Bergsøybladet 2023

Page 1

BERGSØYBLADET 2023 BERGSØY IL - FOTBALL

EIN ARENA FOR ALLE

Oppsummering av fotballåret 2023


Foto: iStockphoto.com


A leading supplier of quality assured supply services to the offshore industry, nationally as well as internationally.

havilashipping.no



Bergsøy sin leverandør av dagligvarer og kioskvarer


KORT OM SPORT Nok eit år kan vi vise til ei auke i antal aktive i Bergsøy IL Fotball. Det er gledeleg! Takk til dykk foreldre som køyrer til og frå trening og kampar, vaskar kle, heiar frå sidelinja og stiller opp på dugnader! Takk til alle trenarar og lagleiarar i Bergsøy som bruker utallige timar på feltet med god aktivitet, meistring, opplevelsar, fellesskap, sorg, gleder og skaper minner for livet! Takk til næringslivet som støttar opp om dette arbeidet! Takk til alle spelarar som står på for den kvite og raude drakta! Saman er vi alle Bergsøy IL Fotball! Barnefotballen 6-12 år har hatt ein god sesong. Godt oppstartskull 6 år der 38 nye jenter og gutar starta med fotball. Foreldretrenarar som skaper gode sosiale miljø, og gjennom skulering og kjempeinnsats også skaper god aktivitet. Vi starta opp ekstratiltak i 2023 i barnefotballen som HAV Xtra og Sunnmørsakademiet, og har i tillegg gjennomført grasrot 2 og 3 for trenarar. Trening, turneringar og seriespel har stått i sentrum, og smil og godt humør har det vore mykje av! Ungdomsfotballen i Bergsøy tok nye steg i 2023. Dyktige trenarteam, god aktivitet og mykje spennande spelarar. Vi har hatt mange spelarar inne på satellitt, team Søre og på tiltak med toppklubbane Hødd og Aafk. Vi har vore satellitt-klubb i 2023, og også hatt fem spelarar som har fått kretslagskampar dette året. I 2024 kjem vi også opp med eit nytt og spennande utviklingstiltak i klubben i samarbeid med kretsen. På seniorsida klarte vi målsettinga om å halde rekruttlaget i 5. divisjon, medan både damelaget og herrelaget tok kvar sin 3. plass i 4. divisjon. Vi gler oss til fotballåret 2024, som ligg der og ventar med berre moglegheiter i seg! Ha ei fredfull jul og eit godt nytt år! Beste helsing, Bergsøy IL - Fotball Lars-Petter Rønnestad Sportssjef


HAV Group ynskjer å bidra til gode oppvekstmiljø, der meistring og inkludering er i fokus.

Bergsøy IL Fotball har over lang tid drive god samfunnsbygging gjennom å tilby aktivitetar til born og unge i Herøy, og det er difor naturleg for oss å gi vår støtte som

havgroup.no

hovudsponsor.

HAV Group ASA – for ei bærekraftig framtid på havet


Vår offisielle utstyrsleverandør


Handling, processing and cooling of fish to the seafood industry

We are transforming the seafood industry by offering complete and sustainable system solutions for the handling, processing and cooling of fish to the seafood industry, onshore, onboard and in aquaculture – worldwide.

mmcfirstprocess.com


Bergsøy J-6 Årets fotballsesong for 6-åringene har vært preget av læring, glede og ikke minst bli kjent med hverandre. Jentene har vært på flere miniturneringer ila året. Treningene har fokusert på å skape en positiv atmosfære, hvor hver jente har fått utforske gleden ved å spille fotball. Vi gleder oss til 2024!


SMARAGDAS Vist øt t arBer gsøyI LFot bal l


Bergsøy G-6 Inneværande sesong med G6 så har vi hatt 24 entusiastiske og ivrige gutar på trening. Det har vært mykje morro, nokon tåre, mange mål, tøffe duellar og masse fotballglede! Vi har deltatt på 6 turneringar, i Ørsta, Volda, Hareid og ikkje minst ei fantastisk turnering i steikandes sol her på Havila Stadion. Det har på disse turneringane blitt spelt mykje god fotball, blitt scora monge mål og det aller viktigaste; blitt konsumert mykje pølser, is, kake og brus. Akkurat slik turneringar skal være Vi har sett ei god utvikling på alle spelarane, og vi er ikkje i tvil om at dette er en gjeng gutar med stort potensiale, som vi gler oss til å fylgje vidare. Trenarane: Arve Kvalsvik, Even Nykrem, Knut Peter Sævik, Robin Almestad og Stian Toft Zahl



Bergsøy J-7 Bergsøy J7 har lagt bak seg en kjekk og lærerik sesong, med 16 ivrige og aktive jenter! Dei har stilt på mange miniturneringar, kor dei har vist god forståelse for Fair Play, lagånd og skikkelig innsats. No har dei lagt «3’ar fotballen» bak seg, og ser veldig fram til å kunne spele 5’ar fotball til neste år!



Bergsøy G-7 G7 består av 19 treningsivrige og speleglade gutar. Gjengen har vore på turneringer rundt heile Søre-Sunnmøre og etter kvart vokst seg ut av bingane og er klare for 5-er fotball neste sesong. Trenarane. Ove Kvalsvik, Christoffer Bjørge og Mats Røys Knotten


Heia Bergsøy! Bergsøy IL Fotball gjer eit stort og viktig arbeid for å aktivisere barn og unge.

Takk for ein fantastisk innsats! Besøk oss på nettsida: www.heroy.kommune.no Vi er også på

Instagram

Adr.: PB. 274

6099 Fosnavåg

Youtube

tlf.: 70 08 13 00


Bergsøy J-8 Bergsøy J8 har gjennomført ein innhaldsrik sesong. Vi har spela seriekampar kvar veke og deltatt på alle miniturneringane. I tillegg var vi på Fjord1 cup i vår og HAV cup i haust før vi runda med siste kampane for året på Tare Jentefestival. Jentene har vist stor framgong på både trening og kamp, og lagspelet sitt bedre og bedre. Vi gler oss masse til nytt år og ny sesong ilag med denne kjekke gjengen våra, og håper at enda fleire 2015 jenter vil komme å trene ilag med oss etterkvart. Helsing trenarane, Daniel Halsebakk og Lene Muren.


FØLG OSS GJERNE PÅ SOSIALE MEDIER

Instagram: canndesignstudio Facebook: @canndesignface

CANN AS - MERKEVARE- OG DESIGNSTUDIO Vi leverer konsulenttjenester innen design, identitet/merkevarebygging og markedsplanlegging/rådgivning. Ta gjerne kontakt med oss for å diskutere hva vi kan bidra med for å styrke deres merkevare ved hjelp av design og markedsføring.

cann.no


Bergsøy G-8 Bergsøy G8 har akkurat gjennomført ein flott sesong der dei for første gong spelte 5-ar fotball. Gjengen kunne vise til fin utvikling både som lag og enkeltspelara. Nå venter nye spennande muligheiter for denne flotte gjengen som gler seg til seriespel og nye kjekke turneringa! Beste helsing: Glenn-Erik, Ruben, Lars og Anders Per



Bergsøy G-9 Gutte 9 består av 24 energiske kjekke gutar som har det moro både på trening og i kamp. Gutane veks og dei tek stadig nye steg både på og av bana. Gutane har godt samhald og yter alltid max innsats på cup og kamp der vi prøvar å vere best på fair play og å vere ein god lagspelar. I 2023 har vi spelt serie der vi stilte med tre lag for å få mest mogleg tid på bana for gutane. Det har blitt mykje god aktivitet for alle gutane på laget og vi har møtt både Ørsta, Volda, Hødd, Hasundgot og Hareid. I tillegg til seriespel så har gutta vore på fire miniturneringar og fire cupar der HAV-cup var det store høgdepunktet. For nokre av gutane var det også stas å få spele mot Molde g9 på kiwi-bama cup i Volda. I 2023 har det blitt nesten 40 kampar for gutane. Vi ser fram til mange gode fotballstunder med gjengen i 2024. Takk for godt arbeid i 2023 til både gutta og ein drøss gode hjelparar vi ikkje hadde klart oss utan. Trenarane i år har vore: Ole Magne Rotevatn, Steinar Nupen og Daniel Kvalsund-Nilsen +++


VISJON, STRATEGI OG VERDIER I BERGSØY IL FOTBALL

Visjonen vår er å bidra til å gjere Herøy til ein endå bedre plass å bu. Vi skal vere ein arena for alle der målet er at vi skal inkludere flest mulig, behalde alle lengst mulig, og legge til rette for å verte best mulig.


Bergsøy J-10 Bergsøy J10 består av 18 kjekke og positive 9- og 10-åringar. I treningskvardagen trenar vi også saman med J11, så vi har ei solid treningsgruppe med 26 spelara på det meste. J10 har hatt ein god sesong i år med mange høgdepunkt, og det er kjekt å sjå at dei i år har tatt eit nytt steg med tanke på lagspel og det å spele lagkameratane sine gode. Jentene er treningsvillige og har eit ønske om å utvikle seg, så sjå opp for denne gjengen framover! Vi gler oss til 2024!


Bruk oss innenfor regnskap, skatt, avgift og lønn!


Bergsøy G-10 G10 har gjennomført sitt første år med sjuerfotball, og det har vært både innholdsrikt og utviklende. Med 7,8 scorede mål i snitt per seriekamp, har vi levert en offensiv fotball som har vært gøy å spille og underholdende for øyet. Utover høsten fikk vi også kjenne på følelsen av å tape. Det har vært vi lært av, det har vi vokst på og det har styrka samholdet i gruppa. Utenfor banen har vi kosa oss med sosiale aktiviteter på Badeland og i fjøra.


www.fosnavagshipping.no


Bergsøy J-11 J11 laget har i år bestått av 7 spillere (6 i vår-sesongen) og er en del av en større treningsgruppe sammen med J9/J10 laget. Det har i år vært godt oppmøte både på treninger og kamper der fokus har vært utvikling, pasningsspill og spillerglede. Spillemessig har laget tatt steg fra i fjor og vi har fått vist fram mål skåret på hodet, volley og langskudd i løpet av sesongen. Sesongen har bestått av flest tette og jevne kamper der gjerne et av lagene har vunnet med 1-2 mål. I tillegg til seriespill av laget vært med på HAV cup og Tare Jentefestival i Ålesund. Vi har spilt 7er fotball og med antall spillere på laget har vi vært avhengig av å låne med oss spillere fra J9/J10 til kampene. Denne jente-gjengen vil gjerne ha med flere spillere på laget fram mot neste år.

Trener: Kristian Arnevik Lagledere: Torbjørn Reite og Helene Dyrhaug



Bergsøy G-11 G11 har i årets sesong hatt pluss minus 30 spelarar. Vi har fått fleire nye spelarar og nokon som har trappa ned. Vi er stolte av gjengen vår som har våre ei treningsvillig gruppe med godt treningsoppmøte på kvar ei trening. Vi har delteke i sjuar serien med to lag. Vi har slått godt i frå oss i enkelte av kampane, og gått på nokon tap. Men humøret er likevel på topp. Støtteappratet med assistent trenara Frode Haugstveit, Jørn Vangen og Pelle Kvalsund har våre til god hjelp. Renate Zahl har gjort ein uvurderlig innsats som lagleiar. Takk til foreldregruppa som har bistått oss med kiosk, transport og arrangering av kampar. Hadde aldri klart oss uten dykk. Sist men ikkje minst, takk til alle spelarane for god innsats!


LOKALAVISA - NÆR OG KJÆR FØLG LOKAL SPORT I LOKALAVISA, SOM ER TETT PÅ! Fosnavåg - Tlf. 70 08 44 00 - www.vestlandsnytt.no


Bergsøy G12 G12 (f. 2011) - ein god kameratgjeng Også i år har spelargruppa vakse i løpet av året. Vi avslutta 2022 med å være 18stk og no når vi tar juleferie har vi blitt 22stk i gruppa. I 2022 starta vi med å være 14stk, så i løpet av 2 år har gruppa vokst nesten 60%. At nye har komt til er veldig kjekt og viser at det er eit veldig godt miljø i laget. Dette ser vi også igjen når vi åpner opp treningane for hospitering frå aldersgruppene under oss. G12 er ei veldig treningsvillig gruppe som er i stadig utvikling. Oppmøtet på treningane har våre veldig bra heile året, og bortsett frå ein lang sommarferie har vi ikkje hatt mykje ferie. Tross lite «ferie» ønsker gjengen stadig fleire treningar. Vi har i år hatt eit 9er-lag og eit 7er-lag i serien, samt at vi har deltatt på klubb- og futsalturneringer. Det har blitt en del tap, men mest seiere. Vi lærer like mykje av eit tap som vi gjer av å vinne, og gjengen viser at dei kan reise seg frå nedturer raskere enn forventa. Humøret og gleda er alltid raskt på plass igjen. Neste år kjem det nye utfordringar som vi er sikre på at gjengen kjem til å takle utmerket. Det er (fortsatt) ei fryd å være trenarar for denne gjengen! Trenarar: Karl-Bjarte, Marvin og Philipp


Når det gjelder fiskeredskaper KONTAKT

EGERSUND HERØY AS MJØLSTADNESET, TLF. 70 08 04 80


Bergsøy G14 G14 har denne sesongen hatt over 30 aktive og treningsivrige gutar med 4 økter i veka + kamp. G14 er samanslått av 2009 (G14) og 2010 (G13) til ei G14-gruppe. Trenargruppa har brukt ein del tid i oppstarten av året på eit felles verdisett, like reglar, felles forståing og godt samhald for å få ei velfungerande gruppe på og utanfor bana. Det har fungert veldig bra, og gruppa har stått saman i medvind og motvind. Alle har stilt på kvarandre sine kampar, støtta og heia med både trommer og signalhorn. Der er eit unikt samhald, kameratskap og omsorg i gruppa. Vi har hatt to 11ar-lag og eitt 7arlag i vår, og to 11ar-lag i haust. VI har delteke i vinterserien med to 11ar-lag. Det eine laget blei fortjent topp 3 i vår og spelte fylkesserie i haust mot blant anna Molde FK og Kristiansund. Tøff og god matching kvar veke som enkeltspelarar og laget har vakse på. Tur til Norway Cup vart det, med to 11ar-lag – ein kjempehappening – og det eine laget har delteke i Adidas Cup (uoffisielt NM) der dei møtte Åsane og Dale (2. plass på Norway Cup). Gutane har hatt sosiale samlingar med pizzakveld, bingo, FIFA-turnering, tombola og Tusenfryd. Dei deltek i futsalserie med tre lag i vinter, og trenar framleis futsal to gongar i veka. Laget har i 2023 hatt fem gutar på kretslag og i tillegg har ytterlegare tre gutar hospitert med kretslaget. Mange har i år hatt kjempegod utvikling både som menneske og fotballspelarar i ein rikhaldig sesong. Hovudtrenar: Anders Rønning. Assistenttrenarar: Haris Taslidza (inkl. utstyr og medisinsk), Jan Ove "Kapteinen" Kvalsund Hansen, John Henrik Steinsvik, Sondre Steinsvik, Benjamin Kvalsvik, Jørn-Erik Schanche. Lagleiar: Steinar Eggesbø Hagen. Økonomiansvarlig: Christina Kvalsund.

LØRDAG 30.09.2023 FISKARHALLEN


TLF: 911 94 480


Bergsøy J15 Det har vært en veldig morsom sesong for J15. Det starta med en litt vanskelig start på vårsesongen, da jentene tok utfordringa med å spille 11er-fotball for første gang! Vi lærte mykje i løpet av vårsesongen, og på hausten var laget meget konkurransedyktig i alle kampane , der vi oppnådde fleire sigrar og gode resultat. Jentene har forbedret seg mykje i år og dei fleste er fortsatt gammel nok til å være med på J15 også neste år. Det lovar bra! Vi gler oss til å følge disse kjekke jentene vidare i fotballen! Pedro Luis Moreno González



Bergsøy G16 G16 2023 har bestått av totalt 22 spelarar gjennom året. Vi har hatt eit solid team rundt laget som har lagt til rette for at gutta skal kunne utvikle seg i rett retning og ta ytterligare steg som fotballspelar og medmenneske. 2023 starta brått for G16 sin del. Som ny gruppe rakk vi to treningsveker før fyrste kamp i kvalikk til 1.divisjon sto for tur. I kvalikken imponerte gutta stort å sto godt i kampane mot nokre av Sunnmøres beste G16 lag. Det endte med seier i 2/4 kampar og berre to mål var forskjellen på 1. og 2.divisjon. Mellom kvalikk og sesongstart i 2.divisjon fekk vi bygd eit godt og solid grunnlag. Gjennom sesongen har gutta fått oppleve at innsats slår alltid talent om ikkje talent har innsats. Etter mange godt spelte kampar og nåkre sure tap er fasit ein 3.plass i årets 2.divisjon. Uansett har fokuset i år ikkje vår på resultat, men på utvikling, slik det skal være på eit G16 lag. Frå fyrste økt i januar til siste felles i November er fasit at samtlige av spelarane på G16 har vorte betre fotballspelarar. I ei slik oppsummering av sesongen kjem ikkje unna å skrive litt om den enorme innsatsen gutta har hatt. Heile 10 spelarar har bidrege opp mot Bergsøy2 og A-Lag Herre og ytterligare 5 har vore med G19 på fleire kampar. Når vi ser på desse tala kan vi konkludere med ein godt gjennomført 2023 sesong for G16. Vi i trenerteamet vil takke alle gutta, foreldre å andre støttespelara for sesongen 2023. Vi gler oss til å følge dåkke vidare på veien! Mvh. Ingrid Beate Terje, Mikael og Rune


Fair play handler om respekt. Både for kvarandre som medspelar, motspelar, trenar, lagleiar, og dommar. Det er viktig at vi skal oppføre oss bra både på trening, kamp og på reise til og frå. Vi tek godt imot gjestande lag og dommar. Vi har respekt for speletid, laguttak og i det dommaren bles i fløyta for. Vi som foreldre/familie/supportarar må også hugse dette. Vi deler hvert år ut Årets Fairplay priser. Kriteriane for denne prisen er bla respekt, gode haldningar, oppmøte og det å vær ein god lagspelar. Vi har også haldningskontrakt til alle aktive fom 13 år-18 år, og kvart lag skal ha sin egen fair play representant. Fair play er viktig både på og utanfor bana!


Bergsøy Junior / rekrutt Etter et meget suksessfullt 2022 var det knytt stor spenning til 2023. Bergsøy 2 rykte opp til 5.divisjon, og skulle prøve seg på nest høgste kretsnivå. Medan juniorane skulle prøve å forsvare seieren i 2.divisjon året før. Med en bortimot ny juniorstall, med mange nye opp fra G16, så vart 2023 et tyngre år enn 2022. Men vi så fin stigning på slutten av året, og laget vart til slutt nr.9 i 2.div G19. Norway Cup vart en sportslig og sosial suksess for juniorane. Etter en litt svak vår sesong hjemme på Sunnmøre, så var forventningene til sportslig resultat på Ekebergsletta lave. Men gutta imponerte stort, og som gruppevinnar var laget plutselig klare for 1/16-delsfinala. Der var Stjørdals/Blink for sterke, men alt i alt en veldig god gjennomføring av Norway Cup. Bergsøy 2 fekk som forventa en tøff sesong i 5.divisjon, og plassen var ikke sikret før siste kamp hjemme mot Ravn. Målet før sesongen var å holde seg i divisjonen, og det klarte vi med 14 poeng og 9.plass. En sesong som gav mye nyttig og verdifull spilletid for vår unge og lovende som vil opp og fram. Bergsøy 2 vil i 2024 også være en arena for våre unge og sultne spillere som står og banker på døra til A-laget. Sommeren 2023 så vi også oppstandelsen av den tradisjonelle Sande Cup i Gjerdsvika. Bergsøy 2 sendte sine beste menn, og tok med pokalen hjem over kommunegrensen. En kjekk cup som vi håper vi får sjansen å forsvare i 2024.



Bergsøy A-lag Dame Damelaget har i 2023 spelt 9ar i 4.div med ein vårsesong og ein haustsesong. Vårsesongen var 9 lag med og vi enda på ein sterk 4.plass med 16 poeng og poengdelingsplass med Volda 2 og Brattvåg/Nordborg/Ravn, berre to poeng bak serievinnar Hasundgot. Haustsesongen endra seg litt med lag som måtte trekke seg og nye lag inn. Haustsesongen hadde 8 lag med og vi ender til slutt på ein fin 3. plass bak Volda2 på 2. plass og Blindheim på 1.plass. Vi har også gjennom 2023 hatt fokus på at vi skal ha ei god fysisk form og spelarar som taklar å spele store delar av kampane. Dette gir oss god stabilitet og lite skader, noko som kjem godt med når stallen ikkje er så stor. Vi har også utvikla oss som lag og er tryggare i strukturen på både det defensive og offensive spelet, samtidig som vi ser at vi har eit stort forbedringspotensiale. Damelaget avslutta sesongen med deltakelse i Førdecup og tok med seg ein god 3.plass heim Sofie Vågsholm Rooney vart kåra til "årets spelar» Emma Håbak Vik toppscorar Vårsesong Kamilia Sætre Leikanger toppscorar Haustsesong No har vi litt juleferie men gler oss til å ta fatt på oppkjøring til ny sesong fra midten av januar. For sesongen 2024 har vi fleire yngre, spennande spelarar som skal inn og prøve seg på seniorfotball så det er mykje bra i vente. Tusen takk for støtta og gode heiarop i 2023, og så håper vi at vi ser og høyrer deg fra tribuna også i 2024 Heia Bergsøy Med helsing Konstanse Torgersen Nærø Hovudrenar, A - lag dame


Bad – Vaskerom - Varme - Vedovner – Gasspeis - Kvitevarer


Bergsøy A-lag Herre Herrelaget tok ein «medaljeplass» også i 2023, bak Herd og Ørsta som kjempa ein tett kamp om å vinne avdelinga. Det vart ein sesong som vart prega av stor gjennomtrekk av spelarar. 38 mann var i aksjon for Bergsøy i 4. divisjon, noko som er klubbrekord med god margin. Men det bidrog truleg også til at vi leverte meir ustabilt enn vi hadde håpa. Frå 10 sigrar på 11 kampar i midtperioda av sesongen, til fleire tap både i starten- og slutten av sesongen. Mange unge Bergsøy-gutar fekk sin debut, og det er kjekt! Så satsar vi på færre skader og litt meir «satt» gruppe i 2024, slik at vi i enda større grad får bygd relasjonar, struktur og form. Nils-Erik Engen vart kåra til «årets spelar» av spelargruppa sjølv, medan Enrique Crespo Søvik vart toppscorar i 4. divisjon med 26 nettkjenningar på 18 seriekampar. Sunnmørsposten har kåra «årets lag» i divisjonen, og der kom også keeper Pedro Moreno med i tillegg til nevnte Engen og Søvik. Vi gler oss til 2024, i det som blir ein artig og sportsleg forbedra divisjon ettersom Volda kom ned og Herd ikkje klarte å rykke opp. Vi har heldt det litt gåande med trening i november og fram til midten av desember. Sesongoppkøyringa startar 5. januar, og vi er godt i gang med å få satt neste års stall. Til slutt vil vi takke divisjonens beste publikum, som også i år møtte opp i rikeleg antal og var ei fantastisk støtte. Vi sjåast neste år! Heia Bergsøy!



Vi leier ut lokaler på klubbhuset Treng du selskapslokale til dåp, konfirmasjon, bursdager eller andre hendingar? No kan du leige selskapslokale på BIL Fotball sitt klubbhus! Vi leige ut i helger. Lokalet passar fint for selskap opp til 60-70 personar. Kjøkken med kjølehjørne, komfyr, steamoppvaskmaskin, stor kaffekokar og dekketøy. Interessert i å leige? Send mail til kristin@bergsoy.no for meir info/reservasjon.


HERØYHAV AS

Synsundersøking? Tlf 700 88 195 E-post: fosnavag@interoptik.no Brillekonto - Det koster ikkje meir enn ved kontant kjøp! Facebook: www.facebook.com/nymark.fosnavag

6065 ULSTEINVIK - TLF. 70 01 74 20



Vestbas Holding AS


Xtra

Meld barnet ditt på HAV Xtra fredagar kl 14.30 - 16.00. Målet med HAV Xtra er å gi jenter og gutar i 3-7.klasse eit ekstra treningstilbud på tvers av aldersgrupper, og har som hovudmålsetting å halde barn i aktivitet. Akademiet rettar seg mot dei barna som ivrar etter å vere i aktivitet og spele fotball. Vi legg opp aktivitet og øvelsar med mål om å føle meistring. Gjennom vårt treningsopplegg med trenarar med lang trenar- og spelarerfaring, legg vi til rette for at barna får utvikling over tid. Dei lærer og erfarer at "øvelse gjer meister" og at det er morosamt å spele fotball og trene saman med andre. HAV Xtra er inklusiv i treningsavgiften. Transport: Alle må kome seg til Havila Stadion Fosnavåg sjølve. Spond brukast som informasjonskanal til spelarar/foreldre og til påmelding. Det blir lagt ut event for kvar trening slik at det skal være enkelt for alle å følge med på beskjed eller endringar. Link for påmelding HAV Xtra : https://group.spond.com/UGVKZ Spørsmål? Ta kontakt: Magnus Myklebust, tlf 95247209 / magnus@bergsoy.no Konstanse Torgersen Nærø, tlf 99015191 / konstanse@bergsoy.no


Mjølstadnesvegen 22, 6092 Fosnavåg Tlf. 700 80 700 Email: post@e-s.no


PRISAR A-LAG A-lag dame og A-lag herre var tidlegere denne månaden samla for ei felles avslutning av årets fotballsesong. Under avslutninga blei det blant anna delt ut nokre prisar: Årets Toppscorar A-Herre: Enrique Crespo Søvik Årets Toppscorar A-Dame: Kamilia Sætre Leikanger Årets Spelar A-Herre: Nils-Erik Engen Årets Spear A-Dame: Sofie Vågsholm Rooney Vi takkar for årets sesong og gler oss til 2024!!


Køyrer du med Bjørlykke Transport får du ei trygg og sikker reise!


SKJERF & SESONGKORT 2024

Bli med og støtt klubben i 2024!

NYHEIT!

Vi får inn eit begrensa antall Bergsøy-skjerf rett over nyttår, og du kan allereie no forhåndsbestille skjerfa!

SESONGKORT 2024 Vi gler oss til neste år, og vi ønske like god stemning på tribuna som det har vore i år! Kjøp sesongkort og bli med på moroa i neste års fotballsesong! Sesongkorta produserast i første kvartal 2024 og kan hentast på klubbhuset etter avtale. Vi kan levere sesongkort til di bedrift! For spørsmål eller bestilling, ta kontakt: magnus@bergsoy.no



HAV GROUP ASA forlengar samarbeidet For ei julegåve! Bergsøy IL-Fotball har skrŝǀĞ ny treårs samarbeidsavtale med Hav Group ASA!

Fv: Lene Moen Karlsen, Marknad- og kommunikasjonsrådgjevar i HAV Group, Terje Teige, leiar i marknadsutvalet i Bergsøy IL Fotball, Gunnar Larsen, administrerande direktør i HAV Group og Magnus Myklebust i Bergsøy IL Fotball. FOTO: BERGSØY IL FOTBALL

Bergsøy IL Fotball har skrive ny samarbeidsavtale med Hav Group ASA. Dette gjer HAV Group til Hovudsponsor A i Bergsøy IL Fotball også dei neste tre åra. «Bergsøy IL Fotball har over lang tid drive god samfunnsbygging gjennom å tilby aktivitetar til barn og unge i Herøy, og derfor vidareførar HAV Group si støtte som hovudsponsor. Vi ønsker å bidra til gode oppvekstmiljø, idrettsglede, mestring og inkludering for barn og unge, og er imponert over arbeidet Bergsøy IL Fotball har gjort for denne målgruppa siste åra, seier Gunnar Larsen, CEO i HAV Group». «Vi er glade og svært takknemlege for at HAV Group vidarefører samarbeidet. Vår visjon er å gjere Herøy til ein enda betre plass å bu, og det at HAV Group ser på Bergsøy IL Fotball som ein viktig lokal organisasjon som bidreg til god samfunnsbygging, tek vi som eit kompliment. Det gir oss tryggheit i at vi gjer mykje riktig i utviklinga av klubben, seier Terje Teige i marknadsutvalet i Bergsøy IL Fotball. HAV Group vil med denne avtalen mellom anna fortsette som draktsponsor, samt vidareføre den årlege fotballcupen HAV CUP og ekstratilbodet til barn, HAV Xtra. Bergsøy IL Fotball ønskjer å takke for avtalen, og vi ser fram til eit godt samarbeid med HAV Group vidare, avsluttar Teige.


Følg oss på sosiale medier for å holde dykk oppdatert på det som skjer i og rundt klubben!

Bergsøy IL-Fotball ønsker å se ”hvor gode kan vi bli her vi bor”. Ved riktig bruk av våre ressurser, både menneskelig og økonomiske, håper og tror vi på vår visjon om at vi vil bidra til å gjøre Herøy til en enda bedre plass å bo. Vår visjon er avhengig av at vi har en arena for alle, en arena der alle skal føle seg velkommen og trives uansett nivå. Våre trenere og ledere bergsoyfotball Bergsøy IL Fotball er innforstått med vår strategiplan, og skal etter beste evne inkludere alle som vil spille fotball, og gi de et trenings og kamptilbud tilpasset sitt nivå og ambisjoner. Vi skal også ha lov å bli god i Bergsøy IL-Fotball, og vi skal legge forholdene til rette for de som vil satse. Et av våre mål er å øke rekrutteringen og få spillerne til å holde på lengst mulig. Når spillere gir seg av naturlige årsaker, håper vi at de fortsatt ønsker å være en del av miljøet, gjennom å bidra videre i Bergsøy IL-Fotball som frivillig, leder, trener etc. Vi ønsker å skape et livslangt godt forhold til Bergsøy IL-Fotball.

bergsoyil EIN ARENA FOR ALLE

STØTT våre annonsørar - dei støttar oss!


Ein institusjon takkar av Tom Beddari har etter 13 år som dagleg leiar i Bergsøy Fotball gitt styret beskjed om at han gir seg i jobben. Tom har gjennom sitt virke i klubben hatt ulike roller i over 30 år, og har etter han gav seg som aktiv spelar i 1990 vore mellom anna trenar i ein årrekke, styremedlem, og sportsleg leiar før han i januar 2011 tok til i rolla som dagleg leiar på fulltid. Tom har på mange måter blitt Mr. Bergsøy, og har levd med klubben tett på seg med alt det innebær. Han har vore ein sterk bidragsytar til klubben si utvikling. Både organisatorisk, administrativt, og innen sport og anlegg. Han har blant anna vore sentral i arbeidet med å få klubben sertifisert som Kvalitetsklubb i NFF, skape god sportsleg drift og vekst, i tillegg til store anleggsprosjekter. Styret er svært takknemlige for jobben som Tom har lagt ned, seier styreleiar Lars Conradi Andersen Beddari sjølv ser tilbake på mange høgdepunkt, men også oppgåver som har vært utfordrande å stå i, men lærerike. -Eg har vore heldig å få lov til å jobbe saman med mange flinke og engasjerte personar i mine år i klubben, og Bergsøy har vore ein stor del av livet mitt. Jobben er ein livsstil, og eg legg heller ikkje skjul på at det kan krevje sitt. Spesielt forsakingar på det private området. Vi har vore gjennom nokre innhaldsrike år, der vi har hatt både oppturar og litt nedturar. Samtidig har vi bygd ein solid klubb og utvikla eit flott anlegg der alt ligg til rette for vidare sportsleg utvikling, så eg føler at eg overlet ein klubb i god forfatning til dei som kjem etter meg. -Eg har foreløpig ikkje nokke konkret å gå til, men sidan eg i utgangspunktet har ein lang oppseiingstid, følte eg at det var riktig å gi beskjed i god tid, slik at klubben kan starte arbeidet med å erstatte rolla mi. Etter desse åra tenkar eg også at det er naturleg at andre kreftar tek over Bergsøy. Sjølv om det er vemodig å gi seg, kjenner eg også at det skal bli godt å få nytte energien min annleis. Eg har framleis meir å gi. Gjennom arbeidet i klubben har eg fått brei erfaring innan både administrasjon og leiing, og håper og trur at det saman med min tidlegare bakgrunn frå næringslivet innan sal m.m. kan gi meg nokre spennande år framover.


Før het vi Møretrygd, nå er vi Granne: Det nære forsikringsselskapet på Nordvestlandet. ÅLESUND | VOLDA | FOSNAVÅG

https://www.granne.no/

______________________________________________

www.fosnavaag-pelagic.no


ÅRETS HAV CUP HAV CUP 2023 I år blei det arrangert nok ein vellykka HAV Cup i september. Det var påmeldt over 90 lag, over 700 spelarar, hundrevis av supporterar og ikkje minst over 100 frivillige var innom Havila Stadion Fosnavåg denne dagen. Med stor sol og 22 (++) grader heile dagen var stemninga på topp både hos store og små!☀ Takk til alle lag, spelarar, trenarar og supporterar for besøket, og vi gler oss allereie til å kunne ta deg imot neste år!

Foto: Melissa Nerland Paulsen


Bergsøy IL Fotball sin offisielle utstyrsleverandør


Årets TUSSA Sommarcamp I år blei Tussa Sommarcamp arrangert siste ferieveka før skulen starta opp igjen i august. Ekstra gledeleg var det at det var rekordpåmelding med heile 74 deltakarar iløpet av dei 3 dagane campen var arrangert! Tre kjekke dagar og god stemning. Ekstra takk til våre dyktige instruktørar som bidrog til god innsats gjennom heile veka. Vi håpar å sjå dokke alle igjen også neste år!



Berg-Hansen rosarussetreff I november hadde vi besøk av 70 barn frå barnehagane i området til ei gode treningsøkt i Fiskarhallen. Vår gode samarbeidspartnar Berg Hansen delte ut refleksvestar til alle. Tusen takk for besøket og vi ser fram til å treffe dei igjen i mars før den aller første fotballsesongen til dei komande 6-åringane tek til!

HERØY MALERSERVICE


Fosnavåg Bilverksted AS Myklebustvegen 65, 6092 Fosnavåg Tlf 70081600 E-post: post@fosbil.no www.mekonomen.no Coo

· Arenareklame · Banner/rollup · Tekstiltrykk · Storformat · Trykksaker · Monterig · Gravering · Foliering · Bilde kor · Skilt

Vi produserer varer og leverer tenester med kvalitet og sørvis. profilering@furene.no | www.furene.no


Sparebanken Møre Romjulscup 26.12.2023

Jula nærmar seg med stormskritt, og for alle oss som er glade i innefotball så er dette einstydande med at det går mot romjulscup i Herøyhallen! Bergsøy IL – Fotball har saman med vår hovudsponsor Sparebanken Møre gleda av å invitere til den tradisjonsrike Sparebanken Møre Romjulscup! Dato for turneringa er 26. desember. Kampoppsett og lengde på turneringa vil verte offentleggjort etter trekninga av gruppene. Vi gjentek suksessen frå i fjor, ved at dei ulike bygdene i Herøy, Sande og omegn stiller med lag. Målet er at flest mogleg av dei lokale bygdene vert representerte, så her gjeld det å skrape saman det som er av fotballspelarar: alt i frå unge lovande, til gamle falmande stjerner. Og dei i bygda som av ulike grunnar ikkje maktar å sparke ein filtball, er sjølvsagt velkomne på tribuna for å heie fram sitt lokale lag. I 2022 var Dalane/Toftestøda vinnar av romjulscupen, tett etterfulgt av Bølandet og Gursken. Ellers deltok Gjerdsvika, Moltu, Bendalen, Hjelmeset, Kvalsvik, Viketoppen, Remøy, Runde, Leine, Fosnavåg, Stokksund, Hasundgot og Dragsund – vi håper på gjensyn med alle desse laga. Eit lite apropos var imidlertid at vi i 2022 mangla lag frå mellom anna Tjørvåg, Kvalsund, Leikong, Myrvåg og Larsnes. Vi håper at desse kan mobilisere lag i år. Kampane vil bli spelt med innefotball (filtball) og 7ar mål etter NFF sitt reglement for innefotball. Det vil bli kiosksal under heile turneringa. Premiar frå cupsponsor Sparebanken Møre. Vi sjåast i Herøyhallen 2. juledag!



Historikk.com Vi anbefaler alle å ta ein tur innom www.historikk.com. Her finn du det meste frå Bergsøy IL si flotte historie


Foto: Per Eide / Racer

FRÅ TINDAR TIL DEG STRAUM, TELEFONI, INTERNETT OG DIGITAL-TV. ALT FRÅ SAME KJELDE. Gjennom fleire tiår har Tussa forvalta noko av det vakraste som finst rundt oss, vatnet frå tindane våre. Nettopp dette har gitt oss kraft til å skape det du treng for å bruke dei forskjellige produkta i kvardagen din. Vi haustar vatnet, og tek det frå tindar til deg.

Følg oss på facebook.com/tussa


EIN ARENA FOR ALLE

GOD JUL OG GODT NYTT ÅR!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.