Ein heilt vanlig fyr

Page 1


EIN HEILT VANLIG FYR

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 1

25.04.13 14:40


Rune Belsvik

EIN HEILT VANLIG FYR

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 3

25.04.13 14:40


© CAPPELEN DAMM AS 2013 ISBN 978-82-02-41693-5 1. utgave, 1. opplag 2013 Omslagsdesign: Tina Blomqvist/Blomqvist Design Sats: Ingeborg Ousland /cmykdesign Trykk og innbinding: Livonia Print Sia, Latvia 2013 Satt i 12,5 pkt. Minion Pro og trykt på Munken Print Cream 80/1,5

Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. www.cappelendamm.no

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 4

25.04.13 14:40


K afeen

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 5

25.04.13 14:40


Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 6

25.04.13 14:40


1 Mitt namn er Alf. Eg er 53 år. Eg er lærar. Eg har det bra. Skal ikkje klaga. Har barn og kone og leilegheit. Bil òg. Kona og eg sitt og ser Dagsrevyen. Vi likar å følgja med på det som skjer. Vi har kvar vår gode stol. Det står eit bord mellom oss. På bordet ligg kontrollen og nokre bøker. Brått støkk eg til. Telefonen begynner å dura i lomma. Det er Bernt. – Hallo? seier eg. – Ja? svarar det. Bernt er lærar på ein annan skule. Vi er ein slags kameratar. Det er lenge, lenge sidan eg har snakka med han. – Er det du? seier eg. 7

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 7

25.04.13 14:40


– Ja, seier han. – Det var ei sjeldan stemme, seier eg. – Ja, du har jo gjømt deg bort, du, seier han. – Eg held meg helst heime, seier eg.

Eg håpar han ikkje vil invitera meg med på pøbben. Eg orkar ikkje å gå på pøbben meir. Eg vil sitta heime med kona og sjå på fjernsyn. – Er du aldri ute blant folk? seier han. – Eg går på jobb kvar dag. – Jobb, ja. Kan du ikkje komma ned på kafeen i morgon? Vi er nokre som møtest der om laurdagane. Hadde vore kjekt å treffa deg. – Kva tid då? – Nei, sånn litt før klokka eitt. – Ja, men … ja, det kan eg kanskje. – Då ser eg deg i morgon. Eg blir urolig i magen. Det er lenge sidan eg har vore på kafé. Lenge sidan eg har møtt Bernt. Korfor ringte han nett no? – Kven var det? spør kona. – Bernt. Han ville treffa meg på kafeen i morgon. – Det kan du vel. Eg skal jo på trening. 8

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 8

25.04.13 14:40


Eg er glad for at han ringte også. Eg kjenner at det er ei lita glede inni meg. Glad for at han hugsa meg.

2 For tretten år sidan blei eg skild. Det hende eg møtte Bernt på pøbben då. Han var også nett blitt aleine. Det var mange som var aleine på pøbben. Vi hamna på nokre håplause nachspiel. Eg vakna stundom sjuk av angst. Det var eit mørkt, kaldt hol i brystet mitt. Eit svart, lite beist låg og pusta der. Ein innelåst skygge. Ein svolt etter kjærteikn. Ein hunger etter å bli tatt imot og tålt. Eg kunne gått ut på gata og gitt ti tusen kroner for ein klem. Ja, eg tenkte det. Låg samankrøkt under dyna og lurte på å gå ut og spørja dei eg møtte. Men det kunne eg jo ikkje. Tenk om alle sa nei. Eller verre: Tenk om nokon sa ja. 9

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 9

25.04.13 14:40


Eg drakk mykje øl og vin. Eg klengde meg innpå damene. Eg snakka høgt og veldig til mennene. Bernt berre lo av meg. Så møtte eg ho som er kona mi no. Etter det gjekk eg sjeldan ut. Derfor møtte eg ikkje Bernt.

3 Dagen etter kjører eg ned til kafeen. Bernt sitt ved eit av borda ute. Det er solskin og mildt. Eg kjenner eg blir glad for å sjå han igjen. Han presenterer meg for dei andre ved bordet. Det er ei kvinne der eg hugsar frå pøbben. Ho dansar ballett. Ho er ei av dei eg klengde meg innpå. Ho er framleis vakker. Ho smiler til meg. Måkane hyler over hustaka. – Kjører du? seier Bernt. – Ja, eg har parkert rett her borte. 10

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 10

25.04.13 14:40


– Då kjører du meg kanskje heim etterpå? – Klart det. Eg hadde glømt at det finst ei verd utanom jobben og leilegheita vår. Eg snakkar med Bernt om skulen. Vi ler av alle dei dumme møta vi må vera med på. Vi ler av ein måkeskit som landar på bordet. Eg kan høra at eg ler. Det er lenge sidan eg har ledd slik. Eg får bra til å snakka med dei andre også. – Kjekt du kom, seier Bernt i bilen etterpå. – Det var ei artig forsamling, seier eg. – Ja visst. – Du har det bra? – Ja. Heilt fint, seier Bernt. – Du ser bra ut, seier eg. – Du då? seier Bernt. – Jo, seier eg. – Det går bra det. – Ja, vi har vel enno nokre år igjen. – Ja, seier eg. – Bur du i lag med nokon, du, eller? – Nei. – Du bur aleine framleis? – Å, ja. 11

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 11

25.04.13 14:40


– Går du ofte på pøbben? – Nei. Ein gong iblant. – Eg går der heller ikkje. – Kanskje du kjem på kafeen neste laurdag? seier Bernt. – Ja, seier eg. – Det er godt mulig. Vi er framme ved blokka der han bur. Vi kan høra måkane her også. – Ja, ja, seier Bernt. – Takk for turen. – Berre kjekt, seier eg. – Adjø, seier Bernt. Han gir meg to lette slag på låret. Så går han ut.

4 Eg kjører til kafeen fleire laurdagar. Det er ei fin blanding av folk. Av og til sett vi to eller tre bord saman.

12

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 12

25.04.13 14:40


Ein laurdag treffer eg ein poet der. Det er ein Bernt kjenner frå før. Han har med ei diktbok. Eg les dikta hans. – Nei, dette forstår eg ikkje, seier eg. – Du treng ikkje forstå dikta, seier poeten. – Du må berre sleppa dei inn. – Sleppa dei inn? – Forstår du havet? seier poeten. – Nei, seier eg. – Men du likar å sjå på det? – Ja. – Gjer det same med dikta. Slapp av. Les dei. Ikkje bry deg om å forstå. Bernt sitt på andre sida av bordet. Han følgjer med i samtalen. Han smiler, som om han likar det han hører. Det er ei fin stund. Eg føler eg er nær noko eg har lengta etter. At eg er like ved noko viktig. Mens folk rundt oss ler. Døra glir opp og igjen.

13

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 13

25.04.13 14:40


5 Etterpå kjører eg Bernt heim. – Det var fint på kafeen i dag, seier eg. – Det var det, seier Bernt. – Var kjekt å snakka med han poeten, seier eg. – Eg trur han var inne på noko, seier Bernt. – Ja, eg følte også det. Det der med å forstå. – Å forstå er berre ein måte å ha kontroll på, seier Bernt. – Vi må gi slepp på kontrollen. Vi burde gi slepp på meir enn det. Folk held fast i så mykje faenskap. Det regnar. Himmelen er blygrå. – Går det bra med kjærleiken? spør eg. – Eg har sett ei slik fin dame, seier Bernt. – Å. – Ho går forbi blokka med hunden sin av og til. – Og ho er fin? – Det er noko trist ved henne. Som om ho ber på eit mørke. Likevel går ho så lett og rolig. – Drømmer du om henne? 14

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 14

25.04.13 14:40


– Ja, masse. Eg har lyst å trøsta henne. Visa henne noko fint. – Du går ikkje ut og snakkar med henne. – Nei. – Nei, nei. – Går det bra med kona? spør Bernt. – Ja, det går heilt fint det, seier eg. – Det var bra. Du må helsa.

6 Laurdagen etter er eg på kafeen igjen. Eg ser etter ho som dansar ballett. Ho er der ikkje. Bernt er der ikkje heller. Eg sett meg likevel ned med dei som var der sist. Det følest heilt feil. Som om eg har trengt meg på framande folk. Dei snakkar berre vidare utan å bry seg om meg. Det er ein gammal fiskar og ein journalist. Og så er det to eg ikkje har sett før.

15

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 15

25.04.13 14:40


Eg tenker eg kan seia noko straks det blir ein sjanse. Men dei snakkar heile tida om Marokko. Eg veit ingenting om Marokko. Dei sitt inne. Det blåser og regnar ute. Det er trongt og kjedelig. Eg gler meg til kvelden. Då skal kona og eg laga oss god mat. Vi skal eta sjokolade og sjå fjernsyn. Så kjem Bernt. Han kjøper seg ein øl, og sett seg ned. – Ja vel, seier han. – Fint du kom, seier eg. Dei andre berre snakkar vidare. Bernt hører på det dei seier. Av og til seier han også noko. Han har vore i Marokko. Eg tenker på kona og maten og sjokoladen. Eg føler meg utanfor. Eg drikk av kaffikoppen. Et små bitar av kaka eg har kjøpt.

16

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 16

25.04.13 14:40


Brått trekker fiskaren stolen frå bordet. Han har vore den ivrigaste til å snakka om Marokko. Han skal vel på do. Det er som om han trekker proppen ut av samtalen, då han reiser seg. Journalisten går til disken. Dei to eg ikkje kjenner strekker på seg. Bernt tar ein slurk av ølen. – Ja vel, seier han og smiler til meg. – Ja, seier eg og prøver å smila tilbake. Det blir ikkje meir snakk om Marokko. Så kjem ho som dansar ballett. Ein stor, mild skygge legg seg over bordet. Lukta hennar fell gjennom lufta. Ho sett seg elegant ned. Ho har regn på kinnet. – Hm, seier ho. – Takk for sist, seier eg. – Å, er du her også? seier ho. Då fiskaren kjem tilbake, har vi begynt å snakka om årstidene. Ho som dansar ballett seier ho likar best våren. Eg fortel om min kjærleik til november. Det er deilig å vera ueinig med henne. – November? Er du gal? seier ho. 17

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 17

25.04.13 14:40


– Ingen hylande båtar på sjøen, seier eg. – Tomme strender. Tørr ved og varme pledd. Nye bøker. Ho smiler til meg. Fiskaren seier ikkje noko særlig. Han plukkar opp ei avis. Vi snakkar ikkje så lenge om årstidene. Vi snakkar om plenar og blomster. Om å reisa til Syden. Om å vera der ein er. – Det er ikkje alltid så enkelt, seier eg. – Kva då? seier ho som dansar ballett. – Å vera der ein er. Vi er redde for det. Det er berre der vi er det kan gå galt. I minna kan det ikkje skje meir enn det som skjedde. I framtida skjer det ingenting før vi kjem dit. Det er no det er fare på ferde. Det er no eg kan dumma meg ut. Det er no eg kjenner at eg snakkar for mykje. Det er no eg kjenner eg sveittar på skallen og blir rød i ansiktet. Det er no tankane mine flyktar inn i framtida. – Kor er du no, då? seier ho som dansar ballett. – Er du her? – Eg er like i nærleiken. – Eg er heller ikkje her før seinare, seier Bernt. – I kveld, når eg har lagt meg, då er eg her. 18

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 18

25.04.13 14:40


I bilen heim er eg i godt humør. Eg spør om Bernt har tenkt seg ut om kvelden. Han seier han er lei av å gå ut. Han seier han er lei av det meste. Eg spør om det er noko spesielt. Han seier at det ikkje er det. – Og kjærleiken då? seier eg. – Ja, finst der nokon kjærleik? seier han. Det blir stilt i bilen. Eg svingar av frå E 18, kjører over brua og inn mot blokka til Bernt. – Går det bra med deg? seier han. – Ja, seier eg. Eg får lyst å fortelja han at eg stundom føler meg einsam. At eg stundom gler meg til døden. At eg andre gonger er redd for å dø. Men det er for store ord. Det ville hørast ut som skryt. Har eg det bra? tenker eg. Eg har vel det. – Så kjærleiken er borte? seier eg. – Han er vel ikkje heilt borte, seier Bernt. – Kva er det med han då? seier eg. – Eg er berre så lei av å stå og hamra på folk. – Hamra på folk? – Ja, vi er som svære borger alle saman. 19

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 19

25.04.13 14:40


– Ja, seier eg. – Kanskje det. – Ja, ja, seier han. – Det går vel opp og ned med alt, seier eg. – Ja, takk for turen, seier han. – Heilt i orden, seier eg. Han ser på meg og smiler. Eg kjenner eit søkk i magen. Han er så nær. Han er så levande. Eg føler eg bør trøsta han. Samtidig føler eg at eg bør la det vera. Eg smiler tilbake. Vi ser rett mot kvarandre. Så går han.

7 Ein laurdag er det snakk om å dra på piknik. Vi er mange kring bordet. Fiskaren og kona. Journalisten og mannen. Bernt og ho som dansar ballett. Ein prest og veninna hennar. Vi har sett saman to bord. Då poeten kjem, i lag med ein kamerat og ein gutunge, må vi ha eit bord til.

20

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 20

25.04.13 14:40


Sola skin. Journalisten foreslår at vi skal gå ut. Det er ingen som hører på henne. Bernt ropar til presten, som står ved disken: – Tar du med ein øl til meg! Poeten dunkar meg på aksla og smiler. Eg smiler tilbake. Ho som dansar ballett ser mutt ut. Eg har lyst å spørja henne kva ho tenker på. Men eg er redd det er for alvorlig. – Burde vi ikkje dra på piknik? seier mannen til journalisten. – No? spør fiskaren. – Nei, neste laurdag. Vi kjører til ein stad ved sjøen. Tar med mat og drikke. Nokon av oss ser på kvarandre. Som om vi lurer på om det passar seg. Er vi ikkje ein gjeng på ein kafé? Kan vi plutselig berre dra på piknik?

21

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 21

25.04.13 14:40


Ho som dansar ballett smiler til Bernt. Eg kjenner at eg blir misunnelig. Korfor smilte ho ikkje til meg? Presten kjem med ein kopp kaffi og eit glas øl. Bernt dyttar nokre pengar bort til henne. – For ein god idé, seier ho. – Ja! seier veninna hennar. – Har de vore i Blåvika? spør fiskaren. – Ja, seier poeten. – Der er det fint! Det er også andre folk i kafeen. Eg legg merke til at nokon av dei ser på oss. Eg tenker dei har lyst å komma inn i den gode stemninga vi har. Samtalen bølgjar mellom oss. Det er snakk om Blåvika og andre viker. Ho som dansar ballett ser glad ut. Eg smiler til henne. Då smiler ho tilbake. Alle verkar glade. Vi kjem oss ikkje ut før kafeen stenger klokka fire.

22

Belsvik_En heilt vanlig fyr.indd 22

25.04.13 14:40