Page 1

ÅRSRAPPORT

2016

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016 | 1


3

Leiar har ordet

4

Litt om Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane

6

Eigarar

7 Partnarar 8

Verdiskaping gjennom innovasjon, ny etablering og vekst

9

• Inkubasjon

10

• Inkubatorbedrifter

12

• Miljø og klynge

14

• Prosjekt

15

• Sogn og Fjordane Fondet

16

Vegen vidare

17

Presentasjon av styret

18

Styrets beretning

20

Resultatregnskap

21

Balanse

22

Eigenkapital og gjeld

23

Noter til regnskapet

28

Revisors beretning

2 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016


Den beste måten å møte framtida på, er å skape den sjølv Vi veit at ei av dei store utfordringane vår region har, er å skape nok arbeidsplassar. Både nasjonale og regionale myndigheiter ønskjer å styre utviklinga i positiv retning gjennom satsing på forsking og innovasjon. Kunnskapsparken vil gjennom sitt arbeid bidra til at ein lukkast med satsinga, og slik skape nye arbeidsplassar. I 2016 hadde vi rekordhøg aktivitet i inkubatoren vår – målt i tal bedrifter i inkubasjon. Dette har vore mogleg å realisere mellom anna gjennom at SIVA har auka si satsing på Kunnskapsparken, og vårt nære samarbeid med fyrstelinjetenesta i kommunane, næringshagane, Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde. Vidare har finansiering gjennom Sparebankstiftinga og Sparebanken Sogn og Fjordane gjort oss i stand til å styrke innovasjonsarbeidet i etablerte verksemder. Etableringa av eit toårig samarbeidsprosjekt med Høgskulen og Helse Førde er eit døme på ei slik ekstrasatsing. Prosjektet skal ha eit spesielt fokus på forskingsbaserte innovasjonar – noko som har skapt og vil skape store verdiar for samfunnet. Nye produkt og tenester er nøkkelen til vår velstand. På kapitalsida har vi også utvida kapasiteten med etableringa av Sogn og Fjordane Fondet. Dette er eit samarbeid mellom Fylkeskommunen, Sparebanken Sogn og Fjordane og Kunnskapsparken, og vil gi oppstartsverksemdene tilgang på risikovillig kapital i ein tidleg fase. Her har vi i tillegg eit samarbeid med Bergen Teknologioverføring (BTO), om tilgang til det statlege presåkornfondet – eit fond som kan matche vårt lokale presåkornfond. Fleire av prosjekta og tiltaka som vi har lagt grunnlag for i 2016, vil vi sette fullt trøkk på i 2017. Spesielt vil eg trekke fram dei ulike samarbeidsprosjekta vi har – prosjekt som forhåpentlegvis vil gi gode resultat i regionen vår. Ein region der vi, til liks med resten av landet, må førebu oss på store endringar når det kjem til kommune- og fylkesstruktur. For å kunne halde oppe trykket, og vidareføre den positive utviklinga i 2016, ser vi for oss eit endå tettare samarbeid med våre systerorganisasjonar. Fyrste steg vert å samle SIVA sin innovasjonsstruktur under ein felles paraply, og slik setja oss i stand til å gi enno betre tenester til eksisterande og nytt næringsliv. Avslutningsvis vil eg trekke fram den positive utviklinga i næringslivet i regionen vår - eit næringsliv i eliteserien. Kunnskapsparken vil, og skal vere, ein tilretteleggar for innovative idear og driftige menneske. Sogndal, 15.juni 2017

Kjetil Kvåle, dagleg leiar

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016 | 3


Litt om Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane... Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane (Kunnskapsparken) er eit regionalt innovasjonsselskap som skal bidra til utvikling og vekst gjennom kommersialisering av forretningsidear og forskingsresultat. Vi jobbar aktivt i skjeringspunktet mellom næringsliv, offentlege utviklingsaktørar og FoU-miljø. Kunnskapsparken er også kommersialiseringsaktør for forskingsbasert- og anna nyskapning for Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, og bistår institusjonane med å identifisere, registrere og vidareutvikle idear og forskingsresultat med kommersielt potensial.

og bedrifter tilgang til profesjonelle forretningsutviklerar, kompetanse, kapital og nettverk. Inkubatoren tilbyr også kontorfasilitetar og miljø som bidreg til bedriftenes utvikling, samarbeid, kundekontakt og nettverksbygging. Kunnskapsparken samarbeider med Aksello i Florø for å sikre eit heilskapleg inkubatortilbod.

Vår fylkesdekkande inkubator har vore del av SIVA sitt inkubasjonsprogram sidan 2006. Her får nyskapande gründerar

Tilgang til kapital i tidleg fase er viktig! Difor har Kunnskapsparken, saman med Sparebanken Sogn og

4 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016


Fjordane og Sogn og Fjordane Fylkeskommune, etablert eit presåkornfond, Sogn og Fjordane Fondet. Fondet skal investere i oppstartsselskap og gi tilgang på kapital til vekst og utvikling i ein fase kor anna risikokapital er vanskeleg tilgjengeleg. Kunnskapsparken administrerer også Sparebanken Vest si næringsstifting i Sogn og Fjordane – ein fødselshjelpar for gode idear i tidleg prosjektfase. I 2016 fekk Kunnskapsparken ei rekordstor pengegåve frå Sparebankstiftinga og Sparebanken i Sogn og Fjordane. Pengane skal gå til å legge grunnlag for utvikling av nye og fleire arbeidsplassar innan nye og eksisterande verksemder i fylket. Å få tildelt så ein så stor pengesum betyr at vi kan gjere så mykje meir av det vi allereie gjer, å hjelpe til med vekst og nyskaping i fylket. Pengegåva frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane

KUNNSKAPSPARKEN: Ein tilretteleggar for innovative idear og driftige menneskjer.

har også gitt oss anledning til å opprette ei prosjektstilling som skal ha særleg fokus på idéfangst og kommersialisering av forskingsresultat ved Helse Førde og Høgskulen. Vi er prosjektleiar og bidragsytar i fleire utviklings- og samarbeidsprosjekt, og jobbar aktivt med kople forskings- og utviklingsmiljø med næringsliv. Målet er auka verdiskaping og innovasjon i bedrifter ved hjelp av ny kunnskap.

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016 | 5


Eigarar

37,41%

38,17%

FJORD INVEST SÅKORN AS har ein forvaltningskapital på 55 millionar kroner, og kan investere i både såkorn- og vekstbedrifter i Sogn og Fjordane. Fjord Invest tilfører blant anna kompetanse og nettverk. Kapital frå realisering av porteføljebedrifter vert nytta til investering i nye bedrifter.

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE er sentral i arbeidet med regional utvikling på fleire område i fylket, i lag med kommunar, regionråd, næringsliv og frivillige organisasjonar. Gjennom partnarskap er Fylkeskommunen med på å gjere det mogleg å skape nye arbeidsplassar og nye næringar, samstundes som vi vidareutviklar dei eksisterande.

15,27% SIVA – SELSKAPET FOR INDUSTRIVEKST SIVA legg til rette for innovasjon ved å bygge, eige og utvikle infrastruktur for næringslivet, oppstartsbedrifter og forskingsmiljø. SIVA utviklar kunnskaps- og oppstartsmiljø, og koplar dei til regionale, nasjonale og internasjonale nettverk. Partnarnettverket støttar og veilledar fleire tusen entreprenørar og oppstartsselskap kvart år.

SOGNDAL KOMMUNE

7,63% SOGNDAL KOMMUNE er regionsenteret i Indre Sogn, og har 7 800 innbyggjarar. I skuleåret har bygda omlag 2 500 studentar og skuleelevar i tillegg. Sentralt i Sogndal finn ein Fosshaugane Campus - ei samlokalisering av idrett, forsking, studiar og ei lang rekke kompetansebedrifter. Fosshaugane Campus har utvikla seg til å bli eit skapande og dynamisk miljø, der samhandling og entreprenørskap står i høgsetet.

6 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016

0,76% STRYN NÆRINGSHAGE AS er programoperatør for næringshageprogrammet – eit bedriftsutviklingsprogram som skal bidra til å skape vekst, sysselsetting, internasjonalisering og auka lønsemd. Stryn Næringshage tilbyr fyrstelinjeteneste i kommunen og disponerer ein pott av det kommunale næringsfondet som kan tildelast unge gründerar i etableringsfasen.

0,76% HELSE FØRDE har om lag 2.500 tilsette og har ansvaret for sjukehusa og dei psykiatriske institusjonane i Sogn og Fjordane. Saman med Høgskulen på Vestlandet har Helse Førde etablert Senter for helseforsking. Administrasjonen til Helse Førde held til ved Førde sentralsjukehus, som er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane.


Partnarar

AKSELLO er eit inkubator- og næringsutviklingsselskap, og bidreg til å skape og sikre arbeidsplassar gjennom bedriftsetableringar og styrking av eksisterande næringsliv.

BERGEN TEKNOLOGIOVERFØRING (BTO) er eit regionalt operasjonelt kompetansesenter for foredling av nyskaping og kommersialisering av forskingsresultat. BTO drifter også Nyskapingsparken Inkubator, samt Norges råaste akseleratorprogram – Accel.

CONNECT VEST kal bidra til etablering og utvikling av nye vekstforetak ved å kople gründerar og vekstselskap med kompetanse og kapital. Målet er ein raskare utvikling av vekstbedrifter og dermed skape fleire levedyktige bedrifter og arbeidsplassar.

HØGSKULEN PÅ VESTLANDET Høgskulen på Vestlandet (HVL) tilbyr framtidsretta utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og over 100 vidareutdanningar. HVL er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 16 000 studentar fordelt på våre fem campusar i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE er den største banken i Sogn og Fjordane med ein forvaltningskapital på 45,9 milliard kroner og 273 årsverk. Dei har som visjon å vere ei drivkraft for fylket. Sparebanken Sogn og Fjordane og Kunnskapsparken er saman om NYBROT og Sogn og Fjordane Fondet. Banken vil i løpet av 2017 gå inn på eigarsida til Kunnskapsparken.

SPAREBANKEN VEST er landets tredje største sparebank. Sparebanken Vest er eit komplett finanshus for meir enn 250 000 person- og bedriftskundar. Sparebanken Vest er eit sjølvstendig finanskonsern med hovudkontor i Bergen, og har ei sentral rolle i mykje av den verdiskapninga som skjer på Vestlandet. Kunnskapsparken er sekretariat for Sparebanken Vest si Næringsstifting i Sogn og Fjordane.

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016 | 7


TAL

FO

R2

016

:

Verdiskaping gjennom innovasjon, nyetablering og vekst

89

14

32

NYE BEDRIFTSOPPTAK

BEDRIFTER I INKUBASJON

IDEAR VURDERT

BEDRIFTER I INKUBASJON:

35 30

32

25 20 21

20

15 14 10

13

5 0 2012

8 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | Ã…RSRAPPORT 2016

2013

2014 2015

2016


Inkubasjon 2016 blei vårt beste år nokon sinne, med rekordmange bedrifter i inkubasjon i løpet av året. Vi inngjekk også samarbeidsavtale med Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane, no Høgskulen på Vestlandet, om å være kommersialiseringsaktør. I dette arbeidet skal vi bistå institusjonane med å identifisere, registrere og vidareutvikle idear og forskingsresultat med kommersielt potensial. Inkubasjon er eit verktøy for utvikling av nye vekstbedrifter eller for å utløyse vekst i eksisterande bedrifter. Hovudmålet er å bidra til auka innovasjon som skal gi auka verdiskaping. Dette skal skje gjennom utvikling av nye forskings- og kunnskapsbaserte bedrifter med stort vekstpotensial. I Kunnskapsparken sin inkubator får gründerane tilgang til profesjonelle forretningsutviklerar, kompetanse, kapital og nettverk. Inkubatoren tilbyr også kontorfasilitetar

Kunnskapsparken har vore del av SIVA si nasjonale inkubatorsatsing sidan 2006. Fram til no har om lag 90 bedrifter i Sogn og Fjordane fått hjelp frå Kunnskapsparken til meir effektiv etablering, og utvikling av forretningsideens innovasjons- og vekstpotensial. Berre gjennom inkubatorsatsinga har vi vore med å skapt godt over 200 nye arbeidsplassar i fylket vårt.

og miljø som bidreg til bedriftenes utvikling, samarbeid, kundekontakt og nettverksbygging. Vi har lagt spesiell vekt på eit tett samarbeid med lokale næringsselskap, næringshagane og kommunane. Våre tenester kan avlaste det lokale næringsapparatet, ved at inkubatoren tilbyr tenester eventuelt tek over oppfylging og rådgiving av bedrifter.

Inkubasjonsprosessen SIVA deler inkubasjonsprosessen inn i pre-inkubasjon, inkubasjon og post-inkubasjon (sjå figur).

AKTIVT IDÉSØK

PREINKUBASJON Vurdering

POSTINKUBASJON

INKUBASJON Forretningsutvikling

Markedsintroduksjon

Idésøk

Pre-inkubasjon

Fylgjande aktivitetar og tiltak er viktige for å komme i kontakt med potensielle inkubatorbedrifter: • Gründertreff i samarbeid med lokale fyrstelinjetenesta • Tett dialog med fyrstelinjetenesta, næringsselskap, næringshagar og Innovasjon Norge • Samarbeid med FoU-miljø, som til dømes Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet • Samarbeid med næringsliv og klyngenettverk • Synlege på messer, konferansar og karrieredagar • Synlege på internett

I fasen pre-inkubasjon gjeld idear eller bedrifter som vert vurdert som lovande, og som er under evaluering og modning, men som førebels ikkje er klare for opptak som inkubatorbedrift.

I løpet av 2016 har Kunnskapsparken vurdert 89 idear eller bedrifter. Ved opptak til inkubator legg vi vekt på blant anna innovasjonsgrad, marknadspotensiale, og vekstambisjonar.

Inkubatorbedrifter / forretningsmessige innovasjonar Fasane inkubatorbedrift og forretningsmessige innovasjonar kan sjåast som parallelle fasar. Ein Forretningsmessig innovasjon er eit prosjekt i inkubasjon som resulterer i en ny innovasjon, i form av eit nytt produkt, ny teneste, ny marknad eller ny organisasjonsform i ei eksisterande bedrift. Ei inkubatorbedrift er eit selskap med sjølvstendig organisasjonsnummer, eller som forventast å få dette tett etter opptak til inkubasjon.

Vekst/exit

I løpet av 2016 har 32 bedrifter vore i inkubasjon. Av desse har 14 bedrifter vore i pre-inkubasjon, 13 bedrifter vore inkubatorbedrifter og 5 bedrifter vore tatt opp som forretningsmessige innovasjonar.

Postinkubasjon Postinkubasjon startar når inkubatoren er ferdig med ordinær oppfølging av inkubatorbedrifta og går over i ein fase der inkubatorbedrifta blir fylgt opp gjennom eigarskap, nettverksforhold, eller ein inngår avtalar om å utføre særskilte tenester for inkubatorbedrifta. Postinkubasjonsfasen opphøyrer ved sal av aksjar eller at avtalt kontakt opphøyrer.

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016 | 9


Inkubatorbedrifter TO DØME PÅ ETABLERTE SELSKAP FRÅ VÅR INKUBATOR MELIN MEDICAL – Time to treat Doktor Jesper Melin har gjennom sine system og betalingsautomatar bidrege til at tid som før gjekk til administrasjon av betaling, avstemming, rapportering og fordeling av innbetalingar, no kan nyttast til betre pasientbehandling. Melin Medical har inntatt 75 prosent av landets legekontor og legevakter – og samstundes forenkla kvardagen for legar og anna helsepersonell. I dag betener systemet meir enn 10 000 behandlarar og deira 4,5 millionar pasientar. Berre i Norge handterte selskapet i 2015 over 50 000 transaksjonar om dagen – 12 millionar i året – frå meir enn 3,2 millionar unike pasientar. På denne måten har selskapet frigjort hundretusenvis av timar for norsk helsepersonell. I 2016 etablerte Melin Medical seg i Danmark, og leverer no også ei rekke løysingar til ulike faggrupper i Danmark. I 2017 etablert dei seg også i Sverige.

Melin Medical har som mål å utvikle Norges mest intuitive system for betaling og pasientadministrasjon. Løysinga skal være enkel å bruke for alle – uavhengig av handikap eller teknologisk forståing. Melin Medical blei Årets gründerbedrift i Sogn og Fjordane i 2013, Årets gasellebedrift i 2015, og vant same år kategorien tenestedesign under Innovasjonsprisen for universell utforming.

Etablert: 2009 Gründer: Jesper Melin melinmedical.no

FIRE DØME PÅ SELSKAP I VÅR INKUBATOR MENTAL HEALTH INFORMATICS – Persontilpassa psykisk helsevern Forskarar ved Helse Førde har utvikla NORSE - eit innovativt tilbakemeldingssystem for pasientar i psykiatrisk behandling. Programmet er lærande og tilpassar seg den enkelte pasient. Inndata systematiserast og gir helsepersonell og behandlarar eit større bilete av pasienten si utvikling og behov. På denne måten ynskjer ein å oppnå ei meir effektiv og målretta behandling.

BETTER PLAYER – Give the right feedback Better Player AS utviklar software-løysing for utvikling av fotballklubbar. Ved å kople saman spelarar og støtteapparat med anerkjent forsking på idrett bidreg Better Player til betre individuell trening for topp- og breiddefotball. Better Player er eit resultat av samarbeid mellom Sogndal Fotball, Høgskulen og RocketFarm.

Etablert: 2017 Gründerar: Christian Moltu, Sam Nordberg norsefeedback.no

10 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016

Etablert: 2016 Gründer: Mikkel Frodahl betterplayer.no


nLink – Revolusjonerer byggebransjen nLink er det fyrste selskapet i verda som har lagd ein mobil borrerobot for byggebransjen. Roboten drillar hol i betongtak og gjer bygningar klare for elektrikarar, røyrleggjarar og himlingsmontørar. nLink robotane styrast gjennom nettbrett med filar som posisjonerer robotane i bygget slik at hola kjem på rett plass. I større bygg er det fleire tusen hol som skal på plass. Roboten til nLink sparer difor mykje tid og belastningar for bygningsarbeidarar. Roboten registrer bora hol og oppdaterer teikningar og BIM modellar. I tillegg syt roboten for å halde arbeidsplassen rein ved å suge opp borestøv. Selskapet har som mål å revolusjonere byggjebransjen og ynskjer også å utvikle nye produkt for marknaden. Gjennom EU-prosjektet Hephaestus skal nLink, som ein av åtte partnarar, sjå på moglegheiter for å forenkle og effektivisere fasadearbeid ved hjelp av robotteknologi.

Etablert: 2012 Gründerar: Håvard Halvorsen, Konrad Fagertun, Halvor Gregusson, Jørn Sandvik Nilsson nlink.no

nLink tel i 2017 9 tilsette, men er i kraftig vekst og søkjer etter fleire ressurssterke medarbeidarar.

ELDE COSMETICS – 100% naturleg

FURBERG SNOWBOARDS – Innovative snøbrett

Elde Cosmetics produserer og sel bærekraftig, naturleg og økologisk hudpleie- og kosmetikkprodukt. Selskapet held til i Førde og har også sine produksjonslokalar der. Elde Cosmetics har heile verda som marknad. Produkta har fått mykje merksemd etter at kjendisstjerna Emma Watson i eit intervju fortalte at ho nytta produkta til Elde Cosmetics.

Furberg Snowboards AS er verdsleiande på utvikling av -snøbrett til frikøyring. Geometrien er inspirert av revolusjonen som var innan frikøyringsski på 2000-tallet. Salet skjer via eiga webside og snøbretta vert distribuert til heile verden. Snøbretta er utvikla og testa mellom Sogn og Fjordane sine fantastiske fjell.

Etablert: 2013 Gründer: Daniel Furberg furbergsnowboards.com

Etablert: 2015 Gründer: Vemund Eldegard eldecosmetics.com

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016 | 11


Miljø og klynger

Kunnskapsparken skal bidra til å bygge opp sterke innovasjonsmiljø i fylket. Vi har over tid jobba med mykje med temaene klynger og innovasjonsmiljø. Vår tilnærming til dette arbeidet har vore praktisk og tiltaksbasert, samstundes som vi har bygd innsikt og kunnskap. I hovudsak ønskjer Kunnskapsparken å gå inn i klyngene som ein sparringspartnar og tenesteytar. Vi skal styrke eksisterande og nye tiltak og bidra med tenester der det er behov. Skal vi styrke innovasjon og vekst i fylket, er samarbeid og kompetansedeling essensielt. I ei praktisk forståing av ordet

”klynge” er det gjennomgåande i næringslivet at det betyr ein form for fysisk samlokalisering eller virtuell nettverksmodell. Sogn og Fjordane har, som dei fleste utkantsamfunn og distrikts-Norge, ikkje store fagmiljø og store industrielle miljø samla på ein stad. Det er peika på at det då er viktig å utvikle lokale klynger/miljø og større nettverk og møteplassar på tvers av fylket. Kunnskapsparken bidreg til å kople klyngene med kvarandre på tvers av bransjar og regionar. Målet er at bedrifter og organisasjonar skal samarbeide meir effektivt og optimalt på tvers av fag og sektorar i utvikling av nye produkt og tenester, som igjen bidreg til auka verdiskaping og fleire arbeidsplasser

Innovasjonssenteret i Sogndal - Fosshaugane Campus

Innovasjonssentert i Sogndal – Fosshaugane Campus Fosshaugane Campus Kunnskapsparken har saman med Sogndal Fotball og Sogn Næring bidrege til etablering og vidareutvikling av innovasjonsog gründermiljøet på Fosshaugane Campus, som i dag består av eit mangfald av bedrifter og gründerar. Hausten 2017 vil eit nytt innovasjonsbygg opnast. Her har ein gjennom gode fysiske løysingar lagt til rette for både samarbeid og erfaringsutveksling og individuell jobbing. I arbeide med å utforme dei fysiske areala har ein nytta interiørarkitekt og støtta seg til ein rapport

12 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016

utarbeida av Kunnskapsparken. I rapporten har gründermiljøet gjennom workshops kome med innspel og løysingar for korleis eit fysisk miljø kan byggast for å utnytte innovasjonspotensialet mellom gründerar og eksisterande kompetansemiljø. Det nye innovasjonsbygget vil ha lyse opne areal med permanente kontorplassar, arbeids- og grupperom, møterom, sosiale soner og kontorplass for korttidsleige.


Kaupus Næringslivet i Kaupanger har gjennom etableringa av KAUPUS, utvikla ei spennande og aktiv industri- og teknologiklynge. Samla har klynga om lag 70 verksemder med ei samla omsetning nær 2 mrd. Kunnskapsparken har vore engasjert som prosjektleiar og til å bidra med kompetanse i å utvikle denne klynga, i første omgang med å gjennomføre ein moglegheitsstudie i 2016. Målet med studien var mellom anna å definere eit samarbeidsprosjekt mellom verksemdene for den vidare utviklinga. Eitt av prosjekta som Kaupus no arbeidar med, er etablering av eit Vitensenter lokalisert til klynga. Arbeidet er godt i gang og er i tråd med både kommunale- og fylkeskommunale mål om å etablere system for styrke læring. Vitensenteret skal vere eit opplevings- og læringssenter innan matematikk, naturvitenskap og teknologi der dei besøkande sjølve får eksperimentera.

Stryn TechHub Stryn TechHub er ei teknologi- og innovasjonsklynge som allereie er etablert og under utvikling. Initiativet kjem frå selskapa Norva 24 AS, Nomek AS og Vendanor AS. Målet er å styrke verdiskaping og skape nye produkt og tenester, gjennom å kople ressursar og kompetanse på tvers av selskap og bransjar i og utanfor Stryn. Kunnskapsparken har bidrege i prosessen med utviklinga av klyngekonseptet, og skal fortsatt vere ein sparringspartnar og tenesteytar i dette arbeidet med kontorplass og faste kontordagar. Klynga skal òg tilby inkubatorplassar i samarbeid med Kunnskapsparken

Teknologicampus Førde Sogn og Fjordane Fylkeskommune har teke initiativ til prosjektet Teknologicampus i Førde. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Førde kommune, fylkeskommunen, Fagskulen, Høgskulen, Innovasjon Norge, Hellenes AS og Kunnskapsparken. Formålet med etableringa av Teknologicampus er å utvikle eit innovativt miljø samansett både av utdannings- og forskingsinstitusjonar og industrielle aktørar. Det kan vi gjere ved å etablere ein møteplass, som set teknologiutvikling og innovasjon i sentrum, og der dei ulike miljøa kan samlokaliserast. Dette må vere ein møteplass som er relevant for ulike næringsaktørar å søke mot for å utvikle teknologi og søke kunnskap. Desse aktørane er alle på ulik vis involvert og kjent med Hellenes sine planar om å etablere ei teknologiklynge på Verftet (Hellenes). Kunnskapsparken er allereie etablert med sin inkubatortilbod på verftet, slik at bedrifter som er tekne opp i inkubatorprogrammet kan tilbys kontorplass i miljøet. Vi har frå hausten 2017 også kontor i lokala til Høgskulen/Helse Førde på Vie.

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016 | 13


Prosjekt Kunnskapsparken engasjerer seg i mange ulike nyskapingsprosjekt der forretningsidear har eit kommersielt potensiale. Prosjekta kan vere etter eige initiativ eller etter invitasjon og initiativ frå eksterne samarbeidspartar, fagmiljø og enkeltpersonar.

Vår rolle

Kvifor er dette viktig

Kunnskapsparken kan bidra med organisering og gjennomføring av prosjekta gjennom prosjektleiing. Vi kan gje råd, hjelpe til å kople relevant kompetansemiljø og til å søke finansiering av nyskapings- og samarbeidsprosjekta.

Gjennom Kunnskapsparken si erfaring, kompetanse og nettverk, kan vi bidra til å avklare om forretningsideen er liv laga. Vi bidreg til å konkretisere innhaldet og til å strukturere utviklingarbeidet, og organiserer og fasiliterer møter. På denne måten får gründerar og bedrifter hjelp med eit uvant, kostnadsog tidkrevjande arbeid i ei tid med stor usikkerheit om framtida for ideen.

DØME PÅ PROSJEKT Grønt Skifte

WoodInvest AS

Grønt Skifte var eit prosjekt initiert av Kunnskapsparken, med mål om å nytte avfall som råstoff for ny produksjon. Prosjektet hadde 3 ulike delprosjekt: • Våtorganisk avfall - foredling av kompost retta mot frukt- og bærnæringa • Sjeldne jordartsmetall – gjenvinning av materiale i elektronisk avfall • Restavfall – småskala gjenvinning av energien i restavfall

WoodInWest er også eit resultat av Grønt Skifte prosjektet. Selskapet er etablert med 12 eigarar frå offentleg og privat næringsliv i Sogn og Sunnfjord. Føremålet til selskapet er industriell verdiskaping basert på naturgjevne råvarer og overskotsressursar, med særleg fokus på skog og avfall. Auka transport på Sognefjorden var sentralt i diskusjonen då selskapet vart etablert, det same var tilrettelegging for uttak av skog i fjellsidene langs Sognefjorden.

Ecoinowaste AS

Fètunet

Bedrifta er eit resultat av Grønt Skifte prosjektet som har utvikla seg frå forstudie og forprosjekt. Selskapet er etablert og det blir jobba med fullskala demonstrasjonsanlegg for energigjenvinning i Sogn. Teknologi frå Canada blir utvikla vidare og tilrettelagt for bruk som ressurs i småskala prosessindustri. I Sogn blir det jobba for tørking av flis produsert frå massevirke i skogen og produksjon av pellets. Amerikanske investorar er samarbeidspart.

Utvikling av nye driftsmodellar for kostnadseffektiv kjøtproduksjon av ammeku og sau gjennom auka bruk av utmark. Her er initiativtaker bønder og leverandør av byggeelementer. Det har vore gjenomført eit forprosjekt og ein ynskjer no å gå vidare til eit hovedprosjekt der ein ser nærare på potensiale for verdiskaping og vekst.

14 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016


Kunnskapsparken har, saman med Sparebanken Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Fylkeskommune, etablert eit presåkornfond - Sogn og Fjordane Fondet. Fondet skal investere i oppstartsselskap og gi tilgang på kapital til vekst og utvikling i ein fase kor anna risikokapital er vanskeleg tilgjengeleg. Det kan i mange høve vere vanskeleg for det «nye næringslivet» å overtyde investorane, sjølv om forretningsideen er god. I perioden fram til presåkornfondet varte etablert, vart investeringar i oppstartsbedrifter gjort gjennom eigenkapitalen til Kunnskapsparken. Døme på slike investeringar er Melin Medical og nLink I tillegg til vårt eige fond, samarbeider Kunnskapsparken med Bergen Teknologioverføring (BTO) om den regionale andelen av det statlege presåkornfondet. Begge desse fonda, kombinert med eit nettverk av private investorar, vil kunne gi god tilgang til risikovillig kapital i vår region. Sogn og Fjordane Fondet blir forvalta av Kunnskapsparken. Overskot av investeringane skal tilbakeførast til fondet og nyttast til nye investeringar.

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016 | 15


Vegen vidare Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane sin hovudmålsetning er å bidra til utvikling og vekst gjennom kommersialisering av forretningsidear og forskingsresultat. Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, region Sogn og Fjordane, sysselsett til saman 2800 personar med eit bredt spekter av utdanningar, kompetanse, nettverk og erfaringar. Dette gir oss ein unik moglegheit til å hente ut idear og forskingsresultat for å utvikle nye produkt og tenester. Kunnskapsparken har oppretta ein eigen stilling der ein forretningsutviklar med tilhald i desse miljøa skal ha arbeidsoppgåver knytt til kommersialisering av idear og forskingsresultat. Vi vil, ved fysisk å vere til stades i miljøa, overføre og utveksle kompetanse og erfaring slik at nye innovative produkt og tenester kan kommersialiserast og skape livskraftige og lønsame bedrifter i Sogn og Fjordane. I tillegg til forskarar og tilsette ved Høgskulen og Helse Førde, så er studentane ein viktig ressurs. Pr. i dag så er det ca. 3000 studentar i fylket vårt. Desse ynskjer vi å utfordre til å ta ideane sine vidare. Gjennom vårt inkubatorprogram for studentar har vi moglegheit til å gje oppfølging, kompetanse og nettverk, og vere behjelpelig med finansiering av dei gode idéane. Kunnskapsparken vil også vere ein bidragsytar i undervisning av entreprenørskapsstudentar i studiet ”Innovasjon og studentbedrift” med oppstart hausten 2017. Sogn og Fjordane er også eit sterkt industrifylke, med eit stort ressursgrunnlag og stort potensial innan mange område for vekst og nyskaping. Vårt samarbeid med Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane, Bergen Teknologioverføring, Maritim Forening og SIVA regionalt og nasjonalt, for å nemne nokre, gjer at vi har fleire gode verktøy tilgjengelege for å bidra til å vidareutvikle eksisterande næringsliv. Mellom anna så skal vi køyre fleire vekstprogram i fylket vårt for hjelpe ambisiøse bedrifter som ynskjer vekst. Her får deltakande bedrifter kjennskap til nyttige verkty for relevant og hurtig produkt- og tenesteutvikling, der dei jobbar med og får tilbakemelding på eigne case.

16 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016

Kunnskapsparken skal være «navet» i virkemiddelapparatet og «drivverket» i samspelet mellom offentleg og privat næringsliv. Saman med næringshagar og inkubatorar i fylket ynskjer vi å skape ein heilheitleg innovasjonsstruktur for betre tenester til eksisterande og nytt næringsliv.

Saman om innovasjon og utvikling For å nærme seg dei framtidige utfordringane i helse- og sjukehussektoren, vil forsking, innovasjon, kommersialisering og næringsutvikling vere viktige fokusområder. For å fremje arbeid med helseinnovasjon i fylket, har Kunnskapsparken, Høgskulen på Vestlandet, Helse Førde HF gått saman om å tilsette Joachim Vie (foto) i ei toårig prosjektstilling. Formelt er stillinga knytt til Kunnskapsparken, og Vie tiltrer i funksjonen frå og med august 2017. Vie skal i hovudsak arbeid med å identifisere, vidareutvikle og kommersialisere forskingsresultat og idear frå miljøa kring Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Andre sentrale oppgåve er å bidra til vidareutvikling av våre verktøy og arbeidsmetodar mot desse miljøa, samt å initiere og kople samarbeidsprosjekt med andre aktørar.

Foto:

David

Zadig


Styret Styret i meldingsperioden har bestått av: VIDAR GRØNNEVIK (STYRELEIAR) Sjølvstendig næringsdrivande, Vili Arca AS ERIK KYRKJEBØ Viserektor FoU - Seksjon for forsking og utvikling, Høgskulen på Vestlandet HJØRDIS VIK Avdelingsleiar, Innovasjon Norge AUDHILD BOTNEN SCHAATUN Seniorrådgjevar, Sogn og Fjordane Fylkeskommune ULF HUSTAD Rådgjevar Innovasjon, SIVA TERJE LABERG Dagleg Leiar, Årdal Utvikling ASTRID HOVE (VARA) Rådgjevar opplæringsavdelinga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Nytt styre valt på generalforsamling 16.06.2017 VIDAR GRØNNEVIK (STYRELEIAR) Sjølvstendig næringsdrivande, Vili Arca AS BJØRG KRISTIN SELVIK Prorektor for utdanning – ansvarleg for nærregion Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet HJØRDIS VIK Avdelingsleiar, Innovasjon Norge ENDRE HØGALMEN Assisterande direktør næring, Sogn og Fjordane Fylkeskommune RAGNAR WAALEN Seniorrådgjevar Innovasjon, SIVA TERJE LABERG Dagleg Leiar, Årdal Utvikling ASTRID HOVE (VARA) Rådgjevar opplæringsavdelinga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

| 17


Styret si årsmelding for 2016 Generelt om Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane er eit regionalt utviklingsselskap som skal bidra til nyskaping og verdiskaping gjennom oppdragsbasert utvikling av samarbeid mellom næringsliv, offentlege utviklingsaktørar og FoU-miljø. Selskapet har eit godt utvikla nettverk innan næringsutvikling, offentlege virkemiddelapparat, FoU og finans/ investormiljø. Kunnskapsparken si hovudmålsetjing er å bidra til utvikling og vekst gjennom kommersialisering av forretningsidear og forskingsresultat. Målsetninga skal vi oppnå gjennom fem strategiske satsingsområde; 1. Gründerar og gründerbedrifter med vekstpotensiale 2. Etablerte bedrifter 3. Nodenettverk 4. Tenesteyting for gjennomføring av offentlege mål og føringar 5. Kapitaltilgang Våre eigarar er Sogn og Fjordane fylkeskommune (38,17%), Fjord Invest Såkorn AS (38,17%), SIVA (15,27%), Sogndal Kommune (7,63%) og Stryn Næringshage (0,76%). Første del av meldingsperioden var det 7 tilsette i Kunnskapsparken, medan det frå august var 6 tilsette fordelt på kontora i Sogndal (5/4) og Førde (2). Dei tilsette har lang og brei kompetanse innan næringsutvikling og kommersialisering av forretningsidear. Verksemda har kontor og inkubatorareal i Stryn, Førde og Sogndal.

Framleis drift Framleis drift er lagt til grunn ved framlegginga av årsrekneskapet.

Arbeidsmiljø, likestilling og sjukefråvær Styret vurderer arbeidsmiljøet til å være godt. Ved utgangen av meldingsperioden var 2 av 6 tilsette kvinner, medan det i styret er 3 kvinner inkl. varamedlem. Totalt har styret 6 medlemmer og 1 varamedlem. Eigarane, styret og dagleg leiar ønskjer å prioritere arbeidet med likestilling, og opptrer i samsvar med likestillingslova. Dei tilsette representerer eit team som viser stort engasjement i

arbeidet med næringsutvikling. Det ikkje vorte registrert skadar eller ulykker i meldingsperioden, ei heller sjukemeldingar.

Forhold som kan ha verknad på det ytre miljø Verksemda driv ikkje verksemd som er regulert av konsesjonar eller pålegg av miljømessig karakter. Verksemda har heller ikkje gjennom sin aktivitet forureina det ytre miljø ut over det som er normalt for denne typen verksemd.

Årets aktivitet KUNNSKAPSPARKEN Kunnskapsparken har sidan 2004 hatt ei aktiv rolle i SIVA sitt innovasjonsnettverk i Sogn og Fjordane. I den rolla er vi aktivt i dialog med kommunale næringsapparat og arbeidslivet, eit mål er blant anna å kunne avdekke moglege spin-off i eksisterande arbeidsliv. Det er ei prioritert oppgåve å være aktiv ute blant bedriftene, samt å halde seg orientert i det politiske miljø – både regionalt og nasjonalt. Representantar frå Kunnskapsparken har gjennom året vore svært aktive i høve kontakt med arbeidslivet. I tillegg har vi vore aktive på lokale, regionale og nasjonale workshop, seminar og konferansar. Kunnskapsparken engasjerer seg i Foreininga for Innovasjonsselskap i Norge (FIN), som er interesseorganisasjonen for bedriftsklynger (Arena, NCE og GCE), TTO og inkubatorar i Norge. Kunnskapsparken er ein av hovudsamarbeidspartnarane til Connect Vest (CV) (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane), som CV-node i Sogn og Fjordane. Gjennom CV sitt nettverk får Kunnskapsparken tilgang til verktøy som pre-springbrett, springbrett, BAN (investornettverk) m.v. Dagleg leiar i Kunnskapsparken har sidan våren 2014 vore medlem av CV-styret. Vidare har Kunnskapsparken eit formalisert samarbeid med Bergen Teknologioverføring (BTO), som i tillegg til å vere kommersialiseringsaktøren for Helse Bergen, UiB, NHH, HiB også driv Nyskapingsparken inkubator. Kunnskapsparken er også medeigar og representert i styret for Framtidsfylket AS, samt medlem av representantskapet i IT-forum Sogn og Fjordane.

18 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016

Kunnskapsparken har gjennom sin posisjon som fylkesdekkande aktør, engasjert seg for å bidra til å utvikle sterke og sjølvstendige innovasjonsmiljø der slike miljø naturleg har sin plass. For å kunne oppnå best mogeleg resultat har det vore, og er, eit ønskje frå SIVA og fylkeskommunen at ressursane i SIVA sitt innovasjonsnettverk i Sogn og Fjordane blir samordna. Dette for å utvikle sterke og solide miljø med tydlege mandat og avklarte roller. KUNNSKAPSPARKEN SINE OPPDRAG OG PROSJEKT • NYBROT – eit knoppskytingsprosjekt i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga. • SPV-fondet – Kunnskapsparken er sekretariat for Sparebanken Vests næringsstiftelse. Målet er å bidra med startkapital til gode idear i tidleg fase. • VRI3 – Kunnskapsparken er delprosjekt leiar og kompetansemeklar for Fornybar energi. Målet er å auka konkurransekraft og verdiskaping i bedriftene gjennom FoU. • Release – Eit stort forskingsprosjekt som skal forske på kunnskap om lokale sosiale, økonomiske og Landskapsmessige konsekvensar av utbygging av fornybar energi. Kunnskapsparken er partnar i dette forskingsprosjektet, og har ansvaret for kontakten med næringslivet. • Grønt Skifte – utviklingsprosjekt som ser på moglegheitene av å mobilisere industrien til å etablere ny verksemd basert på avfall som ressurs. • Bransjeuavhengige Nærings- og kunnskapsklynger (innovasjonsklynger) i Sogn og Fjordane • Techub Stryn • Kaupus • Teknologicampus Førde • Innovasjonsbygg Fosshaugane Campus Kunnskapsparken er også engasjert i enkelte mindre prosjekt. KUNNSKAPSPARKEN INKUBATOR Kunnskapsparken har sidan 2006 vore ein del av SIVA`s inkubatornettverk, med Sogn og Fjordane som ansvarsområde. Inkubatoren er eit verktøy for nyskaping og vekst i heile fylket, og formålet er å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping, og overlevingsevne i bedriftene.


I 2016 styrka SIVA det nasjonale inkubasjonsprogrammet og har utvikla ein ny modell for differensiering av tilskot til inkubatorane. Kunnskapsparken er plassert på nivå 2 av 4, og blei tildelt kr. 2.000.000 for 2016. Inkubatordrifta vert finansiert gjennom tilskot frå SIVA og INU (kompensasjonsordning for bortfall av differensiert arbeidsgivaravgift). I meldingsperioden har 3,5 årsverk vore knytt til drifta av inkubatortenesta. I vår rapport til SIVA syner at vi har nådd fleire mål med god margin. Vi har eit uforløyst potensiale knytt til spin-offs og knoppskyting i etablert næringsliv, samt idéutvikling innan akademia og helse. Desse områda vil vi jobbe målretta med i 2017, bl.a. ved å etablere ei 2 årig prosjektstilling i saman med Høgskulen og Helse Førde. I løpet av 2016 har vi hatt 27 verksemder i inkubasjon (127% i måloppnåing). I alt har vi vurdert 89 (135% måloppnåing) forretningsidear for opptak i inkubator. ANDRE AKTIVITETAR I INKUBATOREN Innovasjonsstruktur Sogn og Fjordane På oppdrag frå SIVA har vi gjennomført eit prosjekt med fokus på innovasjonsstrukturen i Sogn og Fjordane. Konklusjonane i dette prosjektet vert følgt opp våren 2017. Styret i KPSF har hatt to representantar i styringsgruppa i prosjektet. Innovasjonssystem for Høgskulen og Helse Førde Kunnskapsparken har inngått samarbeidsavtalar med både Høgskulen (HVL) og Helse Førde (HF), dei ein bl.a. skal fungere som kommersialiseringsaktør (KA) for begge. I meldingsperioden har ein arbeida med to prosjekt hjå Helse Førde og fem på høgskulen. Har også signert avtale med HVL og HF om ei delt prosjektstilling saman med Kunnskapsparken, der organisasjonane er med på å finansiere 30/30/40%. Tek sikte på å vere operativ med prosjektstillinga august/sept. 2017.

Gründerdagen Z Gründerdagen Z 2016 blei arrangert på Alexandra Hotel 10. mai. Tema for gründerdagen er investorkapital og sal/ marknadsføring. Kunnskapsparken er medarrangør, saman med blant anna Innovasjon Norge, Fjord Invest AS, og PWC. BAN Sogn og Fjordane Connect Vest og Kunnskapsparken er i dialog om etablering og utvikling av eit «Business Angel Network» (investornettverk) i Sogn og Fjordane. Connect har etablert tilsvarande nettverk i Bergen og i Rogaland, og ynskjer å bistå til slik etablering også i Sogn og Fjordane. SIVA prosjektutlysning – Arena for industriell nyskaping Siva blei ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett 2016 tilført 10 mill. kroner ekstra til inkubasjonsprogrammet over Nærings- og fiskeridepartementets budsjett, noko som gir rom for å forsterke og vidareutvikle programmet. Siva sin strategi legg stor vekt på utvikling av framtidsretta industri og ser at fleire inkubatorar kan vidareutviklast til viktige arenaer for omstilling og industriell nyskaping. Det vart derfor lyst ut prosjektmidlar for å vidareutvikle eit utval inkubatorar til å ta ei meir aktiv rolle som utviklingsaktør overfor norsk industri, særleg overfor SMB-segmentet. Prosjekta skal bidra til å utvikle sterkare arenaer kor inkubatorar og industri jobbar tett saman, utviklar verktøy og delar kompetanse for utvikling av nytt og eksisterande næringsliv. Kunnskapsparken, Maritim Forening og Fram Flora gjekk saman om å sende ein felles søknad til SIVA, men nådde diverre ikkje opp, og fekk avslag på søknaden. Kunnskapsparken er av den oppfatning at dette verktøyet ville kunne vere med å forsterke regionen vår gjennom å vidareutvikle dei Industrimiljøa (klyngene) vi har i Sogn og Fjordane.

Stryn TechHub Kunnskapsparken er invitert av teknologimiljøet i Stryn til å bistå i utviklinga av ei teknologi- og innovasjonsklynge i Stryn kalla Stryn TechHub. Miljøet er representert ved bedriftene Norva 24 AS, Nomek AS, Miljøservice AS og Vendanor AS, samt bedrifter frå teknologimiljøet i Måløy. TechHub ynskjer at Kunnskapsparken bistår med prosessleiing i arbeidet med å utvikle innovasjonskultur og strategiplan, utvikle konsept for organisering og fysisk utforming, fasilitere og lede prosesser for gjennomføring, og være fysisk tilstades i miljøet på fast basis. Vi har bidrege i dette arbeidet sidan hausten 2015, og har sidan juni 2016 hatt fast kontor i TechHub. Den 29. november gjennomførte TechHub, ved Stryn Næringshage og Kunnskapsparken, eit fagseminar med om lag 40 deltakar, der fokus var digitalisering og robotisering. Sogn og Fjordane Fondet -regionalt pre-såkornfond. Selskapet er no formelt skipa med ein kapital på kr. 6.000.000, derav kr. 240.000,- er aksjekapital medan resten kr. 5.760.000,- er overkurs. Kunnskapsparken har 20% av aksjane. Vidar Grønnevik er styreleiar og Kjetil Kvåle er dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fondet AS. Styret hadde sitt første møte 6.mars 2016. BAKGRUNN FOR REKNESKAPET 2016 OG ØKONOMISKE RESULTAT Rekneskapen viser bokført inntekter på kr.6.995.123,-, og samla driftsutgifter på Kr.6.992.866,-. Dette gir eit driftsresultat på kr.2.257,- før finansinntekter. Årets resultat, kr. 35.145,- vert føreslege overført til annen eigenkapital. Sum eigenkapital pr. 31.12.2016 er kr. 6.802.465,-. Verksemda sin likviditet og eigenkapital er etter styret si oppfatning god. STYRET SITT ARBEID I meldingsperioden har styret hatt 5 møter, og handsama 45 saker.

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016 | 19


Resultatrekneskap Note

20 |

2016 2015


Balanse Note

2016 2015

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | Ã…RSRAPPORT 2016 | 21


Eigenkapital og gjeld Note 2016 2015

22 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | Ã…RSRAPPORT 2016


Noter til regnskapet Rekneskapsprinsipp

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | Ã…RSRAPPORT 2016 | 23


Noter til regnskapet

24 |

NOTE 1

Varige driftsmiddel

NOTE 2

Aksjekapital, aksjonĂŚrinformasjon og eigenkapital


Noter til regnskapet NOTE 3

Skattekostnad

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | Ã…RSRAPPORT 2016 | 25


Noter til regnskapet NOTE 4

Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersle, lån til tilsette m.m.

NOTE 5

Aksjar i andre selskap

26 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | ÅRSRAPPORT 2016


Noter til regnskapet NOTE 6

Pensjonar

NOTE 7

Leigeavtalar

NOTE 8 Bundne midlar

NOTE 9 Andre fordringar

| 27


Revisors beretning

28 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | Ã…RSRAPPORT 2016


KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | Ã…RSRAPPORT 2016 | 29


30 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | Ã…RSRAPPORT 2016


kpsf.no

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | Ã…RSRAPPORT 2016 | 31


gasta.no 32 | KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE | Ã…RSRAPPORT 2016

Profile for Gasta design

KPSF årsrapport16  

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane sin årsrapport 2016

KPSF årsrapport16  

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane sin årsrapport 2016