FOTO: KJETIL STORMARK
FOTO: RUNE BERTELSEN
Mens Egersund næringspark ventar på pengehjelp med det planfrie krysset, skjer det fint lite på Eigestad. Aksjeselskapet som står bak utviklinga av næringsområdet på grensa mellom Eigersund og Bjerkreim, ønskjer ikkje å ta heile rekninga med det planfrie krysset som må vera på plass før den første bedrifta kan etablera seg i næringsparken. Totalt med bru over E39, av- og påkjøringsrampar vil krysset få ein prislapp på rundt 40 millionar kroner. VIKTIG KRYSS: – Vegvesenet vil ikkje vera med å betala. Krysset er eit trafikksikringstiltak på ei strekning med mykje tungtransport; det
6
er eit viktig tiltak. Men dette skal altså ein privat aktør ordna for det offentlege utan å forventa å få noko igjen for det, seier Per Gunnar Bøgwald, som er dagleg leiar i Egersund næringspark. Han har vore i kontakt med fylkessamferdselssjef Gunnar Eiterjord om saka. – Eg har ikkje fått anna svar enn at det er slik staten gjer det på stamvegane; skyv rekninga over på dei private. Så kynisk er det, seier Bøgwald. PAPIRA ER KLARE: Egersund næringspark har anbodspapira for krysset klar. – Dei kunne vore sende ut for fleire månader sidan. Men me treng nokon til å vera med på finansieringa. Me har prøvt oss hjå Innovasjon Norge i håp om at dei kunne sjå på krysset som ein del av
■ SAKA * Bertelsen & Garpestad og Seabrokers Group har etablert Egersund Næringspark AS for å utvikla eit 700 dekar stort næringsområde på Eigestad mellom Helleland og Bjerkreim * I forbindelse med reguleringsplanen for området har Vegvesenet stilt rekkefølgjekrav om at eit planfritt kryss på E39 skal vera etablert før byggjeløyve kan bli gitt.
eit industriområde som skal utviklast. Men det me satsar mest på, er å få prosjektet inn i bompengepakken for Dalane ved at det blir rekna som ein del av West Link-forbindelsen til Egersund. Men Dalanepakken treng godkjenning av Stor-
Mandag 28. september 2009
tinget. Det kan ta tid, opptil eit år, etter det eg forstår. Så lenge kan me ikkje venta, uttaler Per Gunnar Bøgwald. Han seier at arbeidet med å utvikla næringsområdet står i stampe i påvente av kryssløysinga. MISTAR INTERESSENTAR:
– Finanskrisa legg vel uansett ein dempar på etableringslysta i næringslivet. Hastar det eigentleg så veldig med krysset? – Pågangen frå bedrifter og potensielle etablerarar har ikkje vore veldig stor. Men eg er overbevist om at det skyldast at når folk kjører forbi, så ser dei at me ikkje har noko næringsområde å tilby – enno. Derfor har me heller ikkje gått aktivt ut og marknadsført næringstomter. I mellomtida etablerer bedriftene seg andre plassar, seier Bøgwald.
– De kan ikkje venta på Stortinget si godkjenning av Dalanepakken, men kva er alternativet, viss de ikkje vil ta heile rekninga sjølv? KOMMUNAL FORSKOTTERING?:
– Me må prøva å få «nokon» til å vera med å ta ansvar for finansieringa, i tiltru til at ein vil få pengane tilbake, seier næringsparksjefen. Men «nokon» meiner han først og fremst Eigersund kommune. Han meiner at det må vera eit vinnvinn-tiltak for Egersund næringspark og Eigersund kommune å forskottera pengar til eit kryss som opnar både for 700 mål med nytt næringsareal og ein rakare og raskare vegforbindelse mellom E39 og Egersund, utanom dagens flaskehals på Klungland. Tekst: KETH ODLAND
Dalane Tidende