Berre hopp!

Page 1




Ã…shild Moldskred

BERRE HOPP! Roman

Samlaget Oslo 2021


© Det Norske Samlaget 2021 www.samlaget.no Omslag: Ida Eva Neverdahl Førtrykk: Type-it AS, Trondheim Skrift: Adobe Garamond 12,5/16,1 pkt. Papir: 80 g Munken Print Cream Trykkeri: ScandBook AB, Falun Printed in Sweden ISBN 978-82-340-0378-3

Denne boka er trykt på miljøvennleg papir.


Traktorfaktor Klassa vår sit i ein sirkel på plenen. Åttande speler volleyball borte på grusbana og roper stadig vekk oppmuntringar til kvarandre, eller kjeftar på dei som står på feil plass. Læraren vår, Signe, fortel eit eller anna om jordbruk. Ho pratar høgt og snur seg heile tida mot meg. Sikkert fordi ho veit at eg høyrer ekstra dårleg når vi er ute. Likevel får eg berre med meg halvparten. Mest fordi eg ikkje greier å konsentrere meg. Pernille sit tett inntil Marte og snakkar inn i øyret hennar, mens ho sender meg små blikk. Eg skulle gjerne visst kva dei driv og kviskrar om. Fram til påskeferien var Pernille og eg bestevenninner. Ho gjorde meg støl i magen av latterkrampar nesten kvar dag, ho er nemleg verdsmeister i å lage grimasar. Og ho brukte å seie at eg gir dei beste klemmane i verda. No gjer ho narr av meg så ofte ho kan. Etter at eg blei uvenner med Pernille, er skaterampen det einaste eg liker innanfor gjerdet rundt skulegarden. Rampen ligg heilt i enden og liknar på ein stor smilemunn. I fjor sommar arva eg dei gamle skate5


boarda til storebror min, Emil. Etter skuletid øver eg på å bli betre på skateboard, og i friminutta sit eg bak rampen og teiknar. Eg har bestemt meg for å bli skateboarddesignar når eg blir stor. Og kanskje skateboardproff. Ei jente frå Japan, som eg har sett på YouTube, lever allereie av å skate, sjølv om ho berre er eitt år eldre enn meg. Ho reiser rundt heile verda og får undervisning der ho er. Det er det eg tenker på dei dagane alt er kudrit. At viss eg berre blir god nok på skateboard, så slepp eg kanskje å gå på skule. «Takk for at de følger med», seier Signe og smiler skeivt. Ho slår saman samfunnsfagboka med eit klask. «Er det sommarferien de sit og drøymer om?» «Jaaaa!» høyrest det rundt meg. «No er det berre to veker igjen. Kanskje de vil dele kva planar de har?» spør ho og strekker ut dei lange leggane. Ho har knytt eit solgult skjerf over det svarte og krusete håret. Signe har alltid på seg noko gult. «Grille og bade nede ved brygga og ved naustet vårt», seier Cibor og får eit knyttnevedunk av Bendik. «Denne sommaren blir legendaaarisk.» «Får Marte og eg også bli med?» spør Pernille. «Sjølvsagt!» Han ser seg rundt med auge som sjeldan er i ro. «Andre som vil?» 6


«Eg!» kjem det frå dei sju andre i halvsirkelen. Eg nøyer meg med å rekke opp handa, sjølv om han ikkje ser på meg. «Kult!» seier Cibor og rettar seg opp. «Vi skal øve på å dødse frå brygga. Og bade til vi er blå på leppene!» «Får vi lov til å hoppe frå båten til far din?» spør Pernille, som no sit bak Marte og er i gang med å flette håret hennar. Cibor knipsar opp bremmen på kapsen, slik at den mørkebrune luggen dett framfor det eine auget. «Alt er lov den sommaren ein fyller elleve. Det har pappa sagt. I alle fall noko som likna.» «Vi må grille marshmallows!» seier Marte og kryssar leggane ved anklane, på same måte som Signe. Ho har allereie begynt å bli sommarbrun, sjølv om det har regna i vekevis fram til i dag. «Æsj, marshmallows smaker som våt sopp. Vi kan heller grille pinnebrød!» seier Bendik. Før brukte Bendik å bli med opp til hytta vår. Far hans og pappa har vore venner sidan barneskulen. Pappa hadde med klissete pinnebrøddeig i ein tom isboks, deig som vi snurra rundt kvister som lukta våt bjørk. Brøda blei som regel brente utanpå og råe inni, og eg fekk alltid vondt i magen etterpå. Lukta av 7


pinnebrød og myggspray er det første eg kjenner på når eg høyrer ordet sommar. Eg snur meg for å sjå om han ser på meg. Om Bendik også tenker på bålet nede ved fjellvatnet, og badekleda våre som hang til tørk over rekkverket på hytta. Men han ser på Cibor, som lèt som om han skriv i handflata si. «Pinnebrød er notert», seier Cibor og rettar på kapsen. «Men berre viss det er sjokoladebitar i.» «De andre då?» spør Signe og kikar seg rundt. «Marte skal bli med oss til Lofoten!» seier Pernille. Marte snur seg og gir Pernille ein high five. Eg legg merke til at dei har lik naglelakk, ein slik lysebrun som mamma bruker av og til. Pernille sender meg eit kort blikk, før ho fortset å flette håret til Marte. Det stikk fort og hardt cirka der hjartet ligg. Pernille spurde meg først. Om eg ville bli med til Lofoten. Faktisk allereie i jula, same dag som mor hennar og sambuaren bestilte hytta. Vi snakka om å prøve å surfe. Og å dra på spekkhoggarsafari. Som eg gledde meg! Men så … No er eg ikkje lenger invitert. Den dagen Pernille og eg blei uvenner, sat vi i kvar vår ende av senga hennar og hadde ikkje sagt noko på lenge. Mor til Pernille hadde kome inn ei stund før og

8


fortalt at far hennar likevel ikkje kom på besøk, fordi den nye sambuaren var gravid og dårleg. Eg merka på Pernille at ho var lei seg. Derfor prøvde eg å fortelje vitsar, slike skikkeleg dårlege vitsar som Pernille og eg hadde dikta sjølv, men ho glana i veggen utan å svare. Då ho til slutt opna munnen og sa noko, snakka ho så lågt at eg ikkje høyrde kva ho sa. «Hæ?» spurde eg. «Sei meg, er du heilt døv?» svara Pernille. «Det er så sjukt slitsamt å drive å gjenta seg sjølv heile tida. Kan du skaffe deg nokre høyreapparat som funkar?» Orda hennar svei fram tårer i auga. Og så, før eg rakk å tenke meg om, ropte eg: «Ikkje rart at far din aldri besøker deg! Tippar at han kjem til å like den nye babyen mykje betre enn deg.» Så sprang eg ut. Men eg angra meg allereie før eg var komen heim. «Eg såg …» Bendik si stemme riv meg ut av tankane mine. Akkurat då er det nokon som gaular kom igjen, Ida! borte ved volleyballnettet. «Hæ?» «Eg såg deg i rampen i går», seier han litt høgare. «At du greidde å snu nesten heilt oppe ved kanten. Du begynner å bli god.» «Å.» Eg blunkar. «Takk!»

9


«Har du lært det av Emil?» seier Bendik. «Ja. Det er ikkje så veldig vanskeleg.» «Eg synest i alle fall det er bra gjort.» Det trillrunde smileholet ved auget hans blir djupare. Har Bendik sine auge alltid vore så mørkeblå? «Øh … Takk!» Eg finn eit skrubbsår å pirke på og må bite meg hardt i leppa for ikkje å glise. Kvifor blir eg så glad for at Bendik seier noko fint til meg? Det er berre Bendik. Likevel føler eg at leppene liksom vrenger seg i kvar si retning, som når eg tar karusellar på tivoli, og det er klin umogleg å få lukka munnen. Viss eg var så heldig å kunne forandre noko ved meg sjølv, så hadde det å ha øyre som funkar, kome på førsteplass. Å ikkje raudne hadde kome på andre. Ein gong raudna eg av at ein lærar bad meg helse til pappa. Det var kriseflautt. Eg trur kanskje det er fordi eg har så lys hud. Om sommaren blir eg i beste fall lyseraud mellom alle freknene. Signe spør kva solfaktor vi bruker, og eg rekker opp handa for å slutte å tenke på at eg raudnar, men då raudnar eg berre endå meir. «Ja? Ingeborg?» seier Signe. «Øh … Solfaktor tretti. Eller femti viss det er sterk sol, sidan eg har så lys hud.» 10


Det blir heilt stille. Som om alle sluttar å puste. Signe legg knyttneven framfor munnen og hostar. Det rykker i munnvikane til Pernille, som om ho har ete rognebær og gjer alt for ikkje å spytte dei ut. Så sprutar latteren ut av munnen hennar. Latteren smittar over på dei andre. Til og med Bendik ristar i heile kroppen. «Stille!» seier Signe og held opp handflata som er så mykje lysare enn resten av henne. «Det er inga skam å høyre feil.» «Eg spurde kven som har traktor heime», seier ho og ser på meg. Fleire begynner å flire igjen. Lyden er som tusen kvefsestikk. «Stille, sa eg!» Signe hevar stemma. «Sidan vi lærer om jordbruk, tenkte eg at vi kan kike på ulike traktorar og landbruksmaskiner. Bendik, kan vi ta ein tur bort til dykk på torsdag? Kan du høyre med far din?» Eg trekker knea nærare brystet, pressar hendene mellom låra og lover meg sjølv at eg aldri meir skal rekke opp handa i timen. Klokka har ringt ut for siste gong i dag, og eg spring mot rampen. Bak den står longboardet mitt støtta mot 11


gjerdet. Det teite svaret mitt går om att og om att i hovudet. «Vent litt, Ingeborg», roper Pernille. Eg snur meg, sjølv om eg har mest lyst til å springe. Eg kjenner at eg strammar knyttnevane. Vil ho herme etter meg? Seie noko om høyreapparata? «Ja?» «Bli med og bade?» Stemma hennar er lett og glad. «Bendik og Cibor er også med.» Marte står ved sida av Pernille og verkar som om ho blir overraska over invitasjonen. Det gjer at eg må smile. «Ja!» seier eg og nikkar fleire gongar. «No, med ein gong?» «Må berre heim og skifte. Møtest på stranda om ein halvtime?» Pernille smiler til meg, slik som ho smilte til meg før, med varme i dei blågrøne auga. «Okei!» Eg får lyst til å spørje om eg kan bli med henne heim først, men no snur ho ryggen til meg og går mot sykkelstativet. Arm i arm med Marte. «Snakkast snart, då!» roper eg etter dei. Pernille løftar handa og vinkar, utan å snu seg. Men … Kvifor vil Pernille plutseleg ha meg med på å bade? Dei einaste gongane ho har snakka til meg etter påske, er viss ho skal vere ekkel, eller viss vi har 12


vore på gruppe i lag i ein time. Er ho blitt lei av Marte? Den tanken får meg til å smile igjen. Håpar eg hugsar kor den finaste badedrakta mi ligg. Kanskje i ei av kommodeskuffene på rommet mitt? Eg legg longboardet på asfalten, trakkar på plata og sparkar frå med den andre foten. Det tar atten sekund å rulle frå skulen, forbi gamleheimen og til enden av fortauet. Tvers over bilvegen i enden av fortauet bur besta. Eigentleg skulle eg bort dit etter skulen. Det gjer eg dei dagane mamma er vekkreist på jobb og pappa jobbar seint på verkstaden. No ser eg rett på det kvite huset, som har eit kvitt gjerde rundt hagen. Utanfor gjerdet går kyrne til Bendik og dei. Bendik og besta er naboar. I staden for å rulle heilt til enden svingar eg nedover mot fjorden. Sykkelvegen går forbi dei raude bustadene med rullestolar og rullatorar utanfor, tre gamle hus med potteplanter i vindauga, bedehuset, garden til Holger og kyrkja. Forbi fjøset til Holger er det ein kort og bratt bakke. Der bremsar eg med skoen, for ikkje å få for stor fart. Gras-Mathias står under eit høgt tre utanfor kyrkjemuren og kikar på mobilen. Folk seier at han nesten har drepe ein mann med kniv, og han er den einaste 13


eg veit som har vore i fengsel. Eg rullar i ein stor halvsirkel rundt han og ser ein annan veg. Det kilar litt i magen. Skal eg tore ü møte blikket hans neste gong eg møter pü han?


Dødsing og pipande måsar Bak butikken bur mamma, pappa og eg i eit lysegrått rekkehus. Etter å ha låst meg inn med ekstranøkkelen som ligg i ei blomsterpotte, og funne den lilla badedrakta inst i ei av kommodeskuffene, rullar eg over hovudvegen og det korte stykket ned til badestranda. Det er eg som bur nærast og er den første som kjem. Bendik er den som bur nest nærast. Pernille, Marte og Cibor bur lenger oppe i dalen, i det største byggefeltet. Bygda vår, Måndalen, har to byggefelt. Dei ligg på kvar si side av elva, som kjem frå lengst oppe i dalen og renn ut i fjorden. Rundt oss ligg fjella på rekke og rad og ser ut som dei stikk hol på himmelen. Det trudde eg i alle fall før, at det var derfor det regna. Elles er det mange gardar her. Og altfor mange kyr. Ei av kyrne til Bendik og dei sparka meg i magen då eg var sju. Etter det har eg nekta å gå inn i fjøset deira. Eg set meg på den einaste benken, fiskar fram mobilen frå lomma og sender ei melding til besta. Kan du mate BB? Eg skal bade. kjem opp etterpå 15


BB er minigrisen min. Eg fekk han av mamma, pappa og Emil då eg måtte begynne å bruke høyreapparat. Han var eitt år då vi henta han. No er han fem. Storebror min, Emil, er nitten og har perm frå militæret. Kvar gong han er heime, får eg bli med og skate. Og så liker vi å lære BB hundetriks, som å gi labb eller spele død. Men allereie i morgon må Emil reise tilbake til militærleiren langt oppe i nord. Det blir så stille og kjedeleg i huset når han drar. Det dukkar opp tre prikkar under meldinga mi. Besta svarar alltid med ein gong. Likevel bruker ho HUNDRE år på å skrive. Eg legg merke til at eg nynnar. Det er ingen melodi som eg kjenner igjen, berre tilfeldige tonar som liksom pressar seg ut mellom leppene. Pernille brukte å erte meg for nynninga før. At lyden eg lagar når eg er i godt humør, høyrest ut som dei skumle tonane i ein skrekkfilm. Saknar ho meg? Saknar ho å ligge i hengekøya til besta og skravle, ho også? Eller å sitte ved kjøkenbordet og måle neglene i ti ulike fargar, mens vi ventar på trollgrauten? Den er grei, svarar besta. Stranda er mikroskopisk. Det tar 5,4 sekund å 16


spurte frå eine sida til den andre. Pernille og eg tok tida ein gong. Då vi var bestevenninner, likte vi å ta tida på ting. Det er skikkeleg fint her, med ei lita brygge i enden av steinmoloen, og ein stor plen til å ligge på. Plenen er delt på midten av ein gangveg, som har små lykter som lyser når det er mørkt nok ute. Ei dame sit på plenen og følger med på to smårollingar som leiker med bøtte og spade i sanden. No roper ho til dei på eit anna språk. Det høyrest ut som tysk. Gangvegen går bort til campingplassen, og der er det alltid fullt av tyske bubilar om sommaren. Den eldste av smårollingane spring opp til mora og hentar ein solhatt. Langt ute på fjorden duppar ein fiskebåt. Måsane flaksar rundt han og liknar på ein svær myggsverm. «Hei!» Eg snur meg og ser Bendik legge sykkelen på graset. Han har skifta til badeshorts og har på seg svarte slippers. «Hei!» «Bli med uti?» Bendik sparkar av seg slippersane og vrenger T-skjorta over hovudet. «Okei!» Eg trakkar ut av shortsen, legg han oppå mobilen på benken og spring etter han ned på stranda. 17


Bendik er snar med å kaste seg uti og dukke under. Eg stansar heilt nede ved kanten, der små bølger skyl over tærne mine. Ei død vassmanet flyt på ryggen i overflata. «Kom igjen, då! Det finst ingen brennmaneter her, eg har sjekka», seier han då han poppar opp frå fjorden og ristar vatn ut av krøllane. Eg liker best å bade oppe ved hytta. I fjellvatn finst ikkje brennmaneter, tang som kilar meg på beina, eller slimete tare. Og høyreapparata toler ferskvatn, slik at eg kan bli våt i øyra. Noko av det beste eg veit, er å ligge på rygg i vatnet, duppe som ein liten båt, og kike opp på skyene. Eg vassar utover mot der Bendik står med vatn til brystet. Små steinar stikk i huda under føtene, eg er ikkje vand med å gå berrføtt. Først er det så kaldt at eg helst vil snu og gå tilbake. Men berre eg står stille ei lita stund, følest vatnet like varmt som lufta. «Er du pyse, eller?» seier Bendik og gliser mot meg. «Ha! Er eg vel ikkje!» Eg går to skritt til og kastar meg framover. Eller, kanskje ikkje akkurat kastar, eg gjer det så forsiktig at vatnet ikkje går over øyra. Sist gong eg var uforsiktig, måtte eg bruke dei større 18


reserve-høyreapparata i ei heil veke, mens desse var til reparasjon. Bendik dukkar under igjen. Eg kikar meg fort rundt for å sjekke om ei brennmanet er på veg inn frå den djupe fjorden. Eg hyler då eit eller anna grip meg rundt leggen. Noko flagrande og mørkeraudt er på veg opp mot meg frå under vatnet. «Slutt!» seier eg då Bendik bryt vassflata. «Du liknar på ei brennmanet med det håret ditt!» «Eg fattar ikkje korleis du kan vere redd for brennmaneter, men ikkje klegg», seier han og dyttar vekk ein våt krøll frå fjeset. «Maneter driv berre uskyldige rundt med straumen. Klegg er vonde!» «Ingen insekt er vonde, vel. Dei berre bit litt.» Eg må sparke hardt med beina for å halde hovudet over vatnet. «Litt?! Det kjennest som dei prøver å rive av eit kjøtstykke når dei bit», Bendik er blitt kortpusta. «Og huda mi hovnar opp til vassmelonstørrelse etterpå.» Bendik var alltid den som hadde flest kleggbit etter ein tur på hytta. Eg fekk jobben med å gå bak han og klaske dei som landa på ryggen hans. «Klask for å drepe!» sa han før vi begynte å gå. Pappa meiner at Bendik må ha blod som er søtare enn is med sukker på. 19


«Hugsar du den gongen …», begynner eg, men blir avbroten av Cibor. «Hei!» Vi snur oss mot stranda. Pernille, Marte og Cibor står og kler av seg. «Hei!» svarar Bendik og vinkar. Cibor slenger frå seg kapsen, spurtar ned til oss og er først uti. Pernille og Marte står igjen og pratar. Dei har på turkise bikiniar. Frå denne avstanden ser dei ut som dei er fjorten. «Kva er det du har på badeshortsen?» seier Bendik med latter i stemma. «Badeender?» «Eg fekk han av tanta mi i Warszawa, tenk», svarar Cibor. «Alle går med slike der.» «Kven då? Treåringar?» «Det tar du tilbake!» roper Cibor og prøver å hoppe på Bendik. Bendik flirer høgt av fryd og kastar seg bakover i vatnet. Eg snur meg mot Pernille og Marte, som har begynt å vasse. Dei held kvarandre i hendene og joggar ut mot oss. Marte ser rar ut når ho joggar. Som om knea har magnetar som trekker dei mot kvarandre. Før brukte Pernille å etterlikne måten Marte sprang på. Ho pressa saman knea og lét som om ho heile tida var nær ved å tryne. 20


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.