Daudmannaland

Page 1


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 1


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 3

Terje Sander

DAUDMANNALAND Ei sann historie Illustrert av Håkon Holm-Olsen

Samlaget Oslo 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 2


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 5

Innhald  dagar før Mørket. Stormen kjem



 dagar før Mørket. Slaget om Byen



Dagen før Mørket. Himmelen klarnar



Tillegg Kart over byen Oversyn over viktige personar Slektstavler Register Om slektskap i Immobile-samfunnet Om namneskikkar i Byen (utdrag)

     


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 6


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 7

When one individual inflicts bodily injury upon another, injury such that death results, we call the deed manslaughter; when the assailant knew in advance that the injury would be fatal, we call his deed murder. But when society places hundreds of proletarians in such a position that they inevitably meet a too early and an unnatural death, one which is quite as much a death by violence as that by the sword or bullet; when it deprives thousands of the necessities of life, places them under conditions in which they cannot live – forces them, through the strong arm of the law, to remain in such conditions until that death ensues which is the inevitable consequence – knows that these thousands of victims must perish, and yet permits these conditions to remain, its deed is murder just as surely as the deed of the single individual; disguised, malicious murder, murder against which none can defend himself, which does not seem what it is, because no man sees the murderer, because the death of the victim seems a natural one, since the offense is more one of omission than of comission. But murder it remains. (…) So far has it gone in England; and the bourgeoisie reads these things every day in the newspapers and takes no further trouble in the matter. But it cannot complain if after the official and non-official testimony here cited which must be known to it, I broadly accuse it of social murder. Let the ruling class see to it that these frightful conditions are ameliorated, or let it surrender the administrations of the common interests to the labouring class. Friedrich Engels, The Condition of the Working Class in England

Alle måter å forsørge flere mennesker og høyne deres levestandard på til nå forbruker flere ressurser og belaster luft, jord og vann med avfall. Gjennom hele dette århundret har det vært klart at industrilandenes levestandard ikke kan multipliseres med verdens befolkning. Vi har skapt oss en måte å leve på som for alltid må være begrenset til et fåtall. Dette fåtallet kan bestå av en bred middelklasse i noen få land og en liten elite i de øvrige. Medlemmene kjenner hverandre igjen på kjøpekraften. De har en felles interesse i å bevare sine privilegier, med vold om det skulle bli nødvendig. Også de ble født til volden. Frem av denne volden, både den allerede utøvde og den ennå slumrende,


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 8

spirer århundrets folkemordsdrømmer. Den urettferdigheten vi forsvarer, tvinger oss til å beholde folkemordsvåpen som fantasiene når som helst kan realiseres med. Den globale voldssituasjonen er kjernen i vår eksistens. Sven Lindqvist, Du er død

[W]e have every reason to believe, from the study of the tertiary formations, that species and groups of species gradually disappear, one after another, first from one spot, then from another, and finally from the world. But single species and whole groups of species last for very unequal periods; some groups, as we have seen, having endured from the earliest known dawn of life to the present day; some having disappeared before the close of the paleozoic period. No fixed law seems to determine the length of time any single species or any single genus endures. Charles Darwin, The Origin of Species by Means of Natural Selection

For no skal vi øydeleggja denne staden, sidan klageropet mot dei er stort for Herrens åsyn, og Herren har sendt oss til å gjera ende på byen. . Mos ,


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 9


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 10


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 11

 dagar før Mørket. Stormen kjem.


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 12


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 13

Og ho opna avgrunnsbrunnen, og ein røyk steig opp av brunnen, liksom røyken frå ein stor omn, og sola og lufta vart formørkte av røyken frå brunnen. Op ,

Den høgvyrde sic’Immobile Vespertino Borgen III var rastlaus. Han snuste inn den uvanleg klare morgonlufta i brå, nervøse drag, medan han veksla mellom å stire ned på den hellelagde plassen under seg og mot landskapet i søraust, som han denne morgonen såg tydelegare enn på fleire år. Sjølv om det framleis låg under dekke av ei tung tåkehette, var det synleg så langt som til fjella – og Domane. Dei enorme, svarte kuplane fanga auga hans og stogga anden – dei var verkeleg enorme, tenkte han, mykje større enn han hugsa, og dei fekk bykjernen nedanfor til å verke som ein heim for kravlande kryp. Han pusta ut, sakte. Faktisk var dei ikkje heilt svarte heller no – ei aning av lilla stakk gjennom sløret av blågrått. Blodgrått, tenkte Borgen og kasta eit blikk ned på banneret i mørkt raudt og grått som hang frå rekkverket på balkongen – stålraudt og blodgrått. Vinden som kom drivande frå fjella bortanfor sørgrensa, drog i det tunge kledet med ei fast hand og fekk stoffet til å sukke holt med kvart drag, støtt som ein puls mot øyret. Bak Domane kunne han ane konturane av endå meir massive bygg, symmetriske klipper av grå stein som gjekk i eitt med tåka og blei til ein vegg, trugande og trygg på same tid. Ut frå det same grå mørket kom vinden sigande, drivande framover langs Himmelskjenene, som vrei seg gjennom røykstrimene i urolege, glatte bogar – liksom i flukt framover med vinden, som om dei levde, buktande lik 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 14

noko slimete rett under vassflata i Kanalen ein klar morgon. Borgen skalv i eit plutseleg vindpust og vende blikket ned mot bykjernen omkring seg, mot Oldtidsbyen, riket hans. Så liten han er. Han kjente noko røre på seg i brystet, og hendene ville ikkje ligge i ro på rekkverket. Det var lenge sidan han hadde vågd seg ut på balkongen, og denne nesten endelause utsikta gjorde ikkje prøvinga lettare. Han bøygde seg for den bleikgrå himmelen. Husa som til vanleg låg ytst i synsranda, verka låge og skeive no. Ruinane som skulte ned mot den vesle bykjernen ut frå tåkesløret, veikte dei til dei likna små hòler, spreidde utover sletta i uregelmessige mønster og heilt utan tyngd midt blant restane av hovmodet frå fortida. Borgen skalv igjen då han såg for seg korleis dei omkransa Byen – sørover, nordover, i vest viss ein drog utover Neset og stirte over Kanalen. Kor stor Byen enn verka på kartet når sic’Immobile studerte det på Kontoret sitt, i ly av dei tjukke veggene, var han i røynda ingenting mot landskapa ein kunne sjå frå dei austlege festningane, frå tårna i Dalfortet i sør eller Vikafortet i nord. Ein burde ikkje kunne sjå dei herfrå. Ingenting ved dette vêret var naturleg, og slett ikkje at det lét til å bli stadig meir vanleg. Verst av alt var det grelle lyset, som skrelte bort skuggane og blottla ei verd av gråtonar, og som gjorde dei tunge, flytande fargemønstera blasse og skrinne. Den klare lufta forvandla Byen hans frå ein labyrint av kvervlande mørke til ei skittgryte. Han hadde ikkje ant kor dårleg det stod til med reinhaldet. Ikkje rart det er mangel på råstoff i Domane. Sjølv bygningane langs Alléen ned frå festninga såg ut som gråtande kvinnfolk, med svart sminke i lag på lag over kinna, og Vatnet ved enden av han var ein pøl av ròte, der vinden samla styrke før han trengde seg opp mot balkongen mellom ei lang rad bleikt glitrande lyktestolpar. Vanlegvis tykte Borgen at dei gjorde Alléen strålande klar og trygg, men i dette vêret var det ikkje riktig lys i dei – berre eit halvlys, i underlege, vridde fargar. Det var som om alt lyset kvelte seg sjølv, som om det skjulte meir enn det viste – som om noko lettare kunne ta seg usett fram midt blant alt det synlege. Ein svie stinga under bringa hans, og han kneip saman auga. 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 15

«Bak Domane kunne han ane konturane av endå meir massive bygg, symmetriske klipper av grå stein som gjekk i eitt med tåka og blei til ein vegg, trugande og trygg på same tid.»

Han hadde hatt denne kjensla stadig oftare i det siste, kjensla av at kroppen ville åtvare han, at noko prøvde å grave seg fram frå ein del av hjernen han ikkje nytta. Somme tider dukka det opp tankar – små bobler som sprakk og sende krusingar ut gjennom hugen hans, eller som berre hang der, nesten så han kunne røre ved dei, men for sleipe til å gripe. Han hadde alltid stolt på instinkta sine, langt meir enn på resonnerande tenking – men det hadde vore noko særleg forstyrrande over desse innfalla den siste tida, noko han visste at han trong ord for å forstå. 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 16

Ein ny ange i lufta rykte han ut av seg sjølv, og han snuste på ny – først brått og så i lengre, rolegare drag. Han smilte. Frå rommet bak kom lyden av knirkande skritt over golvet, og så eit forsiktig kremt. «Vinden snur, s’I.» Seken var knapt synleg i mørket innanfor dørene. Dei magre, kantete lemmane hans rørte hardt ved skuggane i døropninga, stivt og stramt – som tråddokkerørsler – og han måtte krumme den lange halsen for å få hovudet under karmen. Borgen vende seg bort og stirte lenge ned mot steinane under seg. «Du er sikker? Ingen tvil eller atterhald?» «Logane er sikre, Herre. Dei sende bod for ikkje eit minutt sidan.» «Dei burde halde seg til skalpellar. Eg forstår vêret betre enn dei forstår maskinane sine.» «Ja, s’I.» Embetsmannen nølte. «Kva meir?» Ei av dei sjuklege skjelvingane gjekk gjennom Seken – ho byrja i skuldrene og forplanta seg rykkvis ned mot mageregionen, likt ei kulsing, men kraftigare og samstundes lausare. Tenaren vrei dei tynne hendene mot kvarandre, og auga hans flakka, men han blei ståande. «Uro, s’I. Produksjonshallane ved reaktor nummer  har vore ute av drift i tre dagar, og folk har samla seg fleire gonger i Kanalbotnen, nesten ute i Dalen. Ein av …» «Og kva så?» Borgen beit han av. Uroa svei i strupen lik eit sår. «Til og med ho» – han gjorde eit kort kast med hovudet mot dei øvre etasjane – «har vel fått med seg det no. Det er gammalt nytt.» «ter’Immobiles Bye og Lehnsand er urolege, s’I.» Bye og Lehnsand. Med eitt dukka smerta opp igjen, hardare, lik ei nål fastkilt mellom magesekken og eit eller anna namnlaust organ. «Kva klagar dei på?» «Ingenting spesifikt, Herre. Men dei …» Ei ny skjelving rann gjennom embetsmannen, som undertrykte eit kves av skamkjensle og irritasjon. Han retta seg opp og gjorde skuldrene breie. 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 17

«Dei er misnøgde», avslutta han kort. Noko glimta til i sic’Immobile, noko mørkt og uklart. Han hadde elles lita interesse for klagemåla til dei underordna Ordensbrørne, men denne dagen sokk dei djupt mellom boblene og rørte ved ein raudkanta tanke. Borgen kjente orda i munnen før han tenkte dei. «Send ut melding om Rådsmøte. Gjer klar Banketthallen. Og gå over alle pakningar i slusene. Det er storm på veg.» Han trekte eit djupt drag av austvinden. «Og eg vil ha lampene vaska. Straks. La dei vaske heile Alléen medan dei er i gang.» Seken bøygde hovudet på den måten som signaliserte at han ville komme med ei innvending, og Herren til Høgfortet målte den unge mannen med blikket. Utan hans gunst var den kunnige embetsmannen ingenting, men noko djupt i sic’Immobile visste at den servile mina skjulte ei farleg glede over å utøve makt. Farleg, men nyttig. Vespertino Borgen hadde aldri kjempa for makta si – ho var ein arv, tenkte han, brent inn i Blodet hans, foredla i år utan tal, meir lytefri enn nokon lærdom. Han kunne kjenne verknaden makt hadde på andre – han kunne lukte det på dei, sjå det i ansikta deira med det same dei kom inn i rommet. Inga læring eller røynsle kunne vere like presis. Somme fann det naturleg å krype, somme å sjå andre krype. Somme aksepterte makt slik andre aksepterer tyngdekrafta, kjenslelaust og kalkulerande. Og somme elskar makta, og fryktar han, slik ein kan elske den ein både vil eige og bli eigd av. Høgherren lukka auga og visste med det same at tanken var riktig. Han lukta riktig. Kjærleik og ambisjon. Eimen av dei frå den unge mannen var ikkje til å misforstå. Det var rett av han å frykte Seken, om ikkje anna så fordi han var annleis, så ulik ein verkeleg Ubevegeleg. Hadde han gjort ein feil då han sparte guten, eller då han trekte han opp frå kjøkkengolvet? Borgen var freista til å sende den unge bort, men han kjente Blodet protestere, og i staden valde han å føye seg. «Kva er det?» 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 18

Seken løfta hovudet. «Viss Herren har rett i at det bryggar opp til uvêr, ville det kanskje vere best å vente med reingjeringa til etterpå? Reinhaldsmaskinane toler ikkje slike påkjenningar lenge.» «Så send bod til Domane etter fleire.» Borgen drog på skuldrene. «Viss dei ikkje kan levere raskt nok, kan vi alltids få proletarane til å drive reinhald i mellomtida.» «Sjølvsagt, Herre. Men maskinane er kostbare. Dei har ein lei tendens til å forsvinne der ute, og Samlarane kjem ikkje tilbake med mange. Nokre av minerala i prosessorane er blitt temmeleg sjeldne etter kvart. I tillegg er det grenser for kor langt vi kan utvide leiteområdet. Alt no hender det like ofte som ikkje at Samlarane forsvinn i randsona.» «Kva så? Det er ingen mangel på dei.» «Tvert imot, Herre. Men om dei ikkje kjem tilbake, kjem det heller ikkje nye råstoff til Domane. Dei klarer ikkje å nå lenger ut enn dei alt har komme.» «Så får vi la skittkryparane ta seg av meir av vaskinga!» Borgen anda djupt og stilte hugen. «Sjå på Byen min, Seken», sa han og slo ut med armen mot bykjernen, som glitra beiskt i nesten-lyset. «Eg trudde ikkje at reinhaldet hadde forfalle slik. Nokre plassar må møkka ha leira seg i metervis. Det er då nok av folk som vil arbeide for føda?» «Utvilsamt, s’I. Men som Herren sjølv peikte på, er det for mange av dei. Fleire i arbeid tyder at fleire overlever og kan avle born. Det ville vere eit mistak å overlate for mykje av Byen til massane. Dei er allereie byrja å bli uregjerlege, som Herren så vel veit.» «Så kutt ned på matrasjonane. Stans all medisinering. Gi dei gift! Kast dei rett i Omnane, om du vil, og la maskinane resirkulere dei. Berre få reinhaldet til å fungere. Og eg vil ha lampene vaska omgåande, Seken, gløym ikkje det.» Han vinka embetsmannen vekk, og Seken bukka og forsvann, men Borgen blei ståande. Lenge stod han slik, sjølv om den uvane kjensla av vind mot ansiktet spora hjartet hans og klødde mot huda. Men vinddraga blei stadig færre, sjeldnare 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 19

og meir kraftlause, og til slutt senka han auga mot Byen igjen. Jo, det var alt mørkare, tenkte han tilfreds. Og likevel … Han greip famlande etter den halvt tenkte tanken, men sinnet lukka seg om ingenting, og han hadde meir presserande problem å ta tak i no. Han snudde seg og gjekk inn, mot maskinterminalen ved skrivebordet, som han kommanderte til å forsegle balkongdørene. Magnetfeltet som lukka seg over terrassen, fekk utsikta til å skimre uroleg, og sic’Immobile gnidde fingrane sakte mot tinningane medan han kasta eit siste blikk ut over Byen. Vinden frå søraust hadde løya heilt no, og banneret hang slapt ned. Snart ville utsikta vere den same gamle. For no, gjekk det gjennom han, men ikkje for alltid. Han rista tankane av seg og snudde seg bort.

* Byen såg nesten leveleg ut no, tenkte Ander. Husa og gatene var kledde i heimsleg grått og låg stille og rolege som om dei var møbel i ei tett og trygg hòle. Då han flytta inn i det vesle loftsrommet for så mange år sidan, måtte han forsegle takluka for å halde Svartvêret ute, men i det siste hadde han ofte kunna opne ho og speide ut over bykjernen, gjerne i mange timar. Stadig tykte han at han kunne sjå litt lenger, litt klarare. No rakk sikta hans over nesten heile den sentrale bykjernen, frå Steinhagen kring Høgfortet rett ved til Domane i søraust, som gjekk i eitt med bergveggene bortanfor – og i sør nådde ho endå lenger, til dei enorme, firkanta bygga som reiste seg ute i Dalen. Dei hadde han ikkje sett sidan han arbeidde der borte – var dei verke leg så store? Kvart av dei kunne ha husa heile Byen mange gonger, tenkte han, med festningar og alt, viss dei hadde vore tette nok, og viss ikkje Samlarane hadde hòla dei ut til dei truga med å rase og legge halve Sørbyen under steinen. Det var frykteleg å tenke på alle menneska som måtte ha budd der for så lenge, lenge sidan, før alt. Og bortanfor dei Mørket, der ingen lamper lyste opp natta. Han kunne sjå det herfrå – lik ein vegg, sjølv no i klarvêret – men han 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 20

hadde aldri vågd seg ut dit sjølv, ikkje eingong då han var Samlar – og no ville han vel knapt klare å nå fram dit før han segna om. Ein gong, tenkte han – ein gong kjem det kanskje hit. Eit gammalt minne rørte seg i han, eit minne frå tida i Domane som han ofte henta fram frå djupet av hugen – men for no lét han det ligge. Han klatra litt lenger ut av luka og drog blikket til seg, over Vatnet, som han ikkje kunne sjå skikkeleg, berre ane som eit søkk midt i Byen, så svart at det liksom mørkla bygningane omkring – han kunne nesten lukte det, sjølv her oppe. Det var ingen gardistpatruljar der no, sikkert på grunn av vêret, tenkte han, for det var stadig troppar av eit eller anna slag som vakta breiddene – grøn- og gulkledde i søraust, gråkledde i sørvest og i dei grå og raude fargane til sic’Immobile i nord. Ander lét blikket sveipe vidare, forbi Høgfortet, så skremmande nær – ein amputert kross, nesten utan armar, som ruga tungt på toppen av den låge, slake Høgda. Ingenting i Byen utanfor lét til å påverke festninga – sjølv den seigaste skitten festa seg ikkje, og veggene var alltid like blygrå og eirgrøne. Nokre stader hevde fasaden seg i vage omriss av gammal ornamentikk, slipt ned av vind og regn og elde, men elles var han flat og preglaus som nakne steinheller. Oppe under det grønskimrande taket stakk det ut einslege glimar av lys, lenger nede var alle vindauga stengde med kraftige slåer eller mura igjen, og nedst var sjølve veggene forsterka med ekstra lag av stein og stål som grov seg ned i bakken. Ander hadde aldri sett Herren til Høgfortet, og ingen andre av dei Ubevegelege heller, men berre synet av hovudfestninga deira var nok til å mane fram skrekkbileta frå barndommen, alle historiene han hadde høyrt dei gamle fortelje, kveld etter kveld, om dei eldøygde borgherrane med rotne hjarte og hud så kald som havet. Havet. Den tanken drog blikket hans vidare, over taket og mot Hamnene rett nordvest, ved enden av Åsen. Bortanfor dei kunne han ane noko endelaust svart, og han drog blikket tilbake før det festna seg. Djupet der ute var det ikkje verdt å stire for lenge mot. Storhavet var skrekkeleg, om ein no trudde på historiene om det eller ikkje, og skapningane 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.00 Side 21

«… ein amputert kross, nesten utan armar, som ruga tungt på toppen av den låge, slake Høgda.»

som av og til blei vaska i land derfrå, var ikkje rett skapte, berre vrengde blautdyr, kalde og uhyrlege. Somme sa at dei var etterkommarar av folket frå byane i vest, forviste til vatnet og forbanna for brotsverka sine. Andre meinte at dei var eldre enn menneska, at dei var blitt jaga ut i havet av menneskefolket ein gong i urtida, og då han arbeidde i Domane, hadde Ander høyrt ein av logane påstå at det ein gong fanst umenneske oppe på landjorda òg – ordentlege, blodfylte skapningar, ikkje berre slike få, små kryp som ein kunne finne i løynde bol der ein lagra mat. Han håpte det ikkje var sant. Tanken på slike skrekkvesen, jaktande i gatene utanfor, hadde uroa 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.01 Side 22

søvnen hans mange netter då han var yngre. La dei halde seg i havet, og la havet halde dei for seg sjølv. Då likte han betre å sjå vestover, opp mot Åsen, som delte Byen i to lik ryggen på eit vaktsamt beist – dei gamle hadde kalla han Draken, hugsa han. Før hadde han likt å fantasere om kva som låg på den andre sida, og det hende framleis at han tenkte på det, sjølv om det var sjeldan no at han lét tankane gli særleg mykje lenger heimanfrå enn til Tunnelopninga i enden av gata, ved sjølve foten av Åsen. Han stirte opp mot nordenden av Draken, som løfta seg lik eit hovud, stirande mot Vesthavet, og sjølv no nesten heilt innhylla i røyk og skodde. Langt nede i halsen kjente han Svartlunga rive i seg, og han klarte berre så vidt å trekke med seg takluka før hosten sleit seg laus og han fall bakover, ned i teven frå sengekroken under. Han låg der lenge og kjempa med seg sjølv for å få anfallet under kontroll, og pusten hans surkla tungt og grovt då han omsider kom seg opp. Kor mykje lenger, Ander? Han anda inn og ut i pipande drag til han kjente beina under seg igjen. Vatn. Han kryssa golvet. Filterapparatet tok opp det meste av plassen i den vesle hòla, og den fiendtleg skimrande væska det skilde ut, var vond å drikke, men han gulpa ho i seg og gav seg så til å skrubbe ansikt og hender for å få bort noko av skittlaget som hadde lagt seg på dei. Det gjekk tregt, og snart blei rørslene meir mekaniske enn målretta. I ein glimt såg han seg sjølv utanfrå – med blikket hengande slapt mellom auga og veggen og munnen halvt senka mot brystet, medan det rykte svakt i leppene. «Og kva så?» mumla han. «Det er vel døden som nærmar seg, gamle mann. Og ikkje er han tidleg ute heller.» Han hadde då aldri rekna med å leve så lenge som han hadde gjort, og han hadde sett alderdom ta verre former enn sin eigen – for menn som var yngre enn han sjølv var no. Sjuogtredve år. Det var nesten ikkje til å tru. «Du burde vere glad til», heldt han fram, men noko hardna i kjeven hans og gjorde det vanskeleg å forme orda, og han kjente ein uvan varme kring øyra. «Kva skal du leve lenger etter? Alt du tenker på, er 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.01 Side 23

neste uforstyrra time med søvn. Ingen andre veit at du er til, og ingen ville bry seg om dei visste det. Der ute kjempar dei i det minste, medan du ligg her og ynkar deg over eit liv som burde vore over. Dei har kvinner, born, kvarandre – og kva har du? Du er bortkasta hud, eit svart hòl i nattemørket – ikkje betre enn Mobben.» Han såg lenge på omrisset av ansiktet sitt i glasruta over. Ander sokk tilbake og kjente på den svake dirringa i musklane. Det hende at han blei vekt av dei larmande trommekorpsa til festningsgardane – nokre gonger langt borte frå, andre gonger nær og nesten ikkje til å halde ut, som om dei konkurrerte i å skremme vitet av byfolket – og i slike stunder kraup han saman i hjørnet og følte hjartet sitt presse seg til grensa, medan han såg for seg dei marsjerande uniformene og høyrde drønna av tunge magnetbogar rulle gjennom smale smau og over breie plassar og såg det raude lyset i vernemaskene glitre i mørket. Men det gjorde sjeldan noko varig inntrykk. Kva byfolket dreiv med der ute, tenkte han knapt på i det heile tatt. Korfor skulle han det? Sjansane for at nokon av dei han hadde kjent, framleis var i live, var små, og uansett var det ikkje truleg at stort hadde skjedd – det var aldri noko som endra seg i livet til bybuarane. Å tenke på kvardagen der var å førestille seg endelause skift i Maskinhallane, smaklaus mat, stinkande klede og uroleg søvn, stadig forstyrra av dei evinnelege hosteriene frå døyande bufellar. Han orka ikkje å fylle hovudet med det. Likevel hende det at han gløymde seg bort i minne om den tida då han sjølv budde der ute, då han arbeidde i Maskinhallane i Domane, då han enno hadde ein familie – og nokre få slike grunda han på igjen og igjen. Det var som om nesten kva som helst var nok til å utløyse dei, tenkte han – klarvêr eller Svartvêr, draumar eller søvnløyse. Lik det minnet om Mørket, om første gongen han fekk nyss om skuggefolket. Han var berre barnet og hadde akkurat blitt Dom-mekanikar etter fire år som Samlar. Etter å ha sloppe heilskinna frå mange timars klatring gjennom det indre av ei blågneistrande sjakt, så trong at ein vak


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.01 Side 24

sen mann ikkje kunne presse seg inn, og med kroppen full av stikkande svimerke, hadde han sakte slept seg i skjul for å kvile litt bak ein av dataterminalane i det indre av Domen – då han brått høyrde røyster like ved, røyster han ikkje kunne ta feil av. Tre logar, to av dei ivrig diskuterande, nærma seg skjulestaden. Ander var sliten og redd, men han var òg ung og nysgjerrig, og det var første gongen han var så nær på logane, som rådde over liv og død i Domane med Immobile-ordenen sin autoritet. Han ålte seg sakte fram mot kanten av terminalen. Lydane frå framsida stilna, og han nølte eit par sekund. Så titta han forsiktig fram. To menn stod med ryggen til han og stirte på den tredje, som Ander ikkje riktig kunne sjå mellom beina deira. Det såg ut til at han sat inntil terminalen, eller nesten som om han hang på han, og han rørte seg rykkvis og utan mål eller meining. Summinga frå datakretsane blei stadig meir intens, og dei to andre bøygde seg fram over ein skjerm Ander berre ante bakom dei. «Han nærmar seg no», sa den lågaste. «Problemet burde ligge …» Den andre braut han av med ein kvislande lyd av luft mellom tennene. «Au», sa han berre. Den låge bøygde seg fram mot skjermen for å sjå betre, og bak han fekk Ander ein skimt av den tredje logen. Ansiktet hans var som dødt, og det hang slapt frå ei metallramme, opplyst av eit gulaktig skin. Brått gjekk det eit rykk i det, og det vende seg mot han med eit hånleg spørjande uttrykk som berre viste det kvite i auga. Det vesle skriket han gav frå seg, fekk dei to logane til å fare saman og kaste seg rundt. Den høgaste greip han i armen og drog han på beina, men den andre vende seg tilbake til skjermen straks han såg at guten var fanga. «Unnasluntrar», konstaterte den høge medan han vurderte brann såra til Ander. «Må vere ny her, eg har ikkje sett han før. Ser ut til at han har vore ein tur i elektroventilane – ein skikkeleg elddåp, det. Lett å miste hovudet der inne når ein får mange nok stikk.» 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.01 Side 25

Den andre snudde seg tilbake. «Bra sjølvkontroll, altså? Trur du han kan klare dette?» Han nikka mot skjermen. «Korfor ikkje? Han er liten nok.» «Send han opp. Eg blir her og dobbeltsjekkar dekodinga.» Ander hadde visst at han ikkje ville orke ei økt til i maskinane så snart, og dette oppdraget verka både farleg og vanskeleg. Den einaste sjansen hans var at desse logane lét til å ha hastverk. Like bortanfor såg han ei smal opning mellom to ventilasjonsrøyr, sannsynlegvis for smal til at den høge og kraftige logen ville kunne følgje han inn. Då dei passerte opninga, gav han frå seg eit høgt kvin som av smerte og kjente grepet rundt handleddet sitt losne ein smule. I eitt sprang reiv han seg laus, sklei mellom røyra og forsvann inn i mørket og opp ein stige. Bak seg høyrde han den minste av logane rope til den andre at han ikkje skulle bry seg med å prøve å følgje etter. «Berre finn ein annan, kven som helst, vi har ikkje tid til han no. Vi kan disiplinere han seinare. Berre finn ein annan!» Frå eit stillas over røyra kunne Ander sjå den høge trekke på skuldrene og legge i veg mot Meksentralen. Den vesle bøygde seg nok ein gong over skjermen og såg ut til å gjere utrekningar på ein liten lommemaskin. Logen som var fastspent i terminalen, sat heilt stille no – lemmane rørte seg ikkje meir, og ansiktet i ramma var framleis like skindødt. Ander kunne ikkje ta auga frå det. «Unaturleg, kva?» sa ei streng stemme ein stad over Ander. «Makabert, perverst.» Ei høgd over han sat to eldre arbeidarar, båe iførte standardoverallane som følgde med jobben. Den eine var ei mager kvinne med triste, bleike auge og oskegrå hud, dekt med svartlilla flekkar. Den andre var ein mann, litt kraftigare, og med langt, feitt hår og skjegg og eit øyeleg arr i ansiktet – noko hadde tatt med seg mesteparten av nasen hans, og litt av haka, og kløyvd det høgre augebrynet. Men den bydande røysta tilhøyrde ingen av dei to. Litt bakom dei, i mørket, kunne Ander skimte eit par vaktsame auge under ei hette av grå- og 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.01 Side 26

svartflekka stoff som nesten gjekk i eitt med bakgrunnen. Ansiktet såg ut til å vere grovhogd og fòrete, men å sette ein alder på det var meir enn han kunne klare. «Vanskapningar er dei, deformerte», heldt mannen fram. Han dempa stemma og vinka Ander nærmare. «Er du ikkje einig, gut?» Ander klatra forsiktig opp mot dei tre, men blei sittande på trygg avstand. Dei to arbeidarane brydde seg ikkje med han, men den hettekledde såg ut til å vente på svar, eller i det minste på at han skulle seie noko. «Eg går ut frå at du veit kva du såg der nede?» spurde han til slutt. Ander kunne tenke seg mange svar på det spørsmålet, men ingen gode, så han gjorde ein likesæl gest og venta på at den framande skulle halde fram. I staden var det ein av arbeidarane, han med arret, som tok ordet. «Det er slik dei taler med maskinane», forklarte han. «Maskinane fortel kor dei har vondt, eller kva dei vil ete, eller» – her lente han seg framover – «kva logane skal gjere med oss. Og så gjer dei det. Alltid gjer dei som maskinane vil.» Eit eller anna i stemma hans var skremmande – ikkje trugande, men skremmande. Det var ikkje eigentleg orda i seg sjølve, og heller ikkje det einsformige tonefallet eller den klønete, tungnæme uttalen, men Ander følte det likevel. Mannen i dei merkelege kleda enste ikkje den andre. «Kva meiner du om logane, gut?» blei han ved med å spørje. «Eg kan sjå at dei ikkje har behandla deg godt. Dei ville sendt deg i døden om du ikkje hadde vore snarrådig nok til å stikke av då du gjorde. Det veit du, det var derfor du sprang.» Ander prøvde å verke modig. «Logane er berre oppsynsmenn,» sa han, «det er Mobben som rår i Byen.» Dette hadde han høyrt far sin seie mange gonger når dei vaksne arbeidarane murra og klaga om kveldane. Men det imponerte ikkje den hettekledde. «Det er Mobben som rår i Byen», herma han med eit lite smil. 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.01 Side 27

«Det har du høyrt far din eller mor di seie, eller ein bror eller onkel, kan hende? Men har du sett dei Ubevegelege? Har du høyrt dei tale?» Mannen såg bort. «Eg har. Fælslege er dei, og farlege. Men rår dei i Byen?» Han humra svakt for seg sjølv. «Det er maskinane som rår i Byen!» Den arrete ville føre ordet att, men fekk berre eit bistert blikk frå mannen med hetta. «Stille, Edrik. Eg prøver å snakke med guten, ser du vel. Du har ikkje vit til å preike for ein kvikk, ung hjerne som denne.» Kvinna med hudsjukdommen nikka alvorstungt, men sa ingenting. «Edrik har likevel rett», fortsette mannen og vende seg tilbake mot Ander. «Å, Immobilane lever i ei overflod som vi her ute ikkje kan drøyme om, dei kan be maskinane om alt dei ønsker. Dei kan avrette eller sperre inne kven dei vil, og herske som dei lystar med tenarar og rådgivarar. Men kva ønsker dei? Kva for lyster og draumar lever dei ut? Ingen. Dei sit innesperra bak murane sine, angst og keisemd tærer på dei, og ein dag døyr dei òg, like så sikkert som at du og eg gjer det. Og logane?» Her lo han på ny den låge latteren. «Du såg kva maskinane gjorde med blokkinspisienten der nede. Slik er arbeidet til logane, når dei ikkje må krype for lensherrane sine og tappe svart blod og grå galle av dei for å halde dei i live i enno nokre fattige år. Dei innbiller kanskje seg sjølve at dei ‘programmerer’, men alt dei gjer, er å be om nådegåver. Stoda til proletarane kjenner du godt nok. Men kven er det som alltid vinn? Kven blir fôra og stelte med, etter nøyaktige spesifikasjonar, om dei så krev døde kroppar? Kven blir ved med å leve medan vi andre døyr? Sjølvsagt må dei gi noko tilbake, halde liv i undersåttane sine, men kva er det for dei? Har du nokosinne tenkt på dette, gut?» «Men maskinane er ikkje levande», protesterte Ander. «Veit proletarborna kva livet er? Kva tanke eller sjel er? Maskinane arbeider, dei taler, dei et – kva meir gjer du? Men eg snakkar ikkje eigentleg om dei faktiske, fysiske maskinane, om desse kolossane du reparerer på kvar dag. Maskinane er berre reiskapar, som armen din, 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.01 Side 28

eller foten. Men kva er det som styrer dei? Kva er det logane taler med?» Ander likte ikkje orda til den framande. «Dei er ikkje levande», sa han berre igjen, mest til seg sjølv. «Og om dei ikkje er levande, kva for skilnad gjer det? Om dei lever eller ikkje, er det likevel maskinane som styrer – ingenting som skjer i Byen, skjer for menneska si skyld. Om dei berre er avgudar, blir dei ikkje likevel tilbedde?» Aldri hadde Ander møtt ein slik mann eller høyrt slik tale. Han var ingen arbeidar, kva gjorde han her? Var han ein av borgfolket, ein spion kanskje? Men han verka ærleg, nesten bedande, lik ein tiggar. Og kva ville han med ein vanleg mekanikar, berre eit barn, eller einfaldige Edrik og den tause kvinna? «Kven er du?» spurde han, utan å ha bestemt seg for det. «Korfor er du her?» Den ukjente braut seg sjølv av og møtte blikket hans. «Kva er eg, meiner du vel? Vi som ber til Skuggen, er det vi gjer. Oppgåver er viktigare enn namn. Oppgåva mi er å komme hit og preike sanninga for dykk, for Domarbeidarane.» Han sette seg nærmare, men Ander blei ståande, og mannen smilte. «Har du høyrt om Skuggen før, gut?» Soga til Skuggemannen var lang, tykte Ander, og vanskeleg. Han var van med soger heimanfrå, men ikkje som denne – mannen var ikkje flink til å fortelje, slik songarane i hiet heime var. Han snakka snart om det eine, og snart om det andre, og med rare ord – og ikkje om fortida, slik som i vanlege historier, men om framtida, og om det store Mørket utanfor Byen. Mørket bortanfor Domane, der lampene slokna, som dei modigaste av Samlarane fortalde om når dei kom heim frå lange ferder. Natta der ute er svartare enn døden. Men Skuggemannen talte om det med linn røyst og mjuke lepper. «Det finst dei som har sett Skuggen meir klart enn eg», sa han no, «og før i tida såg dei endå klarare. I songane sine lovde dei gamle at 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.01 Side 29

maskinane skal døy – arbeidarane skal reise seg, og maskinane skal slokne, og Mørket skal dekke Byen.» Orda skylde kaldt over Ander, som om nattekulda frå Mørket utanfor alt kraup inn over Hallane, sjølv om varmen der inne var like tung som alltid. «Men vi kan ikkje leve utan maskinane», stotra han. «Utan dei har vi ikkje mat eller klede, eller varme og lys.» Leppene hardna. «Men er det liv, det de har no, det vi har no? Kanskje finst eit betre liv under Mørket – somme seier dei har sett det, sett liv, i alle fall. Liv og fridom. Kanskje skal noko nytt og betre vekse fram. Eg veit ikkje. Men hemnen over maskinane er viss.» Ander hadde ikkje vore sakna – då han kom tilbake til stasjonen sin, var både arbeidarane og logane overraska over at han var i live i det heile, og all straffa han fekk, var eit ekstra skift utan lønn. Ikkje før han kom seg heim, freista han å snakke med nokon om kva Skuggemannen hadde sagt – men far hans kjente godt til «skuggsjåarane» og hadde ingenting til overs for dei. Snart merka Ander at det var få som hadde det – folk var snarare redde for dei. Berre krøplingar, evne veike eller galne brydde seg om å lytte. Skuggefolk var uvelkomne alle stader der bybuarane samla seg, og om folk kjente lite til læra deira, var dei likevel snare til å fordømme ho som tullprat og galskap. Ander sa seg alltid einig i dette viss han blei spurd, men det hende at han leitte opp buplassane deira og lytta til dei når dei fortalde om syna sine, og når dei messa eller song dei langdryge songane sine utan ord. Meir og meir heldt han seg for seg sjølv, særleg etter at foreldra døydde, og litt etter litt byrja andre arbeidarar å sky han. Arbeidet i Domane blei verre og verre å halde ut, og lungene hans vrei seg stadig meir sviande kvar gong han måtte ta hardt i. Etter kvart slutta han òg å interessere seg for skuggsjåarane, utan at det førte han nærmare andre folk – han tok aldri del i samlingane, der arbeidarane song eller åt i lag – og av og til hende det at han gjekk ut på lange turar, endå 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.01 Side 30

han høyrde korleis dei kviskra om han når han sneik seg ut, dei dagane klarvêret stod. Men sjølv det hadde han sjeldnare og sjeldnare krefter til. Med alderen blei arbeidet han måtte gjennom for å tene til føda det einaste som trekte han ut av rommet og tvinga han til å sjå andre menneske – og då han fann Tunnelen og det løynde matlageret der, og kampen for å overleve blei redusert til ein sta uvilje mot å bukke under for sotta og alderdommen, var det lite som kunne rive han bort frå å stire fråverande på sjatteringane av gråblått regn som la seg i stadig tjukkare lag av skittent fargespel på vindaugsruta.

* Det kalde vatnet i Kanalen klistra seg til føtene hennar. Berre nokre få steg til no. Fortet til den Galne Borgherren var ikkje meir enn eit grått omriss oppe ved sørenden av Åsen, knapt synleg over dei glatte murane. Irin klamra seg fast og flytta armar og bein i små, små rørsler, stadig lenger bort frå stien gardistane patruljerte. I søraust glitra Domane håst under Steintårna, men det var langt dit enno, sjølv om det såg kortare ut enn til vanleg i det klare lyset. Ho klatra vidare, og framfor ho opna Byen seg i ei hard, svart slette, sprokken og holete, litt meir av han for kvart tak. Bortanfor det tomme kom bykjernen glidande, bygg for bygg, lågare og lågare ned mot Vatnet – og ho kjente eit stikk då ho innsåg at ho kunne sjå toppen av Høgfortet på den andre sida. Ein augneblink var ho sikker på at nokon der oppe kunne sjå ho òg. Byen verka trongare enn vanleg. Husa stod tettare no når ho kunne sjå fasadane så skarpt, innover i mylderet stod dei nesten lente inntil kvarandre eller over kvarandre – som om dei var sjuke, tenkte ho, dei såg så bleike og likevel svartflekka ut, slik somme av Domarbeidarane blei etter nokre år, og dei sjangla liksom. Dei hadde alltid verka så trugande før, men no saug den tynne lufta all krafta ut av dei. Kanskje var det det som hende, tenkte Irin. Kanskje Byen døyr. Men ho visste betre. Det var berre menneska som døydde. 


Daudmannaland ferdig_Layout 1 08.10.14 09.01 Side 31

Ho klatra opp på toppen av muren, tok skoa ut av munnen og sette dei på føtene. Ho hadde fått eit par rader med oppsmuldra bygg mellom seg og Nyfortet no, og ho trong ikkje uroe seg for Tangvakta før ho nådde opp mot Vatnet, men ho skunda seg uansett. Få stader var Byen så trygg som akkurat her i Tangen, men ingen stader var han så stygg – alt her var berre svart og flatt og dødt mellom grushaugar som nesten ikkje var hus i det heile tatt, og så det stille, stille skvulpande i Kanalen som sleikte mot det svarte sprokne når Djupet lente seg mot Byen, og vridde restar av ting overalt – små ting som klamra seg til det svarte, og som ein kunne skjere seg på i mørket. Irin visste at det var dumt av ho å vere redd – ho hadde klart seg rundt Logaråsen endå ein gong, og ingenting var farlegare enn det, sjølv om gardistane til Galneherren sov på vakta. Ingen lette vegar rundt Draken. Lauget og Herren til Åsen gjorde visst endå meir enn før for å sperre alle saman, men dei kunne ikkje stoppe ho. Irin viste to fingrar på kvar hand til Vestbyen og dei skulande vindauga oppover åskammen, slik ho hadde sett vaksne i Domane gjere når logane der vende ryggen til dei, men brått fekk ho kjensla av at nokon stirte på ho igjen, og ho kom på at ho ikkje var bak ryggen på logane no, men inne i Byen, der det alltid var einkvan som kraup rundt. Det var folk her, byfolket var sikkert ute no, til og med her nede der det ikkje var noko å finne. Byen var ikkje ein plass for å traske omkring som ein ville, det kunne ho gjere heime bakom Åsen, der ho var aleine. Byen var ein plass for smyging og sniking og spente sansar. Ho sokk saman – hovudet langt nede mellom skulderblada og kroppen krumma om knea – og tok sikte på den nærmaste av dei grå veggene, så langt borte frå austsida som mogleg. Stien ved Vatnet burde vere trygg no, i alle fall fri for soldatar, men det var ikkje verdt å freiste lykka altfor nær Tangfortet. Med auga kjapt flakkande over plassen framfor seg slengde ho seg ned frå murkanten, og under føtene og hendene kjente ho halvt størkna slagg som gispte tørt og gulpa opp små, gråsvarte støvskyer medan ho sprang.




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.