Til rette vedkomande

Page 1



Til rette vedkomande



Einar Már Guðmundsson

Til rette vedkomande Gjendikting og etterord ved Knut Ødegård


Einar Már Guðmundsson Originalens tittel: Til þeirra sem málið varðar Gjendiktet av Knut Ødegård © Einar Már Guðmundsson, 2019. Published by agreement with Forlagid, www.forlagid.is Norsk utgave: © CAPPELEN DAMM AS, Oslo 2021 ISBN 9788202716325 1. utgave, 1. opplag 2020 Omslag: Elisabeth Vold Bjone Sats: Type-it AS Trykk og innbinding: Livonia Print Sia, Latvia 2021 Materialet i denne publikasjonen er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Cappelen Damm AS er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov eller tillatt gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettighetshavere til åndsverk. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar og inndragning, og kan straffes med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no


I



I Ta himmelen og heng han opp i vindauga. Om gud fylgjer med, er du heldig men slett ikkje uheldig om han fór ein annan stad. Då kjem han berre seinare. Eg freistar dra orda ut or øydemarka, regnet og tåka, men der ute vert alle heterekordar slegne. Kva er det ein tevlar om? Eg skjønar at alt dette dreier seg om ljos. Det var her i opphavet og er her enno. Men snart byrjar det myrkna. Så ljosnar det over oss. I opphavet var ordet men kva var før ordet, eit anna ord, ei anna verd, einfeld som regnet på gatene, mangfeld som regnet på gatene, slik den vi har no, den som snart fer, den som kjem og den som fer.

7


II Fuglen seier: «Ein diktar som ikkje kan fly er ingen diktar», og diktaren svarar: «Ein fugl som ikkje kan dikta er ingen fugl.» «Skal vi då ikkje dela oppgåvene mellom oss? Eg flyg. Du diktar.»

8


III Eg ser på eit hovud, funderer over det som ein stein ute i himmelrømda og byrjar tenkja: Om dette hovudet er lik verda då er verda eit hovud som skodar ut i himmelrømda, glitrande klår, men tanketung i myrkret. Kan vi vera samde om det? Eller er dette for myrkt eit bilete? Du ynskjer kanskje eit ljosare syn! Eg skjønar det slik at det er ikkje tilgjengeleg ikkje denne vinteren ikkje denne sumaren ikkje no når farane nærmar seg og vi treng det. Hovudet sjølv er i fare og verda tvilar på om ho sjølv finst, på varmen som kolnar og kulden som varmast opp. på myrkret, ljosare syn og steinane, på deg, på meg. Noko anna er òg viktig: Gud har alt for mange tolkar i arbeid, mange fleire enn dei som vart tilsett i opphavet. 9


IV Ein spegel talar i svevne, syg røyndomen inn i seg. Ute speglast skyene, sigler på himmelen lik skip på veg til hamn. Kor mange hamnebyar er det på himmelen? Spør spegelen, før røyndomen vaknar og togna tek over. Ho er tyrst som skyene. Alt dette skjer i sjela. Orda sviv over himmelen og stig opp or djupet, går inn i byane og speglar seg i skyene som fargane i ljoset.

10


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.