1 minute read

Fordjuping 1

TEMA: Trening og helse Når vi trenar, vil pulsen auke. Puls er det same som hjarteslag per minutt. Under ei trening spring du 3 km på 18 minutt, og i mål tel du 38 pulsslag på 15 sekund. . Kor mange pulsslag har du i løpet av 1 minutt? . Kva blir gjennomsnittstida di på 1 km? . Kor langt har du sprunge dersom du held fram å springe med same gjennomsnittsfart i totalt 0,75 time?

Neste gong du spring 3 km, spring du 12 % raskare, og når du kjem i mål, tel du 52 pulsslag på 20 sekund. . Kor mange pulsslag har du no i løpet av 1 minutt? . Kva blei tida di no, uttrykt i minutt og sekund? . Kor mange prosent raskare sprang du 3 km på no i forhold til førre gong?

Makspuls er talet på hjarteslag som hjartet maksimalt slår i løpet av 1 minutt. Ein formel for å finne tilnærma makspuls M til ein person med alder A kan uttrykkjast med formelen M ¼ 211 0; 64 A

. Bruk formelen til å finne makspulsen din. . Bruk formelen til å finne makspulsen til ein som er 32 år. . Bruk formelen til å finne makspulsen til ein som er 82 år. . Dersom makspulsen din er 185, kor gammal er du då? . Lag ein formel for alder A uttrykt ved makspuls M.

Ein av dei raskaste personane i verda, Usain Bolt frå Jamaica, har sprunge 100 m på 9,58 s og 200 m på 19,19 s. Jakob Ingebrigtsen frå Noreg har sprunge 1500 m på 3:28,68 og sette i 2019 norsk rekord på 10 km gateløp med tida 27:54. . Lag éi eller fleire oppgåver der du tek utgangspunkt i ein eigen fritidsaktivitet eller tidene ovanfor. Bruk det du kan om veg, fart og tid, når du lagar oppgåvene. Presenter oppgåvene for ein medelev eller for klassen.

This article is from: