400 mil frå Sogndalsfjøra

Page 1




  Alltid fleire dagar. Roman ,  Vegen smal og porten trang. Historier ,  Sveve over vatna. Roman , , ,  (m. Dr. Munks testamente), , ny utgåve med teikneserieintervju av Steffen Kverneland ,  Under snøen. Roman ,  Bussen til Peking. Tekster  Professor Moreaus løyndom. Roman ,  Love Me Tender. Drama  Utanfor sesongen. Roman , ,  Sjølvmord i Skilpaddekafeen. Prosa , ,  Konspirasjonar. Essay  Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd. Drama  Paradis. Roman  Langs kvar ein veg. Nashville – Memphis – Austin. Country-reisebok (saman med Dag Helleve og Per Olav Kaldestad)  Over Bali og Hawaii. Tre drama  Alltid fleire dagar / Mercedes. Pocketutgåve  Eline og Julie tar ferja. Roman  Poetisk modernisme. (Red. saman med Jon Fosse, Eva Jensen, Per Olav Kaldestad og Finn Øglænd)  Vegen til Navan. Ei musikalsk-litterær reisebok frå Irland (saman med Dag Helleve og Per Olav Kaldestad)  Federico García Lorca: Månen har tenner av elfenbein. Utval og gjendikting ved Tove Bakke og Ragnar Hovland  Dr. Munks testamente. Roman , , ,  Raymond Queneau: Stiløvingar. Gjendikting  Halve sanninga. Tre versjonar. Roman  Sarah Kirsch: Alvekongens dotter. Gjendikting  Guillaume Apollinaire: Den melankolske vaktposten. Utval og gjendikting ved Ragnar Hovland  Texas. Korte tekster av lange menn (saman med Eduardo Andersen og Reidar Karlsen).  Åleine i Alpane. 20 bøker. ,  Psst! Kubanske notat  Ei vinterreise. Roman , ,  Norske gleder.  Finske dagar og netter – reisenotat frå Finland (saman med Dag Helleve og Per Olav Kaldestad)  Brevet. Roman  1964. Roman , ,  Paradis / Eline og Julie tar ferja. (Eittbandsutgåve)  Dr. Munks popleksikon.  Kunsten å komme heim og andre essay.  Stille natt. Roman  Frå Ragnar til alle. E-post i utval.  Ragnar Hovland har også gitt ut bøker for barn og unge. Sjå www.samlaget.no for komplett bibliografi.


Ragnar Hovland

 mil frå Sogndalsfjøra (Per Waglens notat) Langnovelle

Samlaget Oslo 


© Det Norske Samlaget  www.samlaget.no Omslag: Stian Hole Førtrykk: Samlaget Trykkeri: Nørhaven Printed in Denmark ISBN 978-82-340-0742-2


She said there is no reason and the truth is plain to see. ( KEITH

REID )



Eg trur vi berre seier at det begynte med at han karen kom inn døra og skulle leige ein video. Han såg no ut som ein slaur, endå han var fint nok oppdressa, det var ikkje det, med stripete dress og raudt slips, men det hjelpte berre ikkje. Er du fødd til slaur, så kan du dresse deg opp til Sattan tar deg, det hjelper ikkje. Eg hadde meir eller mindre slutta med kannibalvideoane som eg var så kjend for, og no var det Sylvester Stallone på alle vegger. Eg synest at Sylvester Stallone er ein stor dritsekk – stor dritsekk er no forresten heilt feil, han er jo berre ei lita klyse – men folk leiger no videoar med han og sit og ser på dei i kveldinga og skyl han ned med litt øl, så det er no det same for meg. Han her slauren tok ut den eine videoen etter den andre og heldt dei opp mot lyset og sette feittete fingeravtrykk og studerte dei til eg blei ganske lei av han. – Kan eg hjelpe deg med noko? sa eg, berre for at han skulle ta seg saman og kome seg til helvete ut. Han såg på meg på slauremåten sin, og så sa han: – Har du berre desse? – Nei, sa eg. Og så gjekk det ei stund, og han såg vel på omtrent kvar jevvla videokassett, og eg begynte nesten å tru at han var ein eller annan jevvla kontrollør som skulle sjå om eg hadde barneporno eller noko anna helveteskap i hyllene, men då kjende han ikkje meg. Eg gadd heller ikkje fortelje han at eg hadde heilt andre filmar under disken, men dei leiger eg berre ut til kjenningar. – Finn du ikkje noko du likar? sa eg og merka at eg slett ikkje hadde lyst til å snakke til slauren og det kosta meg ikkje lite å få desse orda fram. 7


– Eg veit ikkje heilt, sa han, og så kom han heilt fram til disken og gav seg til å stire på skutebildet på veggen, og eg kjende den tydelege lukta av slaur. – Det er du som er Per Waglen? sa han, og eg gadd ikkje svare. Det kunne no vere det same for han kven eg var, eg ville berre ha han ut så eg kunne fortsetje å lese i Dostojevskijboka, der eg alt var komen til side 256. Inne frå kafeen ved sida av kunne eg høyre at kjerringa sa eit eller anna til ein av gjestene, og eg lurte litt på kven det var, og håpte det ikkje var ein som berre sikla etter å ta henne på puppane. Ikkje det, det er sikkert mange her omkring som går rundt og siklar etter å ta henne på puppane, men eg vil berre ikkje vite om det. – Skal du ha noko, eller skal du ikkje ha noko? sa eg og no begynte eg å bli skikkeleg lei av helveten. – Eg skulle hatt tak i Per Waglen, sa han. – Det er vel deg, det? – Om så var? sa eg. Eg trudde ikkje lenger at han var nokon kontrollør. Eg visste ikkje kva han var, ut over at han var ein skikkeleg slaur som ikkje hadde greie på videoar eller på film i det heile tatt. Eg må føye til at eg synest det er vanskeleg å omgåast folk som i det heile ikkje har greie på film, eg synest det er ekkelt å snakke med dei, og eg vil berre ha dei vekk. Slik er eg berre, og eg har ikkje tenkt å forandre meg. I min alder så kan ein tillate seg å drite i ein heil del ting, t.d. å vere overdrivent høfleg mot folk ein ikkje tåler trynet på og som ikkje har greie på film. Det er fint å køyre langs Sognefjorden, det er det faen meg, og eg trur heilt sikkert det er ein av dei finaste fjordane i verda å køyre langs. Det er ein bra fjord å bu attmed òg, men ein skal helst bu langt ute i fjorden, der det er lite som stenger og impulsane kjem haglande, og der folk snakkar nokolunde normalt og vetigt. Ettersom eg no la dei sørpete kilometrane 8


bak meg, på veg innover i det indre av det indre, var det som eg alt kunne høyre diftongane kvine om øyrene på meg, og eg kjende at eg var på usikker grunn. Kjerringa, ho Irene, hadde helst tatt det pent. Det gjer ho stort sett alltid, og eg lurer av og til på kva for baktankar ho har med det. – Ja, eg blir vekke i helga, sa eg. – Eg må levere noko til ein fyr inni Sogndal og så må eg inn til Oslo og prate med han sattan i videoselskapet. – Skal du køyre bil heile vegen? spurde ho berre. – Eg tar kanskje fly frå Sogndal, sa eg. – Vi får nett sjå. Eg likar ikkje desse småflya. Eg begynner vel å bli gammal. – Du gjer vel det. Så du får ikkje ta det for hardt. – Du kan no berre stenge kafeen viss du synest det blir for mykje, sa eg. – Det går nok bra, sa ho. – Ja ja, du får seie til gutungen at han ikkje får sitje oppe og vente på meg. Eg skal ta med noko fint til han. Ja, til deg òg. Perler og hermelin og slikt som dei har i storbyen. – Du får gjere det. Ta med nokre ekstra sokkar. Sokkar? Irene er den penaste eg veit om, og det er ikkje berre eg som meiner det, og eg likte ikkje tanken på å la henne vere att, omgitt av mannfolk som brenn etter å ta ho på brysta, utan at eg kunne gripe inn. Alt i fjor tenkte eg å kjøpe ny bil, særleg viss eg blei rik, men ein kan vel ikkje direkte seie at det var det eg blei. I år tenkte eg at viss eg blei rik før sommaren, så skulle eg kjøpe meg ny bil, ein skikkeleg hissig japsefaen. Men sommarferien kom utan at kontoen såg noko vesentleg annleis ut, og her kom eg dermed køyrande i same gamle skaberakket. Det er ikkje det at han ikkje går bra, han kan halde i mange år enno, men det er noko med stilen. Vi har vakse frå kvarandre på eit vis. Men 9


vi har vore gjennom mykje saman, og det er vel litt det òg som gjer at eg ikkje har kvitta meg med helveten. Eg sette i ein kassett, The Wild and Wonderful Music of The Troggs, musikk ein kan lite på, og eg såg på himmelen og fjorden og tenkte meg at dei var to revolvermenn ute på oppdrag, og oppdraget var å passe på at gamle Per Waglen kom fram med helsa i behald, fekk drikke seg god og full i ei passande skjenkestove og deretter reise strake vegen heim att, der alt skulle halde fram som før, utan besøk av ukjende helvetar i videosjappa. Ein skal ikkje krevje meir av livet enn som så, det fører faen ikkje noko godt med seg. Eg kvein gjennom ein stygg sving og kom på at det var her omkring han gamle Sakrisen køyrde utfor vegen ei vinternatt og beint i fjorden. Eg hugsar ikkje så godt gamle Sakrisen, men eg hugsar at han alltid var vassen i augene og tung på foten, og at han likte så godt Kirsti Sparboe. Kjissti Sparboe som han sa. Han uttalte sjølvsagt e-en til slutt. Han hadde alle platene hennar og ein masse bilde av ho på veggen, både i bunad og i badedrakt, og det var alltid ei plate som surra og gjekk. «Livet er herlig» var den det gjekk mest i, og den var no òg ganske fin. «Men en dag kommer sorgen», det gav oss litt å tenkje på. Eg likar for så vidt òg Kirsti Sparboe. Ho har fått eit ufortent dårleg rykte, går rundt med eit solid taparstempel, men ho har no rota og tulla ein del, ho òg. Eg lurer av og til på korleis det kan ha seg at pene og kjende damer, særleg slike som syng, alltid rotar seg borti dei mest håplause idiotar av nokon mannfolk. Dei som kunne fått kven som helst. Men nei då, det må vere gangsterar og svindlarar og lugubre bareigarar og playboyar med gull-lenker over heile seg, ikkje minst på pikken. Eg veit for så vidt ikkje om det var akkurat slik med Kirsti Sparboe, men det er ein generell regel. Men Sakrisen, der var det Kirsti Sparboe for alle pengane. Eg kan hugse då Stompa forelsker seg kom på bygdekinoen, Sakrisen møtte opp på kvar jevvla førestilling og sat 10


og grein mens dei song «Napoleon med sin hær». Det var Norges mest populære film på den tida, og han gjekk ei heil veke. Og der sat Sakrisen. Ein må ha opplevd det for heilt å kunne tru på det. Men så gjekk det då slik med Sakrisen ein vinterkveld då han vel ikkje var altfor edru, at bilen skrensa på glatta, og dermed var det fjorden neste. Men det var jo ikkje slutt med det. Det er mange som har sett han sidan, særleg i mørke haustkveldar, då kan han brått kome fram i lyset frå billyktene, dryppande våt og i same helvetes strikkakufta og terylenebuksa og likbleik i ansiktet. Det kan vere ganske utriveleg, seier dei som har opplevd det, og eg kjenner ein av dei, han Slarke-Fredrik. Og han fer ikkje med mykje tull. Men det var ein annan kar dei fortalde om, ein slags disponent eller noko, han kom køyrande ein haustkveld i disponentmobilen sin, og då stod det ein kar i vegkanten og vinka og bad om haik. Og denne karen hadde aldri høyrt gjete han Sakris, så han berre stoppa og tok han med og spurde kor i helvete han hadde tenkt seg, og så sa han det, og det var jo huset til han Sakris, det som dei no har rive og der det skal bli ny og postmoderne sjukeheim. Etter at dei hadde køyrt litt, så tykte han som køyrde at det lukta litt mistenkeleg sjøvatn, og i det same høyrde han at karen i baksetet begynte å synge slik lågt for seg sjølv: «Livet er herlig når det går …», og då han snudde seg for å sjå litt nærmare på karen, så var han borte som ei sviske, og det var berre ein våt flekk i baksetet som om han hadde sete der og pissa på seg mens han sulla og song, og den flekken fekk dei aldri meir vekk og det heldt fram å lukte ròtent sjøvatn, og han måtte berre vrake bilen til slutt. Av og til har eg lurt på kva dei gjorde av alle Kirsti Sparboeplatene og bilda til han Sakris. Dei ville vel vore verde ein million no. Då eg passerte skiltet med Øyri, såg eg at eg kunne trenge litt bensin. Eg svinga inn på Esso-stasjonen til han Mass i Holet, og der stod han Mass sjølv klar til aksjon. 11


– Er det deg, Waglen? spurde han nyfikent. – Det er ein sjeldan mann å sjå på desse trakter. – Kva no grunnen kan vere, sa eg. – Du får helle på litt bensin og ikkje berre stå og la kjeften gå, veit eg. – Ja, du har no kjørt langt i dag. – Og lenger skal eg. Eg må prøve å kome meg til Sogndal før polet stenger. – Å, herre min skapar, ja då skal du køyre fort. – Det skal eg. Fort og sikkert, slik eg har for vane. Kor går det med deg, då, Mass? – Å, du veit, det er ikkje rare greiene. Eg har slike vanskar med å få pisse. – Det er ikkje så bra, sa eg. – Far min hadde det, og han dauda av det. Det er grenser for kor lenge du orkar å stå der med pikken ut av broka og ikkje få pisset ut. Mass såg på meg. – Er far din daud? sa han. – Det visste eg ikkje. – Eg veit ikkje om han akkurat er daud, sa eg. – Men det er iallfall jevvlig lenge sidan eg har sett han. Eg merka at eg stod og trippa utålmodig, og han Mass stakk slangen i hòlet og tala begynte å rulle. – Du får ikkje gi deg før det skvettar over, sa eg. – Det blir alltid eit par kroner å tene på det. Han var sjølvsagt heilt uimottakeleg for høgare ironi. – Kva driv du med for tida då, Per? spurde han Mass med kjeften heilt nedi bensintanken. Han sniffa vel helveteskapen. – Det er fint lite, det, veit du. – Dreiv ikkje du og spelte litt, då? – Det var før, det. Eg var med i eit lite danseband. Men det er ikkje noko i lengda for ein vaksen kar. Det var for hardt òg, veit du. Alle damene. Pikken heldt på å ramle av til slutt, så eg måtte surre han med aluminiumsteip. – Ja ja, du skal no alltid skryte. 12


Eg var forundra over kor mykje bensin som fekk plass i tanken. Var det eit hòl ein plass? – Eg hugsar den sommaren du jobba her på verkstaden hos meg, sa han Mass idet han fann ut at han visst ikkje fekk pressa meir bensin nedi, iallfall ikkje utan at han sende son sin, han Rass, nedi for å trakke. – Det kan eg ikkje hugse, sa eg. Og det kunne eg verkeleg ikkje. Han måtte blande meg saman med ein annan helvet. – Du var alltid ivrig på å ta kvelden. Og så var du ivrig på å ta fem minutt. Fem minutts røyk og kvil. Eg trur du begynte å røyke berre for at du skulle få deg røykepausar. Eg såg på kor mykje det blei. Helvete for ein pris! – Eg har slutta no, sa eg. – Eg røyker berre sigarar i festleg lag. Til gjengjeld røyker eg mange av dei. – Ja, det er ikkje bra det heller, veit du. – Det skal vel du gi deg faen i, mumla eg idet han gjekk med setlane mine inn i butikken for å veksle. Det skulle bli spennande å sjå kor mykje han hadde tenkt å snyte meg. Han kom att med akkurat det eg hadde rekna ut at han skulda. – Ja, du var ikkje akkurat nokon støvar til å jobbe, sa han Mass. – Men du var flink til å ta deg pausar. – Eg trur du blandar saman, sa eg. – Det må ha vore den sommaren eg låg innpå stølen og pulte med ho Marta. – Ho Marta? sa han Mass. – Eg kan ikkje tru at ho ville pule med deg. – Det ville ho, sa eg. – Vi låg der og pulte heile sommaren, og då sommaren var slutt var vi så leie at vi ikkje orka å pule nokon som helst eit heilt år etterpå, om dei så hadde slengt dei etter oss. Eg likar ikkje å drive å skryte av mine amorøse eventyr, men av og til må ting setjast på plass. Mass såg på meg og riste litt på hovudet. Han er vel ikkje akkurat nokon tosk, men han er ikkje heilt god heller. 13


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.