Dagbok 1924-1994. I utval

Page 1


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 3

Olav H. Hauge

Dagbok 1924–1994 Utval Redigert og med føreord av Sverre Tusvik

Samlaget Oslo


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

© Det Norske Samlaget www.samlaget.no omslag: Øystein Vidnes førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 11/13,5 papir: 90 g Munken Premium Cream 1.3 trykkeri: AIT Otta AS Printed in Norway isbn 978-82-521-7869-2

Side 4


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 5

Føreord Skalden, gjendiktaren og poeten Olav H. Hauge døydde i mai 1994. Alt same haust gav Samlaget ut Jan Erik Vold: Under Hauges ord, der den største avdelinga er 134 brev, postkort og andre skriftlege helsingar frå Hauge til Vold i åra 1967–1994. I 1996 hadde forlaget likeins gleda av å gi ut Olav H. Hauge/Bodil Cappelen: Brev 1970– 75 (ny utgåve 2011). Båe bøkene vart vedunderlege vitnemål om at Hauge var ein særmerkt og stilsikker ordkunstnar også når han ytra seg i prosa. I haustferien 1995 køyrde eg ei natt over fjellet til Bodil Cappelen i Ulvik for å hente fire fruktkasser, merkte Gartnerhallen. Den eine var fylt med raudgule gravensteineple, dei tre andre med det skire gull: 84 stilhefte med til saman 5720 dagboksider. Første heftet var datert mars 1924, då var Hauge 15 ½ år og skreiv med blyant, det siste slutta 16. mai 1994, veka før han døydde. I år 2000 var dagbøkene ferdig inntasta, og parallelt med at Nasjonalbiblioteket i Oslo fekk overta originalane, kunne Samlaget lansere ei fembandsutgåve med eit personregister på vel 5000 namn. Med eit tidsspenn på 70 år og eit omfang på 3727 boksider er denne litterære dagboka mellom dei mest omfattande i verdslitteraturen Originalhefta har overskrifter som viser til hendingar, emne, forfattarnamn, bokverk, filmar, radioprogram, boktitlar, tidsskrift, seminar og opplesingar, enkeltdikt eller andre tekster han vil kom5


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 6

føreord

mentere. Ofte kjem det under slike overskrifter sitat og lengre avsnitt som tek opp heilt andre emne. Dette hadde Hauge markert med blankliner eller innrykk, men av plassomsyn sette forlaget dei trykte dagbøkene berre med innrykk. Overskriftene står no som initialord i kapitelbokstavtypar – innleiingsord med store bokstavar, og eittbandsutgåva følgjer det same typografiske redigeringsoppsettet. I dette utvalet er det ikkje markert sprang og lakuner i og mellom dagbokinnskriftene, heller ikkje feilskrivingar av namn og datoar som er retta opp. Frå utgivinga i 2000 har lek og lærd vitna om at Hauges dagbøker nærast har vore eit kultobjekt, og at dei for somme beint fram har fungert som eit litteraturhistorisk referanseverk. Når eg no skulle redigere eit utval, er det sjuande gong eg har gitt meg i gåve å reinlese dei vel 3700 dagboksidene. Dette eittbandsutvalet pretenderer ikkje å vere objektivt representativt, korkje mekanisk-kronologisk eller i emneval. Til ein viss grad er dei 300 sidene prega av mi subjektive lesing, men mest er dei forma av ei inderleg von om at mange fleire skal bli fanga og overvelda av forma og innhaldet i denne magisk-medrivande prosaen. Og for dei som etter dette dagbokbadet har hug til meir langvarige og djupare dykk, er den komplette og gedigne fembandsutgåva framleis tilgjengeleg. Oslo, juni 2011 Sverre Tusvik


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 7

Kronologi 1908

Olav Håkonsson, fødd 18. august. Mora, Katrina Hakestad (1873–1975), frå Ulvik. Faren, Håkon Hauge (1877–1954), frå Lærdal i Sogn. Dei fekk sju born, men berre fire levde opp, tre gutar og ei jente. Olav var nummer tre i søskenflokken. 1913 Utskifting på garden, Håkon og Katrina får urudd jord, dyrkar og byggjer 1924 Elev ved Framhaldskulen i Ulvik. Fyrste dagbokblad 1925 Elev ved Ulvik mllomskule 1926 Elev ved Ulvik mellomskule, får nyresjukdom og må avbryte 1927 Elev ved Hjeltnes hagebruksskule i Ulvik 1930 Gartnarlærling i drivhusa på Landbrukshøgskolen på Ås 1931 –33 Gartnarlærling på Statens forsøksgard på Njøs, på Systrond, Leikanger i Sogn 1932–33 Får trykt eigne og omsette dikt i fleire aviser og blad i Sogn Sender inn dikt til Norli forlag, blir refusert. 1934–37 Innlagd på Valen sjukehus (26. mai 1934 –18. september 1937) 1935 –37 Faren byggjer kårhus på Rossvoll. 1945 Debuterer på Noregs Boklag med Glør i oska 1951 Under bergfallet 1956 Seint rodnar skog i djuvet 1961 På ørnetuva. Norsk Litteraturkritikerlags pris for 1961 1964 Dikt i utval. Ved Ragnvald Skrede 1966 Dropar i austavind 1967 Utanlandske dikt 1969 Doblougprisen

7


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 8

kronologi 1971 1972 1974 1975 1975 1978 1979 1980 1982 1983 1984 1985 1987 1988

1991 1992 1993 1994 1994

Spør vinden Dikt i samling Stephen Crane: Svarte ryttarar. Umsetjing, 1974 Bodil Cappelen flyttar saman med han i Ulvik Syn oss åkeren din. Utval ved Jan Erik Vold Bertolt Brecht: Til ettertidi. Umsetjing Får Aschehougprisen Hand grip hand i svevne. Umsetjingar Janglestrå Dikt i umsetjing Regnbogane. Dikt for barn og vaksne. Ill. av Wenche Øyen Får Nordahl Griegs Minnefond 1984 ABC. Ill. av Bodil Cappelen Overgang til Samlaget etter at Noregs Boklag er gått inn Mange års røynsle med pil og boge. Lydbok med to kassettar og ei «minibok». Festspeldiktar i Bergen Frå Rimbaud til Celan. Nye dikt i umsetjing, 1991 Mange års røynsle med pil og boge. Lydbok med to kassettar, 1992 Dikt i samling. Ny og auka utgåve, 1993 Dikt i samling. 6. utgåva, 1994 Døyr 23. mai

Norsk Litteraturkritikerlags pris 1961 Doblougprisen 1969 Melsomprisen 1973 Aschehougprisen 1978 Nordahl Griegs Minnefond 1984


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Dagbok 1924–1994

Side 9


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 11

Mars 1924 dagbokord Ein tanke slo meg her um dagen: eg skal føra dagbok, det vil verte hugnad med den. – Ja, ikkje dagbok i vanleg meining – versjaa, hendingar, handel og vandel, kjøp og sal. Nei, ei dagbok yver tankar og hugskot – ei aandeleg dagbok, – og meir sligt som kan vere verdt aa minnast. Det treng ikkje vere kvar dag, fylgjestrengt med dagetal og sligt. – Det fær vera naar eg hev tid, og elles um helgedagane soleis. – Det kan no vera ein grand hugnad med det. Men eg maa ha papir, best vilde det vere um eg kunde faa fat i ei stor linjebok, – lat meg sjaa paa det! – – Og kanskje kan eg med det same, og i same boki rite ned meiningar um ymse bøker soleis. Lat meg tenkje paa det! – Ja ha; no hev eg tenkt paa det! – Eg las Brand her um dagen; merkjeleg bok; fantasi, tankespinn segjer de vel; ja ved fyrste gjenomlesnaden. Men les henne med ettertanke, og sjaa! – Du finn ut noko, noko stort. – Det er eit ideal av eit menneskjeliv – Vel, han vann ikkje hevde seg i samfundet; dei hadde ikkje bruk for honom; dei steina honom! – Men likevel, deri ligg netupp det store. Han hadde tvo ting aa gjera Brand; anten aa gjeva upp trui si, og anten falle, – sige – Han valde aa sige! – Det var stort! Det var livet det! Men: Vis alt du gav foruden livet, da vid, at du har intet givet! – 11


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 12

1924

Det synes hardt dette her, men so er det!

10 juni 1924 Hev no sett gjenom protokollen ein grand – bokprotokollen – og funne ut at eg hev lese 626 bøker or biblioteket. Det er lite. Temmeleg lite. Fatig er aandi mi! ho veit ikkje mykje. – Gjeve eg kunde metta kunskapstrongen min! – Gjeve eg kunde suge all heimsens visdom i meg! – Aa. Ja daa!

Mars 1925 [Dagbok:] Eg held no på med eit engelsk brev til Amerika, og det gjeng fint. Eg ser det no at det gjeng å læra framande mål, um so på eigi hand – um ein vil då. Når eg no hev lært engelsk toleg bra er eg tenkt til å taka fatt på eit anna. Hev tenkt so smått på spansk eller fransk, tysk er no heller ikkje til å forsmå. Og so sku eg ha lært latin, hebraisk og græsk – klassisk – –. Då vert folk vise, hev eg høyrt! –Lyt sjå til å få tak i lærebøker! – Ja, so les eg meg til professor på eigi hand, og det fint òg! Nett som det skulde vere noko! – – «blås! For her er gut her! – –»

Mars 1927 Ein lyt eitkvart hava å pusla med; arbeidet er livsens salt, sa dei gamle. Difor hev eg tenkt å skriva upp ymse småting som kunde vera moro å minnast, og som på same tid kann vera til hugnad i fristundene. Og det vantar ikkje meg på fristunder no for tidi. Eg ligg til sengs. Det vart so eg laut slutta på skulen og slå alle tankar um eksamen ifrå meg. Og eg er mest like sæl. Eg er trøytt; trøytt av alt stræv og pugg. Sjuk hev eg vore i heile vinter; og hev fare so og hangla. No er eg då komen der eg høyrer heime. Det vart berre vanheppa med skulen. Fyrst døydde no han 12


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 13

1927

Sigurd, det var det verste. Han var ein framifrå mann. Det vart tomt og daudt i skulekjellaren etterpå. Eg trur at alle vart modlause; men me laut trøysta oss so godt me kunde. Vinteren gjekk. Våren kom, og til Voss laut me. Me tok eksamen i handarbeid, teikning, Botanikk, anatomi, religion. Det gjekk bra. Eg fekk fire Mtf.. Eg var nøgd. Hausten 1926 fekk me ny lærar, og alt såg vel og bra ut. No ligg eg altso her. Eg fær trøysta meg me bøkene. Det er berre gjenom bøkene eg fær ein tanke um det ovrike jordliv. Eg hev nett pløgd igjenom ei svært forvitneleg bok av Bertrand Russell, Education and the Good Life. Russell er so klårtenkt at det er ein hugnad å lesa. Trass i all rådløysa og uro trur han på framtidi for menneskja som aldri fyrr. Han meiner at me just no stend på dørstokken til ny, rikare tid, men fyrst må folki gjera seg frie frå mykje gamalt, – frie frå slikt som er utslite og verdlaust. Folklore, tradisjon, religion, nasjonalitet må burt; det hev ingenting å gjera i det nye riket. Russell legg den største brett på uppsedingi. «Education is the key to the new world,» segjer han. «Knowledge is the liberation from the empire of natural forces and destructive passions; without knowledge the world of our hopes can not be built.» «A generation educated in fearless freedom will have wider and bolder hopes than are possible to us, who still have to struggle with the superstitious fears that lie in wait for us below the level of consciousness. Not we, but the free men and women whom we shall create, must see the new world, first in their hopes, and then at last in the full splendour of reality.» Grunntanken i Russells uppsedingsfilosofi er elles denne: at kjærleik, hjelpt og rettleidd av kunnskap skal vera grunnlaget for all uppseding. Ein kann sjølvsagt ogso segja det umvendt. Dette høyrest ikkje so gale ut, og det er visseleg mange som set store voner til desse nye tankane. Russel er ikkje berre pedagog; han er matematikar og samfundsreformator. Vil ein karaktirisera honom 13


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 14

1927

heilt rett, vert det filosof, for filosof hev meir og meir vorte eit sams namn på alle tenkjande menneskje, og filosofi på systematisk tenkjing yver eitt eller anna spursmål, same kva det er. Bertrand Russell er ovleg radikal, so radikal at mange vert reint andfælne. Truvedkjenningi si hev han lagt fram i boki What I believe. Eg hev nett granska henne grundig. Eg hev høyrt gjete ein amerikansk professor som bruker denne boki til grunnlag for fyrelesningane sine; men han vart ikkje gamal i tenesta. Som ventande kunde vera. Åndsfridomen i Amerika hev ikkje noko vidare godt ord. Ein kann ikkje segja at Russell kjem med noko nytt; men fåe, kanhenda ingen, hev sett fram sine meiningar i slike saker so pointblank og umsynslaust som han. Han er ateist av reinaste vatn. Kald og usentimental, skjerande logisk gjeng han laus på utgamle fordomar og nedervde livssyn. Mange meiner at hovudverket hans er Principles of Social Reconstruction, som han skreiv medan han sat i fengsel under Heimskrigen. Han vart likeso mykje hata i England som Rolland i Frankrike og Croze i Italia. Endå ei bok til hev eg lese av Russell med det same: Free Thought. Eit makelaust frisyn og vidsyn syner alle desse bøkene. Når eg fyrst talar um bøker, lyt eg nemna ei til, nemleg The Mind in the Making av den amerikanske professoren James Robinson. Det er ein essai. Han brukar ein noko tyngre fraseologi, Robinson, enn Russell; men han hev svært mykje på hjarta. Ho er tankevekkjande, denne boki. Ei uavhengig og vidsynt ånd talar frå kvart blad; atter ei som høyrer til den «frie intelligensen».

August 1927 No er eg 19 år. Ein vert gamal fyrr ein veit ordet av det. Nådelaust sniglar dagar, månader og år avstad – og endå segjer Einstein at det ikkje eksisterar tid! Eg hev slege meg på lyrikken no. Det slumpa seg til at eg las Uppdals diktsamling Altarelden for ei tid sidan. På meg verka boki 14


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 15

1927

so sterkt at eg kom i ovundring. Det er den fyrste diktbok eg hev lese med sann hugnad. Det stend ein gufs mot deg av frisk og sterk originalitet, du kjenner det lever og andar i desse dikti. Du tykkjest kjenna urkrafti, det sanne geniet, attum den ytre hamen. Uppdal er ein mann som er mykje for lite påskyna. Etter mitt vit er han den fremste millom diktarane i landsmålsleiren i dag.

September 1927 Eg er mest heil kar att no. Eg arbeider ein grand til kvar dag; men når eg hev ei stund, so les eg. Eg sniglar langsamt gjenom det eine verset etter det andre. Men planlaust. Den eine forfattaren avløyser den andre. Dickens, Wergeland, Moren, Ibsen. Vinje er det helst eg hev halde meg til no ei stund. Og eg likar alle saman. Wergelands evigunge dikt! Desse gyllne, jublande solsongane! Tindrande friske er dei som alltid. Wergelands lyrikk er ein serafisk hymne, sublim i sin ekstase. Lat sjælen møte sjæl! Måske blir pyramiden lav …

November 1927 Eg fekk tak i ein antologi av engelsk lyrikk for ei tid sidan, og eg hev vore uppteken med lesnaden. Boki er i kronologisk orden med små biografiar og merknader og skal gjeva eit yversyn yver engelsk lyrikk frå Chaucer til Kipling. Boki innheld mange fine ting, og den ubrotne tradisjonen, kontinuiteten kjem godt fram. Her møter eg for fyrste gong Burns’ vedunderlege dikt i originalen, Keats’ vemodfulle ode til nattergalen og Shelleys soldirrande lovsong til lerka. Eg hev lese dei fleste av desse vidspurde dikti i yversetjing (rettare umsetjing!). – Rytter hev dikta um mange av Shelleys dikt, soleis «Ode til vestanvinden» og «The Sensitive Plant». Rytter hev visseleg gjort det meisterleg; men eg «prefer to read them in Eng15


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 16

1927

lish». Lynner hev umsett «To a Skylark» på ein meisterleg måte til norsk-dansk. Swinburne, Browning og Tennyson er ogso representerte ved fine ting.

Seinare Eg hev nett lese dikti til Edgar Poe og meir fantastiske og underlege dikt hev eg aldri lese. Poe var utan tvil ein introvert; kannhenda han høyrde til den introverte sensasjonstypen. Verki hans er ikkje sermerkte på den måten at dei inneheld djupe tankar og genial intuisjon. Han gjev eit underleg bilete av imaginasjonens «ingenmannsland», han sansar og gjev ein tokke av åndsverdi. Me kjenner røyndi i desse bileti. Dei gjev oss i fullt mål kjensla av å vera «out of space and out of time». Poe var ei subjektiv og lidenskapeleg sjel, ein drøymar og ein romantikar. Det var umogeleg for honom å finna seg til rettes i livet. Som so mange slike ulukkelege naturer, skapte han ei draumeverd i sitt eige bilete, fantastisk og løyndomsfull. Det hev vel knapt funnest ein so streng estetisk teoretikar so[m] Poe; men den rosi skal han ha, at hans eigne ting svarar fullt og heilt til dei kravi han sette til andre. Sjølv påstod han at dikti hans hadde ikkje vorte til ved det me kallar inspirasjon, men ved langt og strævsamt studium. Han spekulerte, tenkte dikti sine ut. Han gjorde seg upp ein plan, og den planen fylgde han utan avvik. Å kalla fram effekt var hans store mål, og til å nå dette målet brukte han alle midlar ein forfina artist råder yver. «Poesi skal vera musikk; alt skal fljota burt i ei gyllt skodda av tankor og kjenslor,» sa han; og hans eigen lyrikk er ikkje anna enn musikk. Han skreiv for deim som hadde songbotn i sjeli. Dei mest kjende dikti er «The Raven» og «Ulalume», dei evige symbol og ugløymande songane um hans underlege vemod og fortærande sorg. Han er magikaren; han veit å finna uttrykk for dei zartaste svingningane i eit menneskesinn, for den evige lengt mot æva sitt mysterium. Poes produksjon er ikkje «caviar to the general» (dvs 16


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 17

1928

kaviar for den store hop). Han var ein Drömlands-son som Fröding, ein framand ein som var nøydd å gå under.

Joli 1927 Det skjulte Norge er ei god bok. Gildt å sjå at ein framand kann setja seg so godt inn i norske tilhøve. Bukdahl fortener visseleg ei ovstor takk! Eg les og les; eg lever i bøkene og av bøkene; utan bøker kom eg til å ganga nord og ned. Eg friska uppatt minne um Faust for ei tid sidan, men eg lyt segja at eg skyna like so lite som fyrste gongen. Eg likar heller ikkje Arctander’s umsetjing. Det er so tungt å lesa. Andre luten av verket er no reint umogeleg. – Eg trøytnar forresten av all dikting, serleg av lyrikken. Dei syng mest eins alle. «Weakwinged is song, and cannot reach the heights where the great deeds belong,» segjer Lowell. Will Durants bok, The Story of Philosophy er eit hugtakande verk. Å lesa denne boki er som å stiga inn i ein annan heim. Ein fredsæl heim der dei store aandene sit paa sine trunor og råder yver sine stille rike.

Mars 1928 No er det hundrad år sidan Ibsen er fødd. Det er sjølvsagt at alle som er interesserte i litteratur friskar upp minne um denne mannen. Ein stor dag er dette for landet vårt. Og det skynar dei vel. Dei festar. Det vil segja autoritetane, samfundsstyttone. Det store folket høgtidar vel dagen paa sin måte ogso. Dei veit han var ein stor mann denne Ibsen. Og sjølv den strenge, tilknappa Ibsen hev no vorti ein populær mann. Det er ingen fåre av han lenger no; han skal faa all den æra han fortener. Elden i ordi, brodden som sting, sviga som susar og svid var ikkje mynta paa oss. Det var dei gamle som var so syndige. Me gløymer at so lenge Ibsens spelstykke lever millom oss, er det fordi dei hev noko å segja oss. 17


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 18

1928

Engelsk er eit vanskeleg språk. Det er so stor skilnad på daglegtalen, folkespråket og det tekniske språket. Denne skilnaden er lett å merka i Upton Sinclair’s anthologi The Cry for Justice, som elles er ei underleg bok på mange måtar. Der er snapshots frå alle samfundslag i fortid og notid, der er myndige ord av heimsens største tenkjarar um urettferdige samfundstilhøve og skrik som ropar til himmels. Det er avgrunnar i den boki. Ein annan eloquent amerikanar er Longfellow sjølv um han klæder seg i den bundne formi si faldrike kappa. The Song of Hiawatha er eit metrisk meisterverk av rang, og det er vel det mest populære diktverk Amerika eig. Det er heilt naturleg, for det «appellerar» til unge og gamle. Boki hev mange bolkar som er vedunderleg vene. Formi er den same som i Kalevala og klær stoffet (emnet) ypperleg. Ye who love a nation’s legends Love the ballads of a people, That like voices from afar off Call to us to pause and listen, Speak in tones so plain and childlike Scarcely can the ear distinguish Whether they are sung or spoken; – Listen to this Indian Legends, To this Song of Hiawatha. Omar Khayyam syng på ein annan måte i ei underleg blanding av filosofi og lyrikk. Ein kann kalla honom ein ædel epikuréar. I sine melodiøse vers gjev han uttrykk for mannsens evige stemningsliv og spursmål. Alt vert den skiraste poesi i hans hand. Livet er stuttvarugt, alle er me skuggar og støv, slik tonar det atter og atter gjenom Omars vers. Blenk og dropar er me som lyser eit 18


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 19

1928

lite bel, so driv dei tilbake til sitt upphav. Men andi og æva varer ved. When you and I behind the veil are past, Oh, but the long, long while the world the world shall last, Which of our coming and departure heeds As the sea’s self should heed a pebble cast. Ein skal gleda seg med ein lever, meiner Khayyam Ah, make the most of what we yet may spend, Before we too into the dust descend; Dust into dust; and under dust to lie Saves wine, saves song, saves singer and saves end! Elles hev kannhenda Fitzgerald like stor æra av Rubáiyát som Omar. I alle fall er det ein av dei mest geniale umsetjingar verdi eig. Seippels umsetjing til norsk skal ogso vera ypperleg. – – – «Doch alle Lust will Ewigkeit, will tiefe, tiefe Ewigkeit!» Eg hev ofte høyrt gjete Nietzsche, men eg hev aldri lese noko av honom. No laga det seg so heppeleg at eg fekk tak i den engelske umsetjingi av Also sprach Zarathustra. Aa lesa denne boki er som å springa frå tind til tind i eit fantastisk fjell-landskap. Nye syner og utsyn opnar seg stadig med gamle horisontar kverv. Ein fær age og vyrdnad for denne eldsjeli som kunde gjeva livet eit hugheilt ja trass i sjukdom og naud. Han camouflagera ikkje realitetane. Han var ein introvert som brende seg sjølv ut. Men ut av grundingi i einsemdi sprang den velduge idéverdi hans. Also sprach Zarathustra er eit utbrot frå umedvitet. Kvar bolk i boki, og kvar bolk er umlag hundrad sidor, vart skriven på ti dagar. Tankar og ord kom so fort, at han knapt visste å skriva ned alt etter kvart. Var han ute, laut han skriva med han gjekk. Also sprach Zarathustra er eit bilete på det «kollektive umed19


OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A

10-08-11

12:39

Side 20

1928

vitet», eller kva det no heiter i psyko-analysen sin jargon. Makti mot kjærleiken, er Nietzsches principp. Han gjer revolt mot den ekstroverte Individualismen i si krassaste form, hevdar han i sin apotheose av eit reint biologisk yvermenneske. Det er i det heile teke eit åtak på den kristne sivilisasjon. Kjernen i kristendomen er kjærleik og det hev mange fylgjer. I kjærleiken sine augo er objektet alltid verdfullt. For ei elskande mor er barnet like kjært um det so er idiot. Der kjærleiken råder gjeng det mot likskap, brorskap og demokrati. Og ideen um «the greatest good for the greatest number» vert av dette sjølvsagd. Dette meiner Nietzsche vil tyna alt nytt og originalt so alt vert ei grå mengd. Den vest-europeiske sivilisasjon er ekstrovert; kristendomen hev kuva og torturert den introverte. Mot dette set Nietzsche upp sitt «Übermensch». Wille zur Macht er rita i hans skjold. Når so Nietzsche seinare skulde arbeida læra si ut konsekvent, vart alt saman absurd og monstrøst. Eit yverflatisk kjennskap til Darwins teoriar var visseleg ei av årsakene til Nietzsches filosofi. Ja; det var filosof han på død og liv vilde vera, endå han var meir diktar enn tenkjar. Og som eit diktverk må Also sprach Zarathustra dømast. Ein vert riven med av hans høge tankeflog og den reine poesien; stundom vert alt myrkt og gåtefullt so du synest ingenting skyna, men so skin det atter herlege gullkorn fram. Etterpå vil eg prøva setja um nokre setningar frå den engelske teksten.

April 1928 Robert Brownings Complete poetical and dramatical Works er eit verk som ikkje er so heilt lett å lesa. Morbror segjer Browning er ein av dei største diktarane i verdi; det er berre eit lyte ved honom: han er for mykje av ein optimist! Eg for min part lyt segja, at eg hev vanskar med å lesa Browning endå. Eg trur Shakespeare er lettare å skyna. Nå, dette kjem (seg) sjølvsagt av at eg er for lite inne i engelsk. 20


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.