Advent

Page 1



Gunnar Gunnarsson

ADVENT

Omsetjing og etterord av Oskar Vistdal (MNO) Teikningar av Gunnar Gunnarsson d.y.

Samlaget Oslo 2016



når det lid mot jul, bur folk seg til høgtid, kvar på sitt vis. Og det på mange måtar. Benedikt hadde sin. Fyrst i advent, helst sjølve advents­ sundagen om vêret var lagleg, tok han til fjells rikeleg rusta med niste, sokkeombyte, nygjorde sko, primus, ein dunk lampeolje og ei lita dram­ flaske i ryggsekken. På denne årstida fanst ikkje anna levande i fjellet enn hardfør rovfugl, rev og ein og annan attgløymd sau. Og det var nett­ opp desse attgløymene han fór etter, sau som hadde vorte att etter dei tre faste sankingane om hausten. Dei skulle no ikkje fryse eller svelte i hel inni der av di ingen iddest eller torde leite dei opp og få dei heim. For dei òg var levande vesen. Og han hadde liksom eit slags ansvar for dei. Hans einaste mål var å finne dei og få dei heile i hus før den store festen breidde helg og høgtid over jorda og skipa fred og frygd i sinna til alle som hadde gjort sitt beste. 3


På desse adventsvandringane var Benedikt alltid åleine. Eller åleine? Fylgje av folk hadde han rett nok ikkje. Men hunden hans var med, oftast ein førarsau òg. Hunden han hadde denne tida, heitte Leo og var reint som ein pave, sa Benedikt. Sauen bar namnet Knasten av di han var så hardfør. No hadde desse tre vore uskiljande i slike utferder fleire år, etter kvart kjende dei kvar­ andre ut og inn med slik rotfest kjennskap som kanskje er mogleg einast mellom heilt ulike dyreslag, der ingen skugge av eige sjølv, eige blod, eigne ynske eller hækne forvillar eller for­ myrkjer. Forresten var det ein fjerde i laget òg, godgangaren Faksen, men han var diverre for grannleggja og tunglema til å vada djup laussnø på førjulsvinteren og dessutan snautt kar for å tola mange slitsame dagar på dei knappe rasjo­ nane som dei tre andre kunne greie seg med. Det var med sorg og saknad Benedikt og Leo skildest ved han. Knasten tok denne suta med ro liksom alt anna. Der gjekk no så dette trekløveret ut i vinter­ dagen: fremst Leo med tunga hengjande vel­ nøgd ut or høgre munnvik trass i kulden, et­ ter honom Knasten i sitt vanlege spaklynde og attarst Benedikt med skiene på oksla. Snøen her nede i bygda var enno for lett og laus til å 4




bera ein skilaupar, så det var å vada og stendig spenne tærne mot tuver og stein, puh, han var trå og tung å traske i, men elles inkje uvanleg med det. Leo hadde det annsamt, slik hundar gjerne har, og var i godlag. Stundom kunne han ikkje styre seg, laut gjeva gleda si fritt laup og la på sprang så snøen dreiv omkring han og att­ ende til Benedikt, gøydde og hoppa oppetter han og kravde klapp og kos. Jau, du er no likaste paven, sa Benedikt då, det var kjæleorda hans til kameraten, høgare ros fanst ikkje i hans munn. Fyrst tok dei vegen innetter bygda mot Botnen, garden øvst oppe mot fjellet. Dei hadde dagen for seg og tok det med ro, fylgde stigane frå gard til gard, stana og helsa på folk og fe, men ein kopp kaffi, nei takk, ikkje i dag – skulle gjerne nå fram i god tid. Så fekk dei ein mjølkeskvett i staden alle tre. Opp att og opp att måtte Bene­ dikt svara på spørsmål om kva han trudde om vêrutsiktene. Folk spurde berre, – det var ikkje meininga å vera nyfiken eller illspåande. Men det er no lov å spørja. Kan hende la einkvan til etterpå, at ja, kva skulle eg no seia: Leo er vel ein hund til å finne fram – jamvel i myrker og snøvêr? Sa det nærast i spøk og let vera å lyfte augo, passa seg for å minne om dei litt trugande skyene på himmelen om så berre med eit blikk.


Og skunda seg og la til: Å ja, finne vegen, det kan han nok, den rakken! Det kan vi alle tre, sa Benedikt traust og tømde mjølkekummen sin: Takk for skjenken! Utan å laste deg og Knasten ville eg no lite mest på Leo, sa bonden og stakk inn i stova som snøggast og henta ein godbit åt honom, noko å prøve tennene på. Benedikt sa ingenting om at Leo var likaste paven, men nikka til teikn på at han berre skulle gjeva seg tid til å eta maten som var sett fram åt honom, sjølv skulle han nok vente så lenge. Imedan fekk Knasten ei huve full med høy. Så gjekk dei vidare alle tre. Benedikt hadde ikkje vore i kyrkja i dag, det hadde han ikkje, hadde ikkje hatt stunder til det. Skulle han nå fram i nokolunde skikkeleg tid og få kvilt ut før den lange vandringa gry­ tidleg neste morgon, laut heile dagen nyttast. Det var mest av omsyn til Knasten han tok det så smått fyrste dagen. Ikkje for det, Knasten var god nok og gjorde ikkje skam på namnet sitt. Men ein laut vera varsam og ikkje forrøyne han i fyrstninga. Difor var det ikkje råd for Bene­ dikt å leggje lykkje på vegen framom kyrkja. På adventssundagen er det vandringa innetter bygda mot fjellet som er kyrkjegonga hans. Før han fór heimafrå, hadde han dessutan seti på 8



Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.