Bolig & Interiør

Page 13

da l a n e t i d e n d e 2 9

onsdag 24. september 2014

i Røyslandsdalen EGERSUND

i hovuda våre. Trass EU-medlemskap, modernisering og strukturelle endringar så var den same gamle sytekulturen framleis intakt. Polakkar er veldig gode til å klaga, smiler Ewa litt oppgitt.

Via London til Sandnes Det var mest på grunn av språket at paret sitt neste val fall på London. Men dét fall ikkje heldig ut. – Det gjekk raskt for oss begge å få jobb, men misforholdet mellom lønnsnivået og buutgiftene er enormt. Du betaler dyrt for å leiga dei reinaste rottehola i London. Leilegheita me fann oss i det som skulle vera eit av byens finare strøk, hadde lekkasje i taket og var kraftig angripen av mugg. Nervene mine blei rimeleg slitne i løpet av dei åtte månadane me budde der. La oss prøva Noreg, sa me til slutt til kvarandre og tenkte på alle levekårsbarometera og -målingane som dette landet toppar, fortel Ewa. Via venners venner, og svært tilfeldig, kom over paret eit husvære i Sand-

nes. Møtet med Noreg i august 2012 blei møtet med det uskyldsreine, solide og ekte. Det ordna seg med bank, leilegheit og jobbar. Men det gamle huset var lytt som ein tom tank, og dei var ikkje dei einaste som budde i det. Privatliv var det nesten uråd å ha, men dei verken dansa på borda eller heva stemmene, så det gjekk på eit vis – heilt til Ginger flytte inn. Den brune norske katten og den feite, svarte amerikanaren tolte nemleg ikkje kvarandre, og dét høyrdest litt for godt. – Lyden av kattepotar mot golvet gjorde naboen gal, konstaterer Ewa.

«Amerikanarane elskar å hata, og raseskiljet er framleis veldig skarpt.» Ewa Badowiec, nytilflytta til Røyslandsdalen

Overkomeleg i Bjerkreim Så var det å begynna å sjå etter ein bustad dei kunne kjøpa. I Stavanger var prisane til å gå i bakken av, og i Sandnes var dei ikkje så mykje mindre svimlande. Dei gjekk på vising etter vising etter vising, og radiusen blei stadig utvida, til Haugesund, Ålgård og Oltedal – og til slutt til Bjerkreim. – Eg hadde eitt ufråvikeleg krav: Eg skulle ikkje bu i eit gammalt hus, heller ikkje om det var nyrenovert. Den flate tomta her i Røyslandsdalen likte me ikkje spesielt godt, men huset fall me pladask

EGERSUND

for. 125 kvadratmeter, 40 minutt og strake vegen på E39 til arbeid; det kunne ikkje blitt betre. Me har hatt ein fantastisk sommar. Ei betre «strand» enn Gådå går det ikkje an å tenkja seg. I sommar plukka eg bringebær, og nå i haust har me sikkert plukka 20 kilo fantastisk flott sopp nesten like utanfor stovedøra. Neste år skal eg få skikk på ein god kjøkkenhage. Nå lagar eg mat; eg føler at eg har eit liv igjen, stråler Ewa.

Norskkurs i bilen Ho arbeider på den britiske skulen i Sandnes, han hjå Proff Vinduspuss i same byen. Dei kjører saman til og frå jobb og kjører norskkurs i 40 minutts sekvensar kvar morgon og ettermiddag. Det er lite på veggene, og bare det mest nødvendige av inventar i huset deira. Men dei har god tid til å forma heimen sin som dei ønskjer – nå når iallfall sofaen er på plass. – Me skulle ha venner på besøk frå Polen i sommar og syntest at me måtte ha ein sofa til dei skulle koma. Men den me hadde sett oss ut på Living, måtte bestillast. I oktober kunnne me få han om me bestilte han i juni. Det blei til at me handla ein liknande, bare ein tanke mørkare, på Møbelringen i staden. Litt rart er det jo også, dette landet, ler den fornøgde nye bjerkreimbuen.

D N B

Selge bolig?

DNB Eiendom Egersund hjelper deg med salget, fra den første planleggingen og frem til oppgjøret er trygt på plass.

Ta koNTakT

så får du din bolig annonsert som «Ukens bolig» på finn.no

LisbethAarthun Aarthun Johnny Johnny N. Olsen Lisbeth Nicolai Olsen Eiendomsmegler Eiendomsmegler Eiendomsmegler Eiendomsmegler

Lisbeth Aarthun Eiendomsmegler

Johnny Nicolai Olsen Eiendomsmegler

M: 47 30 18 44

M: 40 24 11 27

ChristineBjørnemo Bjørnemo Christine Eiendomsmegler Eiendomsmegler

Geir Inge Skåra Medhjelper M: 95 46 30 00

M: 90 24 55 40

DNB Eiendom - Hele Norges Eiendomsmegler dnbeiendom.no/egersund tlf: 954 63 000

Christine Bjørnemo Eiendomsmegler


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.