Mathias Nyhagen Asplund
Der ingen finn oss
© CAPPELEN DAMM AS, Oslo, 2018 ISBN 978-82-02-57033-0 1. utgåve, 1. opplag 2018 Omslagsdesign: Sigbjørn Lilleeng Sats: Type-it AS, Trondheim 2018 Trykk og innbinding: ScandBook UAB, Litauen 2018 Satt i 10,5/13,5 pkt. Sabon og trykt på Ensolux cream 80 g / 1,8. Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no
No får dyra herske
Han opnar auga og ligg framleis i senga. Det er morgon, og det blæs på rommet hans. Vindauget må vere opent. Han kan høyre mamma ute på kjøkkenet. Han bur i tredje etasje i eit murhus. Ei blokk. Han set seg opp. Er dette ein ny dag eller den same som i går? Han bestemmer seg for at han vil gå ut ein tur. Berre ut i hagen som ligg rett utanfor og høyrer til alle som bur i blokkene kring. Han tek på seg sokkar og sko og går sakte forbi mamma på kjøkkenet. Ho driv på med noko. Han lagar litt lyd i gangen så ho skal høyre at han går ut. Så ho ikkje skal bli engsteleg. Han vil ikkje at ho skal spørje kor han skal. Han vil ikkje prate. Vil ikkje svare på korleis det går, korleis han kjenner seg. Ute i hagen set han seg på ein benk. Nokre buskar veks ved benken. Han ser utover hagen. Det er ei sandkasse, eit dissestativ og eit leikestativ der. Kalde jernstenger med falma måling som ein kan klatre i. Nokre av stengene har rust på seg. Det er fint vêr. Sola skin og strålar på buskane og trea. Han er ikkje på skulen. Dagane berre går. Det er keisamt å vere heime. Han dinglar med beina. Dag etter dag ligg han berre i senga eller sit i stua. Aleine. Ingen å leike med, ingenting å gjere. Han berre ventar på at noko skal skje. På om han skal tilbake på skulen eller ikkje. 5
Men han har lært seg noko medan han ventar. Så mange dagar har gått at han har lært seg kva han skal gjere for ikkje å keie seg. Han ser bort på leikestativet. Han ser for seg at han heng i ei av jernstengene, og at medan han heng slik, blir heile verda plutseleg snudd opp ned. Graset blir himmelen, og himmelen blir eit botnlaust hol under han. Han grip hardt i jernstonga for ikkje å ramle. Himmelen trekkjer han oppover. Leikestativet er det einaste som held han igjen på jorda. Han heng etter hendene. Om han slepper, kjem han til å ramle for alltid. I fleire år, kanskje. Ut i verdsrommet, bort frå jordkloden. Ramle i svart nattehimmel, nedover og nedover. For alltid. Ramle medan han har bursdag, ramle medan han feirar jul, og ramle medan han blir vaksen. Han ser ned. Det syg i magen. Han kjenner at kroppen blir varm og levande av å jobbe med å halde seg fast. Så ser han opp i graset over seg. Trea, buskane og blokka veks ut av taket. Han klyv opp på jernstonga. Han kjem seg så han sit, balanserer. Opp ned med hovudet mot bakken og skosolane dinglande opp i himmelen. Han lukkar auga og kjenner på balansen. Vippar frå side til side. Han kjenner seg nesten trygg. Vinden blæs i håret. Han pustar inn vinden, trekkjer han ned i lungene, lurar på om han skal reise seg opp. Tør han det? Ja, han gjer det. Svimlar. Balanserer på den tynne stonga. «Kva gjer du?» Det står ei jente eit stykke unna benken. Ho har langt hår. Tyngdekrafta kjem brått tilbake. Han sit på benken igjen, utan å ha rørt seg er han tilbake der han var. 6
«Driv du på med noko?» spør jenta forsiktig og kjem nærmare. Han ser på ho. «Har du ingen å leike med?» spør ho. Han kjenner ho ikkje, men han har sett ho før. Ho bur i blokka på andre sida av hagen. Han er mest inne, og derfor møter han ikkje så mange. Jenta snufsar. «Skal me finne på noko?» spør ho, grev litt med skoen i grusen og ser ned. Han ser på hagen medan ho set seg på benken. Dei sit. Hagen og blokkene står kring dei og ser vanlege ut. «Eg liker ikkje å vere på skulen», seier jenta etter ei stund. «Eg synest det er keisamt, du er heldig som slepp. Me har nokre slemme gutar i klassen. Dei har sagt til alle at eg et fluger, men det gjer eg ikkje. Har eg aldri gjort.» Dei pratar heilt til mamma ropar han inn frå vindauget. «Me kan sest i morgon?» spør ho og blir sitjande når han går. Mamma har laga middag, og pappa kjem heim nett da dei skal til å ete. Dei set seg kring kjøkkenbordet. Alle tre. Pappa er glad og pratar. Han har hatt ein fin dag på jobben. Pappa jobbar på ein verkstad som lagar møblar. Han arbeider med tre, lim og sager kvar dag. Han fortel om andre folk på jobben. Han spør om ikkje dei tre skal gjere noko saman snart, kanskje til helga. Pappa smiler til dei, auga smalnar. Hendene er fulle av små sår etter fliser han får når han sagar og smir. Mamma spør kva han gjorde ute i hagen. «Ikkje så mykje», svarar han. På kvelden ser dei på tv saman og et potetgull sjølv om 7
det er tysdag. Det er ikkje så keisamt om kveldane. Da kjennest ikkje dagen så lang. Men han liker ikkje når han må leggje seg. Når mamma slår av lyset og set døra på gløtt, er det berre han og senga. Da kjenner han på kroppen sin, og at det gjer vondt. Da er det vanskeleg å ikkje tenkje på det som virrar inni han og hindrar han frå å sove og frå å vere vaken. Da ønskjer han at han skulle på skulen neste dag. At han måtte stå opp tidleg og lage seg matpakke. Dei gjer ikkje noko saman til helga. Dei ser på tv, og han sovnar. På fredag snakkar dei. Om den gongen dei var på bilferie. Det er fint. Pappa hentar fotoalbumet, og dei ser på bilete. Dei stoppa på rasteplassar og sov i telt. «Hugsar du?» spør dei og skakkar på hovuda. Han nikkar. Han hugsar. Det er ikkje så lenge sidan, sjølv om det kjennest slik ut. Det kjennest langt borte ut. Fjernt. Han ligg på fanget til mamma. Dei steikte mat på bål. Han leika med leiker han hadde fått. Mamma og pappa smiler. Dei er glade. Stryk han i håret. Det er morosamt å sjå på bilete. «Me bada», hugsar han. «Ja», ler dei. «Sjølv om det var både vind og kaldt», seier mamma og ristar på hovudet. I morgon vil han møte jenta igjen. «Er du sikker på at du vil gå ut i dag?» spør mamma da ho vekkjer han. «Du ser så sliten ut.» Han er sikker. Han har ei avtale, seier han. Han tek sakte på seg kleda; han er sliten. Trøytt i kroppen. Mamma ser på han. Dei et frukost saman på kjøkkenet. Sakte tygg han brødskiva. Mamma er ikkje på jobb. Ho er heime saman med han, men dei er ikkje så mykje 8
saman. Dei har funne ut at han helst vil vere aleine. Så ho er berre i nærleiken. Held på med ting på kjøkkenet eller i stua. Ofte las ho bøker. Keisame bøker frå jobben sin. Han er trøytt og lei av alt. «Når kjem du tilbake?» spør ho. Han orkar ikkje svare. Ho kan jo sjå han frå vindauget heile tida. Da han set seg på benken, kjem jenta springande. Langt bustete hår. Ho lurar på kva dei skal leike. Ho keiar seg. «Det er så keisamt i denne blokka», seier ho. «Eg vil dra vekk.» «Kor?» Jenta tenkjer. «Eg veit ikkje, bort i alle fall», seier ho. «Eg òg», seier han. «Eg vil også bort.» Dei ser på kvarandre. Han får ein morosam tanke. Kanskje kan han ta ho med? Kanskje kan han og ho leike saman, finne på noko? Reise vekk? Han seier: «Eg veit ein plass me kan dra.» Jenta nikkar, klar. Men han rører seg ikkje frå benken. Han sit framleis heilt stille. Ho ser på han. «Skal me dra?» seier ho høgt. Utolmodig. «Det er eit stort hus», seier han og ventar litt. «Nei, større enn det du ser for deg. Og mektigare. Det er som eit slott», seier han. «Som ei diger borg. Ser du det?» Ho ser på han. Han kjenner hjartet banke litt i brystet, redd for at ho ikkje skal forstå og synast han er dum. Men han kan sjå at ho utan å prøve ser borga inni hovudet sitt. Og medan han fortel, byrjar slottet vekse. Han ser at ho ser det, og han fortel. Han skal gjere det spennande. «Me står på ei trapp i stein. Framfor er eit stort palass, 9
eller ei borg bygd av store kampesteinar. Kring ytterveggane går ei vollgrav. Djupt vatn. Veggane strekker seg så høgt at me knapt kan sjå dei høgste tårna. Murveggane stuper ned i vatnet. Mørkt og kaldt vatn.» Trappa føre dei leiar opp til ei stor tredør, lita i forhold til palasset, men framleis større enn noka dør dei har sett. Han går mot døra, ho stoppar han. Ser redd ut. «Kven er det som bur her?» spør ho. «Me går inn og sjekkar», smiler han og går fram til døra. Han legg heile vekta si på, men døra berre knirkar. «Kom og hjelp meg.» Ho ser på palasset som dekkjer heile himmelen. «Hjelp meg!» seier han igjen. Ho kjem opp, og saman dyttar dei så døra glir sakte opp. Ein trekk blæs mot dei ut frå døropninga. Rommet innanfor ser ikkje ut til å ha nokon slutt. Eit endelaust steingolv strekker seg innover. Så stort at dei knapt kan sjå veggane. Langt borte kan dei skimte ei trapp som splittar seg og går opp til etasjane over. Taket er så høgt at det nesten ligg heilt skjult i mørke. På kvar side av rommet er det inngangar, steinbogar mange meter høge, som leiar inn til andre rom. Dei tek nokre steg, og kvart skritt gir gjenklang i rommet. Det kriblar inni han. Her er eit heilt slott, endelaust og gigantisk, som må utforskast. Jenta ved sida hans synest ikkje å vere like ivrig. «Vent», seier ho og ser på dei mørke krokane. «Trur du det spøker her?» Han svarar ikkje, leiar berre an innover mot ei plattform midt i rommet. Noko som ser ut som eit forhistorisk skjelett, blafrar mot dei frå fakkellyset. Det står der til utstilling som i eit museum. Ein lang, kvervlande hale, lange hoggtenner og ein stor skalle gapar mot dei. Dei 10
står i skuggen av ribbeina som kastar seg over dei som gitteret i eit fengsel. Ein dinosaur?Jenta ser på dei gamle knoklane og dreg han i jakka. Han merkar at ho pustar raskt. «Skal me utforske?» spør han, smiler og prøver å verke trygg. «Kanskje blir dette det mest spennande du nokon gong har gjort», seier han. Han byrjar springe mot trappa før ho får tid til å stoppe han. Ho får følgje på om ho tør. «Kom», ropar han. «Det er berre oss her, ingen andre er heime.» Han spring mot trappa, og da han kjem nærmare, oppdagar han kor lang og bratt trappa er. Trappetrinna er store. Han byrjar klatre og ser bak seg at jenta kjem etter. Han ser på ho. Bustete hår, slitne klede og litt redd. Men ho ser snill ut, ho er med på leiken. Fem trinn oppe er han allereie andpusten. Ho klyv oppover bak han, tek han igjen. Saman klatrar dei. Det brenn i beina før dei er halvvegs. Snart står dei og pustar tungt i korridoren ovanfor. Golvet er dekt av eit raudt teppe. Det heng store måleri av folk og landskap på veggane. Dei som bur her, må vere veldig rike. Da får han auge på noko. «Sjå der», bryt han ut og spring bortover gangen. I enden, på kvar side av eit vindauge, står to store rustningar oppstilte. Skinande blanke tomme rustningar med skjold og spyd står der. Klare til kamp. Han ser opp på dei. Kjenner på det kalde metallet og dei skarpe spyda som stikk mot dei. «Kom hit», seier han og vinkar jenta til seg. Han rekk knapt halvvegs opp på den eine rustninga. Ho kjem mot han, men stoppar idet ho når ei dør like ved. Døra glir stille opp. Ho gispar. 11
Rommet innanfor døra skin mot dei. Han snur seg og gløymer rustningane. Gull- og sølvmyntar ligg strødde på store gamle møbel og bord inne i rommet. Smykke og små statuar i marmor. Lysekroner og lamper heng frå veggar og tak. Flagg og gamle våpen står oppstilte. Til og med golvet er dekt av gjenstandar som glinsar. Alt skin og blinkar i sollyset som strålar inn frå takvindauget. «Kva er dette for ein plass?», bryt jenta ut. «Kven er det som eig alt dette?» På eit bord fylt av gullmyntar står ein spegel. På eit skatoll like ved ligg ei vakker krone med diamantar og grøne smaragdar. Han ser jenta gå mot krona. «Åh, så fin», seier ho. Auga glitrar mot edelsteinane. Han smiler. Han beveger seg varsamt innover mellom alle tinga. «Aldri har eg sett noko så vakkert», kviskrar jenta, heilt fengsla av krona. Han går til ein lenestol som står like ved. Der heng ei kappe. «Trur du ho passar?» spør han og kjem bort, krona skin i snirklande gull. Verdig ein prins, eller ei prinsesse. Han skal til å løfte krona opp, men ho stoppar han brått. «Nei», seier ho. «Me kan ikkje røre noko.» Han ser roleg på ho. Kor engsteleg ho er! «Du kan jo prøve ho og så leggje ho tilbake etterpå? Ingen ser oss», smiler han. Jenta ser usikkert på krona, som om ho aldri har rørt ved noko så vakkert. Han løftar krona opp og plasserer ho på hovudet hennar. Krona passar perfekt. Jenta smiler. Det lange håret glitrar saman med gullet. 12
Ho får auge på seg sjølv i spegelen og må sjå ordentleg etter før ho kjenner seg igjen. «Er det meg?» seier ho. Han ser at ho roar seg. Er ikkje så redd lenger. Kanskje er ho meir klar til å utforske no? Han går til stolryggen like ved der den raude kappa heng. Han slenger ho på seg, og stoffet fløymer. Som ein riddar. Kappa passar, krona passar. Han dirrar etter å sjå kva som er i neste rom. Ho smiler til han, ho er med. Dei spring om kapp gjennom rommet og ut ei dør på andre sida, gjennom ein korridor der veggane er stabla med bøker frå golv til tak. På eine veggen er tapetet flerra opp og ei bokhylle knust, som ei hinderløype. Dei ler, og klatrar over og under dei øydelagde hyllene. «Sjå», seier han og stoppar, han peikar oppover ei gamal steintrapp. Jenta smiler til han og forsvinn opp trappa. Dei kjem ut oppe i eit tårn. Vindauga sit så høgt på veggen at dei ikkje kan sjå ut. Men midt på golvet i det runde tårnet står ein stor stjernekikert. «Det blæs her oppe», seier jenta, og vinden ular og ruskar i dei. Dei går bort og kikar inn i siktet på kikerten. Plutseleg er dei fleire lysår borte. Dei kan sjå flammar eksplodere i det uendelege verdsrommet. Støvskyer bølgjer sakte i raudt, lilla og blått. Ei brennande stjerne slåst med mørkeret. Eller er det ei heil verd som lyser og vinkar til dei frå langt, langt borte? Dei sklir ned gelenderet på trappa, kappa flagrar etter han. Han følgjer etter ho inn i eit rom med statuar i marmor og stein. Statuane er stilte opp nesten som ein labyrint. Plutseleg er ho borte mellom kroppsdelane i stein. Han høyrer berre latteren hennar. Han klatrar opp på ein glatt statue, speidar etter ho. Der er ho, springande glad 13
og lett med krona. Han hoppar ned og jagar etter ho mellom dei høgtidelege marmorandleta. Romma ser ut til aldri å ta slutt. Det er alltid meir. Ein stor sal med scene og raude teppe ser ut som eit forlate teater, kostyme, kjolar og masker ligg strødde. I eit rom er alle veggane spegel. Eit skinande kvitt rom har fontene og basseng, dei vassar i doggvåt luft mellom sprutande strålar av vatn, og han dreg opp ei skyvedør skjult i tapetet. I det neste rommet står det fire runde bord midt på golvet. Alle er dekte med mat. Skinker og paiar står stabla. Salatar, sjokolade, frukt og dessertar slåst om plassen og veltar seg utover borda. Alt dei kan ønskje seg. Han kjenner munnen fyllast med vatn og bestemmer seg. Dei har jo ikkje møtt på nokon heile dagen. Det er ingen andre her. «Kva trur du?» spør jenta og ser lengtande mot eit bord med kringler og jordbær. Han spring bort til eit fat med sjokoladekuler. «Kven skal stoppe oss?» seier han og plukkar opp ei stor sjokoladekule med to fingrar. Dei et. Og drikk. Dei går frå bord til bord og fyller nevar, munnar og fat. Så set dei seg på golvet og et. Snart ligg dei mette på rygg. Borda er framleis fulle av mat, sjølv om dei har ete alt dei har orka. No er dei trøytte. «Åh, eg er så mett», seier han nøgd. Han rullar frå side til side. Mett og glad. Kappa er glatt mot golvet. «Eg er mettare», stønnar ho, framleis tyggande på ein kakebit. Dei ligg litt, døsige. På nippet til å sovne. Men da er det som om noko trekkjer dei vidare. Som om noko rus14
kar i dei og jagar bort den trøytte kjensla. Dei kjem seg på beina og finn døra. I korridoren utanfor, over ein haug med knuste møbel, står eit stort sverd halvvegs inn i veggen. Han ser på det medan han pressar opp neste dør. Døra er kald og laga i jern. «Åh», bryt han ut og gapar da døra opnar seg. Det store stumme palasset overraskar dei igjen. «Kom og sjå!» Jenta spring til. Her inne er det dunkelt lys, men det er som om mørkeret vaknar til liv, som om rommet sjølv rører på seg da dei trør over dørstokken. Da auga deira venner seg til mørkeret, får dei sjå. «Kva i alle dagar», bryt ho ut. På golvet langs med alle veggane, hengande på veggar og frå tak, stabla oppå kvarandre midt på golvet, er store og små bur, alle fylte av levande, ville dyr. Her er tigrar og løver. Auga til svarte panterar og leopardar lyser mot dei. Slangar slynger seg på bakken. Ein bjørn vêrar i lufta mot dei. Her er fuglar, rotter og mus. Han tek eit skritt bakover, ho ler nesten, det brusar inni han av spenning. Han kan ikkje stå stille. Dyra ser på dei frå bura sine. Luskar fram og tilbake innanfor gitteret, kveser til dei eller knurrar. Flaksar uroleg med vengane. Skakkar på hovuda. «Kva er dette for ein stad?» seier han, og nett da kjem det som måtte kome. Ei røyst, eit brøl nedanfrå, langt borte i det enorme palasset. Det er nokon andre her inne. Begge frys til i skrekk. Dei ser på kvarandre. Utan å våge å seie eit ord. Så brølar røysta igjen. Høgt. 15