Død manns kiste

Page 1


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 1

1


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 3

Kroken & Kolden

Død manns kiste Kriminalroman

Samlaget Oslo 

3


Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 5

  Bente Ruste stig av sykkelen og tek med seg dagens post frå den grøne kassa på grindstolpen. Ho opnar grinda, trillar inn sykkelen og set han frå seg mot garasjeveggen. Går dei få metrane til inngangsdøra og låser opp. Dette er siste gong ho skal vera med på den hersens aerobictreninga. Det er dei same trinna, den same musikken og dei same folka kvar gong. Heretter skal ho trimme åleine. Jogge, gå turar i skogen. Det var Mette som fekk henne med på jentegruppa. To gonger i veka. Sidan ho var ny i Lom, tenkte ho det kunne vera ein fin måte å koma i kontakt med folk på, laga seg eit nettverk. Men ho har ingen ting til felles med dei andre jentene. Dei fleste er yngre enn henne. All praten om kjærastar og ferieturar og kosekveldar – ho orkar ikkje slikt og har ingen ting å tilføre ein slik samtale. Det skulle teke seg ut om ho hadde kome med sine erfaringar til det romantiske sukkerspinnet deira! Berre Mette og eit par andre kvinner på gruppa er på hennar alder. Mette har ho mykje til felles med, men dei andre har ho nesten ikkje veksla eit ord med. Ho som heiter Tea, likar ho ikkje i det heile. Arrogant og skitviktig, tenkjer Bente. Snakkar knapt med dei andre. Asosial bitch, det er det ho er. Men flott å sjå på, ho må innrømme det. Og visst


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 6

nok veldig dyktig. Tea Hovde er rådmann i kommunen, eller administrasjonssjef, som Mette hadde retta det til. Bente slengjer gymbagen frå seg i gangen. Sparkar av seg skorne. Går inn på kjøkenet. Legg posten på bordet. Opnar kjøleskåpdøra. Nesten tomme hyller. Berre ein kartong med mjølk, ein kvitost, eit par tomatar og ein altfor gamal paprika. Eit halvt brød. Så får det bli varme ostesmørbrød til kvelds. Ho går bort til oppvaskbenken. Opnar kaldvasskrana, lèt det renne litt. Drikk to glas på styrten og fyller det tredje. Tek med seg posten og set seg i sofaen i stua. Som vanleg ligg det reklamebrosjyrar innimellom aviser og brev. Ho må hugse på å reservere seg, få tak i eit klistremerke å ha på postkassa. Elles er det dagens aviser, eit par rekningar og eit brev som ser meir personleg ut. Adressa hennar er skriven med gamaldags skrivemaskin. Akkurat som på dei ho har fått før. Det første brevet kom tidleg i august, det andre for ei veke sidan. Anonyme brev. Ho skjønar det ikkje og klarer ikkje heilt å ta det alvorleg. Ho har vore i Lom berre nokre månader, og det meste av tida går med til arbeid. JÆVLA HURPE, stod det i det første. FALSKE KJERRING, stod det i det som kom førre veka. Ho har berre slengt breva i omnen. Har tenkt det måtte ha med arbeidet som dyrlege å gjera. At ein eller annan var sur fordi ho hadde påpeika dårleg dyrestell. Ho ser litt av kvart i jobben og er kanskje litt for rask somme gonger til å gje dyreeigarane ei lita irettesetjing. Ho klarer ikkje la vera. Dyrevelferd er noko av det ho brenn mest for, og det er altfor mange som ikkje veit kva ansvar det medfører å ha dyr. 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 7

Ho ser på brevet. Høyrer ein bil køyre forbi utanfor. Opnar konvolutten og brettar ut det halve, ulinjerte A-arket. Berre nokre få ord, som sist: DU SKAL FÅ SVI. Men denne gongen er det teikna eit svart kors bak orda. Er det ein dårleg spøk? Eller er det Roger – har han verkeleg klart å finne henne? Har det vore Roger heile tida? Den tanken har faktisk ikkje falle henne inn. Før nå. Angsten strammar til i bringa, gjer det tungt å puste. Det må vera han. Helvete! Skal ho aldri få fred for han? Og kven har sladra om at det er hit ho har flytta? Nei, det kan ikkje stemme. Og det liknar ikkje Roger å nytte seg av skrivne ord. Hadde det vore han, ville han sete her i sofaen og flirt da ho kom heim. Her har du meg, liksom, og du blir aldri kvitt meg. Men om det ikkje er Roger – kven er det da? Ho snur på konvolutten for å sjekke poststempelet. Men brevet har ikkje stempel. Det må vera lagt i postkassa medan ho var borte. Ho har ingen uvener som ho veit om, bortsett frå Roger. Som ho endeleg har kome seg langt unna, etter eit ekteskap med krangel og spetakkel. Da det vart utlyst dyrlegestilling i Lom, tok ho spranget. Reiste langt nok unna til å sleppe å støyte på han på gata. Ho har innbilt seg at det var utenkjeleg at han ville dukke opp her. Nei, ingen uvener utanom han. Ho har ikkje noko uoppgjort med nokon. Men kanskje er det nettopp det eg har, tenkjer ho nå. Det er ikkje alltid like lett å vera 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 8

dyrlege. Å måtte ta avgjerder som går på tvers av det kundane vil. Det har vore dyr ho ikkje har lykkast å redde. Kattar og hundar ho har måtta avlive på grunn av sjukdom, somme gonger til heftige protestar. Eller … ikkje protestar, kanskje, men ho har vore nøydd til å argumentere hardt for å få eigarane til å forstå at det beste er å avlive. Dyr skal ikkje pinast og haldast i live berre fordi vi menneske ikkje orkar å ta farvel, er hennar filosofi. Eller kanskje er det ein som er misnøgd over rekninga han eller ho har fått i posten? Det er mange som klagar på prisen. Men både medisinar og operasjonar av ymse slag er kostbare, dyrlegane kan jo ikkje drive med gratistenester meir enn andre fagfolk. Kanskje skulle folk ta personleg økonomi med i betraktninga når dei skaffar seg dyr, har ho ofte tenkt. Det kan vera den rare bonden på fjellgarden oppi Bøverdalen òg. Ola Tusshaug. Plassen ligg langt frå folk og har brattaste gardsvegen ho har køyrt nokon gong. Ola såg hatefullt på henne da ho la ut om korleis eit fjøs skulle vera for å oppfylle alle krav til akseptabel drift. Kvinnfolket som budde saman med han, helsa ikkje eingong, berre skulte mistenksamt på henne og såg ut som ho helst ville ha henne der ifrå. Bente skal opp dit att i morgon, dei har litt problem med eit par søyer som har vore på fjellbeite til nå. Ho snur og vender på brevet. Ser på dei få orda. DU SKAL FÅ SVI. Brevet verkar meir truande enn dei første. Mest på grunn av korset. Det er bruka for å skremme, mest 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 9

sannsynleg utan ein seriøs tanke bak. For det kan da ikkje vera nokon som verkeleg vil henne til livs? Men nokon har altså lagt brevet i postkassa hennar. Eigenhendig. Har teke seg bryet med å køyre hit opp og risikere å bli sett. Ho skal jammen spørje naboane i morgon. Jorid, som bur litt lenger oppi vegen, og Konrad, som bur bortanfor henne. Konrad, ja. Han òg er sinna på henne, kjem ho på. Han kom innom kontoret hennar i går, skjelte og smelte og nekta å betale for avliving av ei smellfeit, hjartesjuk tispe. Og Konrad kan lett nå postkassa hennar ved å tøye seg over sitt eige gjerde. Ho frys på ryggen ved tanken. Bente legg frå seg brevet. Går bort og sjekkar verandadøra. Den er ulåst. Er dregen heilt inntil, men open for kven som vil. Ho må bli meir nøye med å låse. Ho ser ut i den snart mørke septemberkvelden. Går ut på verandaen og set opp att ein stol som har velta. Ser mot ljosa i sentrum og den minkande trafikken nede på riksvegen. Ho var heldig som fekk leige dette huset. Det ligg på Øvergrenda med fin utsikt mot Bergom, bygdesenteret der alle butikkar og viktige offentlege kontor er samla. Ho angrar litt på at ho ikkje sa ja til å eta pizza og drikke øl med jentene. Dei hadde invitert henne med etter treninga. Ho skulle ønskje ho hadde einkvan å prate med. Nokon å ringje til, men kven skulle det vera? Mette er ute med dei andre jentene. Kanskje Jørgen Vold. Han er politi. Kan ho ringje og seia ho er trua? Nei, ho vil ikkje vera dramaqueen. Ho får heller vente 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 10

til han kjem til kontroll med hunden sin att. Han var svært nøgd med henne da ho sydde det djupe såret til boxeren hans sist veke, og dei fekk god kontakt. Dagen etter kom det ein flott bukett til kontoret. «Til Bente. Mange takk for hjelpa med Leopold», stod det på kortet som følgde med. Eit par timar etterpå ringde han og bad henne på kaffi. Dei hadde hatt det veldig hyggeleg, Jørgen Vold var verkeleg ein mann etter hennar smak. Bente veit inst inne kvifor ho skunda seg heim att frå aerobictreninga. Det var fordi Jørgen hadde sagt at han kanskje stakk innom i løpet av helga. Dersom det var ok for henne, og dersom han fekk tid. – Greitt for meg, det, hadde ho svara. Hadde prøvd å høyrast roleg og nesten uinteressert ut, men ho skulle ønskje han kom i kveld. Ho ser på klokka. Den er enno berre ni. Ho har vore litt saman med ein annan mann frå bygda. Da ho flytta inn, var han innom og fiksa eit par utette kraner og ei skåpdør som mangla eit hengsel. Like etter ringde han og bad henne på kino, og sidan har dei treft kvarandre ein gong iblant. Men det er eitt eller anna som skurrar mellom dei. Bente klarer ikkje setja fingeren på kva det er, men somme gonger gjer han henne utrygg. Han spør henne ut, ikkje av interesse, men for å kontrollere henne. Og fordi han er sjalu. På kollegaene, på dyreeigarane ho vitjar i jobbsamanheng. Nå har dei ikkje treft kvarandre på ei stund. Ho har funne på orsakingar når han har ringt, og sist gong sa ho rett ut at dei kanskje skulle avslutte forholdet. Ho har høyrt nyss om at han har noko på 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 11

gang med ei anna. Bente er letta, sjølv om ho var veldig forelska i han til å byrje med. Jørgen er nok eit betre kort. Ho må forte seg å dusje. Dersom Jørgen verkeleg stikk innom, kan ho bestille pizza frå Nordal. Under trappa nede i gangen har ho ståande to -pakningar med øl. Han bur ikkje langt unna, så han kjem sikkert gåande. Ho går inn på soverommet og kler av seg, legg treningstøyet i skittentøykorga, tek på seg ein kosedress og går inn på badet. Ho ser seg i spegelen. Ho er ikkje så verst, eigentleg. Krølla, mørkt hår, brune augo, frisk hudfarge. Ho smiler til seg sjølv. Tennene er kvite, men litt skakke. Ho opnar eine døra på badeskåpet for å finne seg eit nytt såpestykke. Det gamle som ligg på servanten, er det att berre eit lite flak av. Ho smett ut av kosedressen og skrur på dusjen. Da ringjer det iltert på dørklokka. Søren, da rekk ho ikkje dusje. Men det må ho. Ho luktar sveitte og fjøs etter ein lang arbeidsdag. Kanskje Jørgen kan ta seg ein øl medan han ventar. Ho skundar seg å ta på dressen att. Med det rennande, dampande dusjvatnet som akkompagnement går ho og låser opp døra.


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 12

  Jørgen Vold opnar hundeburet og løftar den brune boxeren ut av bilen. Han sender ein venleg tanke til den dyktige dyrlegen som fekk sydd saman det lange såret Leopold har under buken. Ein heilt vanleg luftetur i skogen veka før vart både vond og dramatisk da dei plutseleg møtte ei lausbikkje. Utan noko som helst forvarsel kasta hunden seg over Leopold. Han er ikkje så stram og sjølvsikker som før. Kryp saman for den minste ting, legg halen innunder magen og ser redd ut. Som om han ber om orsaking for at han er til. Den sinte hunden såg dei aldri att. Ikkje fann Jørgen ut kven som åtte han, heller. Ein turist, kanskje. I helga skal dei ta det med ro. Jørgen har fri frå arbeid og kan gjera akkurat det han vil. I morgon har han invitert kjærasten Tea ut på middag. Elles har han ikkje planlagt nokon ting. Han er ikkje uroa over såret til Leopold lenger, men er litt bekymra over den psykiske knekken han har fått. Leopold er berre ein unghund, det løner seg sikkert å få eit meir erfarent hundemenneske til å plukke av han angsten. Kanskje kan Bente Ruste gje han eit råd eller to i den samanhengen. Det verka som ho vart glad da han spurde om det var greitt å ta seg ein tur. Han hadde tenkt å gå 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 13

innom henne i løpet av kvelden, men slår det frå seg. Det byrjar å bli seint. Det var godt å prate med eit menneske som var like interessert i hund som han sjølv. Når det handlar om dressur, fôring og stell av Leopold, kan Jørgen prate i time etter time, og han blir aldri lei av å lesa om boxerar. Slikt er det stort sett berre boxereigarar som gidd. Ikkje Tea, i alle fall. Ho er ikkje glad i hundar. Han har hatt med seg Leopold heim til henne berre ein gong. Tea sat stiv som ein stokk medan dei var der. Jørgen smiler for seg sjølv. Av alle han kunne forelske seg i, vart det altså Tea Hovde. Truleg den raraste dama i heile Lom. Jørgen og Leopold har sprunge eit godt stykke. Dei er på veg gjennom industriområdet som ligg på Gjeisarøya, litt utanfor sentrum. Jørgen kikar opp i lia, mot Øvregrenda. Han er berre ti minutt unna huset til Bente Ruste. Kanskje han skal stikke innom ein tur likevel. – Eller kva seier du, Leopold? Leopold kikar på han der han spring ved fot, lograr litt med halen, seier seg samd med eigaren sin og er parat til å følgje med kvar som helst. Dei kryssar riksvegen og tek fatt på Øvregrendsvegen. Ein bil kjem i høg fart nedover, Jørgen må skunde seg og dra Leopold med seg ned i veggrøfta. At folk aldri lærer! Det er altfor mykje grisekøyring på vegane, og siste året har det vore ein auke i beslaglagde førarkort. Han rekk ikkje sjå registreringsnummeret før bilen forsvinn rundt ein sving, berre at det er ein eldre, kvit Volvo stasjonsvogn. Sikkert ein ungdom som nett har fått sin første køyredoning og skal tøffe seg med å trakke hardt på gasspedalen. 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 14

Andpusten spring Jørgen opp siste vegstubben og ringjer på utgangsdøra til Bente. Ingen kjem og låser opp. Han prøver ein gong til. Ingen reaksjon. Han kjem på at han har lagra telefonnummeret hennar, og tek opp mobilen. Det ringjer og ringjer, før han til slutt kjem til mobilsvar, som ber han leggje att ein beskjed etter pipetonen. Leopold pip og pistar utolmodig. Jørgen kjenner på døra. Den er ulåst. Han går inn i gangen, bankar på dørkarmen. – Bente! ropar han forsiktig. – Hallo! Det er Jørgen her! Det er heilt stille. Han går opp trappa til hovudetasjen, kikar inn i stua. Der er det ingen. – Bente? Er du her? Han nøler litt før han kikar inn på kjøkenet. Tomt der òg, og like ryddig som i stua. Ein liten gang til høgre for kjøkenet fører til det han trur må vera eit soverom. Han trykkjer dørklinka forsiktig ned og tittar inn. Ei dobbeltseng, ryddig og oppreidd. Eit nattbord ved hovudenden, med tre-fire bøker på. Ei skittentøykorg borti hjørnet. Det er ingenting anna der. Ikkje så mykje som ei klesfille på golvet. Han høyrer plutseleg noko. Vatn. Rennande vatn. Ho dusjar. Sjølvsagt! Det er derfor ho ikkje har høyrt han. Han går ned og slepper inn Leopold, går inn i stua og set seg. Tenkjer at han bør gå ut att, vente ei stund, ringje på døra og låst som ingenting, men lèt det vera. Han får berre seia det som det er. At døra var open, og at han gjekk inn ubeden. Det varer og det rekk. Lyden av vatnet tek ikkje slutt. 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 15

Jørgen ser på klokka. Eit kvarter. Han reiser seg, går ut i den vesle soveromsgangen. Baderomsdøra er ikkje lukka heilt inntil. Leopold pip litt bak han. Han ligg og ser på han frå det lodne teppet under salongbordet i stua. Det årvakne blikket ser nesten litt undrande ut, som om han er i villreie om kvifor dei har hamna her. – Bente? seier Jørgen mot den kvite døra. Ikkje noko svar. Med eitt er det noko illevarslande med den rennande lyden. Han nøler litt. Skal han vera så freidig at han kikar inn? Han må nesten det. Tenk om ho ligg hjelpelaus på golvet der inne. Han opnar forsiktig døra, såpass at han kan stikke hovudet inn og ta ein kikk. Det er ei skodde av damp i det vesle rommet. På golvet like innanfor døra står to tøflar. Eit stort, lilla badehandkle ligg over ein korgstol ved sida av vasken. Ei hylle med små krukker, tubar og kosmetikk er plassert under ein rund spegel. Spegelen har glinsande strimer av væte som renn nedover den blanke flata. Han tøyer seg inn og ser mot kroken der dusjen er. Det blåmønstra forhenget er fråtrekt. Dusjen er festa i det vesle stativet på stonga. Vatnet renn og renn. Det har runne så lenge at varmtvasstanken er tømd. Han kjenner eit kjølig drag frå det kalde vatnet. Jørgen ser på vatnet som sprutar, på dei ljosblå, flislagde veggane. Han kikar til og med bak døra. Rådvill blir han ståande i døropninga. Leopold har kome ut i gangen bak han, pistrar, er utolmodig etter å fortsetja den avbrotne turen. Jørgen kommanderer strengt «dekk» før han går inn på badet og slår av vatnet. 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 16

Han ser seg rundt. Nå er det etterforskaren i han som ser. Etter teikn på kva som kan ha skjedd, etter spor. Kva får eit menneske til å forsvinne frå ein rennande dusj? Han ser på tøflane på baderomsgolvet, på handkleet i stolen, tinga på hylla under spegelen. Éin ting manglar i det vesle rommet: Det er ikkje eit einaste klesplagg der, ikkje så mykje som ei badekåpe. Han går og kikar inn på soverommet att. Ryddig, stilig. Han går bort i hjørnet og lettar på lokket til skittentøykorga. Treningstøy øvst. Han tek det opp, det kjennest litt fuktig. Nyleg bruka. Jørgen set seg på sengekanten og prøver å samle tankane. Kan ho vera ein annan stad i huset? Han må sjå gjennom heile bustaden. Kanskje er ho i kjellaren, kanskje har ho måtta ut på dyrlegebesøk og rett og slett berre gløymt å slå av dusjen. Det kan finnast hundre grunnar til at huset er folketomt og dusjen var på. Han tek opp telefonen og ringjer nummeret til Bente enda ein gong. Det ringjer ein stad i huset. Han går etter lyden, mot stua. Og der ligg den og lyser. I vindaugskarmen, delvis bak ei blomepotte med ein lilla orkidé. Tre tapte anrop. To av dei er frå han sjølv. Han lèt telefonen liggje. Dette er ikkje politietterforsking, det er ufint å kike i telefonloggen hennar. Han byrjar på ein runde gjennom huset. Ser i alle tenkjelege og utenkjelege krikar og krokar. Opnar skuffar og skåp, ser bak gardiner, inni benkar, under trappa og uti det vesle kottet ved sida av inngangspartiet. Ingen ting. 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 17

Han går inn i stua og set seg i sofaen att. På bordet ligg aviser og brev, eit halvtømt vassglas står ved sida av. Jørgen blar distré gjennom posten. Det vanlege. Same avis og brosjyrar som han sjølv fekk i dag. To–tre brev. Ein lapp ligg oppå det kulørte dobbeltarket med reklame frå Rema. Han brettar den ut og les. DU SKAL FÅ SVI, står det med store bokstavar. Og bak orda eit svart kors, teikna med tusj. Kva i alle dagar … Med eitt kimar telefonen hans så han kvepp. Han tek den opp og ser på displayet. Det er kjærasten, Tea Hovde. Ho har ei eiga evne til å ringje når det ikkje passar, tenkjer han. Han har mest lyst til å la vera å svara, men nærast automatisk trykkjer han på svarknappen. – Eg må avlyse middagen i morgon, seier Tea på telefonen. – Det dukka opp noko her, og … vel, vi får ta det ein annan gong. – Har du sprunge? spør Jørgen. – Nei, korleis det? seier ho. Det er noko med stemma hennar òg. Den er litt for høg, som om ein ørliten fistel har snike seg inn mellom leppene hennar og lagt seg utanpå orda. Med eitt hugsar Jørgen korleis ho snakka som ungdom. Det er berre to år mellom dei, ho gjekk i niande da han gjekk i sjuande. Dei få gongene han høyrde henne seia noko, hadde røysta vore litt pipande. Somme hadde gjort narr av henne for det. Nå, som vaksen, har ho eigentleg ei behageleg, mjuk stemme. – Har det skjedd noko? spør han. – Nei, kvifor masar du om det? 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 18

– Eg masar da ikkje, det er berre det at du høyrest litt … – Høyr her, Jørgen, – eg har ikkje sprunge, og det har ikkje skjedd noko. Eg ville berre seia at eg ikkje kan eta middag med deg i morgon. Kan du ikkje slutte med å vera politimann heile tida? Du grev og spør som om … nei, gløym det. Vi snakkast etter helga, ok? – Ok, det har i grunnen dukka opp noko her òg, så det passar fint. Og Tea, eg meinte ikkje … Men ho har alt lagt på. Irritert legg han frå seg telefonen og ser på Leopold. – Tea er ikkje lett å bli klok på, Leo. Og når ho ikkje likar deg, så er det kanskje likså greitt. Vi burde sjå oss om etter ei som er glad i dyr, du og eg, trur du ikkje det? Han seier det i spøk, men medan han snakkar til dei kloke hundeaugo, kjenner han ein slags letnad over at middagen ikkje blir noko av. Jørgen stryk Leopold over den vanlegvis så blanke pelsen. Den er litt matt om dagen, sikkert på grunn av skadane han har. Leopold ser oppmerksamt på eigaren sin, halen sveiper att og fram. – Denne lappen, mumlar Jørgen. – Kva trur du den tyder, Leopold? Han går gjennom posten på bordet. Bente har snakka om at ho har rømt frå eit valdeleg ekteskap. At ho for første gong på mange år har det bra. Er det eksmannen som har leita henne opp? Sendt truande brev? Og har han vore her, i huset? Har Bente gøymt seg i all hast? Jørgen ser på Leopold. 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 19

– Nå tek vi ein runde rundt huset, seier han. – Og i garasjen. Kanskje har ho teke av stad med bil i hurten og sturten. Det er september, det metta mørkeret som er så typisk for haustmånadene, gjer at Jørgen må tenne den vesle lommelykta han alltid går med i lomma. Han opnar garasjen og kikar inn. Bilen står der. Det er ein blå Skoda stasjonsvogn. Han lyser inn i den med lykta. Ein sykkel står pent mot veggen til venstre. Elles ingenting. Alt er i orden, ryddig, kvardagsleg. Han går ut att, ser seg rundt på den vesle tomta. Lyser bak nokre busker, lettar på ein presenning som løyner ein vedstabel og ein grasklippar, kikar inn mellom nokre tre som sikkert høyrer nabotomta til, bøyer seg ned og ser under verandaen. Men nei. Bente er ikkje her. Det er ikkje anna å gjera enn å koma seg heim. Han får prøve å ringje henne seinare, for sikkerheits skuld. – Sannsynlegvis er Bente berre ute på dyrlegebesøk og har gløymt å slå av dusjen i farten, det er ikkje verre enn det, seier Jørgen til Leopold og går mot grinda. Han prøver å ignorere innvendingane som hoppar opp og ned i takt med dei joggande stega hans nedover Øvregrendsvegen: Dyrlegebesøk? Til fots? Utan utstyr? Stod ikkje dyrlegeveska hennar i framsetet på bilen?


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 20

  – Skulle ikkje dyrlegen koma i dag? Olga Krystova ser på Ola Tusshaug over bordet. Dei et formiddagsmat. Han svarar ikkje. Munnen tygg og tygg medan han ser på henne med likegyldig blikk. Ho reiser seg frå bordet i det gamaldagse kjøkenet. Går bort til fasttelefonen som Ola ikkje har fått somla seg til å seia opp abonnementet på. Ser på kalenderen som heng på veggen over. – Ho skulle ha vore her klokka , seier ho. – Det er den . september i dag, ikkje sant? Dyrlege Ruste klokka , står det her. – Hmh. Trudde det var i morgon, eg, seier han med munnen full av mat. Olga blir ståande borte ved telefonen. Leitar etter dei rette orda. Norsken hennar er ikkje heilt stø enno. – Kanskje du skulle ringje, seier ho. – I tilfelle dyrlegen har gløymt oss. Ola ser på henne. – Eg skal nok ringje. Ho får pent koma, dersom det er i dag vi har avtale. Han puttar i seg ein ny munnfull av maten. – Kvifor er du plutseleg så ivrig på at dyrlegen skal koma? seier han. 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 21

– Den eine søya treng hjelp fort. Ho har det veldig vondt. Men viss du ikkje tykkjer det er nødvendig, så … og for meg kan ho gjerne la vera å koma. Eg likar henne ikkje. – Nei, det har eg skjøna, seier Ola med munnen full av mat. – Sist ho var her, gjorde du ikkje så mykje som å helse på henne. Det var pinleg. Kva må ikkje folk tru, når du ikkje eingong seier god dag når dei kjem. Som om det kjem så mykje folk her, tenkjer Olga. Her, som det ikkje er grannar. Berre to gonger i løpet av sommaren har det vore bygdefolk innom hjå dei. Det er så langt til gards at ingen gidd å ta vegen utan å ha ærend. Eller kanskje hadde dei gjort det om Ola var meir gjestfri. Kjem det nokon ein sjeldan gong, møter han dei ute på dørhella. Han ber dei aldri inn. Somme gonger ser ho fiskarar som skal til tjerna innpå snaufjellet. Dei går berre forbi, følgjer stigen mellom Tusshaug og Bakkom, grannegarden som ikkje har vore i drift på meir enn femti år. Og i går såg ho ein jeger, det kjem sikkert til å fara fleire av dei nå som det er haust og jakttid. Men ingen stoppar. Ola skuler på henne. Drikk den siste slurken mjølk og tørkar seg rundt munnen. – Neste gong dyrlegen kjem, får du oppføre deg som folk, så dei ikkje trur eg har drege ein imbesil til gards, seier han og legg ei klype med snus under leppa. Olga overhøyrer han. Det er sagt utan energi, han er ikkje i kranglehjørnet. – Eg må ned til Lom, seier han. – På mølla ein tur. – Nå? Men du var jo der i går? 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 22

– Ikkje på mølla, nei. Kva dreiv han med i kjellaren etter han kom heim att i går kveld? Han var sein. Olga såg han køyre bilen inn i geitfjøset, som dei framleis kallar det som nå er garasje. Etterpå høyrde ho han romstere i det inste kjellarrommet, under stua. – Kan eg bli med nedover? seier ho forsiktig. – Eg hadde tenkt meg på bærskogen, men det rekk eg i ettermiddag. Eller i morgon. – Du har nå vel anna å gjera enn å gå i butikkar kvar skapte dag? Blikket hans hardnar. – Kvifor kom du forresten så seint heim att førre gongen du var nedover? seier han. Han kan spørja, men ikkje ho. Ho skulle ha kome han i forkjøpet. Om ho berre ikkje var så feig. – Eg var innom hjå Pearly nede i grenda. Det er så triveleg hjå henne, så vi vart sitjande lenger enn eg hadde tenkt. Men så seint var det nå ikkje. – Klokka var ti. Det kallar eg seint. Og kva dreiv du med før du kom inn? – Før eg kom inn? – Ja, det gjekk sikkert eit kvarter frå du parkerte bilen og til du kom inn døra her. – Eg var innom fjøset og såg til dyra. Det veit du da at eg alltid gjer. Ola reiser seg frå bordet. Tek den flate lua si og er på veg mot døra. – Men skal du ikkje ringje dyrlegen? seier Olga mot den breie ryggen hans. – Ho burde ha vore her for lenge 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 23

sidan. Og vi kan ikkje la søya liggje og ha det vondt lenger. Foten er skikkeleg hoven. Med det same ringjer telefonen. Ola snur seg, går attende, løftar av røyret. Olga ser på han medan han taus lyder til personen i den andre enden. – Tusen takk, seier han til slutt. – Da ventar eg at ein annan stikk innom i ettermiddag. Han legg på røyret. – Når ein snakkar om sola. Olga ser uforståande på han. Alle desse ordtaka han slår om seg med, ho skjønar dei ikkje. – Det kjem dyrlege i ettermiddag, seier han. – Ikkje Ruste, men ein annan. Ruste er sjuk. – Sjuk? – Ja, han sa så, han som ringde. Skulle ikkje du på bærskogen? Skal du ha tyttebær, må du plukke dei nå, før frosten kjem. Han forsvinn ut døra før ho får sukk for seg. Olga ryddar av bordet. Ventar på lyden av bilen som startar ute i tunet. Berre dei stundene ho er åleine, slappar ho heilt av. Ho kjenner seg framleis som ein framand, etter fire månader på Tusshaug. Lyden kjem ikkje. Men ein annan lyd. Kva er det han driv med? Olga ser ut gjennom stuevindauga. Som vanleg kjenner ho seg litt svimmel når blikket tek inn den fantastiske utsikta. Bakkane ligg som tjukke, kuvne magar nedover bratta. Bygda ligg djupt, djupt nede. Dei bur på toppen av verda, ho og Ola. Garden ligg i så bratt 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 24

lende at husa er bygde på rekkje oppå ein lang mur. Ikkje som på gardane nede i dalbotnen, som har romslege tun. Som eit kraftig augnebryn mot ein diger skalle av snaufjell ligg Tusshaug, og innanfor husa er det berre plass nok til ein gangstig på ei meterbrei stripe med gras. Her oppe frå ser elvene Visa og Bøvra ut som to ujamne trådar som møtest midt i dalbotnen. Gardane er som små prikkar, liksom tilfeldig plasserte på dei haustbleike firkantane av åker og eng. Olga Krystova kjem aldri til å venne seg til det. Å vera så høgt oppe, og så avsides. Ho er oppvaksen utanfor Volgograd, i ein fattig landsby der eit kyrkjespir og eit gamalt vasstårn var det einaste som stengde for utsynet, og der husa stod tett i tett. Her på Tusshaug tek det nesten ein time med bil å koma seg til butikken, og vegen ned til bygda er så bratt og humpete at ho enno ikkje har vent seg heilt til å køyre den på eiga hand. Ho kom i mai, etter lang tids utveksling av mailar og bilde med Ola på internett. Dei hadde skrive engelsk, båe to. Han litt meir korrekt enn henne, og somme gonger hadde ho fått att mailar med rettingar av det ho sjølv hadde skrive. Engelsk var eit nytt fag da ho gjekk folkeskulen heime i Russland på nittitalet, og det hadde vore så som så med lærarkrefter i faget. Ingen ting i Norge har svara til forventningane. Garden er mykje mindre og meir tungvint enn ho trudde, og at den ligg heilt utanfor allfarveg, nemnde ikkje Ola med eit ord. Han er heilt annleis enn han sa han var, og alle dei 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 25

fine tinga han innbilte henne skulle skje, var berre vakre ord han sikkert hadde henta frå dårlege filmar eller bøker. Den versjonen av Ola Tusshaug som henta henne på Gardermoen, var tausare, gjerrigare, meir uvenleg enn den som skreiv mailar til henne. Og sintare. For den minste ting kan han flyge opp i eit veldig raseri. Ho blir nervøs av det, alltid på tå hev og nesten handlingslamma fordi ho er redd for å gjera noko han ikkje likar. Så blir det gale òg, sjølvsagt. Ikkje kan ho laga mat, seier han, ikkje kan ho stelle krøtter, og ikkje er ho noko å ha i senga heller. Da er det rart du vil liggje med meg kvar einaste kveld, hadde ho stotra på den ufullkomne engelsken sin. Da slo han henne. Det er tre månader sidan. Han har slått henne eit par gonger til. Ho går alltid med ein liten angst i bringa. Men ho skal halde ut. Til ho finn ein utveg til noko anna. Heldigvis byrjar ho å få taket på språket. Dialekta dei snakkar her i dalen. Ola er flink til å lære bort, det skal han ha. Det finst stader ho ikkje får gå. Avlåste rom. Slik som kjellaren. Berre det vesle, kalde rommet rett under golvlemmen på kjøkenet, der dei oppbevarer hermetikk og posemat, kan ho bruke. Elles er kjellardørene stengde, både den utvendige og den innvendige ute i gangen. Ho anar ikkje kvifor. Somme gonger kan ho høyre han romstere der nede med eitt eller anna. Slik som i går kveld, da han kom att frå turen til sentrum. Og i dag tidleg innbilte ho seg at ho høyrde skrapelydar der nede frå, sjølv om Ola var ute på jordet. Det skremde nesten vettet av henne, heilt til ho såg katten koma ut 


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 26

den vesle opninga i steinmuren med ei mus i munnen. Muren har små lufteopningar, laga for at kjellarane skal halde seg tørre. Ein gong i sommar gløymde Ola å låse døra i gangen etter seg da han gjekk ned kjellartrappa. Ho sneik seg stille etter han. Kunne høyre lyden av stega hans mot steingolvet, dei forsvann lenger og lenger innover. Ho høyrde at han låste opp ei dør, og at døra slo i og det vart stille. Ho hadde berre våga seg til å kike inn i det første rommet. Det var eit rom med ljosrøyr i taket. Masse reiskap i ryddige rekkjer på veggen. Knivar, små sager, ei øks, to vassbaljer som hekk på kvar sin krok. Spikar og skruar, hammar og tong. Ein sekk med salt på eit kraftig bord midt på golvet. To svære fryseboksar langsmed veggen. Ho kika ned i den eine. Heilt tom. Avslått. Den andre var låst med ein hengjelås. Lampene lyste, og motoren dura og gjekk. Kanskje det var der han gøymde viltet han tjuvjakta, dei morgonane han stod opp i otta og kom heim att ved høgstdag med hjort eller rådyr over aksla. Ho såg aldri noko til det kjøtet. Og ho spurde ikkje. Da ho høyrde Ola nærme seg, skunda ho seg opp i kjøkenet. Ho hadde ikkje vore der nede sidan. Nå driv han med eitt eller anna att. Det høyrest ut som han er like utanfor veggen, på nedsida av huset. Ho legg ansiktet heilt inntil vindauga, snur det til sida, kikar nedover langsmed ruta, kjenner lukta av nypussa glas, prøver å nå den utvendige kjellarinngangen med blikket. Ho ser ikkje Ola. Han må halde på inne i sjølve kjel


Død manns kiste ferdig_A 23.01.15 13:26 Side 27

laren. Lyden er rytmisk, som om han sliper på noko. Eller sagar på eitt eller anna hardt. Men ikkje metall. Noko anna hardt. Ho opnar glaset og tøyer seg ut. Ola er ikkje å sjå. Den gniksande, skarpe lyden kjem ut gjennom kjellardøra og opp langs veggen til henne. Saman med den kjem ein eim som får kvalmen til å stige som ei bølgje gjennom kroppen hennar. Det er den stramme, varme lukta av avsaga bein og ferskt blod.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.