3 minute read

Samansette måleiningar

Next Article
med desimaltal

med desimaltal

1.175 Gjer om til timar. a) 45 min b) 120 min c) 180 min d) 90 min

a) 150 min b) 6 min c) 12 min d) 18 min

a) 36 min b) 720 s c) 78 min d) 132 min

1.176 Gjer om til kilometer (km). a) 2000 m b) 2500 m c) 500 m d) 12 mil

a) 800 m b) 2,5 mil c) 12,4 mil d) 3500 m

a) 0,54 mil b) 400 dm c) 12 500 m d) 580 mil

1.177 Lena køyrer moped med ein gjennomsnittsfart på 40 km/h. a) Kor langt køyrer ho på 2 timar? b) Kor langt tid brukar ho på å køyre 20 km?

a) Kor lang tid brukar Lena på å køyre 100 km? b) Kor langt køyrer ho på 90 minutt?

a) Kor langt køyrer ho på 72 minutt? b) Kva blir farten i meter per minutt (m/min)?

1.178 Rekn ut gjennomsnittsfarten. a) Thomas køyrer 240 km på 3 timar. b) Kathrine syklar 48 km på 4 timar.

a) Andreas køyrer 240 km på 3,5 timar. b) Espen syklar 49,5 km på 2 timar og 15 minutt.

a) Tarik køyrer 240 km på 3 timar og 10 minutt. b) Zara spring 6 km på 36 minutt.

1.179 Eit stafettløp har fire etappar. Etappane er på 100 m, 200 m, 400 m og 800 m. a) Kor langt er heile stafettløpet? b) Kva blir gjennomsnittsfarten i m/min dersom totaltida er 5 minutt?

a) Kva blir gjennomsnittsfarten i m/min dersom totaltida er 4 minutt? b) Kva blir gjennomsnittsfarten i m/s dersom totaltida er 4 minutt?

a) Kva blir gjennomsnittsfarten i m/min dersom totaltida er 4 min og 48 s? b) Kva blir gjennomsnittsfarten i km/h dersom totaltida er 5 minutt?

1.180 Tante Beate kjøper terrassebord for 2160 kr. Lengda av borda er 180 m. Kva blir prisen i kroner per meter (kr/m)?

Kva skulle ho betale dersom borda kosta 11 kr/m?

Kva blir prisen per meter dersom kjøpesummen blir redusert med 1 ? 9

1.181 Eirik spring 3000 m. Dei første 1000 m spring han på 5 minutt, dei andre 1000 m spring han på 4 minutt og 30 sekund, og dei siste 1000 m spring han på 5,5 minutt. Kva blir gjennomsnittsfarten på dei første 1000 metrane i meter per minutt (m/min)?

Kva blir gjennomsnittsfarten på dei første 2000 metrane i meter per minutt (m/min)?

Kva blir gjennomsnittsfarten på 3000 m i kilometer per time (km/h)?

1.182 Aluminium er eit lettmetall. 1 cm3 aluminium veg 2,7 g. Det vil seie at massetettleiken er 2,7 g/cm3 . a) Kor mykje veg 10 cm3 aluminium? b) Kor mykje veg 50 cm3 aluminium?

a) Kor mange kilogram veg 370 cm3 aluminium? b) Kva er massetettleiken til aluminium målt i kg/dm3?

a) Kva er massetettleiken til aluminium målt i kg/m3? b) Kor mange kubikkcentimeter er volumet av ein aluminiumsbit som veg 40,5 g?

Undersøk samanhengen mellom fartseininga knop, lengdeeininga 1 nm (nautisk mil) og 1 bogeminutt.

1.183 Under eit friidrettsstemne blir det sprunge 400 m og 1500 m. Ein runde på bana er 400 m. For fire av løparane blei desse tidene målte: 50,3 s, 52,5 s, 3 min 56 s og 4 min 6 s. a) Kor mange sekund er 4 min 6 s? b)Kor lang tid brukar ein løpar på 1500 m dersom gjennomsnittsfarten er 300 m/min.

a) Kor mykje lengre tid er 4 min 6 s enn 3 min 56 s? b) Kor stor er farten målt i m/s når du brukar 4 min 6 s på 1500 m?

a) Gjer om 4 min 6 s til minutt og skriv det som desimaltal. b) Lag to oppgåver der du får bruk for nokre av opplysningane i innleiingsteksten.

1.184 Ein familie brukar 18 250 kilowattimar (kWh) i straum i løpet av eitt år. Kor mange kilowattimar brukar familien i gjennomsnitt per dag?

Kor mange fleire kilowattimar brukar familien på eitt år dersom det gjennomsnittlege forbruket aukar til 54 kWh/dag?

Familien set inn sparetiltak, og forbruket går ned med 12 %. Kor stort blir då forbruket per dag?

This article is from: