Are Kalvø på scenen

Page 1


Kalvø_M_2.indd 2

20.09.16 09.44


A K L E V R Ø A på scenen

Teater-, revy- og standup-tekstar

Historier om og frå det middels ville livet på scenen

Samlaget OSLO 2016

Kalvø_M_2.indd 3

20.09.16 09.44


Kalvø_M_2.indd 4

20.09.16 09.44


INNHALD

7 Ei bok for spesielt interesserte

11 FAKTA

– OG LITT SKRYT

15 DETALJANE, 17 Starten 29 Nedturen 35 Hovudstaden 43 Gjennombrotet

OG MEIR SKRYT, KRONOLOGISK

53 TEKSTAR 55 Ein sketsj frå utlandet (frå «Tusen år og like blid») 61 Frå den norske landsbygda (frå «Tusen år og like blid») 65 Barnetimen for narkomane (frå «3 mot 1 er feigt») 71 Du skal faen ikkje sova bort sumarnatta (frå «3 mot 1 er feigt») 74 Bjarne Berntsen / Han andre i Wham! (frå «3 mot 1 er feigt») 79 Einlinjarar 83 La vita e bella la multi tasco (frå «Det folk vil ha») 91 KUNSTEN 93 Norge–Brasil, ein fotballopera 93 Bortforklaring 95 Spoiler: Fakta om kampen 99 Manuset 137 Kalvø – ein time av livet ditt du aldri får tilbake 137 Bortforklaring 140 Manuset 175 Halve kongeriket. Norsk politikk – the musical 175 Bortforklaring 177 Manus 264 For ekstremt spesielt interesserte

Kalvø_M_2.indd 5

20.09.16 09.44


6

Kalvø_M_2.indd 6

20.09.16 09.44


Ei bok for spesielt interesserte Av alle ting ein kan bli skulda for å vere, er kokett noko av det mest forvirrande. For det første er det forvirrande å bli skulda for å vere noko du ikkje heilt veit kva er. Eg har ein idé om kva kokett betyr, sjølvsagt, men eg har tapt nok i quiz til å vite at min kjennskap til framandord ofte er meir omtrentlig enn eg innbiller meg. Så eg slo det opp. Ifølgje Nynorskordboka tyder kokett ­«jålete, tilgjord». Kokett kjem frå fransk (sjølvsagt!) og tyder eigentlig – igjen ifølgje Nynorskordboka – «som briskar seg som ein hane». Og då er eg like langt. For då må eg slå opp «briske seg» også. Ifølgje Nynorskordboka tyder det å «gjere seg viktig el. morsk». Interessant nok er det berre på nynorsk at det tyder å gjere seg morsk. I Bokmålsordboka står det «gjøre seg viktig, kjekke seg». Å vere kokett betyr altså å kjekke seg som ein hane. Det er ikkje det eg ville svart viss eg blei spurd i ein quiz. Då ville eg sannsynligvis svart at kokett betyr noko sånt som å skryte på seg beskjedenheit ein ikkje har grunnlag for. Flotte seg ved å gjere seg liten, eller noko sånt. Denne hanen forstår eg ingenting av. I alle fall: Dersom ein gir ut ei samling med dei beste scene­ tekstane sine, full av bilde av seg sjølv, og med sitt eige namn i tittelen, og fortel om sine eigne opplevingar på scenen, som om det skulle vere av interesse for folk, og skriv ein skrytete baksidetekst til boka (der skrytet rettnok er tynt kamuflert som sjølvironi og skrive i tredjeperson for at det skal verke som om det er nokon andre som har skrive det), og så opnar den same boka med å påstå at dette er ei bok for spesielt interesserte, då er det grunnlag for skuldingar om koketteri.

7

Kalvø_M_2.indd 7

20.09.16 09.44


Eg ser den. Eg ser at det kan verke som om eg prøver å gjere meg inter­ essant ved å skryte på meg ein outsiderposisjon eg ikkje har. Litt som den noko ulne musikksjangeren indie, der nokre av dei mest beundra og vellykka artistane i verda slepp unna med å kalle seg uavhengige og alternative fordi dei har hår i ansiktet. Vel. Eg har ikkje hår i ansiktet. Ikkje på gode dagar, i alle fall. Og eg er ikkje kokett. Faktisk ikkje. Eg driv ikkje og kjekkar meg som ein hane no. Eller ein annan fugl. For dette er faktisk ei bok for spesielt interesserte. Mykje av det som står i denne boka, er skrive for at det skal framførast på ein scene. Å lese slike tekstar, er ikkje det litt som å få ein film gjenfortald? Eller som å lese notar for kosens skuld? Svaret på det første spørsmålet er ja, men ein film kan faktisk bli godt gjenfortald, og då kan det vere rett så underhaldande. I nokre tilfelle faktisk meir underhaldande enn sjølve filmen. Svaret på det andre spørsmålet er nei. Å lese scenetekstar er ikkje som å lese notar for kosens skuld. Å lese notar krev faktisk ferdigheiter ut over det å kunne lese. Å lese scenetekstar gjer ikkje det. Det krev berre fantasi. Og så hjelper det å lese høgt, og gjerne variere stemme og dialekt etter kva for ein av rollefigurane som har ordet. Men igjen: å lese høgt med tullestemmer. Det er for spesielt interesserte. Så kvifor denne boka? Fleire grunnar. 1. Fordi det er artig å ha det samla. Det er fint for meg å ha ei bok å slå opp i, og noko å vise til slekt og venner når eg har blitt gammal og gått tom for idear. Det er nok ikkje lenge til. 2. Det finst mange gode bilde frå dei ulike forestillingane, i stor grad tatt av profesjonelle fotografar, så det kan bli ei ganske stilig bok. 3. Andre får lov. Til og med folk som har skrive teaterstykke som nesten ingen har sett, har fått dei utgitt i bokform. De må ikkje tru at eg ikkje har lagt merke til det. 4. Det er faktisk ganske mange som er spesielt interesserte. Spe­ sielt i humor, har eg inntrykk av. Eg blir stadig overraska over kor mange som møter opp, og veit kvifor dei er der, når langt frå verds­ berømte utanlandske komikarar gjestar Norge. Og eg har sjølv vore ein av dei spesielt interesserte. Då eg var yngre og såg noko eg likte

8

Kalvø_M_2.indd 8

20.09.16 09.44


og lo av på ein scene eller på tv, då skulle eg gjerne hatt manusa til­ gjengelig, slik at eg kunne finne ut meir. Eg har basert størstedelen av livet og karrieren min på ei tru på at eg ikkje er spesielt spesiell, så dersom eg har hatt det sånn, så reknar eg med at andre også har det sånn. Ikkje alle, sjølvsagt. Kanskje ikkje eingong veldig mange. Men nokre. Og denne boka er for dei. 5. Det står ting i eit scenemanus som du ikkje får med deg om du berre ser forestillingane på scenen. Sceneanvisningane, altså det som ikkje er replikkar, er det svært få som får lese. Eg er glad i å skrive sceneanvisningar, der eg prøver å seie noko om kva eg har tenkt, men ikkje seie så mykje at det ikkje er rom for andre som skal tenke. Dessutan prøver eg å legge inn nokre små vitsar i scene­ anvisningane, til glede for dei som jobbar med forestillinga. Og ikkje til glede for så mange andre. Før no. Dessutan er det i sceneanvisnin­ gane at ein finn noko av det som er morsommast med å skrive teater. Når ein skriv noko som skal settast opp på ein scene, så kan ein for eksempel skrive: «Fotballen bryt ut i song» og så rett etterpå «Fot­ ballen blir sparka opp på tribunen og landar i armane til ein ganske pen franskmann». Og så er det opp til andre folk å finne ut korleis i alle dagar dei skal få til dette i praksis. Det er dette som er teaterma­ gi, at den som skriv manuset, totalt kan fråskrive seg alt ansvar. 6. Sjølv om mange av dykk har sett desse forestillingane, så er det minst like mange som ikkje har sett dei. Om du les manusa her med tullestemmer, er det nesten som å vere der. 7. Og ikkje minst: Dette er så mykje meir enn berre ei samling med tekstar for scenen. I fleire av manusa som er gjengitt her, bruker eg hemningslaust episodar frå mitt eige liv og min eigen oppvekst. Og både «Norge–Brasil» og «Halve kongeriket» handlar om store og avgjerande hendingar i mi tid og mitt liv. Dessutan fyller eg på med historier og anekdotar frå scenelivet, for at livet mitt skal verke meir interessant enn det er, noko alle vi som står på scenen, har behov for, trulig fordi vi har dårlig samvit for at vi lever av å kle oss ut og fortel­ je vitsar. Om du legg saman alt dette, og diktar resten sjølv, så har du her nesten ein sjølvbiografi. Berre utan alle dei unødvendige delane. Ok? No kjem alle fakta. Alle detaljane. Manusa. Og litt skryt. Først fakta. Og litt skryt.

9

Kalvø_M_2.indd 9

20.09.16 09.44


10

Kalvø_M_2.indd 10

20.09.16 09.44


Fakta

– og litt skryt Dette er stort sett alle forestillingar eg har hatt noko med å gjere:1 Syd o’ skam Russerevy på Stranda vidaregåande skule i 1988. Bygdas første russerevy. Lenge såg det også ut til å bli bygdas einas­ te. Dei to tinga kan ha hatt ein samanheng. Barn inga hindring Revy med Stranda Amatørteater i 1988. Bygdas første amatørteaterrevy utelukkande laga av folk under tjue som aldri hadde sett revy. Det er så langt også bygdas einaste. Idyll! Idyll? «Musikal» med Stranda Amatørteater i 1989. Denne «forestillinga» blei sett av nokre hundre på Stranda, litt fær­ re på Hellesylt, og ca. 13 i Sykkylven, der minst ein av dei gjekk i pausen (meir om dette i kapittelet Nedturen).

1

Om du vil ha masse nerdeinformasjon om dei ulike forestillingane, sjå det siste kapittelet «For ekstremt spesielt interesserte».

11

Kalvø_M_2.indd 11

20.09.16 09.44


Jøss! Studentrevy ved Oslo ingeniørhøgskole i 1991. Eg var regissør og tekstforfattar, sjølv om eg aldri har gått og aldri kjem til å gå på denne skulen. Standup Eg hadde ein god del opptredenar som standup-komikar på nitti­ talet. Fleire av dei før eg visste at det var standup eg dreiv med. Tusen år og like blid Revy på Det Norske Teatret i Oslo og på visitt i Bergen og Trond­ heim i 1998–1999. Den første revyen min på svær scene. Og heldigvis ikkje den siste. I staden for jazz Det einaste bestillingsverket mitt, framført fire gonger på Sardinen USF i Bergen, i samband med Nattjazz i 2000. Strengt tatt var dette ein kladd til det som skulle bli framsyninga «3 mot 1 er feigt». 3 mot 1 er feigt Show på Sentrum Scene i Oslo og på turné i 2001–2002. Kvifor eg kallar dette eit show og ikkje ein revy, er eg ikkje sikker på. Eg trur kanskje det er fordi vi hadde mindre teite kostyme på oss. Fortida er tilbake Ein slags lett-versjon av «3 mot 1 er feigt». På turné i 2002–2003. Sound of Musvik Tullemusikal på Oslo Nye Teater i 2004. Eg skreiv manuset. Samtidig drøymde eg om å skrive ein ordentlig musikal. Det folk vil ha – revy med danseband og diktator Revy på Det Norske Teatret i Oslo i 2005. Den andre revyen min på svær scene. Og inntil vidare den siste. Pratagraf Samarbeid mellom perkusjonsgruppa Batagraf, Espen Beranek Holm og meg i perioden 2007–2010.

12

Kalvø_M_2.indd 12

20.09.16 09.44


Sett av forbløffande mange gråhåra menn som klappar midt i num­ mera. Julelatter 2010 Standupshow på Latter i Oslo og på turné i 2010–2011. Det kjendest spesielt meiningsfylt å spele ei forestilling som heiter «Julelatter 2010» i januar 2011. Norge–Brasil, ein fotballopera Spelt på Opera Nordfjord i Nordfjordeid i 2010 og på Det Norske Teatret i Oslo i 2012. Komisk opera, med manus (eller libretto, som operafolk insisterer på at det skal heite) av meg. Espen & Are På Latter i Oslo og på turné over heile landet i 2011–2014. Saman med Espen Beranek Holm. Men det skjønte du kanskje. Shockheaded Peter På Det Norske Teatret i Oslo i 2013–2014. Rogaland Teater / Sta­ vanger Konserthus 2015. Upedagogisk musikal, gjendikta frå engelsk til rart nynorsk av meg. Kalvø – ein time av livet ditt du aldri får tilbake Soloforestilling på Det Norske Teatret i Oslo i 2014–2016 og på tur­ né over heile landet i 2015–2016. Forestillinga varte i halvannan time, sjølv om det ikkje ser sånn ut på tittelen. Halve kongeriket. Norsk politikk – the musical Det Norske Teatret 2015–2016. Endelig: Den første musikalen min. Skriven saman med sjølvaste Ingrid Bjørnov. I tillegg har eg jo skrive ein heil del tekstar for andre sine forestil­ lingar, og vore tekstredaktør for fleire av forestillingane til Dagfinn Lyngbø og andre, men det får vere grenser for kor mykje ein skal ta med. No følgjer detaljane. Og meir skryt. Vi tar det kronologisk, ok?

13

Kalvø_M_2.indd 13

20.09.16 09.44


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.