
2 minute read
Overslagsrekning
1.185 Gjer eit overslag ved å runde av til næraste heile tal før du reknar ut. a) 4,9 10,2 c) 12,1 : 5,2 b) 9,3 6,4 d) 102,5 : 11,2
a) 24,3 : 4,1 c) 39,1 17,2 b) 56,9 : 8,1 d) 29,3 2,9
a) 3,4 : 0,89 c) 4,7 : 0,8 b) 62,1 3,2 d) 0,75 7,2
1.186 Bruk det du har lært om overslag, når du løyser oppgåva. Sara kjøper 9 flasker brus. Kvar flaske kostar 23,50 kr. Rekn ut omtrent kor mykje Sara skal betale.
Bilen til tante Sofie brukar 43,8 liter bensin på 51,2 mil. Gjer eit overslag og finn ut omtrent kor mykje bensin bilen brukar på 1 mil.
Gjer overslag. Kontroller svara ved å rekne ut nøyaktig etterpå. a) 2,3 ð 3,8Þþ 4,1 0,9 b) 211 18 38
c) 1591 38 86
HUGS
Rund ein faktor opp og ein ned når du gjer overslag med multiplikasjon, og rund begge tala opp eller begge tala ned når du gjer overslag med divisjon.
1.187 Bruk det du har lært om overslag, når du løyser oppgåva. Ein pose eple veg 2,5 kg. Han kostar 47,50 kr. Gjer eit overslag som viser omtrent kor mykje 1 kg eple kostar.
Hanna kjøper eit golvteppe til rommet sitt. Ho betalar 93,50 kr per kvadratmeter (m2). Rommet er 11,2 m2 stort. Gjer eit overslag over kor mykje ho må betale for teppet.
Martin klipper gras i 2,5 timar annankvar laurdag. For denne jobben får han 287,50 kr. a) Omtrent kor mykje tener han per time? b) Kor mykje tener han i løpet av 13 veker?
1.188 Bruk det du har lært om overslag, når du løyser oppgåva. Sara kjøper 6 liter mjølk til 11,50 kr per liter. Set opp eit overslag som viser kor mykje Sara må betale.
Herman skal kjøpe salat i lausvekt for til saman 46 kr. Prisen er 14,75 kr per hektogram (kr/hg). Gjer eit overslag for å finne ut kor mykje salat han kan kjøpe.
Finn Tomter skal byggje eit gjerde rundt eigedommen sin. Eigedommen er rektangelforma med lengd 32 m og breidd 26 m. Gjerdet kostar 140 kr per meter. I tillegg kjem meirverdiavgift på 35 kr per meter. a) Set opp eit overslag som viser kor mykje han må betale for gjerdet. b) Rekn ut kor mykje han må betale dersom han får 10 % rabatt.
1.189 Bruk det du har lært om overslag, når du løyser oppgåva. Ei lysløype er 5,5 km lang. Lotte går 9 rundar i løypa i løpet av tre dagar. Set opp eit overslag som viser kor mange kilometer Lotte har gått på tre dagar.
Herman kjøper 2,4 kg poteter til 8,70 kr per kilogram og 1,5 kg gulrøter til 9,50 kr per kilogram. Set opp eit overslag som viser kor mykje Herman må betale for varene.
Rullebana på ein flyplass er 3750 m lang og 105 m brei. a) Gjer eit overslag som viser kor stort arealet av rullebana er. b) Rekn ut arealet nøyaktig. Skriv svaret med nemninga km2 .


