LESELAND: Birk og Barcelona-gjengen

Page 1


birk-og-barcelona-9788252188738.indd 1

09.07.15 09:02


Birk og Barcelonagjengen Av At le Berge Illustrert av Henning Lysta d

Samlaget oslo 2015

birk-og-barcelona-9788252188738.indd 3

09.07.15 09:02


birk-og-barcelona-9788252188738.indd 4

09.07.15 09:02


Birk sparkar ballen framfor seg gjennom dei tomme gatene. Barcelona-drakta klistrar seg til kroppen. Det er juli og ekstremt varmt. Det er nok derfor byen er tom. Alle andre er p책 stranda, et is og speler fotball med badeball. Birk har nettopp flytta til landet med foreldra sine. Han kjenner ingen her.

5

birk-og-barcelona-9788252188738.indd 5

09.07.15 09:02


Når Birk har eit problem, spør han Messi om hjelp. Messi speler spiss på Barcelona. Han er den beste fotballspelaren i verda. «Kjære Messi», kviskrar Birk. «Eg skulle ønskje eg hadde nokon å spele fotball med.» Med det same høyrer han ein lyd. Han stoppar opp og lyttar. Nokon pakkar ein ball!

6

birk-og-barcelona-9788252188738.indd 6

09.07.15 09:02


Birk joggar etter lyden. Han får raskt auge på ballbingen. Hjartet går bananas. Alle der inne er omtrent like gamle som han! Alle seks har Barcelona-drakt! Han står rett utanfor inngangen, klemmer ballen inntil brystet. Gutane stoppar å spele. Birk dreg i den klamme Messi-drakta. «Kan eg vere med?»

7

birk-og-barcelona-9788252188738.indd 7

09.07.15 09:02


«Er du god?» spør ein av dei. Birk veit ikkje kva han skal svare. Han klarte seg bra på Island, men kanskje er dei mykje betre til å spele fotball her? Guten seier han heiter Leo. Han spør kor mange triksingar Birk klarer. «Så mange eg vil», svarer han. Det er løgn. Beina dirrar. Rekorden er 29. «Vis oss, da!»

8

birk-og-barcelona-9788252188738.indd 8

09.07.15 09:02


Birk triksar. Han klarer fire med føtene, to med knea. Så mistar han ballen. Eine lissa på skoen heng og sleng. Han bøyer seg ned for å knyte, men det går sakte. Hendene er stive av skrekk. Han liker ikkje å trikse. Birk er best med ballen langs bakken. Kjære Messi, tenkjer han og reiser seg. Dette må eg få til!

9

birk-og-barcelona-9788252188738.indd 9

09.07.15 09:02


Denne gongen startar han med to på den høgre foten, så to på den venstre. Han sparkar ballen høgt opp i lufta og tek imot med panna. 10, 11, 12, 13 … 28, 29, 30 … Ny rekord! Leo grip ballen i lufta. «Det er greitt», seier han. «Eg måtte berre sjekke at du har litt kontroll.»

10

birk-og-barcelona-9788252188738.indd 10

09.07.15 09:02


11

birk-og-barcelona-9788252188738.indd 11

09.07.15 09:02


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.