Tre vegar til havet

Page 1



Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 1


Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 2

  Bilde av menn. Dikt.  Eit anna eple. Roman.  På visse tider av døgnet. Dikt.  Tur og orden. Roman.  Tvillingfeber. Roman. ,  Landfastlykke. Roman. ,  Alt som er. Roman. ,  Mitt milde vesen. Roman. ,  Litterær salong. Essay. ,  Adam Hiorths veg. Roman.  Sju dagar i august. Roman. ,  Brit Bildøen er også omsetjar og forfattar av barnebøker.


Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 3

Brit Bildøen

Tre vegar til havet Roman

Samlaget Oslo 



Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 5

. . .

Guard your humanity Sarah Bakewell, How to live or A life of Montaigne


Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 6


Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 7

.  Breva knitrar. Det er det dei gjer. Bunken med brev som ligg på kommoden lagar ei knitrande spenning i huset. Olov sa ingenting da han kom med dei, berre rekte meg dei og trampa inn utan å høyre om det passa. Gode Olov. Han stikk av og til innom, sjølv om han veit at eg ikkje likar å ha besøk. Han må også vite at eg ikkje har lyst til å lese brev som eg skreiv til han for fleire år sidan. Eg har vore fullstendig klar på det. Eg vil ikkje tenke på det som har vore. Likevel ligg denne bunken med brev her. Kvite, rektangulære konvoluttar. Olov har knytt eit grønt silkeband rundt. Sløyfa er flatklemd, som om breva har lege i press. Det betyr kanskje at han ikkje har lese dei på ny før han kom med dei. Det er eg glad for. Kva kan eg ha skrive til han på den tida? Veker og månader som er som eit svart hol i minnet. Ei tid da eg var ei anna, ei slettare utgåve av meg sjølv. Breva ligg der når eg grytidleg om morgonen går til fuglestasjonen. Knitringa slepper ikkje taket før eg har komme meg opp den første slake bakken og luktene treffer meg frå alle kantar. Draget frå havet, somme tider som fuktige daskar i ansiktet, andre gonger berre som ein mild, salt pust. Den rå eimen som stig opp frå jorda, dei vassjuke markene. Ein nesten metallisk stank 


Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 8

no så tidleg på våren. Så dei mildare luktene i det vesle furuholtet som eg må gjennom før eg kan slå inn på stien som går langs stranda. Når det ikkje har regna på ei stund, kan eg gå over markene, rett ned til sjøen. Synet av ei vipe, helst eit vipepar, er teiknet på at det blir ein god dag. Vipene har ikkje klart å få fram ungar på to år. Berre det blir varmare snart! Isa spring alltid framfor meg. Ho tar ikkje så mange avstikkarar som før, men snuten er konstant nede i bakken. Som eg kjenner ho kvar stein, kvar tue, kvart tre. Men det verkar som ho stadig finn nye meldingar, adresserte til henne. Der ho brukar nasen, prøver eg å bruke auga. Eg fangar raskt opp den minste rørsle. Når ein først har begynt å legge merke til fuglar, er dei overalt. Steinskvetten som jaktar på edderkoppar nede i fjøra er lett å få auge på, men i det tidlegare livet mitt ville eg aldri ha lagt merke til den vesle, blå stjertmeisen som vippar ytst ute på ei grein. I fjor hadde vi rekordobservasjon av denne fuglen.  stjertmeisar på éin morgon. Dei kom langt austfrå, ein del av dei var ringmerkte i Latvia. Men for mange artar er det nedgang. Det er færre fuglar i netta enn det brukar å vere på denne tida. Somme dagar er det berre to–tre gransongarar å hente inn. Dei kjempar ikkje, men finn seg i lagnaden sin med ei stoisk ro som aldri sluttar å undre meg. Berre i dei små, blanke auga er det ei lita rørsle når eg puttar dei ned i den vesle boksen for å vege dei, når eg klemmer dei små metallringane rundt føtene deira. Breva knitrar, det spreier seg til kroppen, elektrisk. Det er som om små, lause leidningar heng og sleng i hjer


Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 9

nen og iblant kjem i berøring med kvarandre. Fzzt. Spraking, skuggeaktige bilde, ei og anna lausriven setning. Men breva, kvifor skal eg lese dei? Eg var ei anna da eg skreiv dei. No er eg meg sjølv igjen. Ikkje meg sjølv slik eg var før. Men meg sjølv slik eg er no. Eg er ho med hunden, folk ser oss frå glaset. Dei er vane med å sjå oss, vi er ute i allslags vêr. Den første tida etter at eg kom hit, sprang eg nesten kvar dag. Joggeturar som kunne vare i halvannan time. Men så kom Isa, og eg fekk nok med dei lange gåturane. Om morgonen til stasjonen. Når vi er ferdige der, tilbake same veg. Ein lengre tur tidleg på kvelden, først langs vegen eit stykke og så traktorvegen ned til sjøbuene, kanskje heilt ut til den gamle festninga. Nesten likt kvar dag. Men dagane er ikkje like. Eg likar å dele dagen mellom fuglestasjonen og heimekontoret. Dei tidlege morgontimane har eg som oftast selskap, av Emma eller Eivind og kanskje ein frivillig, ettermiddagane har eg heilt for meg sjølv. Omsetjararbeidet er einsamt, men aldri kjedeleg. Eg nyt å omsetje Laferrière. Eg har sagt til forlaget at det er uvanleg vanskeleg. Men det er ikkje så vanskeleg, eg vil berre ikkje gi slepp på dette han og eg har saman. Dei presise orda. Dei nøye utvalde orda, klokskapen i setningane. Eg vedgår at det er lettare å lære enn å lære på nytt. Men det aller tyngste, det er å lære av seg.


Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 10

Dei lange, stille ettermiddagane med orda hans. Den langsame jobben med å få dei til å klinge. Få dei til å lyse, vekse, fylle rommet. Det treng ikkje vere så mykje meir. Eg treng ikkje meir, ikkje no lenger. Men breva. Dei forstyrrar meg. Opne dei eller brenne dei? Dei kan ikkje berre ligge der og bråke.




Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 11

 Det var ikkje eg. Det var ikkje eg som gjekk nedover gata på den måten. Den kåpekledde kvinna gjekk og sparka i lauvet og prata halvhøgt, med sint stemme. Etter henne spratt og dansa ein trillekoffert. Vått og vissent lauv fekk hjula på den vesle kofferten til å låse seg innimellom, men det såg ikkje ut til å affisere kvinna. Ho gjekk på, i same tempo. Svært få snudde seg etter henne. Ingen visste kva som var i kofferten. Ingen ante at det i trillekofferten låg ein død katt. Det var morgon, ein morgon i oktober, det var overskya. Ei tidleg frostnatt hadde fått trea til å sleppe nesten alle blada på ein gong. Ho hadde søkt, og funne han. Det var mannen hennar som først begynte å søke etter han på nettet. Seg imellom kalla dei han berre for Staten. Det likna på Satan. Utruleg nok hadde Staten ein profil på Facebook. Han hadde ikkje lagt ut mykje om seg sjølv der, men nok til at dei etter nokre søk fann fram til kona hans. Ho hadde same etternamn som han, og framsidebildet var av ei verandakasse med raude begoniaer. Eit uklart profilbilde viste ei kvinne med glatt, mørkt hår som snudde seg halvveges vekk. Han var altså gift. Dei hadde altså veranda. Og dei hadde katt, stor og rufsete og med mordarisk blikk. Dei hadde ledd litt av den 


Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 12

katten. Men så dukka det opp bilde av ein unge, ei lita, lyshåra jente med bursdagskrone og bursdagssmil og sjokolade smurt ut over kinna, og da logga dei av. Så snakka dei ikkje meir om det. Dei snakka ikkje meir om det. Men kvinna klarte ikkje å slutte å tenke på det. Tenk kor lett det er å finne ut ting om folk. Tenk at alt ligg ope, så sårbart, at det berre er å gå inn i livet til kven som helst og rote rundt, rote til. Ho leita seg fram til sida igjen, studerte bilda, innlegga, gjekk år tilbake i tid. Ingenting av det den mørkhåra kvinna med begoniaene hadde lagt ut, tilsa at ho var ulykkeleg gift med Staten sjølv, ein hardhjarta mann. Ein mann med umoderne klede og gammaldagse meiningar. Ungen såg heller ikkje direkte plaga ut, sjølv om ho var bleik og tynn, med mørke halvsirklar under auga. Kvinna håpte det ikkje var den vesle jenta som kom til å finne katten først. Ho hadde tatt trikken opp, den blå trikken som vogga og rykte og skramla seg sakte gjennom svingane og opp på Kjelsåsplatået. Det var berre katten i kofferten, stiv og kald, han låg i ein plastpose frå Bunnpris. Kvinna kjende ingenting, ikkje for katten eller dei som sikkert sakna han, eller dei som skulle finne han, på trappa si, seinare på dagen. Det betyr ikkje at ho var noko vondt menneske. Men om nokon hadde høyrt korleis ho gjekk og snakka med seg sjølv, ville dei kanskje ha tenkt at ho var galen. Stega hennar sikre, raske, ho visste kor ho skulle. Ned denne gata med hekkar eller gjerde på begge sider, villaer og rekkehus bak hekkane og gjerda, hagar med overdimensjonerte plattingar. Mange stader stod hage


Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 13

møblane framleis ute. Ho hadde brukt å gå der på seine kveldar. No var det tidleg på dagen og ingen folk i gata. Vindauga stod mørke og tomme, i ein hage gjekk ein gammal mann og raka lauv. Det kom ein skrapande lyd. Hjula hadde låst seg heilt. Kvinna stoppa og dunka kofferten hardt eit par gonger i fortauet og både høyrde og kjende korleis innhaldet sklei rundt der inne. Katten. Han skulle vere ein beskjed. Beskjeden var: Du er ikkje trygg. Du. Er. Ikkje. Trygg. Kvinna hadde overvakt Staten og kona hans i fleire veker. Dei budde der gata gjorde ein sving, i eit brunbeisa rekkehus. Fire verandaer vende ut mot gata. Det var ingen begoniaer i verandakassene deira, det må ha vore eit anna år. I det heile tatt var det ganske ustelt rundt huset. Gjennom ein pistrete syrinhekk hadde kvinna sett korleis graset fekk vekse heile ettersommaren, til det no rakk midtveges opp på det store hagebordet i tre og plaststolane som stod tilfeldig utover. Av trehjulssykkelen var det berre styret som stakk opp. Den hadde stått på same stad i vekevis. Men det var folk der, lyset var for det meste tent om kveldane. Innanfor vindauga hadde ho skimta rørsler. På varme kveldar kunne verandadøra stå oppe, eit par gonger hadde ho høyrt stemmer, dempa, det kan ha vore frå tv-en. Ein kveld var det nokon som stod ute på verandaen og tok inn klede frå eit tørkestativ. Da hadde kvinna gått fort forbi, berre kasta eit raskt blikk til sides, sett at det var kona, ganske lita og med blå genser. Rørslene hennar hadde vore hissige, det såg ut som ho måtte slite kleda av snorene. 


Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 14

Kvinna måtte gå forbi dei tre andre inngangspartia for å komme fram til Staten, til trappa hans, det var målet hennar. Kofferten laga enda meir lyd der bak huset, ho måtte ta tak i hanken og bere kofferten bortover. Men den var jo lett. Det var lys i leilegheita som låg vegg i vegg, men det verka tomt og stilt. Ho tok sjansen. Raskt opna ho kofferten og tok ut plastposen. Tre trappetrinn, og framfor inngangsdøra ei rufsete dørmatte som det stod «velkommen» på. Velkommen til Staten og hans kone og barn. Her på trappa kunne Staten, ville ho tru, legge frå seg sakene han hadde handsama den dagen. Samtidig som han tørka av seg på beina, kunne han riste av seg tanken på breva han hadde underteikna den dagen, godkjenningane til dei lykkelege og avslaga til dei ulykkelege. Ho skaka posen forsiktig, og katten sklei ut og landa halvveges oppå dørmatta. Han låg forvridd, den eine poten krumma, som om han hadde prøvd å slå frå seg. Ho burde heller ha drepe katten deira, katten til Staten, det var sjølvsagt det ho skulle gjort. Men dei kom kanskje til å tru det, med det same dei såg han, at det var deira katt som låg der. Ho er ikkje, og var ikkje, ei slik som drep kattar. Dette var ein katt ho hadde funne død i utkanten av friområdet rett ved der dei budde. Da hadde han ikkje vore like stiv som han var no. Ho flytta litt på katteliket med foten. Så stappa ho plastposen i kofferten og gjekk med raske steg tilbake til trikkehaldeplassen.




Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 15

 Korleis begynne? Korleis skildre det som skjedde denne dagen? Skildre det utan å bli melodramatisk. Skildre det utan at det blir for privat. Kanskje begynne heilt nøkternt med kva dato det var? At det var ein vårdag? Dostojevskij opnar Forbrytelse og straff slik, heilt nøytralt og udramatisk: «Det var i begynnelsen av juli og ualminnelig varmt i været.» Ei setning som varslar alt og ingenting. Verandadøra stod oppe, og naboguten som leika i hagen, ville få høyre gråten hennar når ho opna brevet og las det. Ansiktet hans der han stod, liksom fastfrosen på plenen i nabohagen, ville bli det ho hugsa best frå denne dagen. Ho kunne ikkje seie noko til han, berre lukke døra stilt, håpe at han ikkje hadde blitt for redd. For skrika hennar hadde vore slik dei blir skildra i bøker. Dyriske. Ville. Håse brøl. Det var i slutten av april og uvanleg varmt i vêret. Ho hadde gått ut på verandaen for å vurdere om det gjekk an å sitje ute og lese, da ho høyrde at det small i postkassa. Der låg eit brev ho hadde venta lenge på. Logoen på konvolutten viste at det var akkurat det brevet: Bufetat region øst. Ho vog det i handa på veg inn. Det var tjukkare enn venta. Hjartet slo fortare, små haredytt mot ribbeina. Ho kjende seg rimeleg trygg på at alt 


Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 16

var i orden, men brevet hadde latt vente på seg, og etter som vekene gjekk, vaks uroa. Ein kan aldri vere trygg. Men det skulle berre vere ein formalitet. Og ho var van med å vente. Ho gjekk berrføtt på spisse, solvarme steinar frå postkassa og bort til trappa. Brevet låg tungt i handa hennar. Kvifor var det så tjukt? Hjarteslaga kjendest heilt ut i fingertuppane. Ho vurderte å vente med å opne det til mannen kom heim frå jobb. Men hendene hennar hadde allereie venta for lenge, dei reiv opp konvolutten, drog ut fire tettskrivne sider. Overskrifta i utheva skrift: Avslag på ny søknad om forhåndssamtykke til adopsjon av barn fra utlandet etter fire år. Bufetat har i henhold til adopsjonsloven §  og tidligere Barne- og familiedepartementets delegasjon av myndighet . desember  besluttet å avslå søknaden.

Ho las konklusjonen først og prøvde å gå tilbake for å lese heile vurderinga. Det var noko med alder, noko om å få redusert overskot med aukande alder. Men dei var jo godkjende. Den same etaten hadde vurdert dei og funne dei verdige, no trong dei berre ei forlenging av godkjenninga. I fire år hadde dei stått i kø for adopsjon av eit barn frå Kina. Fire lange år med venting, håp og meir venting. Myndigheitene kunne da ikkje ta tilbake godkjenninga, no når det berre var månader igjen før det blei deira tur til å reise og hente barnet sitt!




Tre vegar til havet ferdig.qxp_A 11.09.2018 15:24 Side 17

Det er forståelig at det søkes om nytt forhåndssamtykke når den lange ventetiden ellers kanskje kunne gå mot slutten. Vi har likevel ikke funnet å kunne ta hensyn til det i vurdering av søknaden.

Gråten kom frå ein stad langt inne i henne. Lydar ho aldri hadde høyrt frå sin eigen kropp før. Ho møtte golvet, fall eller la seg ned. Ho kraup rundt, ulte. Slo og klorte mot parketten. Korleis kunne golvet vere der, vere fast, halde, sjølv om alt rasa ut under henne? Ho mista, mista. Men det var umogeleg. Korleis kan ein miste noko ein ikkje har? Ho fekk ringt mannen, som sa han skulle komme heim straks. Ho fekk stengt verandadøra, møtte ei kort stund blikket til barnet i hagen. Guten hadde stoppa i leiken og stod med uttrykkslaust ansikt og stirte opp mot verandaen deira. Det var ein dag i slutten av april. Det var ein vårdag, det var sol.




Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.