleg ved det å vere menneske. Likevel skal ein merke seg at Monrad peiker på at: «Det følger imidlertid af Poesiens Begreb, som i alle disse Arter maa være heelt tilstede, at deres Grændser ere flydende, og at de igrunden alle indeholde hinanden» (Monrad 1890, 459). Blanding av skrivemåtar i praksis er altså òg eit grunnleggjande trekk ved sjangrane i eit essensialistisk perspektiv. Når estetikken til Monrad slik held fast på at sjangrane både er tre essensielt ulike, og at dei samtidig er i kvarandre, kan det minne oss om at slik dialektisk tenking historisk er i slekt med den kristne læra om den heilage treeininga. Vi kan òg merke oss at for Monrad er det neste dialektiske nivået, etter rørsla frå epikk via lyrikk til dramatikk, at poesien løyser seg opp i rein prosa og vender attende til «Livets virkelige praktiske Forhandlinger og Kampe» (Monrad 1890, 618). Slik organiserer han skiljet mellom fiksjon og røyndom på eit nivå over diktekunstens sjangrar – dermed er teksten ikkje lenger poesi, ikkje kunst. For Monrad var dette grunnlaget for å kritisere den røyndomsnære realistiske litteraturen på 1800-talet, som ein kunst som «i fortvilet Anstrengelse søger at tøie sig udover sig selv» (Monrad 1890, 617). Monrad er eit døme på korleis ein hegeliansk inspirert og essensialistisk sjangerforståing blir grunnleggjande ut over 1800-talet. I leseopplæringa og i lærebøkene for skulen frå denne perioden ser ein ei liknande inndeling. Desse bøkene var ofte krestomatiar, lesebøker med eksempeltekstar, ikkje bygde opp etter tema eller kronologi, men først og fremst etter sjanger. I andre bind av krestomatien til Henrik Wergeland (1808–45) og Niels Joachim Wessel Berg (1807–1868) frå 1844, skriven for dei litt eldre ungdommane, finn ein rekkjefølgja: «Lyrisk Poesie», «Didaktisk Poesie», «Episk Poesie», «Dramatisk Poesie», «Veltalenhed» – herunder geistleg, politisk, rettsleg og akademisk «veltalenhet»– og til slutt «Strængeste Prosa-Form», som er debatt og vitskaplege artiklar. Her ser ein rekkjefølgja lyrisk-episk-dramatisk og at det poetiske er skild ut frå retorisk «Veltalenhed», som meir er knytt til det prosaiske. I den meir populære leseboka til H.J. Thue, Læsebog i Modersmaalet (1846), er redaktøren i tvil om han skal følgje eit systematisk sjangerperspektiv eller eit historisk-kronologisk løp. Det historiske perspektivet vil lett framheve endring og undergrave det tidlause og essensielle. Thue vel å gjere først det eine, så det andre. Her er altså òg sjanger det mest grunnleggjande, medan det historiske er underordna. For Thue er didaktisk og lyrisk poesi subjektive dikteformer, av di dei syner ei indre erkjenning eller kjensle. Episk og dramatisk poesi er i følgje dei små sjangerteoretiske innleiingane i boka, objektive. Det vi i dag kallar sakprosa, kjem for Thue i forlenginga av den episke diktinga. Slik ser vi at sjangerdiskusjonen har vore grunnleggjande i morsmålspedagogikken, og at diskusjonen byggjer på distinksjonar som går attende til antikken,


Dei litterære sjangrane_Layout 1 12.12.17 14.45 Side 15

Sjangerlære i eit essensielt og eit historisk perspektiv

15

men som ikkje ligg heilt fast. Tanken om at i alle fall skjønnlitteraturen byggjer på tre grunnsjangrar, har stort sett halde seg frå antikken til i dag, men akkurat kva som kjenneteiknar dei einskilde sjangrane, har det ikkje vore lett å bli einige om. Sjølv om ein på 1800- og 1900-talet etter kvart la meir vekt på historisk kontekst med endringar og utvikling av litteraturen, er også den seinare litteraturforskinga spekka med forsøk på å definere kva som er dei vesentlege og transhistoriske kjenneteikna ved lyrikk, dramatikk og epikk. Medan hovudsjangrane ofte blir oppfatta som prinsipielle og vesentlege, er det mange døme på at undersjangrane i større grad er relative og dermed gjenstand for historisk endring. Vi har ovanfor nemnd nokre antikke undersjangrar. Novelle og roman er døme på moderne episke undersjangrar som ein kan definere i opposisjon til kvarandre. I dag vil mange forbinde «novelle» med ein litt stivbeint struktur og heller skrive «korttekst» eller «prosadikt». Wergeland skilde strengt mellom novelle og «poetisk forteljing» i krestomatien sin, medan Aleksander Kielland kalla forteljingane sine for «novelletter» for å fange inn den særeigne tonen i korttekstane han skreiv. Slik er variasjonen i undersjangrar stor, og nye nemningar og distinksjonar veks fram og forsvinn. Ein finn òg ein episk form som sagaen, som ikkje berre er definert gjennom form, men òg ved historisk forankring. (Kan ein skrive ein saga i dag?) Under hovudsjangrane finn vi altså eit sjangerhierarki som utvidar seg nedover og er i stadig rørsle i teksthistoria; under romanen finn ein til dømes danningsroman, kriminalroman, historisk roman og så vidare. I litteraturhistoriene finn ein ofte ein underliggjande samanheng mellom inndelinga i litteraturhistoriske periodar (periodisering) og sjangerinndeling, slik at dei ulike litteraturhistoriske periodane er særleg knytte til spesifikke sjangrar; 1700-talets klassisisme krinsa mykje rundt dramaet, 1800-talets romantikk rundt lyrikken, og den seinare realismen rundt romanen og novella. Modernismen på 1900-talet var igjen lyrikkfokusert, medan vår eiga seinmoderne samtid kan ha ein tendens til å oppvurdere sakprosaen. Slik kan ein seie at stilhistoriske generaliseringar (periodar) og tekstlege generaliseringar (sjangrar) støttar opp om kvarandre. Dette er det viktig å vere klar over i eit litteraturhistorisk studium, for det er lett å gløyme at også romantikarane skreiv epikk, slik realistane òg skreiv lyrikk og modernistane både epikk og drama. Desse atypiske tekstane utfordrar ofte både sjangerkonvensjonar og vanetenking om estetiske periodar, og fell derfor lett utanfor kanoniseringar og pedagogiske antologiar.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.