Programblad 20.10.23 Bergsøy vs Herd

Page 1


Foto: iStockphoto.com


A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

havilashipping.no



Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer


LEIARKOMMENTAR Kjære fotballvenner, Etter ein lang treningsvinter er endeleg fotballsesongen her, og både små og store er utolmodige etter å komme i gang med kamper og turneringar. Med tett på 40 påmeldte Bergsøylag er det mykje fotballmoro i vente! Vi gler oss over at den fine utviklinga med auke i aktive held fram, og spesielt på jentesida har vi stor vekst. Vi kan no tilby eit likeverdig tilbod i barnefotballen for både gutar og jenter. Fjoråret var det første normale driftsåret for klubben på nokre år, og det var stor aktivitet og mykje flotte sportslege resultat. Vi har satsa på å utvikle trenarane våre, og klubben er i ein situasjon der vi har svært mange kompetente og engasjerte trenarar på alle nivå. Dette er ein viktig føresetnad for å fortsette å utvikle oss sportsleg – både for laga og våre aktive. Kostnadane ved å drive idrettslag følger utviklinga elles i samfunnet, og også i Bergsøy Fotball merkar vi godt at utgiftene aukar. Vi må omstille oss i henhold til dette, og ønsker samstundes å unngå at det påverkar vår sportslege satsing. Vi er også klar over at hushaldningane merkar inflasjonen på kroppen, og vedtok difor å halde kontingenten uendra i 2023. Dette er mogleg takka være den store frivillige innsatsen mange legg ned, men vi treng enda fleire som bidreg i større og mindre roller. Ein annan viktig faktor for å gi eit best mogleg tilbod er alle våre økonomiske støttespelarar og sponsorar. Bergsøy Fotball er heldige, og har solid støtte i vårt lokale næringsliv. Dette er vi svært takksame for. Kunstgraset på Havila Stadion Fosnavåg er utslitt, og må skiftast ut. Vi er glade for at Herøy kommune ser samfunnsverdien som skapast i Bergsøy Fotball, og vil legge til rette for dette. Med over 400 aktive er vi ein viktig aktør for folkehelsa i kommuna, og eit anlegg som gir oss anledning til å drive med all vår aktivitet er eit møst for oss. Sportsleg sett har vi store forventningar til året som kjem. Vi har mange lovande jenter og gutar i alle alderstrinn, og er trygge på at dei vil fortsette si fine utvikling i 2023. Vi vil også gratulere Bergsøy Handball sitt herrelag med opprykket til 1. divisjon, og håper dei med det har sett standarden for ein sportsleg opptur i heile idrettslaget! Vi vil med det ønske både aktive, frivillige og supporterar lykke til med sesongen, og håper å sjå mykje folk på anlegget vårt gjennom 2023. Du finn oppdaterte vekeplaner og kampoppsett på våre heimesider og Facebook. Heia Bergsøy! Med sportsleg helsing Lars Conradi Andersen Styreleiar Bergsøy Fotball


HAV Group er glade fotballen endelig er i gang igjen og ønsker alle i Bergsøy

havgroup.no

lykke til med sesongen!

HAV Group ASA – for ei bærekraftig framtid på havet


Vår offisielle utstyrsleverandør


Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

mmcfirstprocess.com


Trenarkommentar Velkomen til siste serierunde i årets 4. divisjon, og til det som også er årets kronekamp i Bergsøy Fotball. Kronekampen er eit viktig inntekstprosjekt i Bergsøy Fotball, og utan eit skikkeleg lokaloppgjer denne sesongen, tok vi ein råsjanse på seriefinale og fullt hus på Havila Stadion Fosnavåg i siste serierunde mot Herd. Vi hadde 10 sigrar på 11 kampar og låg eit poeng bak fyrsteplassen fram til serierunde 16, men då sa det stopp. I staden vert det difor ein spennande seriefinale mellom Ørsta og Herd, medan vi tek 3. plassen. Sjølv om det ikkje vart seriefinale på oss, så kan vi by på spenning i kveld, så vi håper på godt publikumsoppmøte! Vi skal gjere vårt ytterste for å gjere seriefinalen spennande til siste slutt! Herd har hatt ein råsterk sesong, og avgitt poeng i berre tre kampar. Det er tredje sesongen på rad at gutta til Karl Oskar Fjørtoft og Oddbjørn Lie kjempar heilt i teten, og dei vil med siger vinne årets 4. divisjon. Ørsta har lik poengsum og har hatt ein tilsvarande god sesong, men er avhengige av at vi tek poeng i kveld for å kunne gå forbi Herd. Vi vann 8-1 i førre heimekamp mot Norborg, og fekk med oss eit poeng i ein 2-2-kamp mot Aksla førre fredag. Trass i at vi siste fem vekene har vore hekta av opprykkskampen, har humøret vore bra i gjengen og gutta har stått på. Vi har hatt evaluering og individuelle spelarsamtalar, og er godt inne i planlegginga av neste sesong. Alle i årets spelarstall ser ut til å ta ein ny sesong, sjølv om eit par av dei eldre spelarane truleg må bruke januar og februar på å sjekke om kroppane er heilt einige i den vurderinga. Vi tek no dryge tre veker ferie, før vi møtes igjen litt ut i november for nokre mellomsesong-treningar. Der vil også ein del lokale spelarar frå klubbar på søre få sjansen til prøvespel. Rekruttlaget i 5. divisjon vann igjen i går, og dermed blir det fort ståplass ettersom dei fekk tre lag bak seg på tabellen. Det tok nesten heile vårsesongen før vi klarte å tilpasse oss nivået, deretter fleire jamne kampar med tap, før den store poengfangsten har kome i haust. Vi har veldig tru på at 5. divisjon er ein god arena for våre rekruttspelarar. Likevel har stallen vore alt for liten, noko som har ført til eit for stort innhogg både i A-stallen og G16-stallen for å få det til å gå rundt. Vi treng difor ein langt større rekruttstall neste sesong, noko vi håper å få til. Enrique Crespo Søvik må nemnast på ein dag som dette. På 16 seriekampar i år har han scora 25 seriemål, og er toppscorar i heile 4. divisjon trass mange kampar ute med skader. Det er imponerande! Med to scoringar i dag vil han tangere Bergsøy-legende Frank Sverre Skorpen sin scoringsrekord med 27 scoringar! Bergensaren har vore veldig viktig for oss denne sesongen. Dei 13 kampane han har fullført er Bergsøy 11-1-1. Dei åtte kampane han har vore skada eller måtte gå ut med skade, er Bergsøy 3-0-5 denne sesongen. Tre av dei sistnemnte kampane har Crespo starta, i alle tre har han gått ut med leiing eller uavgjort, og i alle tre kampane har vi mista leiinga og poengdelinga. Vi er særs glade for å ha «Kike» i Bergsøy! Nils-Erik Engen, Daniel Jøsok Kvalsvik, Magnus Myklebust, Daniel Pettersen Jøsok, Anatolii Bieshliaha og Kristoffer Dalstrøm er skada og mister sesongavslutninga, så laget og troppa blir likt det vi hadde i førre kamp mot Aksla. Vi har måtte brukt rekordhøge 38 spelarar på A-laget denne sesongen, og eit par nye kan få sin årsdebut også i dag. Vi satsar meir stabilitet og ein spennande Bergsøy-sesong i året som kjem! Ha ein strålande kronekamp og støtt gutta for ein siste gong i år! Vi sjåast i 2024!

Lars-Petter


SMARAGDAS Vist øt t arBer gsøyI LFot bal l




BERGSØY A-LAG HERRE BERGSØY A-LAG HERRE


Heia Bergsøy! Bergsøy IL Fotball gjer eit stort og viktig arbeid for å aktivisere barn og unge.

Takk for ein fantastisk innsats! Besøk oss på nettsida: www.heroy.kommune.no Vi er også på

Instagram

Adr.: PB. 274

6099 Fosnavåg

Youtube

tlf.: 70 08 13 00


Fokus Regnskap med videre på laget! Fokus Regnskap forlengjer sponsoravtalen med Bergsøy IL Fotball Bergsøy IL Fotball er stolte av å presentere at Fokus Regnskap er med vidare på laget for dei neste tre åra! - Vi i Fokus Regnskap er opptatt av at Bergsøy IL har eit godt breiddetilbud som legg til rette for at alle kan delta. Vi setter også stor pris på vårt samarbeid i over 20 år som leverandør av regnskapstjenester til idrettslaget. Bergsøy er ein viktig kunde for oss og det er kjekt for oss å også kunne gi tilbake til fotballen. Vi ønsker alle som er involvert i fotballen i Bergsøy IL lykke til videre med sitt gode arbeid, seier Stig Vestnes i Fokus Rekneskap. - Vi er glade for at Fokus Regnskap, som har vore ein solid samarbeidspartnar gjennom mange år, blir med på laget vidare. Samarbeidet gir klubben verdifull støtte som vil bidra til å forbedre og utvikle vårt fotballtilbud til klubbens medlemmar framover, seier leiar i marknadsutvalet Terje Teige i Bergsøy IL Fotball. Fokus Regnskap blir blant anna å sjå som draktsponsor vidare, og Teige kan opplyse at Bergsøy IL Fotball er i positive samtalar også med øvrige sponsorar for dei komande åra.


FØLG OSS GJERNE PÅ SOSIALE MEDIER

Instagram: canndesignstudio Facebook: @canndesignface

CANN AS - MERKEVARE- OG DESIGNSTUDIO Vi leverer konsulenttjenester innen design, identitet/merkevarebygging og markedsplanlegging/rådgivning. Ta gjerne kontakt med oss for å diskutere hva vi kan bidra med for å styrke deres merkevare ved hjelp av design og markedsføring.

cann.no


BERGSØY A-LAG DAME BERGSØY A-LAG DAME

Trenar: Konstanse T Nærø Lagleiar: Ingolf Leikanger



Jentetrening lørdager 6 - 12 år

Vi invitera til jentetrening på laurdagar i Fiskarhallen for dei som ivrer etter å vere i aktivitet med fotballen. Øktene er i utgangspunktet mindre organisert enn ved ei lagstrening, men voksne er der for å hjelpe til med å ta ut utstyr og legge til rette for ulike spelformer (3vs3, 5vs5) og evt teknikktrening. Meld dykk inn i spond slik vi har ei viss oversikt over antall spelara: https://group.spond.com/VUTMK Vi oppmodar foreldre for spesielt dei yngste til å være tilstades for sitt barn på trening:)


VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre plass å bu. Vi skal vere ein arena for alle der målet er at vi skal inkludere flest mulig, behalde alle lengst mulig, og legge til rette for å verte best mulig.


Bruk oss innenfor regnskap, skatt, avgift og lønn!


www.fosnavagshipping.no


KRONEKAMPEN 2023

Bergsøy IL- Fotball invitera til Kronekamp på Havila Stadion Fosnavåg når Herd tek turen idag. Dette er to lag som dei seinaste åra har kjempa mot kvarandre i toppen av 4.divisjon så vi kan garantere ein fartsfylt og spennande kamp!

I denne kampen arrangera vi Kronekampen med gratis inngong for alle der Bergsøy IL Fotball spelar på lag med næringslivet og privatpersonar som gir sitt bidrag i form av x antall kroner per tilskuar som kjem på kamp! Jo fleire tilskuara, desto meir sponsar bedrifter og privatpersonar Bergsøy IL Fotball.


Kronekampen 2023 Vår generalsponsor Sparebanken Møre stiller med stand på stadion, og det vil være aktivitetar og konkurranse for born og voksne. Alt vil foregå under tak. Bruk din gratis inngongsbillett til å skrive ned fullt navn og telefonnummer og du er med i trekninga av flotte premiar som blant anna ei signert Premier League drakt! Husk å levere kampbilletten som er "ditt lodd" på Sparebanken Møre sin stand! Bidreg du også som bedrift eller privatperson med et valgt beløp per tilskuar vil du automatisk ha et ekstra lodd i konkurransen. Dørene opnar kl 17.30, og vi håpar å sjå deg på Havila Stadion Fosnavåg fredag 20.oktober! Gi ditt bidrag her Heia Bergsøy!



LOKALAVISA - NÆR OG KJÆR FØLG LOKAL SPORT I LOKALAVISA, SOM ER TETT PÅ! Fosnavåg - Tlf. 70 08 44 00 - www.vestlandsnytt.no


DAGENS MOTSTANDAR Herd toppar tabellen og bør vinne for å halde Ørsta bak seg, som spelar borte mot Rollon. Det skiller berre målforskjellen mellom dei to topplaga. Bergsøy og Rollon er henholdsvis på 3. og 4.plass på tabellen, så serien avsluttast på tøfft vis med to toppkampar der laga som kjempar om opprykk må prestere på bortebane mot gode lag. Dei to siste kampane Bergsøy har fått besøk av Herd så har det endt uavjort, mens vi må tilbake til 2016 for å finne Bergsøysiger og 2015 for å finne Herd-siger. Dei siste 5 kampane mellom Bergsøy og Herd har endt med 3 sigerar til Herd og 2 uavgjort. Historisk mot Herd har klubbane møttest 52 gangar i serien, Bergsøy har vunnet 17 gangar (33%, 9 uavgjort (17%) og 26 sigerar til Herd (50%). Med andre ord har Herd eit historisk overtak. Total målforskjell er 75-115. Bergsøy har ikkje mykje å spele for anna enn ære, laget endar uansett på 3.plass. Men Enrique Crespo har med sine 25 mål hittil i serien ei mulighet til å tangere eller passere Frank Skorpen sin målsrekord med 27 mål på ein sesong. På heimebane mot Herd har Bergsøy vunnet 13 kampar (50% siger av heimekampane), spelt uavgjort 6 og tapt 7. Målforskjellen er 54-48 i favør Bergsøy på heimebane. Bildet: Siste Bergsøy slo Herd heime var i 2016, da scora Franjo to mål.

www.historikk.com


Når det gjelder fiskeredskaper KONTAKT

EGERSUND HERØY AS MJØLSTADNESET, TLF. 70 08 04 80


ROTLAUS I FISKARHALLEN Rotlaus har på rekordtid blitt eit av landets mest ettertrakta liveband og det herskar liten tvil i at bandet virkelig har blitt eit band mange ønsker å få med seg. På festivaler landet rundt, store idrettsarenaer og klubber. Utsolgte konsertar, gode tilbakemeldingar og utelukkande god stemning. Tungt, ærlig og ekte med tekster som treff deg. Gjer deg klar for Norges originale bygderockere når dei kjem til Fosnavåg og Fiskarhallen lørdag 20.april. 2024! Vi gler oss! Billett kjøper du her

Dørene opnar kl. 20. Alkohol og matservering. 18-års grense. Ledsagerbevis er akseptert.


TLF: 911 94 480



Bergsøy A-lag Herre Terminliste og Tabell 2023


Fair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå. Vi tek godt imot gjestande lag og dommar. Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for. Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette. Vi deler hvert år ut Årets Fairplay priser. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar. Vi har også haldningskontrakt til alle aktive fom 13 år-18 år, og kvart lag skal ha sin egen fair play representant. Fair play er viktig både på og utanfor bana!



Bergsøy A-lag Dame Terminliste og Tabell haust 2023

Vestbas Holding AS


Bad – Vaskerom - Varme - Vedovner – Gasspeis - Kvitevarer


Vi leier ut lokaler på klubbhuset Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar? No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar. Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy. Interessert i å leige? Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.


HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

6065 ULSTEINVIK - TLF. 70 01 74 20




Xtra

Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00. Vi gler oss til å ta imot nye 3.klassingar i haust! Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i 3-7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Akademiet rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball. Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre. HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften. Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve. Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar. Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ Spørsmål? Ta kontakt: Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no Konstanse Torgersen Nærø, tlf 99015191 / konstanse@bergsoy.no


Mjølstadnesvegen 22, 6092 Fosnavåg Tlf. 700 80 700 Email: post@e-s.no


Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!



FLEST MULIG, LENGST MULIG, BEST MULIG

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo. Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner. Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

EIN ARENA FOR ALLE

STØTT våre annonsørar - dei støttar oss!


Før het vi Møretrygd, nå er vi Granne: Det nære forsikringsselskapet på Nordvestlandet. ÅLESUND | VOLDA | FOSNAVÅG

https://www.granne.no/

______________________________________________

www.fosnavaag-pelagic.no


Bergsøy IL Fotball sin offisielle utstyrsleverandør


BERGSØY IL-FOTBALL - Organisasjonen

Styret - Lars Conradi Andersen, Lasse Myrhol, Terje Teige, Torbjørn Hide, Veronica Nerland Madsen, Ann-Elin Myklebust, Ronny-Pål Kvalsvik, Runar Olsen Anleggsutvalg- Runar Olsen (anleggsansvarlig), Normann Frantsen, Gullik Kjellstadli, Per Odd Pettersen, Tonny Pettersen / Karl-Bjarte Vike Arrangementsutvalg - Admin Markedsutvalg - Magnus Myklebust, Terje Teige, Daniel Jøsok Kvalsvik, Ole Magne Rotevatn Sportslig utvalg - Ronny-Pål Kvalsvik, Lena Ihle, Ann-Elin Myklebust, Andre Søvik, Stian Elveseter

Daglig leder - Tom Beddari

Sportssjef - Lars Petter Rønnestad



BERGSØY IL- FOTBALL på sosiale medier Følg oss på sosiale medier for å holde dykk oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!

Bergsøy IL Fotball

bergsoyil

Bergsøy IL Fotball

bergsoyfotball

HERØY MALERSERVICE


Fosnavåg Bilverksted AS Myklebustvegen 65, 6092 Fosnavåg Tlf 70081600 E-post: post@fosbil.no www.mekonomen.no Coo

· Arenareklame · Banner/rollup · Tekstiltrykk · Storformat · Trykksaker · Monterig · Gravering · Foliering · Bilde kor · Skilt

Vi produserer varer og leverer tenester med kvalitet og sørvis. profilering@furene.no | www.furene.no



Historikk.com Vi anbefaler alle å ta ein tur innom www.historikk.com. Her finn du det meste frå Bergsøy IL si flotte historie


Foto: Per Eide / Racer

FRÅ TINDAR TIL DEG STRAUM, TELEFONI, INTERNETT OG DIGITAL-TV. ALT FRÅ SAME KJELDE. Gjennom fleire tiår har Tussa forvalta noko av det vakraste som finst rundt oss, vatnet frå tindane våre. Nettopp dette har gitt oss kraft til å skape det du treng for å bruke dei forskjellige produkta i kvardagen din. Vi haustar vatnet, og tek det frå tindar til deg.

Følg oss på facebook.com/tussa


TAKK FOR I ÅR!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.