Bli med på ei reise inn i fantasien - til ein stad der ingen finn oss!
Han er sjuk, så sjuk at han ikkje går på skulen. Ho trivst ikkje på skulen, dei andre er ikkje greie mot henne. Dei to møtest mellom blokkene, og han tar henne med inn i eventyr dei skapar sjølv. Dei finn eit røvarslott, dei vert fanga i underverda, dei rømmer frå pesten. Men dei klarar seg! I alle fall i fantasien ...