Kunnskapsparken har, saman med Sparebanken Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Fylkeskommune, etablert eit presåkornfond - Sogn og Fjordane Fondet. Fondet skal investere i oppstartsselskap og gi tilgang på kapital til vekst og utvikling i ein fase kor anna risikokapital er vanskeleg tilgjengeleg. Det kan i mange høve vere vanskeleg for det «nye næringslivet» å overtyde investorane, sjølv om forretningsideen er god. I perioden fram til presåkornfondet varte etablert, vart investeringar i oppstartsbedrifter gjort gjennom eigenkapitalen til Kunnskapsparken. Døme på slike investeringar er Melin Medical og nLink I tillegg til vårt eige fond, samarbeider Kunnskapsparken med Bergen Teknologioverføring (BTO) om den regionale andelen av det statlege presåkornfondet. Begge desse fonda, kombinert med eit nettverk av private investorar, vil kunne gi god tilgang til risikovillig kapital i vår region. Sogn og Fjordane Fondet blir forvalta av Kunnskapsparken. Overskot av investeringane skal tilbakeførast til fondet og nyttast til nye investeringar.
KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016 | 15