16
Tekst: Jann Flatval
APPELLERER TIL DET BREIE LAG AV FOLKET
Auto Marine har eit båtutval som – Mellom våre kundar finn du
REINDYRKA BÅTBUTIKK
heile spekteret av folk. Det
Dei fyrste åra satsa Fylling også på MC-marknaden, men i dag framstår
kan like gjerne vere ein pensjonist som ein 20-åring som kjøper båt hos
Auto Marine som ein reindyrka båtbutikk med tilhøyrande utval av
oss, seier eigar Kurt Fylling i Auto Marine Fosnavåg.
motorar og utstyr.
appellerer til det breie lag av folket.
– Frå no av konsentrerer vi oss heilt og fullt om båt, og det skal vi bli Sidan Fylling gjekk inn i båtbransjen i 2005 har båtbutikken på Myklebust
himla gode på, seier Fylling, som opplevde ein førebels topp i 2012 med
i Fosnavåg teke stadig større marknadsandelar og sel i dag båtar langt
vel 15 millionar kroner i omsetning.
utover distriktet sine grenser. Tyngda av kundar er naturleg nok å finne på Sunnmøre, men Fylling sel òg båtar nordover til Molde/Vestnesområdet. Og ein og annan båten hamnar også lengre vekke. Profilering på internett gjer at båtar frå Auto Marine Fosnavåg er å finne i småbåthamner både langt nord og langt sør på kysten. Etter opninga av nye utstillingslokale har salet auka jamt og trutt fram til i fjor då omsetninga stabiliserte seg på eit nivå som held 4-5 personar i arbeid med sal, service og reparasjon av båtar og motorar. Gjennom ein avtale med Ålesund Båtservice kan Auto Marine sine kundar på nordre Sunnmøre no få utført service i sitt eige nærområde. Samarbeidet gjer at Fosnavåg-butikken også kan stille ut nye båtar i Ålesund.
Foto: Jann Flatval