Armenia, Albania, Argentina

Page 1

RØNNAUG KLEIVA ARMENIA ALBAN IA ARGENTI NA


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

1

09:15

Side 1


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

Rønnaug Kleiva

ARMENIA, ALBANIA, ARGENTINA Roman

Samlaget Oslo 2012

3

09:15

Side 3


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 5

Riga – Jerevan, Armenia Eg heldt på å miste overlevingskniven min då eg skifta fly. Eg hadde gløymt at eg alltid har han i sidelomma på dagssekken min. Ved utreise frå Oslo vart han ikkje observert i tryggingskontrollen, men då eg ved midnatt mellomlanda i Riga og gjekk gjennom kontrollen der, reagerte dei: Ein kniv? Vi blir nøydde til å ta han frå deg. Er det ikkje nokon måte å unngå det på? Eigentleg ikkje, sa mannen som jobba der. Men det er berre ein kniv, sa eg. Og eg er glad i han. Mannen i tryggingskontrollen såg opp, han nølte: Greitt, sa han, vi sender han med flyet, og så hentar du han på bagasjebeltet når du kjem fram. Eg takka, eg var verkeleg takksam, den kniven har følgt meg i tjukt og tynt, har verkeleg vore eit fast haldepunkt i livet. Ved sida av meg på flyet til Jerevan sat eit ektepar i godt vaksen alder, truleg tidlegpensjonistar. Eg elskar å reise, sa kvinna. Eg mista kameraet mitt i Iguazu, det var eit godt kamera og nytt, trasig når slikt skjer. Og eg som elskar å ta bilete. Heldigvis hadde eg eit anna kamera, som også tok film, så alt vart ikkje borte. 5


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 6

Argentina er eit fint land, sa eg. Eg lagar bøker med bilete når eg kjem heim frå reisene mine, redigerer på maskinen og skriv dei ut i bokform. Så gir eg dei til folk eg kjenner, slike som eg trur kan få noko ut av det. Tar du bilete? Ja, sa eg, no og då. Ja, eg tar bilete. Mannen hennar sat med attlatne auge i setet ved sida av. Eg tok mange bilete då vi var i Vietnam i vinter, og på vårparten då vi var på Sicilia. No har vi bestilt tur saman med eit vennepar, til Kirgisistan. Dette her var ein spontantur, fann desse billige billettane, kunne ikkje stå imot. Har bestilt eit supert hotell i Jerevan. Servicen er jo så god mange av desse stadene, folk er så hyggelege. Kva er yndlingsstaden din? Eg veit ikkje, sa eg, det er så mange fine plassar. For meg er det India, eg reiser dit igjen og igjen. Ja, eg veit der er fattigdom. Men folk er blide og velvillige. Aldri vanskar med folk der. Klagar ikkje, slik som heime. Og kven har sagt at lykka er materiell velstand? Nei, kven har sagt det? sa eg. Orsak meg, sa ho og vende seg mot mannen. Mannen sat ytst på seterada, han reiste seg for å gi plass så kona kunne kome ut. Eg duppa visst litt, sa han lett orsakande. Ein skader vel ingen med det, sa eg. Der vi budde på Sicilia i vår, kom eg i prat med ein kar om lag på min alder, sa mannen. Sit du der igjen? sa eg til han ein dag eg passerte kafeen der han pla sitje. Kva anna kan eg gjere, sa mannen og lo, eg som har kone og fire andre kvinnfolk heime. Og endå klagar dei over at eg er borte! 6


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 7

Han gjorde rett i å sitje på kafé, sa eg. Mannen smilte til meg: Du reiser åleine? Ja, seier eg, eg reiser åleine. No kom kona hans tilbake. Ho hadde nytta tida på toalettet til å stelle seg. Hadde streka opp med farge der det før var augnebryn, no eit buskas av grått, lagt raudt på dei på same tid stramme og konturlause leppene. Ei pen og velkledd dame, men slik damer gjerne blir etter ein viss alder: utflytande, likevel hadde ho mista alt mjukt som ho måtte hatt. Bestemt manøvrerte ho kroppen tilbake til setet sitt. Men den turen eg ikkje gløymer, er turen til Mongolia, sa kvinna. Der filma eg mykje. No kom serveringa, og kvinna byrja ete. Eg la meg bakover i setet og lét att auga. Det er to ting som ikkje eignar seg til å snakke om, tenkte eg, reiser og fødslar. Og eg kom på ein dag eg sat på trikken og eit ungt par med barnevogn steig på. Kvinna snakka høgt og ivrig, mannen følgde på med eit lågmælt ord no og då. Oppglødd sa kvinna at ho hadde fortalt ei venninne som hadde ringt, at dei hadde filma fødselen, ho hadde invitert henne til å sjå filmen når ho kom på besøk. Venninna hadde lova å ta med mannen sin. Det skal bli så kjekt å vise dei det! sa kvinna på trikken. Eg reiste meg opp i setet. Har du nokon gong tenkt på å filme din eigen død? spurde eg sidekvinna mi. Fleipar du med meg? sa kvinna. Ingen kan vere interessert i det. Det skal du ikkje vere så sikker på, sa eg og kjende at eg var svolten.


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 8

Jerevan, Armenia Eg tar ein grå og velbrukt taxi frå flyplassen saman med ein eldre mann som bur i utkanten av byen, han ser sliten ut. Grått og stille, morgonen er i ferd med å kome. Medan vi køyrer, lysnar det, berre ein og annan hund luskar rundt. Taxisjåføren vil gjerne ha oppdrag, han seier han kan guide og køyre meg, det er berre å ringe. Har eg noko papir å skrive ned telefonnummeret hans på? Eg har ikkje lyst til å bli hengande med denne mannen som eg knapt kan kommunisere med, eg seier at det har eg ikkje. Men han insisterer, og når vi stoppar ved hotellet mitt – det er eit fint hotell, eg plar ofte bu på bra hotell dei først nettene i ukjende kulturar, slik at eg kan omstille meg – går han etter meg inn i resepsjonen for å finne penn og papir. Resepsjonisten betraktar meg og sjåføren medan sjåføren noterer nummeret sitt, andletet hans er uttrykkslaust. Du vil ringe, ikkje sant? seier sjåføren før han luskar ut til den lurvete taxien. Eg slenger ryggsekken på ryggen og finn rommet mitt. Eg går ut. Når eg går i gatene, skimtar eg i retning Tyrkia fjellet Ararat gøymt bak skyene. Rundt meg dundrar trafikken, lufta er full av eksos. Av og til blir fjellet borte, av 8


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 9

og til stig det klart fram. Eg tenkjer på alt vatnet som flaut rundt då arka landa der på toppen etter syndfloda og alt levande kom seg ut medan havet smått om senn trekte seg tilbake. Men det er lenge sidan. No er det lunsjtid. På eit skilt les eg at her kan ein smake armensk brandy og få kunnskap om korleis det blir laga. Kanskje det kunne vere noko? Eg går etter pila på skiltet og finn ein stor og velhalden eigedom midt i byen, brenneri, kontorbygningar og museum i same komplekset. Nett no er eg den einaste som ønskjer omvising. Kvar kjem du frå? spør omvisaren. Kvinna er i femtiåra, engelsken hennar er framifrå. Å, derfrå? seier ho. Der er det bra å vere fødd. Mykje er annleis her. Eg nikkar. Og no er du på reise? Eg har ein avtale i Aten, seier eg. Ein gammal venn eg skal besøke. Og så skal eg på Olympen. Men det er langt herifrå. Eg tenkte at når eg likevel var ute og reiste … Blir det ikkje einsamt å reise åleine? Det hender, seier eg. På det viset er det ikkje annleis enn å vere saman med folk. Kvar si lyst, seier ho og dreg fram frå veska si eit utklipp frå ei avis. Utklippet viser ei liste ho kom over for nokre dagar sidan: armenarar i verda, stader dei bur, og kor mange som bur kvar stad. Armenarar finst overalt, også i ditt land, seier ho. Til og med i Kongo bur det armenarar. Der er det nordmenn også, seier eg. 9


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 10

Vi vart drivne ut av heimane våre i Tyrkia, held ho fram. Drepne og frårøva alt vi eigde. Mange hundre tusen strauk med. Direkte slakta ned eller uthungra og utmatta og drepne på det viset. Det er ei stygg sak, seier eg. Mange historier frå då lever vidare. Valdtekt kan for så vidt gå greitt, men drap er vanskeleg å overleve. Slik er det, seier eg. Men vi gir oss ikkje! Vi greier oss! Vi finst alle stader i verda! Mennesket har stor overlevingsevne, seier eg. Vi skal alle døy. Men fram til då skal vi bruke viljen til å overleve. Det er vår plikt. Kva andre val har ein? No må du prøve drikkevarene våre, seier ho, ypparleg kvalitet. Ho skjenker opp tre sjenerøse glas frå tre ulike flasker og ber meg forsyne meg: Sei kva du synest! Eg drikk av den gylne væska og greier ikkje bestemme meg for kva sort eg liker best. Eg må smake i fleire omgangar, men heller ikkje då kan eg seie noko sikkert. I butikken ved utgangen kjøper eg den dyraste flaska. Men eg er trøytt etter reisa og går for å kvile på hotellet. I eit utstillingsvindauge på veg til hotellet ser eg nokre ravsmykke av same type eg har liggande heime. Eg fekk dei av ein eg kjende ein gong. Han hadde vitja ein onkel som ein gong i trua på kommunismen og framtida hadde flytta frå Hellas til Jerevan, der eg no er. Under besøket der hadde han kjøpt desse ravsmykka som hadde vorte liggande, og som han seinare gav til meg. 10


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 11

Om natta drøymer eg at eg er i lufta i eit stort fly. Flyet knekk pü midten. Eg kryp framover til pilotane. Vi greier oss, utruleg nok, og kjem oss trygt ned pü landjorda igjen. Der er det utrygt, som ei krigssone, alt kan skje.


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 12

Jerevan, Armenia Kvelden er mild, til å gå sakte i gatene. Tidlegare på dagen har det regna kraftig, men no har det klarna. Kelnerane har tørka væte av stolane og borda, folk set seg og samtaler vennleg, bestiller noko å drikke. I gatene blir vatnet borte frå asfalten. Berre her og der sølepyttar. Vatnet har trengt inn i skorne mine. Men om det ikkje byrjar regne igjen, vil dei tørke. Den eine skoen min er utsliten. Mellom stortåa og neste tå har lêret gått i stykker. Eg kjenner ikkje språket her, ikkje ordet for sko, heller ikkje for skomakar eller reparering. Best berre å peike og finne seg nytt skotøy, men først få ut nokre fleire setlar i ein minibank. På den store plassen midt i byen er ei fontene. Frå eit musikkanlegg tilknytt fontena strøymer utdrag av kjende musikkverk, her lett populariserte. Under vatnet lamper. Vatnet i fontena ser ut til å endre farge etter som musikken skiftar. Rosa, grønt, gult. Blått. Også styrken på vatnet forandrar seg. Energisk, roleg. Ein adagio som må vere Mozart. Vivaldis sommar. Dovregubbens hall. Rundt fontena glir folk i små grupper, somme i prat, somme med blikket festa på vatnet som sprutar, på sitt vis i takt med musikken. 12


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 13

Nokre gutar byrjar danse. Dei slår hendene i hop, skyt hoftene fram og stampar med føtene. Klare i blikket smiler dei mot kvarandre. Ein av dei set hovudet i asfalten og dansar. Hovudet er senteret, i bakken, han sviv rundt, peikar med beina mot himmelen. Armar hit og dit, føter hit og dit. Eg kjenner eg er trøytt i beina, eg set meg på eit trappetrinn for å kvile. Ei jente i fireårsalderen ser granskande på meg. Ho går mot meg, men nøler, snur seg og går til far sin nokre meter bak, tar far sin i handa og dreg han mot meg. Faren vil ikkje, han slepper handa hennar og går tilbake. Men jenta gir seg ikkje. Til slutt sit dei begge ved sida av meg. Jenta legg handa på kneet mitt og smiler. Ei kvinne kjem bort til meg og vil selje meg ei rose. Eg kjøper ei raud rose og går heim til hotellet for å setje henne i vatn. I lobbyen sit ein gjeng unge, kraftige gutar og pratar og ler. Dei har treningsdrakter som det står Polen på. Ved sida av to amerikanske jenter i midten av tjueåra, dei pratar om nokon dei begge kjenner. Ho er ein tapar, seier den eine jenta.


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 14

Dilijan, Armenia Eg finn meg ein ny stad å bu, i eit fattigare område, meir mellom folk flest. Eg flyttar inn på eit lite rom med utsyn mot bakgarden. I bakgarden arbeider fem menn, murarbeid. Startar tidleg om morgonen, kastar skjorta midt på dag, held fram til sola går ned. Mannen i underetasjen rett overfor meg sit og ser fjernsyn, sport for det meste, skiftar mellom ulike kanalar. Fire kattar sleiker potane. Frå opne vindauge strøymer lyd. Stemmer og musikk og ei kvinne som høyrest ut til å kome. På snorene reine klede til tørk. Eg tar nokre bilete mot bakgarden. Bra kamera, klart å sjå også når eg zoomar. Tar også nokre bilete med mob ilen. Prøver å ringe vennen min i Aten som eg skal besøke når eg kjem dit om nokre veker, men kjem ikkje gjennom. I staden sender eg eit av bileta eg tok. I det eg sender det, kjem eg på at synet hans skrantar, truleg kan han ikkje lenger lese meldinga eller sjå biletet. Uansett er det kjekt å få ei melding, å vite at ein er i andres tankar. På ein restaurant i nærleiken av hotellet et eg lettsalta kokte zucchini. Artisjokksesongen er over. Aspargesen er treaktig. Appelsintreet i bakgarden har overlevd utan sol, må nok vere eit løvetannbarn. 14


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 15

I går ettermiddag synte ei eldre kvinne meg bilete frå då ho var ung. Eg hadde møtt Isabella på Folkemordmuseet, der ho var vakt. Det var stille, ingen såg ut til å ha høve til å sjå bileta og oppslaga der denne dagen. Vi kom i snakk, og ho inviterte meg heim til seg. Ho hadde nett sylta valnøtter og ville gjerne by meg. No ville ho syne meg bilete. Tungt bøygde ho seg ned og tok opp foto frå ein skuff. Det er eg, sa ho. Kvinne i snøen, ski på beina, andlet smilande mot kameraet. Kvinne i bikini, ved havet, hovud på skakke, smilet litt forsiktig. Det er eg, sa Isabella. Ja, sa eg. Det ser eg. Ser du det? sa ho. Ho løfta hovudet og såg på meg. Med møde sette ho seg på ein stol og snørte på seg eit par robuste skor. Ein treng gode skor, sa ho. Eg strekte fram beina. På føtene hadde eg nyinnkjøpte skinnskor. Så fine, sa ho. Ein treng mjuke skor når ein skal danse og leike, sa eg. Eg lo: Det er alltid nokon ein skal danse og leike med. Mannen min døydde ung, sa Isabella. Eg vart sitjande att åleine med eit barn. Du har ikkje gifta deg om att? spurde eg. Livet her er hardt, sa ho. Ikkje slik som hos dykk. Eg hadde meir enn nok med å arbeide for føda og å oppsede dotter mi. Eg er ingeniør av utdanning, men jobba som vanleg arbeidar. Eg tente betre slik. Pensjonen eg får, er ikkje stor, så no er eg museumsvakt. Eg er heldig som har 15


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 16

fått den jobben. Dotter mi arbeider i Moskva, det er omtrent umuleg å få arbeid her. Isabella drog sjalet tettare om halsen. Ja, sa ho. Det er fine skor. No hutrar eg i vinden frå den opne Sevan-sjøen. Ta bilete av meg, seier eg til Elvira, som eg har kome i prat med. Ho er armenar busett i Iran og har meldt seg på same turistturen som eg: kyrkjer, ruinar og landskap ein dag til endes. Vi har alt tatt bilete av mange krossar, dei er i stein og vakre og varierte. Iran skal vere så interessant, seier eg, eg har alltid hatt lyst til å reise til Iran. Vi har det fint i Iran, seier kvinna, men Armenia er ti gonger betre. Eg prøver å få meg jobb og flytte hit. Det er her eg vil vere. Går det an å få til? spør eg. Ja visst, seier ho. Eg skal nok få det til. Jerevan er ein flott by. Alt er muleg her. Og så fritt! Ved kyrkjeruinane passar eg meg for ormane når eg trør rundt. Eg har lese om det i ei amerikansk reisehandbok eg har med meg, og vil ikkje ha opphaldet øydelagt av hoggormbit. Nokre fikentre kryp inntil ein steinmur som har falle ned. Ormar liker fikentre. Og steinar. Ein skal alltid passe seg når ein går under eit fikentre, i fall der skulle ligge ein orm og kroe seg på ei grein og nett då vil gli ned frå plassen sin. Er du kristen? spør Elvira. Eg nøler. Ja, seier eg. 16


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 17

Så bra, seier ho. Då må det kjennast godt å vere i den første kristne staten. Er det vanskeleg å vere kristen i Iran? spør eg. Ikkje i det heile, seier ho. Men alt er ikkje så bra som her. Det er difor eg gjerne vil flytte hit. Elles er alt greitt. Eg ber eit ungt iransk ektepar som også er med på turen, om å ta bilete av oss framfor ein gammal kross. Det skal bli betre hos oss også snart, seier dei. Det er berre eit spørsmål om tid. Veit du noko om landet vårt? Vi høyrer om det på radio og på fjernsyn, seier eg. Verkeleg? Kvinna får tårer i auga: Så godt at nokon veit om oss! Det kjem snart til å bli betre. Om Gud vil. Vi et lunsj i Dilijan. Huset vi et i, er eit privat husvære. Bordet er dekt til oss når vi kjem: yoghurt og brød, kjøtbollar og grønsaker. Iranarane skålar ivrig i vinen som blir servert. Nokre russisktalande frå Krim med armenske anar prøver å snakke armensk. Forfedrane deira kom til svartehavskysten på trettitalet, språket har vore lite nytta, men somme ord og vendingar heng enno igjen. Og no har dei unge byrja lære det! Ein tyskar frå Berlin er i heimlandet til kona for første gong, han bur hos familien til kona i utkanten av byen, i det området eg køyrde gjennom då eg tidleg om morgonen kom inn frå flyplassen for nokre dagar sidan. Det er umuleg å finne fram der utan kjentfolk, seier han, men for ein mat! Så har nokon sett på musikk. Og brått har vi reist oss og lèt musikken føre oss av stad. Berrhovda og lykkelege dansar vi saman. Hand på skulder, fot inntil fot, smilande i rekke bevegar vi oss rundt i rommet, rundt bordet, 17


Armenia Albania ferdig.qxd:Mordet

24-05-12

09:15

Side 18

blikka løfta, armane løfta, kroppane unge og vende mot framtida.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.