Alt vel med mor og barn : Historier om fødsel

Page 1



Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 1

1


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 2

2


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 3

Randi Fuglehaug

Alt vel med mor og barn Historier om fødsel

Samlaget Oslo 

3


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 5

Remember this, for it is as true as true gets: Your body is not a lemon. You are not a machine. The Creator is not a careless mechanic. Human female bodies have the same potential to give birth well as aardvarks, lions, rhinoceri, elephants, moose, and water buffalo. Ina May Gaskin


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 6


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 7

INNHALD klar – ferdig – fød!– om bestemor, appelsinslush og starten på ei historie 9 BLÅLYSBABYAR – om den lange vegen til sjukehus og om kor kort veg det kan vere frå moltetur til helikoptertur 21 I KRIG OG KJÆRLEIK – om å oppleve det aller største på ein dag alle andre kjem til å hugse for noko heilt anna 45 LIVMORVALSEN – om kaldblodigheit, epidural og andre songar frå sjukehuset 67 KRAFTIG TURBULENS – om barn som kjem flygande ut fleire tusen meter over bakken 91 LIK OG DEL! – om å vise fram fødselen til heile nasjonen, eller berre til ein pappa i Dubai 105 EKSOSRYPENE – om å føde med svigermor i ein Lada eller liggande over ein girspak med væpna soldatar som vakt 119 HEIMEBANE – Om dei som syr saccosekk og set opp bjørketre på soverommet, og om dei som aldri rekk å komme seg ut døra 135

7


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 8

AU, AU KAPTEIN! – om å bli mor på gyngande underlag 163 SJU KILO GLEDE – om kor mange og kor tunge barn eit menneske er i stand til å få 175 TAKSAMETERET GÅR – om drosjeturane som har fleire passasjerar når dei er ferdige, enn når dei startar, og om kor grisete det kan bli i ein maxitaxi 185

DEI GODE HJELPARANE – om handa du helst vil klemme når det står på som verst 203 UT AV DET BLÅ – om å ikkje ane eller tore håpe på at ein er gravid 221 LIVETS HINDERLØYPE – om eit ras, ein stengd veg og ein magisk sykkeltur 245 takk 259 Litteratur 261


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 20


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 21

BLĂ…LYSBABYAR Om den lange vegen til sjukehus og kor kort veg det kan vere frĂĽ moltetur til helikoptertur


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 22


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 23

Frå Lindesnes i sør til Kinnarodden i nord er det  kilometer. Snur du kartet, kjem du heilt til Italia på den strekninga. Det seier seg sjølv at det er langt til sjukehus enkelte stader i dette landet. Det seier seg sjølv at folk som ikkje bur i Oslo, synest det er tullete å høyre diskusjonar om tjuefem minuttar er ti minuttar for mykje å køyre, eller klagar over at nokon får fødeplass vest for hovudstaden når dei bur på austkanten. Bur du i Ulvsvåg på Hamarøy i Nordland, slik Mette Fagervik gjer, held du til omtrent like langt unna sjukehuset i Bodø og sjukehuset i Narvik. Begge ligg om lag tre timar unna. For å komme til Narvik må du ta ferje. For å komme til Bodø må du køyre på dårlege vegar over fleire fjellstrekningar. Same kva retning du tar, er du avhengig av godt vêr for å komme deg dit raskt og problemfritt. Ingenting av dette er praktisk når du har ein baby i magen som vil ut, og det helst litt brennkvikt: Då eg skulle føde for første gong, i , var eg heilt sikker på at eg var ein av dei som går to veker over terminen og 23


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 24

føder over tre dagar. Alternativet tenkte eg ikkje på, sjølv om eg var  veker og tre dagar på veg og alle snakka om at det var på akkurat denne dagen i svangerskapet storesøstera mi hadde fødd sitt første barn. Vi åt kylling til middag. Etterpå fekk eg luftsmerter i magen. Eg trudde det var luftsmerter, heilt til klokka var halv åtte på kvelden. Då gjekk vatnet. Sambuaren min, Leif Christian, ringde etter ambulanse med ein gong, men personellet tok seg god tid. Ingen tenkte det var fødsel på gang enno, eg hadde jo ikkje rier. Dei starta forsiktig ti minuttar etter at vatnet gjekk. Då ambulansen endeleg kom, etter ein halvtime, var det styrtrier utan pause. Det første ambulansesjåføren sa til meg, var: «Slapp av, det blir verre.» Ho ville eg skulle seie ifrå når ria var over, og når den neste begynte. Eg sa det ikkje var pausar i det heile. Då blei ambulansehelikopteret tilkalla. Svigerfar var med og bar meg på båra ut i ambulansen, og så køyrde vi dei hundre metrane bort til busshaldeplassen. Jordmora hoppa inn. Vi har ei distriktsjordmor vi har oppfølging hos. Dei har alltid vakt, slik at du kan få jordmora med deg på vegen. Ho sa at eg hadde seks centimeter opning, og at hovudet til babyen låg langt nede. Vi stod ei god stund på busshaldeplassen og venta. 24


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 25

Så snart helikopteret kom, slengde dei inn den tynne madrassen frå ambulansen og la den på golvet i helikopteret. Leif Christian blei med, eg fekk på meg høyrselsvern. Det tar tjue minuttar å fly helikopter til Bodø. Eg fekk ikkje tid til å ta innover meg kva som skjedde, eg hadde nok med pusting. Vi landa rett etter klokka ti. Det var stor ombygging på sjukehuset, så helikopteret kunne ikkje lande der. Dei rakk å dra helikopteret inn i hangaren på flyplassen. Vi stod i det minste i ro. Eg fekk ikkje heilt med meg kva som gjekk føre seg. Eg hugsar at nokon sprang av garde for å henge opp ei lampe, slik at jordmora skulle ha arbeidslys, og ein anestesilege stakk hovudet inn i helikopteret, men fekk beskjed om at det ikkje var behov for han. Så stakk jordmora hendene sine inn i underlivet mitt. Kva er det du held på med? brølte eg. Eg trudde jordmora var på veg inn, ikkje at ungen kom ut. Så fekk eg ein klatt på magen. Det var ti minuttar etter at vi hadde landa. Det tok tre veker før vi fekk reise heim frå sjukehuset. Det blei ikkje helikopter på heimreisa. Nesten tre år seinare hadde Mette planlagt betre. Ho hadde booka rom på eit hotell i Bodø, der skulle ho flytte 25


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 26

inn tre dagar før ho hadde terminen med veslebror. Denne gongen skulle ingenting komme overraskande på henne. No ville ho vere sikker på å føde i trygge omgivnader, på sjukehuset, slik som vanlege folk. Den andre fødselen blei ikkje som den første. Den blei verre: Hadde eg vore smart, hadde eg komme til sjukehuset i tide. Det var to veker før terminen, og eg gjekk heile formiddagen og kjente at noko var i gjære. Men eg orka ikkje å starte heile apparatet før eg måtte. Først på kvelden ringde eg mamma. «Ring jordmora», sa ho. Og eg ringde jordmora, og jordmora sa: «Ja, no er det fødsel.» Mens eg venta på ambulansen, sat eg på kjøkkenet og grein. Det eg frykta mest, var å føde, fastbunden i helikopter, slik som sist. Skulle det verkeleg skje ein gong til? Idet ambulansen svinga opp til huset, gjekk vatnet. Det blei bestemt at eg skulle køyrast med ambulanse til Bodø. Helikoptera kunne ikkje lette, det snødde for tett. Til slutt ville ikkje ambulansepersonalet køyre til Bodø heller, dei frykta å bli ståande på fjellet. Dermed måtte vi komme oss til Narvik i staden. Vi køyrde til toppen av Ulvsvågskaret, ein kilometer sørover, for å komme jordmora i møte. Eg måtte ligge fastbunden i ambulansen. 26


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 27

Då vi skulle ned igjen frå fjellet, gjekk det gale. Ambulansen fekk sleng og støytte borti sida på ein møtande varebil. Eg blei redd og tenkte: Begynner vi å rulle no? Det blei berre bulkar på bilane. Men sjåføren var finsk, så det må ha vore språkforvirring, for beskjeden som blei ringd inn til sentralen, var at ein ambulanse med ei fødande kvinne hadde frontkollidert med ein trailer. Dette las svigermor på nettet, og ho blei veldig redd for oss. Det blei sett i gang eit stort apparat, elleve brannmenn kom for å klippe oss ut. Dei hadde førebudd seg på det verste. Vi var allereie på veg vidare nordover på E. Ambulansen som krasja, blei ståande i Ulvsvåg. Det hadde komme ein ny ambulanse frå Tysfjord for å køyre oss vidare til ferja. Eg bad på mine kne om å få stå oppreist mens vi var på ferja og bilen stod i ro, men eg fekk beskjed om å bli liggande, elles ville det gå endå fortare. I løpet av dei tjuefem minuttane på ferja kom riene tettare og tettare. Då vi kom over til Skarberget, stod ein ny ambulanse, frå Ballangen, og venta. Men derifrå kom vi ikkje så langt. I Skjellesvikskaret, eit kvarter frå ferja, éin time frå sjukehuset, stoppa vi. Jordmora såg sonen min i opninga. «Ja, no kjem han, stopp!» ropte ho. Ambulansen stoppa midt i vegen. 27


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 28

Leif Christian, som låg på hjul like bak oss, kom springande. Han fekk beskjed om å sette seg framme i ambulansen. To press og guten var ute. Vi fekk på babyen nokre klede, og så køyrde vi nokre meter til vi fann ein plass å stå i vegkanten. Lenger kom vi ikkje, for vi måtte vente på utstyr, vi kunne ikkje køyre vidare med ein laus baby. Vi stod der ein time. Utanfor stod snøføyken, men inne i ambulansen hadde vi det artig. Då vi sjekka telefonen, oppdaga vi at det var store oppslag på nyheitene. Eg måtte ringe rundt og seie at det hadde gått bra, at det hadde komme ein baby. Ei av venninnene mine hadde sett saka på TV , om at ei gravid dame hadde krasja i ambulanse. Ho sende lenka til meg. Er du ute og fartar? skreiv ho. Ho blei overraska då det faktisk stemte. I overkant av  mil lenger sør i Nordland, i Beiarn, ein laksekommune med eitt tusen fastbuande, var Bente Kvæl gravid med sitt tredje barn. Ho hadde allereie fødd éin av dei to gutane sine i ambulanse. Han kom til verda i ei avkøyring på Bodøynes, ein halvtime unna sjukehuset. Men det skjedde heilt utan dramatikk, nesten utan ein lyd frå den fødande, såpass at mannen til Bente misforstod og fortalde kameratane sine på telefon at «ho 28


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 29

hadde ikkje vondt». No, som ho kjente at det var ny fødsel på gang, var ho raskt ute med å komme seg til sjukehuset. Der fekk ho beskjed om å reise heim igjen. Ho kom heim, sovna, og vakna av at vatnet gjekk. Det var berre å tilkalle ambulanse og jordmor på nytt. Lite visste Bente om eit anna drama som utspelte seg i nærområdet samtidig: Vi hadde køyrt i ein halvtime, og ambulansen var kommen opp på Beiarnfjellet då telefonen til sjåføren ringde. Det var politiet. Ambulansen måtte snu, fekk sjåføren beskjed om. Vi fekk vite at det hadde vore ei politijakt i enorm fart, og at ein av personane i bilen var medvitslaus. Jordmora måtte komme og hjelpe politiet, for dei fekk ikkje tak i sjukepleiaren som var på bakvakt. «Eg skal faktisk føde!» ropte eg frå bak i bilen. Ingen høyrde på meg. Det var ikkje noko spørsmål, eingong. Plutseleg var vi på veg tilbake. Eg måtte ringe til mannen min, som kom i bilen bak. «Vi må snu», fortalde eg han. Eg hugsar ikkje så mykje av kva eg følte der og då, men eg kjente at fødselen var i gang, så det viktigaste for meg var at jordmora var saman med meg. Frå Beiarnfjellet til Trollberget, der biljakta hadde enda, tar det førtifem minuttar å køyre. Det er førtifem 29


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 30

minuttar i motsett retning av sjukehuset, på ein einvegskøyrd veg. Då vi kom fram til ulukkesstaden, hadde det blitt rekvirert helikopter. Det var eigentleg eit tilbod til meg, sidan vi var så forseinka. Men det oppstod raskt eit dilemma: Kven av oss skulle dei sende i helikopteret? Den medvitslause guten trong også å bli frakta til sjukehus. Og viss både han og eg skulle vere med helikopteret, blei det ikkje plass til fleire. Eg drar ikkje utan jordmora, sa eg. Eg skjønte at fødselen no var nær, og eg hugsar ikkje så mykje anna frå ulukkesstaden enn at politiet snakka med oss, og at det for min del var heilt uaktuelt at jordmora skulle forlate meg. Så guten blei send i helikopteret, og vi køyrde i veg i retning Bodø igjen. To hundre meter frå staden der eg hadde fødd sist, kom ungen ut. Eg har ingenting å utsette på å føde på hjul. Det handlar mest om tryggleiken jordmora gav meg. Og ambulansesjåføren. Eg kjenner godt frua hans. Du veit kven som måtte vaske ambulansen etterpå? sa ho. Korleis har sjåførane av desse ambulansane det, dei som er ansvarlege for å få fødekvinnene trygt fram, men som 30


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 31

kan ende med å ha ei fødestove midt på motorvegen? I  fekk ein ambulansesjåfør i Rauma kommune i Møre og Romsdal vekas blome i avisa Sunnmørsposten. Grunnen? Han hadde tatt imot tjuefem barn i bilen på seks år. Tjuefem barn på seks år! «Det spørst om det ikkje er Svein Hoel du skal ha tak i», seier ein tilsett på service- og kommunikasjonsavdelinga i Rauma kommune. «Stemmer det», seier den no pensjonerte Svein Arne Hoel på telefonen. Og fortel at han, i løpet av sine  år som ambulanseeigar, til saman tok imot  babyar i ambulansen sin utan jordmor til stades. For det er ikkje berre i nord det er lange avstandar og utolmodige ungar. Rauma er «verdas beste kommune for naturglade menneske», det er Trollveggen og Trollstigen, men også  kvadratkilometer med spreidd busetnad. Og snarvegar finst det få av, seier Hoel. Køyrer du oppover dalen, er det fem og ei halv mil opp, og så fem og ei halv mil ned igjen. Dei første tre åra han var ambulansesjåfør. Og før Rauma i , som den første kommunen i Noreg, fekk tomannsbetening i ambulansane, var han åleine i bilen når nokon ringde og skulle køyrast til sjukehus i Molde eller Ålesund. Då måtte han sitte og gløtte i bakspegelen på korleis det stod til med kvinna, køyre sakte og forsiktig, og om situasjonen kravde det: stoppe bilen og ta imot babyen. Ein gong tok han imot barnet til ei kvinne 31


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 32

som hadde venta i det lengste med å ringe fordi ho ville sjå ferdig siste episoden av ein tv-serie før det braka laus. Det finst nok av dei, som ikkje har tid til å føde. Audrid Grødal i Åndalsnes er i god rute med førebuingane då eg ringer henne tre dagar før julaftan. Det var annleis på same tid for  år sidan. Då hadde ho to gutar på åtte og ti år og venta sitt tredje barn. Den gongen budde Audrid og familien i Dalsbygda, ein sidedal søraust for Isfjorden, ei av desse bygdene i Rauma kommune som er langt frå sentrum og omkransa av høge fjell. Og dagen før veslejulaftan, då Svein Arne Hoel sin son Nils var på vakt i ambulansetenesta, var det eit frykteleg vêr: Det blåste opp til storm, og på kvelden venta eg på at mannen min, som er langtransportsjåfør, skulle komme heim frå jobb. Etter kvart fekk eg vite at han ikkje kom heim før dagen etter. Han sat fast i Kristiansund og måtte sove i bilen på ferjeleiet. Eg sat heile kvelden og pakka inn julegåver. Då eg var ferdig i to-tida på natta og skulle reise meg, kjente eg eit tak over magen. Eg tenkte ikkje det gjorde noko, det var jo ikkje vondt, så eg gjekk og la meg. Eg vakna av eit brak og av at vinden kom heilt opp i senga til meg. Verandadøra på soverommet hadde vore lukka, men ikkje låst. Ho blåste opp, så stormen kom rett inn. Eg spratt opp i full fart, skremd av både braket og 32


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 33

vinden. Eg kunne framleis kjenne at taket i magen var annleis, men det var det siste eg kunne konsentrere meg om. Mannen min ringde i seks–sju-tida på morgonen og fortalde at han var framme i Åndalsnes, så eg sette meg i bilen for å hente han. På grusvegane kjente eg smerter i låra, og dei blei vondare for kvar hump eg køyrde over. Pytt, tenkte eg. Det var jo berre låra. Eg hadde aldri hatt smerter i låra før fødslar tidlegare. Eg nekta å tru at det kunne ha nokon samanheng. Eg fortrengde at det var fødselen som var i gang. Det var jo veslejulaftan! På vegen heim frå Åndalsnes, mens mannen min køyrde bilen, sat eg og masserte låra heile vegen. Etterpå reiste eg ut og gjorde dei siste innkjøpa, og eg gjekk framleis og masserte dei låra. Kanskje eg projiserte smertene dit. Då vi kom heim, hadde det blitt vondare. Eg begynte å stelle og styre mens eg stønna og bar meg. Mannen min såg det nok, men han sa ikkje stort. Han overlét det til meg og blanda seg ikkje. Utpå kvelden begynte eg for første gong å bli litt bekymra. Då klokka var rundt ni, bestemte eg meg for å ringe til jordmora nede i Isfjorden og høyre med henne. Ho sa eg fekk ringe ambulansen og komme nedover, så ho kunne undersøke meg. Eg syntest det var trasig, å reise heilt ned dit kvelden før kvelden. Og eg fann ut at eg i alle fall måtte dusje og ordne meg først. Klokka var blitt over ti då eg ringde ambulansen. 33


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 34

Jordmora berre kikka på meg, undersøkte meg ikkje eingong. «Her er det ikkje noko å tenke på, berre køyr vidare til Molde», sa ho. Ho blei med i ambulansen. Heldigvis hadde stormen gitt seg. Vi var ikkje komne lenger enn halvanna mil utover før den første pressria kom. «Å nei, no kjem dei!» sa eg. Plutseleg fekk eg det travelt. Eg skjønte at eg måtte skunde meg med å få av buksa. Det er jo ikkje råd å få unge med bukse på. Ambulansesjåføren stoppa og kom bak for å assistere jordmora, men dei blei einige om at det var viktigare at vi nådde siste ferja i Åfarnes, så han begynte å køyre igjen. På tredje pressria var ungen ute. Det var ein halvtime til julaftan. Hadde det vore opp til meg, hadde eg vel framleis gått heime og massert låra mine. Jordmor og forskar Tine Schauer Eri sin doktorgrad frå  handlar om tida rundt starten på fødselen – ein fase prega av mykje usikkerheit, både for fødande kvinner og for jordmødrer. Studien hennar viser at når kvinner oppfattar at endringar i kroppen er teikn på at fødselen begynner, ser det ut til å vere strukturert av termindatoen dei har fått etter 34


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 35

ultralydundersøkinga. Når datoen kjem, går kvinnene inn i ein «ventemodus», ein tilstand prega av intens merksemd retta mot alt som skjer i kroppen. Endringar som skjer før «ventemodusen», blir ikkje tolka som moglege teikn på fødselsstart. Dermed er det lett å vente for lenge. Dei har blitt kalla blålysbabyane, dei små som kjem til verda før mora kjem seg til sjukehuset. Av dei rundt seksti tusen barna som blir fødde i Noreg kvart år, opnar om lag fire hundre auga sine for første gong i ambulansar, privatbilar, taxiar eller på badegolvet. I vitskapelege kretsar internasjonalt kallar ein fødslane for BBA: Birth Before Arrival. Det finst folk som forskar på slikt også. Jordmor og stipendiat ved Universitetet i Bergen, Eline Skirnisdottir Vik, har studert kvinnene si erfaring med ikkje-planlagde fødslar utanfor sjukehuset. Ho fortel at det skjer sjeldan – men påpeikar at når ho seier «sjeldan», så har det likevel nesten dobla seg dei siste tretti åra. Og det er ein aukande trend. Ei av årsakene er at vi har sentralisert og standardisert opplegget rundt fødslar her til lands. Noreg er eit stort land med utfordringar både geografisk og vêrmessig, og vi har dei siste tretti åra gått frå å ha nittifem til å ha førtifem fødestader. Det har ført til større fagmiljø og betre tilbod på sjukehusa, men også til at fleire kvinner får lengre reiseveg til planlagd fødeplass. For kvinnene er det ikkje veldig tydeleg at det medfører ein auka risiko. Men Eline Skirnisdottir Vik og kollegaene veit frå andre studiar at det medfører auka risiko for barnet – spesielt 35


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 36

viss det kjem til kompliserande faktorar, som at fødselen skjer prematurt, ved seteleie, eller om det er tvillingar. Og det er litt av problemet med fødslar utanfor sjukehuset, seier ho: Ein veit jo aldri kven det er som ikkje rekk fram. Ambulansesjåfør Svein Arne Hoel gløymer aldri den gongen han ein iskald vinterdag tok imot ein baby som ikkje pusta. Han heldt han etter føtene og rista i han, men ingenting skjedde. Til slutt opna han døra i den varme ambulansebilen og heldt ungen ut av døra i sprengkulda. Då gispte den vesle etter luft for første gong. Ein annan av fødslane han hugsar godt, er kvinna som ikkje fødde eit barn, men ei stor blære med væske – heile fosterposen – med babyen inni. Som om ikkje overraskinga skulle vere nok for fødselshjelpa i ambulansen, så skulle det også vise seg å vere vanskelegare enn ein skulle tru å få hòl på posen. Svein Arne prøvde først med skalpell. Det gjekk ikkje, fosterposen var like heil. Han begynte å bli uroa for at babyen skulle drukne der inne i fostervatnet, og til slutt sette han tennene i posen og beit til så hardt han kunne før han røska opp det vesle hòlet med hendene. Det tok, som han seier, ei stund før han kom til seg sjølv igjen etter den hendinga. At fødande kvinner alltid har jordmor med i ambulansen, var inga sjølvfølge då Svein Arne Hoel var ambulansesjåfør, og er det heller ikkje i dag. Kvinner som merkar at det er hastefødsel på gang, får rekvirert ambulanse eller helikopter, men Elise Skirnisdottir Vik meiner du 36


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 37

skal ha flaks om du får med deg andre enn ambulansearbeidarane i transporten. Du har også flaks om mannskapet i ambulansen har erfaring med å ta imot barn. Helene Langmyr i Gjerstad i Aust-Agder hadde på eit vis dobbel flaks ein vinterdag i : Gjerstad er ikkje stort. Det bur to tusen fem hundre menneske her, og alle kjenner alle. Det er berre fem–seks personar som jobbar i ambulansetenesta, så viss du treng hjelp, er det ikkje usannsynleg at du møter på nokon du kjenner. Det nærmaste sjukehuset ligg i Arendal, éin times køyring unna. Pappa var ute og brøyta snø. Det snødde heftig den natta, og då eg ringde heim klokka halv fem om morgonen, var det eigentleg for å få barnevakt. Eg hadde vakna av at noko var vondare enn det burde vere og tenkte eg måtte komme meg til sjukehus med ein gong. Eg ringde først til mamma for å spørje om ho kunne sende ned nokon av søskena mine, og ho ringde vidare til pappa, som var i nærleiken av meg. Han gav beskjed om at han kunne komme bort. «Ungen kjem no», sa eg. Det pressa hardt, eg skjønte at det kom til å gå fort, og sidan det tar ein time å køyre til Arendal, ringde pappa dei som var på jobb i ambulansen. Vi venta saman i snøstormen, pappa og eg. «Ho kjem no», sa eg igjen. 37


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 38

«Nei då», sa han. Ambulansen kom, og pappa spurde om eg ville ha han med. På det tidspunktet brydde eg meg ikkje om kven som var der, så både han og kjærasten min blei med i ambulansen, og mamma køyrde i bilen bak. Etter sju–åtte minuttar kom vi ut på E, og då gav vi beskjed til sjåføren om å stoppe i utkøyringsfeltet. Det snødde så mykje at brøytebilen ikkje klarte å halde unna, det var betre å stå i ro. For då kom babyen, og pappa tok imot. Det var litt rart at det var han som var der, men det var også veldig trygt. Eg trur nok pappa syntest det var litt ekstra spesielt fordi det var meg. Eg var jo ikkje veldig stille der eg låg, han kjente nok litt på at det var hans eiga dotter som låg der og hadde så vondt, og i tillegg hadde jenta navlestrengen rundt halsen då ho kom ut. Men eg merka ikkje at pappa var nervøs. Han arbeider jo som ambulansesjåfør. Dei fleste kvinnene som føder utanfor sjukehus, opplever hendinga som «dramatisk, men ikkje traumatisk», fortel Eline Skirnisdottir Vik. Ho og forskingskollegaen Gunn Terese Haukeland fann fleire samanfallande trekk hos kvinnene dei intervjua: Kvinnene var generelt stolte over eigen innsats, glade for å ha fått det til og lukkelege over å få friske barn. Og éin ting overraska forskarane: Då kvin38


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 39

nene i undersøkinga fekk spørsmål om kvifor dei ikkje rakk fram til sjukehus, var det venta at dei ville skulde på helsevesenet, politikarane og sentraliseringa. Men dei gjorde ikkje det. Dei fleste la skulda på seg sjølv. Dei burde budd nærare sjukehus, dei burde ha ringt før, dei burde ha skjønt at fødselen var i gang, dei burde ha vore hos søstera si. Dei burde, som i  år gamle Liss Anita Iversen frå Gryllefjord i Troms sitt tilfelle ein augustdag i , kanskje ha nøydd seg med å plukke fem liter molter i staden for ti: Faren min hadde veka før nekta meg å dra ut på Ørja for å plukke bær. Det tar femti minuttar å komme seg til øya med båt, og pappa meinte eg var for langt på veg til at det var forsvarleg. Men det var så utruleg mykje molter det året, og sommaren var så varm og fin. Då det ikkje hadde skjedd noko, drog vi ut på laurdagen likevel, faren min, broren min, kjærasten min og eg. Eg visste ikkje kor lenge det var til terminen, eg følgde ikkje med på sånt, tenkte at eg gjekk til eg fekk ungen. Å vere gravid var jo berre ein tilstand. Eg hadde vondt i magen alt på veg ut, men eg tenkte ikkje noko meir over det. Då tilitersbøtta var halvfull, begynte det å bli ille, så eg sette meg i ei tue og plukka vidare. Eg sa ikkje noko til dei andre. 39


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 40

I vår familie er vi ikkje pysete av oss, og eg tenkte at det uansett kom til å gå lang tid. Då dei andre ville reise heimover, hadde eg lyst til å plukke meir bær. Helst ville eg ha blitt verande over natta. Vi hadde ei koie der som vi pleidde å overnatte i. Men vi skulle innom besteforeldra mine også, og frå huset deira skulle eg få med meg ei kiste med dukar og andre gamle ting. Eg sa ingenting då vi var der heller. På heimturen begynte det å bli skikkeleg ille. Eg sat på loket over motoren, der rista det veldig, det lindra litt. Ved Kjerringberget gjekk vatnet, men eg skjønte ikkje då at det var det som skjedde. Eg sa ingenting, for det slo meg framleis ikkje at fødselen var i gang. Eg hadde ikkje småsøsken, hadde snakka lite med venninner om dette, eg var  år og hadde rett og slett ikkje sett meg så godt inn i kva som skjedde. Det var hardt arbeid, øya og fiske som stod i hovudet på meg. Vi la til kai i fjæra i Gryllefjord, og eg klatra opp kaistolpane. Då var det blitt så vondt at eg bestemte meg for å seie ifrå til dei andre. Broren min blei rasande. Han kunne ha tilkalla hjelp på veg inn, i båten hadde han ein splitter ny radio han kunne ha brukt. Her kunne det stått ambulanse klar, sa han, og var sint for at eg hadde klatra opp på kaia sjølv også, no som vatnet hadde gått. Han hadde heller køyrt sjarken på land om han visste det, sa han. 40


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 41

Det var berre så vidt eg klarte å komme meg heim. Huset låg ikkje meir enn to–tre hundre meter frå kaia, men eg måtte stoppe to gonger i den bratte bakken. Eg beit tennene i hop, ville ikkje hyle og skrike, det var så mykje folk ute, vêret var så fint. Då eg kom heim, hadde eg tenkt å reinske bæra, vaske og bake brød, men pappa henta naboen, som var mora til venninna mi og jobba på sjukeheimen. Ho kom for å sjekke meg. «Du har fleire centimeter opning, vi må ringe ambulanse», sa ho. «Nei, nei, nei, eg har fleire ting å gjere først», sa eg, for eg såg for meg at eg kom til å sitte på sjukehuset og vente i eit døgn utan å kunne ta meg til noko fornuftig. «Kva du vil, speler inga rolle no, for ungen vil noko heilt anna», sa nabokjerringa og ringde etter ambulanse. Ein annan nabo, ei jente som var berre nokre år eldre enn eg, blei med i ambulansen, som skulle køyre meg til Senja. Ho var kjempenervøs, redd for at ungen skulle komme mens eg sat der med henne. Eg måtte roe henne ned, for ho skalv frå topp til tå. «Slapp av, det går bra», sa eg. Då jordmora møtte meg på Senja og nabojenta drog heim igjen, var eg glad. Så redd som ho var, var ho ikkje til noka hjelp. Då slapp eg i alle fall å sitte og halde henne i handa. Det var så varmt, ein av dei varmaste dagane eg kan 41


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 42

hugse. Eg var så tørst, hugsar at eg fann ein juiceboks i ambulansen, men mista sugerøyret. Jordmora undersøkte meg og rekvirerte straks eit helikopter. Eg er lita av vekst, berre  centimeter lang og smal om bekkenet. Det tar tre og ein halv time å køyre til sjukehuset i Tromsø. Eg trur ho var redd for at det skulle bli for tøft eller for lita tid. Helikopteret kom til Finnsnes, og mannen min blei med opp, i tillegg til jordmora, ambulansesjåføren og dei to pilotane. Vi var seks vaksne i det vesle helikopteret, det var ganske trongt. Eg er jo eigentleg ganske beskjeden av meg, så om eg hadde kunna, ville eg ha kasta ut alle mannfolka frå helikopteret. Men eg måtte jo berre la det stå til. Undervegs informerte jordmora meg om kor langt babyen var kommen, og då rekna eg med at ho kom til å bli fødd der, i lufta. Ambulansesjåføren hadde aldri vore med på ein fødsel før. Han var heilt kvit der han sat. Stakkars ambulansesjåføren, tenkte eg. Dette måtte vere ille for han. Sjølv låg eg enno og venta på at det verste skulle komme. Eg hadde jo høyrt at folk låg og ropte og skreik i fleire døgn, så eg såg for meg at det kom til å bli verre. Etter ein halvtimes tid tok jordmora fram saksa. Eg skjønte først ikkje kva ho heldt på med, men ho sa ho måtte klippe, for no var ungen snart ute. Jøss, tenkte eg. Og så kom dottera mi, rett over Tromsøbrua, berre nokre minuttar før vi var framme. 42


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 43

Ho blei fødd klokka ni om kvelden. Då var det fest på lokalet heime i Gryllefjord, og då faren min fekk vite om det, sprang han opp på scena og ropte at eg hadde fått ei jente. Mange hadde fått med seg det som skjedde. Fleire nabokjerringar var involverte, og mange var ute og gjekk. Dei heia og ropte lukke til då eg var på veg i ambulansen. Alle skjønte at eg skulle føde. Og når barnet som kom ut, var friskt og sprekt, var det jo morosamt og minnerikt. Etterpå sa jordmora at eg var som Anna i øydemarka. Eg hadde ikkje skrike, ikkje ropt, ikkje sagt noko som helst, bortsett frå å krangle litt då ho tok fram saksa. «Dette kunne du ha klart heilt fint sjølv», sa jordmora. Det er jo kjekt å vite. Men ikkje akkurat noko ein vil. Det er litt slik folk er her ute. Vi står på til det siste. Ein skal ikkje bere seg og syte, ein gjer det beste ut av det. Eg syntest aldri eg hadde tilstrekkeleg vondt til å klage. Therese blei oppkalla etter helikopteret. Og då vi kom heim igjen til Gryllefjord, låg det ti kilo molter og venta på oss.


Alt vel med mor og barn ferdig.qxp_A 27.06.2018 13:27 Side 44


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.