vandre heim

Page 1



vandre heim



Mathias Nyhagen Asplund

vandre heim


© CAPPELEN DAMM AS, Oslo 2022 ISBN 978-82-02-74266-9 1. utgave, 1. opplag 2022 Omslag: Elisabeth Vold Bjone Omslagsfoto: © Alexander Herasymchuk/Shutterstock Sats: Type-it AS Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2022 Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


, Ei nyss raudmåla hytte attom trea på ein haug mellom fjorden og fjella. Ingen kan sjå hytta frå stien, ho ligg gøymd. Nedanfor stien ligg fjorden. Det er sånn dei ønskjer det. Her ligg ei på rygg. Aleine. Men snart skal ein kome. Ho er sveitt i håret og på brystet. Og ho er våt i dei lause kleda om den stramme kroppen. Jordmora skulle vore her, men ho er her ikkje, og no kan ho ikkje vente lenger. Ho er aleine no når ho skal til med dette viktige. På rygg ligg ho. Aleine. Men snart ikkje aleine meir. Ein skal kome. Utanfor veggene sildrar bekken stilt. Ei plankedisse heng frå ei av bjørkene. Eit lunt uthus og veggen med verktøy. Graset veks enno fritt og har ikkje vore tråkka ned i faste stiar kring hytta, kring plankeveggene, ferske og raudmåla. Her har dei bygd. Her skal dei byrje. Ho lukkar auga og kjenner at det byrjar. Ho pustar i hytta. Aleine. No kjem han. Han skal kome. No må han vel kome. 5


Kanskje har ikkje jordmora funne den nye stien oppover bakken. Ho såg ikkje hytta mellom trea, og ho har snudd og gått heim. Eit stykke unna veg og sti fann dei plassen der dei ville byggje. Han hadde bore opp stokkane og målingsspanna. Ho hadde hjelpt. Fleire frå bygda hadde hjelpt til òg. Men mest hadde dei hjelpt seg sjølv, og no ligg ho her aleine og pressar, men ingenting kjem. Dei laga seg seng av plankar. Stolar hadde dei fått av nokon i bygda. Nokre skåler og koppar hadde dei kjøpt seg og bore opp bakken medan dei tala om det fyrste måltidet. Ho har stått og ropa på trappa etter jordmor. Ho har skrike nedover haugen mot der stien går. Men no kan ho ikkje vente lenger. Det er ikkje ho som styrer. Det er kroppen. Han slepper vatnet, kroppen. Han opnar seg, og han slepper det som skal kome. Han pressar sjølv, kroppen, ho ligg berre. Magen krampar seg. Musklane knip og pressar av seg sjølv, medan ho nesten svimlar og sovnar på rygg, ho har lagt seg på bordet. Ho hadde klatra i treet og festa tau. Knytt det trygt. Hengt opp dissa i greina. Ei lita disse, det trong dei. Til å sitje og vogge i. Ho svimlar, og ho ser opp i taket. Over ho heng auser og skeier han har smia av einer og bjørk teke i skogkanten. Der heng dei og er ferske og nye i treverket.

6


Flisene hadde dei lagt i omnen. Omnen hadde han arbeidd til seg nede i bygda. Det var det fyrste dei fekk. Bore opp på ryggen. Og der sat han på kne og la inn fliser og never og slo gneist i nevra. Ho svimlar. Og når dei fekk liv i kubbane, bles han til det glødde der inne. Varmen spreidde seg for fyrste gong i hytta. No kunne dei bu der, sove der og liggje vakne der og tenkje. Få golvplankane glatte og varme til små og store føter. Så hadde han vorte teken vekk. Ut på havet. Henta ut i forsvar. Ho sovnar og veit ikkje kva ho gjer. Kroppen styrer. Han er borte. Ho forsvinn, og ho er aleine. Kroppen er att. Her ligg ho, og ingen veit kor fort det gjekk. Kanskje tenkjer han på ho der han er ute på havet. Kanskje finn nokon ho etter nokre dagar. Open på rygg på det låge kjøkkenbordet. Håret laust. Lekam i lekam. Andletet spent og kroppen slapp med heile seg opna utover bordet og utover golvet. Størkna i dropar langs bordkanten og søkkt inn i dei ferske golvplankane som måling. Der nede, eit hovud, skuldrer og hender. Små raudblå fingrar har gripe om seg sjølv og måla andletet i mora sitt blod.

7


, Som spadetak i jorda trør han oppover haugen vekk frå kaia. Eitt steg og eitt steg til på faste landjorda. Han har stoppa, teke jorda mellom fingrane og late ho renne. Gripe om jorda med handa. Halde den tørre jorda i handa og late ho renne ned til jorda att. No kjem han oppover bakken mot byen, og han ber berre sekken på ryggen med kleda i og ber berre grågrøn jakke og bukse med kongen sitt merke på. Seks månader vekke. Og her står byen på faste landjorda. Trygt og roleg står byen der, men for han ser det ut som om alle husa og taka og pipene søkk og søkk nedover. Både tre og bakkar søkk nedover i bølgja han har hatt om seg så lenge. Fy faen. Seks månader vekke. Attom han er kaia. Med skipet. Og fleire kjem ut i vadmålskleda med sekk på eine skuldra og kongen sitt merke på kleda. Tilbake på jorda. Endeleg. Dei ser på husa og på trea og fjella som skil dei og dei som dei skal heim til. Foreldre og sysken og venner og koner og born. Den søte heimkomsten. 8


Fleire skal ha seg skyss. Dei vil kanskje kome heim om nokre dagar. Han skal vandre. Ingen skyss går dit han skal. Han skal vandre og gjere heimkomsten endå søtare. Han har venta lenge, og no skal han gå dei siste par dagane over fjella og dalane for å kome heim. Heim. Kanskje kan han klare det på to vekers tid. Då kjem han fram sliten og god. Endeleg. Då har han spara dei pengane. Då kan dei byrje. Utanfor eit av husa i gata stoppar han. Der står dei andre. Framande folk som han har vorte kjend med. I same klede og med same sekk som han. Dei går inn dørene i huset og får seg glas med øl. Dei sit der heile dagen og drikk og talar og kikar ut vindauga på faste landjorda som ser ut som ho søkk og rører på seg. Talar om det som kjem, ikkje om det som har vore. Halvor drikk lite. Han får spandert på seg når han vil spare pengane, og spanderer eit eller to glas på seg sjølv. Når kvelden kjem, står dei i gata utanfor. Ein liten flokk. Han med den blonde luggen kjem bort, og dei slår kvarandre i skuldra. Dei nikkar til kvarandre og veit ikkje kva dei skal seie. Dei klappar kvarandre på skuldrene og skal aldri sjå kvarandre meir. Han med skjeggstubbane. Han med lange armar og han med foten innpakka i kvitt og krykkje oppunder eine aksla. Dei ser ned. Og nikkar igjen. No skal dei reise. Kvar til sitt. Fy faen. Tenkjer Halvor. Og ser ned og ser bortover gata. Dei nikkar, og Halvor kjenner at han 9


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.