Kva er ein tilretteleggar for innovative idear og driftige menneske?
Vi ønskjer å ta gode idear opp frå idéstadiet og gjere dei til vekstkraftige bedrifter. Vekstkraftige bedrifter som gir attraktive arbeidsplassar i fylket, og trekke til seg fleire potensielle etablerarar.
Enten ideane kjem frå ein gründer eller ei bedrift, vil behovet for å vidareutvikle ideane alltid vere til stades. Det blir etterspurd støtte og drahjelp, noko vi kan bidra med. Vi vil legge til rette for at driftige menneske ønskjer å bli i regionen vår. Vi treng dei!
I år er det 15 år sidan Kunnskapsparken blei etablert, 15 år med fleire endringar i næringslivet. Vi lever i ei stadig meir globalisert verd, og bedriftene vi jobbar med har auka fokus på eksport og internasjonale marknader. Dette er spennande. Det viser at sjølv om vi ikkje nødvendigvis har dei største bedriftene i Sogn og Fjordane, kan vi vere store saman.
Vi ønskjer at vårt arbeid med gründerar, samarbeid med dyktige aktørar i næringslivet og