Billie

Page 1


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 1

1


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 3

Anna Gavalda

BILLIE Roman Fr책 fransk ved Tove Bakke

Samlaget Oslo 2014

3


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 4

Originaltittel: Billie © Le Dilettante, Paris 2013 © norsk utgåve: Det Norske Samlaget 2014 omslag: Terese Moe Leiner førtrykk: Samlaget skrift: Adobe Garamond 11,5/13,5 trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden

Utdrag frå Alfred de Mussets Man spøker ikke med kjærligheten er lånt frå Kjell Helgheims omsetjing til norsk (Solum forlag 2011)

4


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 5

Til dei ikkje-synlege


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 6


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 7

✩ Vi såg rasande på kvarandre. Han fordi han meinte alt var mi skyld, så klart, og eg fordi han ikkje behøvde sjå på meg på den måten for det. Eg har gjort mange dumme ting sidan vi møttest, men gjett om eg har fått høyre det, og gjett om han har hatt det moro takk vere meg, og da var det stygt gjort å klandre meg den eine gongen det kom til å gå skikkeleg gale … Kunne vel faen ikkje eg vite? Eg gret. – Ja vel? Så du angrar? mumla han og lukka augene. – Nei … Kor dum kan eg … Angre du, som … Han var altfor utmatta til å fullføre setninga og sinnet sitt. Og korfor skulle han. Det der kom vi jo alltid til å vere einige om. Meg og anger, eg veit ikkje korleis ein skriv det i fleirtal eingong … Vi låg i botnen av ei fjellkløft eller noko anna geografisk særdeles irriterande. Ei slags … rivne i Cevennane Nasjonalpark der det ikkje var mobildekning, ikkje ei sauerompe i sikte, enda mindre ei gjetarrompe, og ingen kom til å finne oss nokon gong. Eg hadde ein knust arm, 7


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 8

men som eg framleis kunne røre på, mens han tydelegvis var i tusen bitar. Eg har alltid visst at han var tapper, men der må eg seie han gav meg noko å strekke meg etter. Enda ein gong … Han låg på ryggen. Først prøvde eg å lage pute til han av fjellstøvlane mine, men han svima omtrent av berre eg løfta på hovudet hans, så eg sleppte det tvert og tok ikkje i det meir. Einaste gongen han flippa ut òg, trudde det var gått hòl på ryggmergen, og berre tanken på å skulle vere som han i «De urørlige» sette han i sånn panikk at han heldt på i timevis med at enten gjekk eg og lét han ligge att i dette hòlet, eller så gjorde eg ende på han. Men altså, eg hadde ingenting for hand å få han forsvarleg i hel med, så da leikte vi dokter i staden. Dessverre var vi for gamle da vi vart kjende til å leike dokter i smug, men i så fall hadde ikkje vi vore sånne som sat att på venterommet og kopte … Eg sa det til han, det muntra han opp, faktisk, og flaks for meg, for enten helvete var her eller i eit anna liv, var smil alt eg ville gidde ta med meg: særleg små dødfødde smil som må halast fram slik som hans, da. Resten kan ærleg talt bli ståande på oppbevaringa, for alt eg bryr meg … Eg kleip han overalt og hardare og hardare. Og fryda meg kvar gong han ynka seg. For det viste jo at hjernen hans var påkopla, sant, og at eg slapp å skubbe rullestolen 8


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 9

heilt til Sankt Peter overtok. Men viss ikkje var eg klar til å slå inn skallen på han. Var trass alt glad i han. – Ja men dette går bra … Sånn som du ligg og kvin, er ikkje det eit godt teikn, da? Det eg trur, er at du har knekt hoftebeinet eller bekkenet. Iallfall noko der omkring … – Mhmmm …? Han såg ikkje heilt overtydd ut. Du merka på han at det var noko som gnog han. Du merka at eg var totalt utruverdig utan kvit kittel og det dingsoskopet dei har om halsen. Han låg og såg opp i himmelen med rynka panne og var på sitt aller mest kvinsure. Det uttrykket kjende eg – kjende forresten alle uttrykka hans – og innsåg at her var det meir som måtte lirkast fram. Lirkast opp, er vel rettare sagt … – Neeeei Francky, nei vettu ka … eg høyrde syner … du meinte ikkje eg skulle ta og føle på den òg, liksom? –… – Meinte’ru? Eg såg godt at han kjempa av all si kraft for å halde dødsmaska, men mitt problem, sant, var ikkje kva som sømde seg eller ikkje, absolutt ikkje. Meir kva som var effektivt. I alvorets time. Eg kunne ikkje ta risken på at han daua for meg heller, berre fordi eg ikkje var i hans spor … – Oi … Ikkje viljen det står på, sant? Men eh, du er … Eg minte meg om Jack Lemmon i draktkjole i Noen 9


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 10

har det hett, sluttscenen. Akkurat som han begynte eg òg å gå tom for argument, så her var det berre å få fram gønnaren og fyre av det siste og mest endelege og få slutt på køddet hans ein gong for alle: – Franck, eg er jente … Og svaret hans, da … Altså, viss eg stod framfor ei forsamling og skulle djupanalysere emnet Vennskap, type grafisk tverrsnitt, lysark, flaskevatn på bordet og you name it, og forklare kor vennskapen kom ifrå, kva han består av, og korleis ein skal unngå piratkopiar i framtida, er det her eg ber teknikaren fryse bildet og rettar peikestokken nettopp mot den svarreplikken. Tre små ord, tre dødsmuntre og dødsens redde ord dytta ut gjennom ein jævla dårleg kopi av eit smil, av eit menneske som ikkje eingong visste om han kom til å leve eller krepere eller få forlengt lidinga på ubestemt tid, sant, men som same kva, same kva, aldri meir skulle få knulle: – Well … Nobody’s perfect … Ja, for ein gongs skyld ville eg hatt den sjøltilliten, og så får det berre vere med dei som ikkje har sett filmen eller ikkje skjønte bæret og ergo aldri vil klare å skilje ein ekte venn frå ein simpel imitasjon, dei kan eg ikkje hjelpe. Men der og da, fordi det var han, fordi det var meg, og fordi vi framleis, sjøl i ei så drital stund, klarte å drive luftakrobatikk saman og slå saltomortalar og gripe tak i den andre høgt oppe, så skreva eg over han for å legge den gode armen på lysken hans. Og la det stå til. 10


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 11

Var borti han så vidt det var. – Greitt, brumma han etter ei stund, – eg seier ikkje at du skal køyre full rulle, dama … Berre ta litt på han og ferdig med det. – Eg torer ikkje … Han sukka djupt. Eg skjønte godt han var oppgitt. Vi som hadde vore gjennom dei mest pinlege situasjonar i lag og der eg ikkje hadde vist meg frå solsida, for å seie det sånn, pluss dei tusen og ei godnatthistoriene eg hadde fylt øyregangane hans med, den eine meir saftig og vill og hard core enn den andre – nei, eg hadde fint lite kred her eg sat … Fint lite? Ingen i heile tatt! Null! Det var ikkje jåleri … Eg berre vågde ikkje. Ein veit aldri kor den grensa kan finne på å gøyme seg. Eg sat og heldt handa litt over han, og plutseleg gjekk det opp for meg at det var ein heil verden mellom sexpreiket mitt og hans pikk. Eg kunne dratt kvar einaste ein, om det måtte til, berre ikkje hans, nei ikkje hans, og det var ei moralpreike eg gav meg heilt sjøl, for ein gongs skyld. Eg har alltid visst at eg elska Franck høgt, men aldri fått sjansen til å teste ut kor høgt eg respekterte han, og svaret fekk eg no: nokre millimeter … Nokre bitte små millimeter, mens blygheita mi ingen ende hadde. Blygheita mellom oss. At eg skulle la meg hindre av sånt «sjenert jentunge»piss særleg lenge, er det vel ingen som trur, men så lenge det stod på, var iallfall eg den mest forundra av oss. Seriøst, 11


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 12

at eg skulle vere så fintfølande. Pinleg, omtrent å vere jomfru igjen! Her var det jul igjen. Okei. Nok snakka. Til saka. Handa i elden, unge møy … For å avspenne han starta eg litt piano med å la fingrane tuppetrippe rundt navlen på han mens eg nynna «bæ, bæ lille lam, dill med rompa så godt du kan», men det avspende han ikkje noko særleg. Så eg la meg ved sida av han, og lét att augene, og la leppene mine tett inntil røyret … æh … øyret hans, og konsa skikkeleg, og så gav eg meg til å kviskre så lågt, så lågt, nei lågare enn det – komplett levert med små spyttbobler som eksploderte i øyret på han pluss ei sjukt irriterande småkvining – kviskre det eg innbilte meg var best of eller verst of hans mest hengelåssikra fantasiar mens eg drog ein nagl distré, dovent, umotivert og, okei, eg seier det da, oppkåtande rundt den U-en som vart av saumen på gylfen hans. Håra i øyrene på han drog seg inn i hårsekken sin i rein skrekk, og mi ære var sikra. Han banna. Han smilte. Han skratta. Han sa dumming. Han sa kutt ut. Han sa du er heilt dust. Han sa det greier seg no. Han sa høyrde du kva eg sa, så kutt ut, da! Han sa eg avskyr deg og han sa du er det beste eg veit. Men alt det her var for lenge sidan. Mens han enno hadde krefter nok til å avslutte ei setning og eg ikkje tenkte at eg nokon gong skulle komme til å gråte når eg var med han. No fall natta på, eg var kald og svolten, eg daua etter 12


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 13

noko å drikke og var samanbrotet nær fordi eg ikkje tolte at han leid. Og hadde eg vore eit menneske med litt ære, avslutta eg setningane mine sjøl, og la til «alt var min feil». Men eg eig ikkje ære. Eg sat ved sida av han med ryggen mot ein stein og visna sakte vekk. Sat og plukka meg for alt eg angra på, blad for blad. Med eit krafttak eg aldri vil kunne førestille meg, fekk han armen ut frå kroppen, og handa hans kom og rørte kneet mitt. Eg la mi hand oppå hans, og det vart eg enda meir utslått av. Han behøvde vel ikkje sikte seg inn på mine svakaste punkt, den vesle åtselgribben. Illojalt var det. Etter ei stund spurde eg: – Ka er den lyden? –… – Er det ein ulv, trur du? Tru’ru det er ulv her? Og da han ikkje svarte, hylte eg ut: – Svar da, for faen! Snakk til meg! Sei ja, sei nei, sei faen ta deg, men ikkje la meg vere heilt aleine … Ikkje no … Eg ber deg, ver så snill … Det var ikkje han eg snakka til, var til meg sjøl. Til dumskapen min. Til skamma mi. Til den totale mangelen på fantasi i meg. Han ville aldri forlate meg med vilje, han, og at han berre låg der utan å svare, var jo fordi han var bevisstlaus.


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 14

✩ For første gong på lang tid såg ikkje ansiktet hans ut som ein anklage, og tanken på at han kanskje ikkje hadde det så vondt, sette nytt mot i meg: På ein eller annan måte skulle eg få oss ut ifrå her, eg måtte jo det. Vi hadde ikkje komme heile denne vegen, så jævla til fots, for å leike Into the Wild, liksom, på botnen av eit hòl nedi pokkerivald Lozère. Nei faen, lite pinleg dét hadde vore … Eg tok og brukte hovudet. For det første var det ikkje ulv, men fugleskrik. Ugler eller noko. Og ein dør ikkje av nokon knekte knoklar. Han hadde ikkje feber, mista ikkje blod, at han hadde vondt her og der, okei, men han var ikkje i fare. Det beste eg kunne gjere akkurat no, var å sove meg til krefter, og i morgon, i morgon grytidleg, når det jævla dritlandskapet kom veltande på igjen, skulle eg vekk. Herifrå. Eg skulle gå gjennom den bedritne skogen og over det bedritne fjellet og her, i denne smale dalravinen skulle eg få eit jævla ’kopter med fullt utsprungen rotor til å dale ned, skulle eg. 14


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 15

Så sant som det var sagt. Eg skulle få ræva i gir og, som den lyrikaren eg er, få det til å svinge i kvart einaste hi. I Caussefjella. For fottur i familieflokk og jodeli og jodelei, og ein gjeng staurdumme pakkesel og overstressa kløvasen attåt, fuckings nei, det var to minutt og takk for seg. Unnskyld meg, folkens, men vi får litt fnatt av den der Andesfjellräventrenden. Høyre’ru, beibi? Høyrde du ka eg sa? Eg lover, eg lover ved ditt liv at så lenge det er liv i meg, skal ikkje du gå noko heden i noko utkantdalstrok. Over mitt lik. Eg la meg ned att, eg murra, eg reiste meg opp att og sopte brisken og fekk vekk småsteinen som sat som hagl i ryggen på meg, og så la eg meg tett inntil han, i sistekvile-positur. Eg fekk ikkje til å sovne … Dei små dvergane som budde inni hjernen min, hadde tatt for mykje syrespeed … Det var bretonsk sekkepipefestival oppi der remiksa i technobeats. Skire helvetet. Det var sånt leven i hovudet mitt at eg ikkje eingong høyrde kva eg tenkte lenger, og same kor tett eg klengde meg innpå han og prøvde å halde rundt meg sjølv med éin arm, så fraus eg like forbanna. Eg fraus forderva, DJ Grumpy tok rotta på dei tre små nevrona med heltemot eg hadde igjen, og dermed 15


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 16

tok nokre små rotteungar av nokon tårer – dei der små og smidige, sant – sjansen til å smyge seg fram. Faen òg. No hadde eg mista grepet heilt. For å føyse dei små snikane inn att rykte eg hovudet bakover og … Og da … Ååååhh … Hakeslepp. Det var ikkje av stjernene, mest, dei hadde vi sett tusentals av på denne utmarsjen, det var koreografien deira. Klikk! Dei slo seg Pling! på etter tur, rytmisk. Det ante eg ikkje Ding! var muleg eingong … Dei tindra så utruleg at det nesten var mistenkjeleg. Som om dei var LED-lamper eller så nye at dei vart pakka ut der og da. Eller at nokon trakka på dimmaren. Det var aldeles … strålande … Plutseleg var eg ikkje aleine lenger og eg snudde meg mot Franck for å tørke nasen på skuldra hans. Hallo! Litt respekt her, sosialtilfelle, ein sit ikkje og snørrar når Gud Fader låner ut discokula si … Er det springflod og fjøre i galaksane slik som i storhava, eller var det berre for meg? Ein megatommelen opp frå Mjølkevegen? Ein gigarave av små feer som dryssa gullstøv en masse på hovudet mitt så eg fekk lada batteria? Det myldra fram stjerner på alle kantar og kjendest ut som dei varma opp natta. Kjendest ut som eg sola meg i mørke. At verden hadde snudd seg opp ned. Og at eg ikkje låg på avgrunnens botn og gnura på min elendige lagnad, men på ein scene, rett og slett. 16


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 17

Ja, for enda eg låg heilt her nede og vrei meg, flat som ei padde (er padder flate? Pannekake, da? Uansett, låg langflat, iallfall), så var eg høgt, høgt oppe, liksom, på topputsiktsplassen! Eg var i ein enorm konsertsal, ein konsertsal for open himmel frå ein ende av jordkloden til den andre, og det var midt i den dødsfine songen, og alle lighterane, og alle storskjermane og alle dei tusentals magiske vokslysa som englane heldt mot meg, og – da måtte eg vise meg verdig til det. Kunne ikkje ligge her og gråte over min eigen lagnad midt i det her! Å, eg skulle så ønskt at Francky òg kunne opplevd det … Ikkje fordi han heller kunne peikt ut den store eller den vesle Karlsvogna, men han hadde vorte overlykkeleg av å sjå så mykje vakkert … Overlykkeleg og over seg … For han var kunstnaren av oss. Det var takk vere den fine, kunstnariske sansen hans vi hadde lykkast i å komme oss vekk frå våre respektive møkkadungar, og det var for han verdensrommet hadde tatt fram lamésmokingen. For å takke han. For å gjere ære på han. For å seie til han: Deg, småen, kjenner vi, veit du … Visst kjenner vi deg … Vi har følgt med på deg ei tid no og notert oss at du er besett av alt som er vakkert … Det er sant å seie det livet ditt har dreia seg om, å søkje det vakre, tene det og skape det på ny. Og derfor … Sjå … Her har du litt for strevet … Spegl deg i glansen … I kveld får du endeleg som fortent, og med renter … Den venninna di, derimot, er av vulgæraste sort, må seiast, 17


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 18

spyttar kor som helst og bannar som ei gammal gatetøs. Ein må lure på kven som har sleppt ho inn her … Men du, derimot … Du er ein av familien … Kom, son … Kom og dans med oss … Eg sat og snakka høgt … I all beskjedenheit og for ein gut som ikkje høyrde eit ord, hadde eg faktisk sete og snakka på vegner av universet! Det var drygt, men litt søtt òg … Det seier litt om kor høgt eg elska han, da … Æh … berre ein ting til, Mister Universum … (og idet eg sa det, var det James Brown eg såg for meg), nei eigentleg to ting … Primo, du lar vennen mi vere her han er … Berre å droppe å kalle han opp der meir, han kjem ikkje. Sjøl om han skjemmest over meg, vil han aldri vende meg ryggen. Sånn er det berre og det kan ikkje eingong du gjere noko med, og, segundo, så unnskyldar eg meg for at eg snakkar så udanna. Det er sant at eg er svær i kjeften, men viss eg lagar svimerke i øyrene på deg så e’kje det for å vere frekk, det er det at eg blir så forbanna fordi eg ikkje finn dei rette orda fort nok. It’s a man’s world, you know … I feel good, svarte han.

* Eg sat og såg på alle dei stjernene og leitte etter vår. For vi hadde ei, det var brennsikkert. Ikkje ei kvar, 18


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 19

dessverre, men ei på deling. Ei lita vakestjerne som delte hus med oss. Ja, ei god lita stjerneskinslampe som hadde funne oss den dagen vi møttest, og som i gode år og vonde hadde gjort ein god jobb til denne dag. Okei, dei siste par timane hadde ho vore litt i skoddeheimen, men no såg alt lysare ut. Ho dreiv og dolla seg opp, den jålebøtta … Tømde heile boksen med glitterspray frå Sephorus. Og ka så? Det var jo stjerna vår! Skulle ho stå igjen heime og halde stearinlyset for Æva mens alle venninnene stakk på fyrverkeri! Eg leitte etter ho. Eg såg frå stjerne til stjerne for å finne ho, var noko eg måtte snakke med ho om … Minne ho om … Eg måtte finne ho og få ho overtalt til å hjelpe oss enn gong til. Sjøl om vi … Sjøl om eg, absolutt mest meg … Ja. Sia alt var mi skyld, var det meg som måtte ta tak i taggen hennar og reaktivere hotlinen. Dei andre stjernene var òg fine, men eg gav f…, unnskyld, blaffen i dei, for ho …. Berre eg fekk rebriefa vår stjerne av heile mitt hjarte, kom ho garantert til å sjå lyst på oss ein gong til.


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 20

✩ Eg trur eg hadde ho. Eg trur det var den, langt, langt der borte … Ho som sat på tuppen av fingeren min og var milliardar lysår unna … Så ørlita, så knøttlita, så minimini-Swarovski og lite grann skeiv. Lite grann bortafor resten av flokken … Jo da, det var den. XXS, ho som stod for seg sjøl og var mistenksam, men som gav alt ho hadde. Som glitra av alle krefter. Som var kjempeglad for å få vere med, som elska å synge og kunne alle tekstane. Som køyrde full pakke glitter og groove i mørket … Som var den siste som slokna og den første oppe. Som var ute kvar kveld. Som hadde festa i tusen milliardar år og heldt seg strålande. Sant eg ikkje tok feil? Sant at det var deg? Ikkje sant, frøken Stjernelill, meinte eg? 20


Billie ferdig_A 20.06.14 11.16 Side 21

Unnskyld, frøken … Kunne vi tatt ein liten prat? Så eg fekk fortalt kven Franck og eg er igjen, så det kunne gå an å bli glad i oss igjen? Eg tok togna for eit oppgitt sukk, som i Å, eg blir heilt matt av dykk, loosers – men, men, de hadde flaks no, det er litt slow i kveld, og eg har ikkje type. Set i gang, eg lyttar. Men pitch storyen din litt kjapt, eg sat og knaska på Milky Way-en min. Eg fann handa til Franck, klemde til det eg kunne og sat litt og ordna på oss. Ja, gjorde oss fine og reine og blankpussa og vasskjemde, så vi kunne vere på vårt aller beste, før eg skaut oss rett til vêrs. Som Buzz Lightyear. Mot endeløysa og lenger enda …


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.