Issuu on Google+

no 01/2014 1


INNHOLD

3 M O LO

U TG I T T AV

4 R O R B U V E R T E N PÅ B R E I D E N E S E T

Herøy Næringsforum Opplag: 55 000

6 O V E R N AT T I N G S S TA D E R 9 H A R D T A R B E I D O G K JÆ R L E I K T I L H E I M S TA D E N 1 0 P E R L A I F L ÅVÆ R L E I A

A N S VA R L I G R E DA K TØ R Karl Petter Sortehaug

1 2 N Ø R VÅG E N M A R I T I M E S E N T E R 1 3 B ÅTA R F O R F O L K F L E S T

JOURNALIST

1 4 BYG G J E R PÅ L A N G E R FA R I N G

Jann Flatval Hege Norman

1 6 A P P E L L E R E R T I L D E T B R E I E L AG AV F O L K E T 1 8 PA D L I N G I H E R ØY 20 DEN NYE FOLKESPORTEN

G RA F I S K D E S I G N

2 1 DY K K I N G I H E R ØY

CANN AS

2 3 P R O G RA M M O V E R S I K T 2 0 1 4 2 4 S TA R S & S T R I P E S I F O S N AVÅG

TRYKK

2 5 S J E T T E AV S PA R K F O R H AV YA R D C U P

07 Media

2 6 I DY L L 2 7 S E T KO S T N A D S N I VÅ E T PÅ DAG S O R D E N E N

F O R S I D E F OTO

2 8 H E R ØY S P E L E T KO N G E N S R I N G

Oddvin A Bjørge

3 0 N O FÅ R D E T V E R E R O C K ! 3 2 « A LT G O D T K J E M F RÅ F I S K ! » 3 4 S TO K K S U N D S K U L E

visit fosnavaag Herøy Næringsforum Postboks 69 6099 Fosnavåg www.visitfosnavaag.no


2014 ligg an til å bli eit nytt stort festivalår i Fosnavåg med Fosnavåg Rock som det store og nye høgdepunktet. Rockefestivalen, som går av stabelen fyrste helga i august, har rikeleg med element for å bli den nye stjerna på den lokale festivalhimmelen. I denne utgåva av Molo kan du lese meir om det som skal skje på festivalfronten i Fosnavåg utetter året. Framfor den nye reiselivssesongen presenterer vi òg det lokale tilbodet av overnattingsmulegheiter som finst rundt om i kommunen. Det store utvalet av leilegheiter og sengeplassar i hytter, rorbuer og gjestehus rundt om i Herøy har ein overnattingskapasitet som til saman langt overgår kapasiteten til det nye hotellet som skal opne på ettersommaren. Vi har prata med ein som har drive med rorbuutleige i tjue år, og campingverten som i fjor kunne feire 40-årsjubileum fortel om kva som skal til for å halde det gåande over så lang tid her ute i havgapet. Vi presenterer dei to båtforhandlarane som har lukkast med å skaffe Fosnavåg ein leiande posisjon på fritidsbåtmarknaden i fylket, og som i dag gir arbeid til eit titals personar med sal og service av båt og motor. For dei som likar seg på sjøen byr naturen vår på eit hav av mulegheiter til alle årets tider, så vel over som under sjøflata. Dette har gjort dykking og padling til sterkt framveksande aktivitetar i Herøy. God lesnad! Karl Petter Sortehaug Ansvarleg redaktør


4

Tekst & foto: Jann Flatval

RORBUVERTEN PÅ BREIDENESET

Berre kom du. Eg skal hive over ein kaffi Gjestfri som alltid står Jakob

på Eggesbønes på slutten av 40-talet. Som til dømes den gamle

og så kan vi prate etter at norskane er Haugen klar med nytrekt kaffi

vedomnen som ikkje berre gir god varme, men som også blei nytta til

komne i mål.

då vi ringer på for å slå av ein

baking i tida før elektrisiteten kom til Herøy.

Molo-prat med ein av Herøy sine mange rorbu- og hyttevertar. Jakob fortel at for sikkerheits skuld gir han nye gjester eit lynkurs i I Sotsji er dagens 15 kilometer for herrar så vidt komen i gang. Men

korleis slikt gammaldags kjøkenutstyr skal brukast straks dei flyttar inn.

det viser seg fort at det vil seg ikkje for norskane denne dagen heller.

Det begynte han med etter ein episode der alarmen gjekk, og årsaka

Dermed let Jakob OL vere OL og leitar fram nøklane til rorbuene.

viste seg å vere at det var bakeseksjonen som var nytta til oppfyring. Det gjekk over med skrekken og nedvask frå loft til stovegolv.

For Jakob fell det heilt naturleg å velje den eldste rorbua når folk kjem for å sjå. Det var denne han starta i utleigebransjen med for tjue år

Rorbu nummer to er derimot innreidd i tråd med det som var stilrett då

sidan. Bygd med eigne hender og med inventar som skaper ei perfekt

den blei bygt ein del år seinare.

ramme for mimring om ei tid som var. HISTORIER OG TRADISJONSMAT Jakob Haugen likar å underhalde gjestene sine, og er i sitt ess når han får førelese om «Neset» si storheitstid. Levande fortel han frå den tida då Eggesbønes hadde ein sentrumsfunksjon i Ytre Herøy med både dampskipsanløp, handel og bakeri, i tillegg til kommunehus, bank og hotell. Det var også frå Eggesbønes Evanger administrerte sin omfattande handel med fisk og sild i inn- og utland. Då tek turistverten utgangspunkt i Lillian Øvrelid Berge sitt fleire meter lange måleri som prydar veggen over opninga til kjøkenet. Der har den dyktige målaren gjenskapt Eggesbønes-miljøet slik det framstår på eit svart/kvitt-bilde frå første halvdel av det førre århundret. Det nøyaktige dateringa er Jakob ikkje heilt sikker på, men hotellet er eit stødig haldepunkt for at bildet må vere teke før 1936. Det var det året hotellet brann. På motsett vegg er det Arvid Urkegjerde si fargerike skildring av aktiviteten på sildefeltet Jakob Haugen framfor den nyaste av rorbuene på Breideneset.

i 50-åra som dominerer. Med Eggesbønes sin eigen «Selstein» i arbeid saman med fleire av dei andre gamle og

Her i den originale «Jakobs rorbu» verkar fjernsynet å vere eit

kjende sildesnurparane frå Herøy.

framandelemet. Oppvaskmaskina i kjøkenkroken er det andre som bryt med den elles gjennomførte gamlestilen.

Jakob fangar ikkje midre interesse når han får ause av sine kunnskapar om tradisjonsrik norsk husmannskost. Her opplever han levande

Rorbua frå 1994 er innreidd med møblar og utstyr som var vanleg i

interesse både frå utanlandske turistar og andre gjester, ikkje minst

før- og etterkrigstidas norske heimar. Ein del av inventaret hadde til og

når det blir snakk om tradisjonsmat frå havet. Han diskar også gjerne

med gått ut på dato lenge før rorbuverten sjølv trødde sine barnesko

sjølv opp med både kveitehaud og saudehaud, men slik urnorsk kost


5 står helst på menyen når Jakob inviterer sine eigne venner til private

Han kan fortelje om veker der det å drive med rorbuutleige har vore eit

lag på rorbua. Og det hender ikkje så reint sjeldan.

reint utgiftsføretak.

Også etter at han gjekk på land for godt for nokre år sidan har den

Difor er det mest firma og arbeidsfolk han har satsa på å leige ut til den

dyktige fiskebåtstuerten halde fram med å kokkelere for andre. Oftast

siste tida. På den måten har han greidd å halde jamt belegg året rundt

i samarbeid med Ole Johnny Hjelmeseth i samband med tilstellingar

til akseptabelt innkome.

og lag på Torvholmen der mat frå Maki er ein hovudingrediens. Denne smakfulle kombinasjonen fekk Bill Gates glede av då han

– Så turistane er du ferdig med?

sist sommar gjorde strandhogg på Torvholmen, som ein av nokre få

– Nei for all del, men bookingbyråa har eg kutta ut for godt, seier den

utvalde destinasjonar under den amerikanske multimilliardæren sitt

folkekjære rorbuverten som trivst best når han har gjester rundt seg

sunnmørsbesøk.

og får varte dei opp. Han meiner det kjekke og sosiale veg opp for alt arbeidet som følgjer med å vere i turistbransjen.

Kvart år, når det stundar til Herøyspel, gjer Jakob seg klar med røykomnen. Under Herøyspelet er rorbuene opptekne. I fjor disponerte

– Det blir nesten som å ha kyr. Du må vere tilgjengeleg frå morgon til

Gerald Pettersen den eine og Nils Ole Oftebro den andre, og Jakob sin

kveld, smiler han.

einerøykte laks er noko dei berre må ha. Jakob veit ikkje om det var lovnaden om fisketur til Bræken som fekk Oftebro til å stille i Herøyspelet

Det positive er at no, etter at jungeltelegrafen har gått nokre år, kjem

denne gongen også. Men han kjem – og fisketur skal det bli.

turistane av seg sjølve utan å gå via byrå. Visittkort frå Jakobs rorbu er spreidde over heile Europa, og dermed opplever Jakob Haugen at

TRUR PÅ EIT LIV OGSÅ ETTER HOTELLET

tyskarar og tidlegare besøkande av andre nasjonalitetar har funne

Jakob Haugen er ein av mange hytte- og rorbueigarar som har vore

«plassen sin» og kjem tilbake år etter år.

til god hjelp for det lokale næringslivet i ei tid med altfor dårleg hotellkapasitet i forhold til aktiviteten. Ofte har dei vore nøydd å sende

Det er ikkje gjort over natta å innarbeide seg i marknaden, men no føler

folk heilt til Ålesund for å finne ei ledig hotellseng.

Jakob Haugen at mange års arbeid har begynt å gi resultat

Om overnattingskapasiteten i Fosnavåg vil rette seg med opninga av det nye hotellet, fryktar han ikkje at sengene i rorbuene skal bli ståande tome av den grunn. – Når hotellet kjem vil nok dei som berre skal ha ei natt eller to falle vekk. For dei som stadig er på farten, og gjerne må bu vekke både ei og fleire veker i strekk, vil eg tru at rorbualternativet framleis vil vere attraktivt, seier han. FORNUFTIG BRUK AV UNIK SJØTOMT Rorbuverten på Eggesbønes fortel at det var ein ide om noko fornuftig å bruke den idylliske strandeigedomen på Breideneset til som fekk han på tanken om å byggje rorbuer. Nevenyttig som han er, bygde han den fyrste rorbua nesten berre med hjelp av sine eigne hender. – Eg hadde ei unik sjøtomt, eg såg mulegheitene og hadde tru på turisme som attåtnæring på mine gamle dagar, fortel han. Behovet viste seg å vere til stades, og etter nokre år bestemte Jakob seg for å smekke opp ei rorbu til. Etter at den kom opp kunne han tilby til saman sju soverom i det idyllisk anlegget med direkte utgang til flytebrygge. Jakob Haugen er i sitt ess når han får førelese om «Neset» i storheitstida.

BLEI LITE IGJEN TIL EIGAREN Sjølv om han eigde tomtene og hadde spart mykje pengar gjennom eigen innsats med bygginga, viste det seg at turisttrafikken ikkje kasta så mykje av seg som han hadde håpa på. – For når dei som tok seg av bookinga reiste med 45 prosent i provisjon, blei det ikkje mykje igjen når eg også måtte halde båt og straum, seier Jakob.


6

Tekst & foto: Jann Flatval

OVERNATTINGSSTADER

JAKOBS RORBUER ligg i sjøkanten på Eggesbønes, 3 kilometer frå Fosnavåg sentrum. 2 godt utstyrte rorbuer med til saman 14 sengeplassar (7 soverom). Rorbu 1: 65 m2. Rorbu 2: 75 m2. Begge rorbuene har stor terrasse, hagemøblar og grill, felles sløyeplass, felles flytebrygge. Båt kan leigast etter avtale. Eigar: Jakob Haugen Kontaktinfo: Heimeside: www.jakobsrorbu.no Epost: info@jakobsrorbu.no Mobil: 97 79 06 83 / Fasttelef.: 70 08 90 55

RØYRA FERIESENTER Hyttene ligg ca 10m fra sjøen, sydvend og med panoramautsikt over Herøyfjorden der hurtigruta dagleg går forbi. Ca 10 km til Fosnavåg sentrum. Hyttene er på ca 95m2, fordelt på 2 etasjar, og har plass til 6-8 personar. Godt utstyrte hytter for opphald og matlaging. Leiger også ut eit nyrenovert hus med 5 soverom og fullt møblert. Eigar: Per Halstein Dahle Kontaktinfo: Heimeside: www.royraferiesenter.no Epost: pe-hadah@tussa.com Mobil: 92 24 90 27 / Fasttelef.: 70 08 74 05

SÆVIK UTLEIGEHYTTER Velutstyrte hytter i Sævikane på Remøya med sengeplass til 8-10 personar. Populært utgangspunkt for dykkeferiar. Dykkekompressor og RIB-båt. Eigar: Ansimax Adventure Kontaktinfo: Heimeside: www.ansimax.no Telefon: 95134838 / 924 36409

HAVFERIE KVALSVIKA Tre rorbuer ved sjøen og ei hytte ca 200 m frå båtplassen. 8 km til Fosnavåg sentrum. Til saman ca 25 overnattingsplassar. Godt utstyrte hytter m.a. med boblebad. Ulike båtar frå 16 til 21 fot med motor kan leigast. Eigarar: Kristin og Bjarne Kvalsvik Kontaktinfo: Heimeside: www.havferie.com Epost: post@havferie.com Telefon: 911 33 310 / 70 08 76 23


TORVHOLMEN På den vesle øya Torvholmen i Herøy ligg eit vakkert hus med utsikt over skipsleia. Her har hotelleigar Kjartan Spitsberg frå Ringebu opna sitt kystparadis for besøkande. Hovudhuset inneheld to sjarmerande leilegheiter, kvar med stove, kjøken, 2 doble og 3 enkle soverom i tillegg til bad. Møterom/stor stue mellom leilighetene. Dusj, tørkerom, vaskerom og grovkjøkken i underetasjen. Tilhøyrande naust i maritim stil med plass til 35. Flytebrygge og båtar. Eigar: Torvholmen As Kontaktinfo: Heimeside: www.flaaver.no Telefon: 905 84 000 / 900 37 905

KJELDSUND På Gurskøy i Herøy finn du flotte hytter i tilknyting til Kjeldsund ungdomssenter. Vel 20 km til Fosnavåg sentrum.Hytter ved sjøen for 8-10 personar, og ei storhytte med sju soverom. Hyttene er alle velutstyrte, og har robåt og kano inkludert i prisen. Hyttene er sjølvhushald, men mat kan leverast på bestilling. Eigar: Det Norske Misjonsselskap Kontaktinfo: Heimeside: www.nms.no/kjeldsund/ Epost: kjeldsund@online.no Telefon: 70 08 02 20 / 40 40 60 61

CHRISTINEBORG GJESTEHUS tilbyr kurs/konferanse, selskap og overnatting og kan ta imot større grupper. Kapasitet: 20 fleirmannsrom (80 senger) og 10 einerom. Restaurant/kafe for 100 personar, bar, kiosk, utandørs polarbad med saltvatn. Søndagsopen kafè frå april til oktober som serverer gode tradisjonelle norske rettar. Har kontakt med båtførar som guider deg rundt øya. Kontaktinfo: Heimeside: www.christineborg.no Epost: post@christineborg.no Telefon: 70 08 59 50

RUNDE FYR TURISTHYTTER Runde fyr ligg på Kvalneset på nordvestspissen av den kjende fugleøya Runde og inngår i kystledsamarbeidet mellom Den norske turistforening, Forbundet Kysten og andre. Den nyaste fyrvaktarbustaden på fyrstasjonen er gjort om til sjølv-betjent turisthytte med 24 senger fordelt på to rom med 6 senger, to rom med 4 senger, tre senger på «storeloftet» og ei seng under trappa. Hytta er låst med DNT-nøkkel, som du får gjennom medlemskap i Ålesund-Sunnmøre Turistforening/DNT. Her kan du ta inn etter turen over Rundebranden, du kan kjøpe deg mat frå hytta sitt sjølvbetjeningslager og tilberede den på kjøkkenet. Kontaktinfo: Heimeside: www.turistforeningen.no Epost: info@aast.no Næraste DNT-nøkkel:Runde: Anne Marie Vadset: tlf. 700 85 916, Oddmar Remøy: 976 74 104.


LANTERNEN AS ligg på Jensholmen, like ved Herøybrua mellom ytre og indre Herøy. Turistanlegg med 10 hytter, 2 rorbuer og 20 oppstllingsplassar for bubil/campingvogn. Til saman 75 sengeplassar. Alt utstyr for opphald og matlaging. Fasilitetar på anlegget: Småbåthamn, båtutleige, sløyehus for fisk, kafe, selskapslokale, catering. Båtar: 10 stk. Pioneer 15 fot med 15 hk utanbordsmotor. Eigar: Kåre Jensholm. Kontaktinfo: Heimeside: www.lanternen.no Epost : post@lanternen.no Telefon: 70 08 52 50

GOKSØYR CAMPING ligg på Runde, like ved oppstiginga til Norges sørlegaste og lettast tilgjengelege fuglefjell. Ein ideell overnattingsstad for naturintereserte, men også støttepunkt, infosentral, problemløysar og base for dei fleste slags reisande. Barsk, herleg vestnorsk natur med storhavet rett utanfor. Turistanlegg med oppstllingsplassar for bubil/campingvogn, hytter og eigen teltplass rom og feriehus. Felleskjøken, sanitæranlegg, opphaldsrom, kiosk, turistinformasjon. Booking for øyrundtur, selsafari og fisketurar. Campingplassen har vore open sidan 1973. Eigar: Knut Asle Goksøyr. Kontaktinfo: Heimeside: www.goksoyr.no Epost: camping@goksoyr.no Telefon: 70 08 59 05 / Mobil: 92 41 22 98

HERØY KYSTCAMP ligg ved sjøen inst i Leinevika og er godt skjerma med lauvtre og hekkar. Her er eit levande og aktivt kystmiljø, men likevel roleg. Ideell plass for båtliv og fiske eller fotturar i fint fjellterreng. Campingplass med 18 oppstillingsplassar. Eigen teltplass. 2 hytter og ei rorbu med til saman 18 sengeplassar. Alt av utstyr til opphald og matlaging. Kjøkenhus, grillhytte, bålplass, røykeomn for fisk. Tømeplass for kjemikalieklosett. Trådlaus internett. Sjøhuset har sanitæranlegg, eige vaskerom, opphaldsrom. Flytebrygge, slip, sløyebud, djupfrysarar for fisk. Diverse båtar frå robåt, liten båt m/påhengsmotor, opne snekker (18/20 ft) m/innenbords dieselmotor, 2 større snekker m/hus og ekkolodd. Eigarar: Solbjørg og Jan Sundnes. Kontaktinfo: Heimeside: www.kystcamp.no Epost : post@kystcamp.no Mobil: 97 48 28 58 / Fasttelef.: 700 86 700 / 700 86 681

RUNDE MILJØSENTER har gode fasilitetar for overnatting. Senteret har åtte leilegheiter, kvar med fem sengeplassar. Leilegheitene er heilt nye og moderne. Kvar av dei inneheld fullt utstyrt kjøkken, bad med dusj og varmekablar i golvet, eit tomannsrom, eit enkeltrom, og dobbel sovesofa på stova. Leilegheitene ligg fint til i terrenget, like ved Runde hamn, og har god utsikt. Om sommaren kan ein studere fuglelivet frå stoveglaset, om vinteren kan ein la seg fascinere av båra som bryt mot skjera rett nedanfor. Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Utstilling av Rundeskatten og stor fugleutstilling. Kafe- og selskapslokale. Eigar: Runde Miljøsenter As. Kontaktinfo: Heimeside: www.rundecentre.no Epost: post@rundecentre.no Telefon: 70 08 08 00


9

Tekst: Jann Flatval Foto: Vestlandsnytt

HARDT ARBEID OG KJÆRLEIK TIL HEIMSTADEN

Knut Asle Goksøyr klar for sin 41. sesong som For meg har det heile campingvert på Runde. tida dreia seg om ein

– Utan familie, ungar og foreldre å drage vekslar på hadde det aldri gått, forsikrar han.

nesten sjølvutslettande heimstadkjærleik. Eg har heile mitt liv vore så glad i denne omflødde holmen, i folka og i histora, at eg aldri kunne ha

Så blei han åleine, og det var då Inguna kom inn som ein reddande

tenkt meg å fare nokon annan stad for å bu. Eg har reist mykje rundt om

engel. Ho dreg sin del av lasset i alle samanhengar og framstår som eit

i verda og sett mykje flott, men ikkje ein dag har eg vore inne på tanken

skikkeleg arbeidsjarn av eit kvinnfolk.

om å flytte her ifrå.

– Og språkmektig, legg Knut Asle til og fortel at dei to til saman pratar 12 ulike språk.

Slik forklarar Knut Asle Goksøyr kva som er den fundamentale grunnen til at han, etter å ha starta som campingvert berre nokre og tjue år

I sesongen er heimen deira i Goksøyra omringa av bubilar,

gammal, er klar til å gå i gang med sin 41. sesong med Goksøyr Camping.

campingvogner og turistar og camparar med telt. Kvar kvadratmeter han har råderetten over er utnytta til turistføremål. No til dags ligg

Om han har til salt i maten i dag, og har hatt det i nokre år, kan

sesongbesøket på mellom 12.000 og 13.000 gjestedøgn. I toppsesongen

Goksøyr love at det også har vore andre tider, med heilt andre

er det ikkje uvanleg med over 200 overnattande gjester i døgnet. Og

overlevingsføresetnader, enn frå 90-talet og utover då han ikkje har hatt

når han også reknar med dagsturistane, som på grunn av bilvegen må

anna inntekt enn det turistane har lagt etter seg i Goksøyra.

ferdast tvers gjennom campinganlegget, er det nok godt og vel 100.000 som «er innom» Goksøyr camping i løpet av eit år.

Før den tid spedde han på med litt av kvart. Han starta med å vere lærar på Runde skule og opplevde det som ein god kombinasjon. Han var med på å byggje bruene, har fått prøve seg på sjøen og ei tid var han losbåtmann utanom turistsesongen. I tillegg til ein masse anna. Som ung gjorde Knut Asle det godt i bilbransjen. Så godt at han skryte av å ha site til bords med presidenten i Nissan under eit besøk på bilfabrikken i Japan. Likevel angrar han ikkje på at han hoppa av den karusellen. – Min suksess i bilbransjen dreia seg om kundebehandling. Det er det same det dreiar seg om i dag. Du må heile tida selje deg sjølv, seier Goksøyr, som i sommarsesongen lever tett innpå kundane og er til stades for dei både seint og tidleg. Han viser gjestene sine rundt i distriktet, tek dei med på handel og på festivalar, og når nokon har ein ny båt å vise fram så har mange lyst til å få også ei slik oppleving med seg heim.

– Men sjølv i dag må du ha vilje til arbeidsdagar som er nærare førti enn 24

– Eg prøver i det store og heile å spele på det originale, vise fram det vi

timar for at det skal gå rundt….

er stolte av og genifoirklarar sunnmøringen så godt eg kan….

– KNUT ASLE GOKSØYR

Knut Asle fortel at den tida det å drive med turistar på Runde betydde å måtte leve frå hand til munn, var det godt å vere ein del av ein familie og ha foreldre som kunne vere til stades til alle tider.


10

Tekst: Jann Flatval Foto: Kay Åge Fugledal Jann Flatval

PERLA I FLÅVÆRLEIA

Ein vanleg gudbrandsdøl ville sikkert ha tenkt seg om både vel og lenge. Men slik er ikkje Kjartan Spitsberg. Han heiv seg rundt straks han blei kjend med at ein holme på Sunnmøre var til sals. Og kjøpte usett. Denne handelen blei opptakta til det mest eksotiske av overnattings-

Eine sjøbuda på den vesle holmen har Spitsberg innreidd som sitt eige

tilboda som finst i Herøy. Skapt av ein gudbrandsdøl med eit snev av

private ferieparadis. Hit dreg han så ofte han kan for å nyte den friske

sunnmøring i seg og nase for turisme og reiseliv.

sunnmørske sjølufta i fulle drag. Resten av bygningsmassen leiger han ut, og kundane spenner over alt frå privatpersonar til firma, samt ulike

– Når eg såg alle husa eg hadde kjøpt så tenkte eg at denne plassen

selskap og lag som er på jakt etter ei ramme heilt utanom det vanlege

kunne eg ikkje ha åleine, seier den gjestfrie «væreigaren» på den

for samlingane sine.

austlegaste av holmesamlinga kalla Flåværholmane. RAMSALTE OMGIVNADER To gonger i døgnet smyg hurtigruta seg forbi den vesle perla som deler

Reiselivsbedrifta 62°Nord og Maki Restaurant i Ålesund er mellom dei

skipsleia i to inn mot Herøyfjorden.

flittigaste brukarane av dei særeigne selskapsfasiltetane som Spitsberg kan by på i den store sjøbuda på eigedomen. I slike ramsalte omgivnader

Som hotelleigar på Ringebufjellet trivst Spitsberg best når han har folk

er det nesten utenkjeleg å servere anna enn sjømat.

rundt seg og kan ha andre å dele opplevingane sine med. Slik blei det plutseleg litt av både overnatting og servering på holmen han hadde

Her er nemleg innreiing og inventar utan unntak bygd opp på gjenbruk

blitt eigar av, og som det ikkje hadde vore fastbuande på etter at dei

av gamle bingefjøler og andre velbrukte materialar som Sveinung

siste flytta der ifrå tidleg på 90-talet.

Kopperstad samla saman då han fekk jobben med å rydde buda for rot. Mykje gammalt av fiskevegn og tauverk blei også teke vare på, og som


11

den tusenkunstnaren han er med alt som kan skjerast i eller malast på, sette han sitt heilt personlege preg på omgivnadane. Timane som Kopperstad har lagt ned i restaureringsarbeidet der ute på holmen må reknast med tre nullar bak. Hovudetasjen i det romrike våningshuset er innreidd med to separate og fullt utstyrte leilegheiter. Her er det også ei stor stove som eignar seg godt til møterom. På loftet finst der eit utal med små og intime soverom, og fordelt på alle etasjar har huset i overkant av tjue sengeplassar. IDYLLISK OG SPEKTAKULÆRT Eit opphald på Torvholmen er like idyllisk i solnedgang ein sommarkveld som det er spektakulært når kulingen står på frå nordvest og sjødrevet piskar mot sjøhusveggen. For sydvesten ligg derimot anlegget godt skjerma, og om det bles finst det lune utekråer rundt omkring der vinden ikkje kjem til.

Sveinung Kopperstad i «Jäger’n» bar. Skilta er døme på Kopperstad sine kunstnarlege evner.


12

NØRVÅGEN MARITIME SENTER

Tekst & Foto: Jann Flatval

Lena Kjelsli (Fosnavåg Notbøteri) og Thomas Lindal (Dyrkorn} tilbyr eit unikt utval i reiskap og utstyr for båt og fiske.

– Vi likar å kalle oss eit lite maritimt Dei to butikkane har lange

FOSNAVÅG NOTBØTERI BUTIKK

senter her i Nørvågen, seier Sverre skipshandeltradisjonar å ta vare

I Fosnavåg Nøtbøteri sin utstyrs- og rekvisitabutikk er utvalet spissa

fiskeutstyrs- på som leverandørar av det

mot den havgåande fiskeflåten, som utgjer bedrifta sitt tradisjonelle

butikkane til Dyrkorn Fritid Fosnavåg som fiskarar og båtfolk måtte

kundegrunnlag. Her er det kyst- og havsnurparflåten, og mannskapa

trenge til så vel yrkesfiske som

på desse båtane, som utgjer det primære grunnlaget. Men for ein

fritidsbruk.

fiskar er sikkerheitskrava mykje godt dei same på små båtar som på

Nærø

om

skips-

og

og Fosnavåg Notbøteri. DYRKORN FRITID

dei store.

Når det gjeld vegn og fiskereiskap har butikken eit utval som dekkjer heile spekteret frå sluk til juksemaskin, i tillegg til teiner, ruser,

Fosnavåg Notbøteri driv og med sal og service av brannsløkkings-

garn og alt som både hobby- og yrkesfiskarar treng til å hjelpe seg

og redningsutsyr inkludert sertifisering av redningsflåtar.

med. Sikkerheitsutstyr, i tillegg til varme- og arbeidskle, utgjer ein sjølvsagt del av utvalet til ein assorter skipshandlar. Det same gjeld

Desse to butikkane i Nørvågen, på austsida av Fosnavåg hamn,

skipselektronikk, i Dyrkorn Fritid sitt tilfelle med fokus på sjark- og

representerer eit utval av båt- og fiskeutstyr det neppe finst maken

fritidsflåten.

til på Sunnmøre. Kan hende med unntak av Ålesund.

Ein spennande og spesialisert butikk det ikkje finst mange igjen av i landet.


13

Tekst & foto: Jann Flatval

BÅTAR FOR FOLK FLEST

Gode fagkunnskapar, solid kjennskap til marknaden og målretta satsing på å byggje opp eit spekter av merke og modellar som er tilpassa folk flest sine behov. Her ligg mykje av forklaringa på den solide posisjonen som Dyrkorn Fritid og Auto Marine har skaffa seg i fritidsbåtmarknaden på Nordvestlandet. Til Fosnavåg kjem folk i dag frå fjern og nær for å skaffe seg båt. Båtinteresserte sunnmøringar har for lengst oppdaga at det er her ute dei finn det store og breie utvalet av båtar til turar, fiske og fritidsbruk. Om det er Sunnmøre som er hovudmarknad for dei to leiande båtforhandlarane på Ytre Søre, er det òg ein god del båtar frå Fosnavåg som hamnar på nordsida av Romsdalsfjorden og sør om Stadt. Slik har dei greidd å halde seg godt flytande i ein knalltøff bransje, der døgnflugene historisk sett har svirra i takt med varierande bølgjehøgder og svingande konjunkturar. Allereie før båtsesongen er komen skikkeleg igang har Dyrkorn Fritid og Auto Marine lagt grunnlaget for at også 2014 skal bli eit godt år for båtforhandlarane i Fosnavåg.

Sverre Nærø t.v. og Kurt Fyllin leverer dei mest populære «folkebåtane» til turbruk og fiske.


14

Tekst: Jann Flatval

BYGGJER PÅ LANG ERFARING Finnmaster Pilot 8 : Ny, stor turbåt med gode eigenskapar til fiske. Sittegruppe, dobbeltkøy, stikkøye og klesskap.

– Alle greier å selje billeg, men å Dyrkorn Fritid, med avdelingar

i 2002. Heile tida med fokus på å tilpasse seg marknaden med dei rette

selje kvalitet billeg er ikkje like lett, i Ålesund og Fosnavåg, er den

produkta og dei fornuftige løysingane. I dag vil det seie mellomstore

seier Sverre Nærø ved Dyrkorn Fritid klare marknadsleiaren på sal av

båtar for kombinasjonsbruk til ein pris som er overkomeleg for folk flest.

fritidsbåtar på Nordvestlandet.

– Vi aktar å vere i bransjen, og difor brukar vi mykje tid på å finne ut kva

si avdeling i Fosnavåg.

Til saman sel dei to Dyrkorn-avdelingane om lag eit hundretals båtar

som skal til for å bli verande der, seier han.

i året når ein ser bort ifrå dei aller minste variantane i jolleklassen og liknande. Slike båtar i gummi og plast kan det gå fleire av i veka. Fosnavåg-avdelinga sin andel ligg på rundt 30-40 prosent av det totale salsvolumet til dei to Dyrkorn-butikkane. Nærø opplever at enkelt utførte båtar, som eignar seg ypperleg til krabbefiske, har vore veldig i fokus den seinare tida. Salet av denne typen båtar forventar han vil vise ein fin vekst også dette året. HAR DEI MEST POPULÆRE – Vi satsar på å ha dei mest populære båtane og dei bestseljande motorane. Dette gir oss gode produkt å jobbe med, og når vi også har folk som kan båt, så må det vere lov å sjå framover med optimistiske auge, seier han. Det er han som har leia butikken frå like etter at avdelinga blei oppretta

Foto: Jann Flatval


15

ENKELT OG PRAKTISK Ifylgje Nærø går trenden i dag mykje på enkle båtar som kan nyttast både til korte turar og til å kome seg utfor land med når det minkar på fisk i frysaren. Stabilitet og enkle funksjonar er noko dei fleste båtkjøparane legg vekt på. Dei som prioriterer fiske og er opptekne av uteplassen, vil ofte greie seg med eit lite krypinn med varmeapparat og kanskje eit enkelt toalett. Så har dei det som skal til for å dyrke sine interesser på sjøen.

Yamarin Cross-serien : Kongen av fantastiske skrog og kjøreeigenskapar med nye aluminiumsskrog og glasfiber innerliner – ny serie båtar.

Andre igjen set kanskje turmulegheitene høgast og gjer sine val av løysingar på bakgrunn av det. – Vi har båtar som kan tilpassast eit kvart behov innafor denne målgruppa, seier Nærø, som også kan skaffe båtar i millionklassene til dei få som stiler mot slike høgder. Slike kan det kanskje gå eit par av i løpet av eit år. Volumet for Dyrkorn Fritid ligg i båtar til rundt 400.000 kroner, det vil seie åttemetringar med frå 100.000 til 250.000 kroner i påkosta tilbehør. Mengda går på det enkle, og med stigande pris aukar

Øien 620 F : Krabbefiske og fine turar mellom holmar og skjær.

også eigenskapane til båten. TILPASSA VÅRE FORHOLD Kundane har vore med på å forme desse folkebåtane. Nærø siktar i den samanhengen ikkje minst til yrkesfiskarane, som også når dei skal på sjøen i fritida er ute etter det praktiske og det funksjonelle. Nærø seier det er ein klar tendens til at båtane blir meir og meir tilpassa dei nordvestlandske forholda. – Etter at dei har hatt nokre regnsommarar på Austlandet har det kome stadig fleire slike båtar også der, smiler han. GODE LOKALITETAR

Yamaha vannscooter: Med nye reglar for 2014 er vannscooter lovleg i Norge. Yamaha har nye scooterar med stort bruksområde. Comfort og brukervennlighet er nøkkelord.

Både på sal og service utfyller dei to Dyrkorn-avdelingane kvarandre og fordeler oppdraga geografisk alt etter kva som er det mest praktiske for kunden. Aktiviteten ved avdelinga i Fosnavåg held fire fast tilsette i full sving med sal, motorservice, nyinnreiing og reparasjonar. Butikken ligg strategisk til på Fosnavåg hamn med tilhøyrande motorverkstad, flytebrygge og slipp. – Vi må vel kunne påstå at lokalitetane våre begynner å bli bra, seier Nærø, og tenkje då ikkje minst på dei nye utstillingslokala som blei tekne i bruk i fjor sommar.

Teinedragaren har blitt ein populær salsartikkel hos Sverre Nærø på Dyrkorn Fritid.

Askeladden C75 CC og Cruiser : Rålekker design og svært gode sjø- og kjøreeigenskapar.


16

Tekst: Jann Flatval

APPELLERER TIL DET BREIE LAG AV FOLKET

Auto Marine har eit båtutval som – Mellom våre kundar finn du

REINDYRKA BÅTBUTIKK

heile spekteret av folk. Det

Dei fyrste åra satsa Fylling også på MC-marknaden, men i dag framstår

kan like gjerne vere ein pensjonist som ein 20-åring som kjøper båt hos

Auto Marine som ein reindyrka båtbutikk med tilhøyrande utval av

oss, seier eigar Kurt Fylling i Auto Marine Fosnavåg.

motorar og utstyr.

appellerer til det breie lag av folket.

– Frå no av konsentrerer vi oss heilt og fullt om båt, og det skal vi bli Sidan Fylling gjekk inn i båtbransjen i 2005 har båtbutikken på Myklebust

himla gode på, seier Fylling, som opplevde ein førebels topp i 2012 med

i Fosnavåg teke stadig større marknadsandelar og sel i dag båtar langt

vel 15 millionar kroner i omsetning.

utover distriktet sine grenser. Tyngda av kundar er naturleg nok å finne på Sunnmøre, men Fylling sel òg båtar nordover til Molde/Vestnesområdet. Og ein og annan båten hamnar også lengre vekke. Profilering på internett gjer at båtar frå Auto Marine Fosnavåg er å finne i småbåthamner både langt nord og langt sør på kysten. Etter opninga av nye utstillingslokale har salet auka jamt og trutt fram til i fjor då omsetninga stabiliserte seg på eit nivå som held 4-5 personar i arbeid med sal, service og reparasjon av båtar og motorar. Gjennom ein avtale med Ålesund Båtservice kan Auto Marine sine kundar på nordre Sunnmøre no få utført service i sitt eige nærområde. Samarbeidet gjer at Fosnavåg-butikken også kan stille ut nye båtar i Ålesund.

Foto: Jann Flatval


17

GOD START PÅ 2014 Denne rekorden kan no stå for fall etter at Auto Marine har fått ein utruleg god start på 2014 med salstal som Fylling ikkje har sett maken til i løpet av dei fyrste vintermånadene noko år. Den nyleg tilbakelagde båtmessa i Ålesund var også ei positiv oppleving for båtbutikken frå Fosnavåg. – Både besøket generelt, og interessa som båtane våre var omfatta av, må vi seie oss svært godt fornøgde med, fortel Steffen Voldsund.

Nyheit - Quicksilver Pilothouse 605 – mest for pengene!

For han var denne messa den fyrste etter at han tok over som dagleg leiar for Auto Marine. EI POPULÆR BÅTKLASSE Marknadstilpassing er ifylgje Fylling ein dyd av nødvendigheit, og utvalet ved Auto Marine er spissa mot det som båtkjøparar flest er ute etter i dag. Det vil seie kombibåtar for turbruk og fritidsfiske i prisklassen frå 300.000 og oppover til rundt 700.000 kroner. Av denne klassen går det unna 25-30 båtar i året. Rimelegare båtar

Nyheit - Jeanneau Marlin 695 – Den nye yndlingen – årets bestselger?

finst i eit utal av variantar og prisar, og Auto Marine har også tilgang på større og dyrare båtar. – Men på den sistnemnde marknaden har det vore rimele stille lenge, slår Fylling fast. Årsaka er han litt usikker på, men det er klart at utviklinga i bunkersprisane har gjort det dyrare å halde ein stor båt med to motorar enn det folk flest har lommebok til. Og mange har gjerne ein bobil eller ei campingvogn i tillegg til båt å bruke pengar på. TILBAKE TIL BÅT Fylling merkar godt at stadig fleire av dei som har vore utan båt ei tid, kriblar

Nyheit - Quicksilver Pilothouse 675 – stor og romslig cabin!

etter å kome tilbake til båtlivet. Det er noko han godt kan forstå med tanke på den friheit som det gir å ha ein båt på sjøen i forhold til campinglivet. Det er og slik at for folk som har vakse opp med båt er båten ein del av livet. – Og så har utbygginga av småbåthamner med flytebryggjer i dei fleste bygder gjort det mykje enklare å ha båt enn då ein måtte legge til ved faste kaier.

Quicksilver Arvor 250 – Fisketurens favoritt, med innenbordsmotor!

Kurt Fylling og nytilsett dagleg leiar, Steffen Voldsund, kan gle seg over ein kjempestart på 2014 for Auto Marine Fosnavåg.


Tekst: Jann Flatval Foto: Oddvin A Bjørge

PADLING I HERØY

18 Stille glidande på blank sjø kjem du deg Saman med nokre andre tettare inn på dyrelivet og naturen enn med med same interesse var noko annan farkost. Men padling kan òg by på Warholm med og starta skikkeleg action, forsikrar padleentusiasten Herøy kajakklubb i 2008. Tor Inge Warholm frå Fosnavåg.

Det som i utgangs-

punktet var ein liten gjeng frå Herøy og Ulstein, har med åra utvikla seg til ein godt organisert klubb som i dag har medlemer frå heile Søre Sunnmøre samt nokre frå Ålesund-området. Klubben er den einaste her i fylket, i tillegg til Molde, som står tilslutta Norges padleforbund. – Dei som ønskjer å vere med i eit organisert padlemiljø dei kjem til oss, fortel Warholm. Sjølv har han teke steget vidare og driv i dag Yst Ute Padlesport som sel kajakkar og tilbehør langt ut over distriktet sine grenser. FOKUS PÅ TEKNIKK OG FERDIGHEITER I Herøy kajakklubb får medlemane opplæring i å beherske farkosten under varierande forhold som ein padlar kan kome ut for i bølgjer og straum. Klubben har i dag seks sertifiserte instruktørar som driv utstrekt kursverksemd både for nybegynnarar og vidarekomne.


19

Sikkerheit går framom alt i det som tidlegare var sett på som

UNIK AVKOPLING

ein sommarsport, men som etter kvart har blitt meir som ein

– Det er berre å laste opp hengaren og så dreg vi på tur, seier Warholm

heilårsaktivitet. Slik ting har utvikla seg på utstyrssida, ikkje minst når

og legg ut om dei mange naturopplevingane han kan sjå tilbake på saman

det gjeld drakter, er vintervêret inga hindring for padlarane i å utøve

med klubben sine padleglade medlemer.

sporten sin.

– Straks du set deg i kajakken og legg ifrå land, er det som alt stress forsvinn. Då koplar du ut alt anna og let stillheita senke seg over deg og båten.

SUNT MILJØ FOR BARN OG UNGE

Warholm blir ivrig og engasjert når han får reklamere for kajakksporten og

Å drage barn og unge inn i padlesporten er noko som blir sterkt

fortelje om dei mange fine opplevingane han har hatt som padlar.

fokusert på frå forbundet si side. Med tre instruktørar under 19 år satsar Herøy kajakklubb meir enn nokon andre på den yngre garde,

For han er det ikkje noko som kan måle seg med ein padletur mellom

og klubben er ifylgje Warholm den i landet som har hatt mest suksess

holmar og skjer i berre t-skjorte ein fin sommarsøndag. Same avkoplinga

med barnepadling.

gir det ikkje å prøve kajakken i bølgjene, og Warholm kan forsikre at surfing med kajakk er noko som verkeleg får blodet til å bruse. Det blir som det

I klubbmiljøet blir dei unge tekne godt vare på og får vere med på turar

reine adrenalin-kicket.

der mykje av opplegget er basert på leik og moro. Fleire av klubben sine medlemer har teke utdanning og fungerer som aktivitetsleiarar.

Du vil kanskje ikkje tru det, men Warholm kan forsikre at padling og fiske

Målsettinga om ein klubbtur i veka greier klubben stort sett å halde.

også let seg kombinere med det som er å få kjøpt av tilleggsutstyr til ein

Warholm fortel at klubbturane kan variere frå eit par-tre timar med

kajakk no for tida. I dag finst det kajakkar med dobbel kjøl som er så stødige

padling i nærområdet, til dagsturar og helgaturar med overnatting.

at ein kan stå om bord og fiske med stong.

Då pakkar dei berre ned telt og mat og stikk av på miniekspedisjon. TRENG IKKJE KJØPE MED DET SAME Ein tur til Geiranger er fast innslag på det årlege turprogrammet, og

Den beste inngangen til padlesporten er å ta grunnkurset som gir rett til lån

elles er klubben sine mange ivrige padlarar stadig å sjå på spontane

av båt i Herøy kajakklubb. Mange nybegynnarar kjøper seg berre ei drakt

turar rundt om i regionen.

og baserer seg på lån av utstyr den fyrste tida. I klubbnaustet på Kvalsundhamna har klubben eit tjuetals båtar til fri disposisjon for medlemene. Les meir om klubben på: www.heroykajakk.no


20

Tekst: Jann Flatval Foto: Privat

DEN NYE FOLKESPORTEN

Padling blir omtala som den nye I Yst Ute Padlesport har

Warholm får også mange båtar frå Estland og fører alle dei kjende merka til

folkesporten, og at padleinteressa er han til ei kvar tid rundt

den største kajakkfabrikanten i Tallin.

stigande er noko Tor Inge Warholm 50-60 båtar på lager og merkar godt som forhandlar av båtar sel om lag dobbelt så og utstyr.

mange i løpet av eit år.

Mykje av salet går via internett, og hurtigruta gjer det enkelt for ein forhandlar i Fosnavåg å sende varene sine både nord- og søretter kysten.

Warholm har selt båtar både til Kirkenes og Kristiansand, men det er

– Det er også dei som kjem hit og hentar, og her ein dag kom det ein kar frå

mellom Bergen og Trondheim han har den viktigaste marknaden.

Oslo og henta med seg ein båt heim, fortel Warholm.

Dei engelske båtane er mest i vinden for tida. Frå England kan han

Les meir på: www.ystute.no

levere spesialbestilte båtar til kundar som er ute etter noko spesielt når det gjeld utsmykking og særpreg.


21

Tekst : Jann Flatval Foto: Lill Haugen

DYKKING I HERØY

Storhavet rett utfor land fyller konstant på med krystallklart vatn, og særleg i den kalde årstida er siktforholda i sjøen heilt eventyrlege her ute i havgapet.

Lill haugen sitt vinnarbilde frå NM i UV-foto 2013 arrangert av Herøy dykkerklubb


22 I Herøy dykkerklubb tilbyr dei full service til dykkarar som kjem til Herøy for å oppleve den unike og spennande naturen som skjuler seg under sjøflata mellom holmane og skjera i distriktet vårt. Storhavet rett utfor land fyller konstant på med krystallklart vatn, og særleg i den kalde årstida er siktforholda i sjøen heilt eventyrlege her ute i havgapet. – Mange påstår at vi har eit av dei beste farvatna for dykking i heile landet, seier Vegard Håkonsholm, som er ein av rundt nitti medlemer i den aktive dykkerklubben. MANGE SPENNANDE DYKKEMÅL I eit hav av spennande dykketurmål har klubben Akerendam-skatten som det store trekkplasteret. I samarbeid med Runde miljøsenter kan klubben i dag også vise fram delar av den unike skatten, i kombinasjon med dykking på området der skatten blei funnen. Klubben tilbyr guida turar til ei rekkje spennande dykkemål både utaskjærs og i smulare farvatn. Eit populært mål er restane etter tyske Felix Scheder som blei skoten i senk av britiske fly på slutten av siste krigen. Vraket ligg midt i skipsleia i det sterkt trafikerte Åramsundet. Herøydykkarane har også ei rekkje naturopplevingar å vise fram som Den blå lagune på vestsida av Runde og jettegrytene ved Herøy gard for å nemne eit par populære destinasjonar med fargerik flora og yrande fiskeliv. Og for ikkje å gløyme Grasøyane, der dykkarar kan oppleve nærkontakt med selkolonien som held til der ute. AV DEI FYRSTE I FYLKET Herøy dykkerklubb hadde ikkje eksistert i meir enn vel eit års tid då det oppsiktsvekkjande Akerendam-funnet blei gjort, tett innmed land ved Kvalneset på Runde, av tre tilreisande sportsdykkarar i 1973. På den tida eksisterte det berre tre andre klubbar i fylket.

Funnet av den om lag 250 år gamle skatten førte til at interessa for dykking i Herøy skaut fart. Over 40 år seinare lever dykkeinteressa framleis i beste velgåande. Det gjer også oppsluttinga om klubben, som sikrar rekrutteringa mellom anna gjennom eit aktivt arbeid mellom barn og unge. Dei unge i klubben er samla i si eiga fridykkargruppe med eigne treningar i basseng og ulike aktvitetar i sjø. No ser fridykkarane fram til at det nye bassenget skal stå ferdig. – Der blir det også djupne nok til at vi kan ta apparatdykkesertifikat utan å reise ut av kommunen, seier Håkonsholm. VELFUNGERANDE KLUBBLOKALE Draumen om eit nytt og eige klubblokale blei ein realitet i 2007. Stornaustet på Jensholmen er base for all aktivitet og framstår som eit velfungerande klubblokale med alt som trengst av utstyr både før og etter eit dykk. Her har klubben sine faste samlingar, og klubblokalet er utgangspunkt for turane som klubbmedlemane legg ut på med klubben sin eigen hurtiggåande båt. Håkonsholm fortel om svært gode tilbakemeldingar på fasilitetane som klubben kan tilby tilreisande dykkarar som kjem på besøk både sporadisk og i samband med større arrangement. Det største i så måte var då Herøy dykkerklubb stod som arrangør før norgesmeisterskapen i UV-fotografering i 2013. Eit stor arrangement som samla deltakarar frå heile landet. Klubben er òg tildelt ein fast runde av den årvisse norgescupen i UV-jakt. Har du lyst til å vite meir om klubben så gå inn på www.heroydykk.no


PROGRAMOVERSIKT HERØY

2014

23-25/05/14

23

01/05/14

29/05/14

HAVYARD CUP

MOSJONSFESTIVAL PÅ MOLTU

05-06/06/14

19-22/06/14

01-02/08/14

09/08/14

05-06/09/14

03-04/10/14

AMCARUTSTILLING

HERØYSPELET KONGENS RING

KVALSVIKDAGANE

MARITIM SOMMARFESTIVAL

PIR OG MAKRELLFESTIVAL

FOSNAVÅG ROCK

OKTOBERFEST


24

Tekst & foto: Jann Flatval

STARS & STRIPES I FOSNAVÅG

1. mai er den magiske datoen for alle På vårmønstringa er det amcar- entusiastar og alle andre med hestekrefter,

blankpussa

sans for bensinslukande amerikanarar krom og polerte panser det på fire hjul. Då går alle vegar til dreiar seg om. I tillegg til Fosnavåg der vårmønstringa til AMCAR skinande dollarglis av eldre Ytre Sunnmøre har vore eit fast årleg og nyare årgangar, og i arrangement

sidan

starten

i

1984. alle regnbogens fargar, har

1. Mai 2014 blir ikkje noko unntak. vårmønstringa

også

blitt

Då vil Stars & Stripes igjen vaie på ein arena for det verkeleg nostalgiske på bilfronten.

utstillingsområdet i Fosnavåg

Utstillarane i veteranbilklassa har teke ein stadig større del av showet. Det same er tilfellet med MC-folket, som denne dagen strøymer til Fosnavåg frå fjern og nær på sine brommande tohjulingar for å treffe sine likesinna og vise seg fram.

- Frode Pilskog frå Skodje har vore fast deltakar på vårmøstringa, med ulike bilar, heilt sidan 1993.

Vårmønstringa er arrangementet der rekordane stadig har stått for fall. Dei fleste deltakarane kjem frå Sunnmøre og Nordfjord-området, men det er òg utstillarar som køyrer hundrevis av kilometer for å vere med på det populære vårsleppet i Fosnavåg. Du må vere skikkeleg hekta for å gå på eit utandørsarrangement i stiv kuling og regn. Men sjølv i fjor, då vêrgudane slo seg skikkeleg vrange, var det overraskande mange som fann vegen til vårmønstringa – for fyrste gong med Mjølstaneset som utstillingsplass. Trass i alt anna enn vårlege forhold samla mønstringa rundt 170 utstillarar i jubileumsåret. Gjeldande deltakarrekord blei sett i 2012 då vårmønstringa samla 440 bilar og motorsyklar i strålande maivêr. På det meste har rundt 5000 besøkande vore innom på godvêrsmønstringar ved Herøy kulturhus. Om vêret og oppslutninga frå utsillarar og publikum slo feil i fjor, sat arrangørane igjen med svært positive erfaringar når det galdt fasilitetane på Mjølstaneset. Dei viste seg å vere nærast perfekt for utstillarar og bilar, og i AMCAR Ytre Sunnmøre ser dei ikkje bort frå at dette kan bli den permanente plassen for framtidige vårmønstringar.

- Veteranbilar, motorsyklar og skinande dollarglis. Det er dette vårmønstringa i Fosnavåg dreiar seg om


Tekst: Hege Norman Foto: Bergsøy IL

SJETTE AVSPARK FOR HAVYARD CUP

25

Turneringa er for lag mellom 7 og 14 år og brukar å samle rundt tusen

Fotball er moro, men nokre gongar kan det synest lenge å vente på neste

unge spelarar frå heile Sunnmøre. Dagleg leiar i Bergsøy IL Fotball,

avspark for laget. For at det ikkje skal verte kjedeleg mellom kampane,

For sjette året på rad inviterer Bergsøy IL Fot- Tom Beddari, trur cupen er

legg difor arrangørane opp til spennande og engasjerande aktivitetar

ball gutar og jenter til cup og moro på Havy- med på inspirere barn og

på sidelinja. Mellom anna vert det høve til bruskasseklatring og til å

ard Cup. Det skjer på Havila Olympic Stadion ungdom til å spele fotball.

måle styrka på skotbeinet sitt. Det vert gjort ved å måle hastigheita på

torsdag 29. mai.

- Slike ting er jo moro å vere

med på. Vi ser at turneringa veks for kvart år og i fjor var over 120 lag

skotet med laser. I tillegg kan ein spele såkalla «funballz» som vil gjere fotball til ei heilt ny og bumpete oppleving …

påmeldt til cupen, seier Tom.

Havyard Cup samlar kvart år unge fotballspelarar frå fjern og nær til innhaldsrik cup på Olympic Havila Stadion.

Med foreldre, trenarar og støtteapparatet rundt, dreg arrangementet

MEST MORO

opp i heile 4000 menneske. Det gjer Bergsøy IL-Fotball avhengig av den

I år kan også Bergsøy IL-Fotball by på eit heilt nytt og flott klubbhus

gode dugnadsånda som finst i klubben.

som vil fungere som hovudsentral under cupen. Her held sekretariatet og speakaren til, og spelarar og publikum får høve til å hyggje seg med

FELLES PROSJEKT

god mat i den nye kafeteriaen. Ute er det tradisjonen tru telt både med

- Det er dei frivillige som gjer det mulig for oss å gjennomføre Havyard

servering og diverse salsartiklar.

Cup. Dette er årets store sportsdugnad og alle i klubben stiller opp, seier Tom, som kan vise til positive tilbakemeldingar frå tilreisande

Men trass i mykje moro også på sidelinja, er det bana som vert

lag. Desse kjem også att år etter år. Det viser at Havyard Cup har klart

hovudscenen på cupen. Og sjølv om mange spelar for å vinne, peikar

å etablere seg som ein av dei mest attraktive cupane på Sunnmøre i

Tom på at ein ikkje må gløyme det aller viktigaste:

sommarsesongen.

- Først og fremst skal fotball vere moro!


26

Tekst: Hege Norman

IDYLL

«Postgirobygget» kjem til Maritim - Det er jo idyll. Ikkje sant? Og

Mona-Grethe håper nemleg at Herøy Dykkarklubb også i år finn fram

Sommarfestival i Fosnavåg 19-21. juni. solnedgang. Sommarfri, sjø og

rare kreaturar og raritetar frå havbotnen. Desse brukar å liggje i kar

Det synest prosjektleiar Mona-Grethe magi, alt det som tekstane til

nedpå hamna til stor glede for både store og små.

Ryssevik passar perfekt.

Postgirobygget handlar om. Dei

er det ultimate sommarbandet og vi er svært glade for at dei no kjem til

Festivalen er med på å understreke identiteten til Fosnavåg som ein

festivalen vår, seier Mona-Grethe.

levande handelstad ved kysten. Fleire tusen besøkande finn kvart år (sjø)vegen til byen, og noko av grunnen er kanskje at her finst den

Om det blir sol gjenstår å sjå, men Mona-Grethe lover i alle fall latter

ramsalte, gode stemninga ved havet.

og song pakka inn i ei maritim ramme. Festivalen startar med ein maritim konferanse. Deretter står hendingane i kø med underhaldning for alle. Det startar allereie torsdag 19. juni, med kor og lokale artistar på festivalscena på Rådhusplassen. Tolvtetten og Herøy Gospelkor er mellom artistane som får sette sitt preg på festivalen. Og noko av det beste er at bortsett frå konserten med Postgirobygget, er dei aller fleste innslaga gratis. FOR ALLE - Vi ønskjer å lage eit folkeliv som treff noko hos alle, forklarer MonaGrethe. Arrangørane jobbar difor mykje med å få på plass gratis underhaldning. Dei minste kan allereie no gle seg til at «Vennebyen» kjem tilbake. Denne påkosta norske animasjonsserien er blitt svært populær både her heime i Norge og i utlandet, og i juni kjem altså Apa, Elfie og Ted tilbake til Fosnavåg. På scena får dei minste (og eldste) også høve til å oppleve Mathias Fjalsett på 10 år, som allereie har blitt ein erfaren konsertartist. Saman med systera Pernille på 13 skal dei gi smakebitar frå Mathias sitt nye album. Dei litt eldre publikumarane kan sjå fram til fengande musikk på fredagskvelden – då Partybandet Norge dreg på med kjende og kjære låtar frå norske artistar gjennom tidene. På menyen deira står mellom anna «4 pils og ein pizza …» FERME FORMER I FOSNAVÅG Nær hundre frivillige er i sving under festivalen, som går over tre dagar. Folk legg gjerne ferien sin til desse faste dagane i juni, og mange av dei kjem med båt. Ved Allmenningskaia ligg flytebryggene klare til å ta imot både mindre og større farty, og her nede ved hamna vert det alltid ekstra god stemning. I år kjem ei gamal fiskeskøyte på 80 fot, ei fertil dame frå 1959 som nok vil trollbinde publikum med sine ferme former og flotte personlegdom. Om bord skal firmaet Westing ha kundetreff, men det vert også mulegheit for interesserte å få ein rundtur om bord i den staselege skuta. For dei som gjerne vil halde seg på land, vert det likevel høve til

«Jeg sitter ned på berget og ser utover havet, en solskinnsdag i ferien min.»

å oppleve impulsar frå havet.

Denne strofa kjem nok til å gjalle utover havet i seine nattetimer under Maritim sommarfestival.


27

Tekst & foto: Jann Flatval

SET KOSTNADSNIVÅET PÅ DAGSORDENEN

Herøy næringsforum har også tradisjon i å Dei

maritime

næringane

lukkast med å få tak i dei rette innleiarane på er ikkje dei einaste som slit konferansane. I skrivande stund er deltakarlista med

kostnadsnivået

her

ikkje heilt komplett, men næringslivstoppar i landet. Dyrtida er eit tilsom Stein Lier-Hansen (adm. dir. Norsk Industri) takande problem over heile og NHO-president Tore Ulstein har allereie næringslinja og er i dag ei stadfesta at dei vil kome til Fosnavåg.

stor

kollektiv

utfordring.

Arbeidsgivarsida skulle dermed vere godt Og det er ikkje berre lønsdekka på konferansen. Arrangørane har lagt -nivået som har gjort det lista høgt også for arbeidstakarsida og håper faretruande dyrt å produsere på positivt svar frå LO-leiar Gerd Kristiansen. noko i Norge no til dags. Tidlegare olje- og energiminister Ola Borten – Byråkratiseringa og eit Moe er derimot allereie klar, og Gjerde har stadig oppsvulmande regelogså andre interesserte namn på blokka.

verk gjer at det strøyper seg til frå alle kantar, konstaterer

styreleiar Svein Rune Gjerde i Herøy næringsforum. Gjerde er no igang med å førebu den fyrste konferansen etter at han tok over for Stig Remøy som leiar av næringsforumet. Fosnavågkonferansen går av stabelen torsdag 19. juni. I fjor samla Fosnavåg-konferansen om lag 175 deltakarar, og oppslutninga om den årlege konferansen er Gjerde godt fornøgd med. Men han kunne godt ha tenkt seg at konferansen var istand til å samle fleire deltakarar frå andre regionar og miljø enn vår eiga næringsklynge her i nordvest. Ei av årsakene trur han kan vere at det nærast har gått inflasjon i konferansar no til dags. – Eg kan godt forstå at folk ikkje greier å rekke over alt og alle, seier han. Difor er det om og gjere å treffe med tema. På det omerådet har Herøy næringsforum ry på seg for å finne det dagaktuelle, spisse det og har oftast vore på forskot i høve til det som er næringslivet sine utfordringar. Rune Garen har også denne gongen takka ja til å vere konferansier og debattleiar på konferansen. – Det høge kostnadsnivået inspirerer til kreativ tenking og til å finne dei innovative løysingane som er billegare. Vi kan vel ikkje vente at konferansen vil gi oss svara, men denne konferansen prøver vi å få i gang ei positiv tenking rundt desse problemstillingane, seier Gjerde.

Svein Rune Gjerde


28

Tekst: John André Nærø Foto: Siv Nærø

HERØYSPELET KONGENS RING

Brått lyd rop: «Skip i leia! Skip i leia!» Inn På ei utandørs scene,

Med eit manus som byggjer på strofer frå Snorresagaen vert du som

Herøyfjorden stemnar kongens skip. I det høve omgjeven av vakker

tilskodar tatt med tilbake til år 1027, der vi møter Kong Olav Haraldsson

å samle Noreg til eitt rike, kjem no kongen og

natur,

og fylgjet hans som går i land på øya Herøy i det Herjungane med

til Herøy for fremje Kristi sak og omvende med storhavet I vest

vikingrebellen Karl Mørske i spissen har brend ned hovudbygningen på

storslått

og fjord og fjell I aust

garden til Ragnar Herøyhovding og kona Inga. Med blant opprørarane

vil nokre av Noregs fremste skodespelarar, saman med 200 aktørar, kor

er også dotter deira, Unn den Fagre. Ho forlot mor, far og festarmann for

og orkester framføre Herøyspelet “Kongens Ring” 2014. Fyrste helga i

Karl Mørske, som vann hjartet hennar i Vårdansnatta. Herøyveringane

juli vert dette historiske sogespelet framført for 23. året på rad.

trur at ho vart røva og heldt mot si vilje. Festarmannen søkjer sverdhemn

Herøyveringane frå åsatrua til Kristus.

over Karl. Det går mot holmgang i Herøy.

F.v. Jon Bleiklie Devik og Pål Sverre Valheim Hagen


Brått lyd rop: «Skip i leia! Skip i leia!» Inn Herøyfjorden stemnar kongens skip. I det høve å samle Noreg til eitt rike, kjem no kongen til Herøy for å fremje Kristi sak og omvende Herøyveringane frå åsatrua til Kristus. Han leitar også blant Herøyveringane ein som er viljug å verte kongens skattekrevjar på Færøyene. Sjølv om Karl Mørske er ein fiende av kongen, søkjer kongen å overtale han til å leggja ned sitt sverd og sitt liv i teneste for Kristus og kongens sak. Dette markerar byrjinga på ei dramatisk historie full av menneskeleg siger og tap, kjærleik og hemn,

Herøyfolket

tru og overtru, liv og død. Handlinga i Herøyspelet «Kongens Ring» er førd i pennen av Rolf

og ein bråte med lokale og regionale aktørar, songarar og musikarar.

Losnegård med musikk av Svein Møller og Henning Sommero. Dette er

Kombiner gjerne ei framsyning med andre opplevingar Herøy har å

ein vakker vikingmusikal for heile familien. Omgjeven av flott natur og

by på. Til dømes omvising på Herøy Kystmuseum, ein tur til kystbyen

gamal historie, vil Herøyspelet også i år levandegjere vikingtida i dette

Fosnavåg, vakre Mulevika eller fjelltur på fugleøya Runde, oppfordrar

storslåtte dramaet med musikk, song og scenekunst.

dagleg leiar i Stiftinga Herøyspelet, John André Nærø.

- Er det noko du bør få med deg i sommar så er det Herøyspelet

Velkomen til spel, fyrste helga i juli.

«Kongens Ring», med eit knippe av våre beste nasjonale skodespelarar

www.heroyspelet.no

F.v. Nils Ole Oftebro, Heidi Ruud Ellingsen og Hedvig Garshol


Tekst : Hege Norman

NO FÅR DET VERE ROCK! Om det er nok festivalar no? No CC Cowboys. Marion Raven. way, Jose! I august brakar det laust Madcon. Lars Vaular. Det er med ny storfestival: Fosnavåg Rock. berre nokre av namna som står på plakaten når Fosnavåg Rock byr inn til rockefestival i parken første helga i august. Det gler festivalsjef Frank-Levi Kvalsund seg veldig til. - Det handlar om å ha engasjement for kommuna ein bur i. At det skjer ting som er gøy, seier Frank-Levi. Han meiner det å skape gode opplevelsar i Herøy går hand i hand med eit samfunnsengasjement for å gjere Fosnavåg meir spennande. Både som destinasjon og buplass. Responsen dei har fått på rockefestivalen tyder på det same. URØRDE SKATTAR Mange frivillige har allereie takka ja til å være med på å i landsette det nye prosjektet. Totalt vil vi ha behov for nærmare 200 frivillige. Og både lokalt og regionalt næringsliv har stilt seg positive til å vere sponsorar. Festivalen har til og med fått ein næringsaktør frå Oslo med seg på laget. - Eg er imponert over folk sitt engasjement og vilje til å ta på seg ansvar for å realisere dette prosjektet saman. Det er kjempegøy, kommenterar Frank-Levi.

Foto: Isabel Watson


31

Han er sjølv hobbymusikar og synest det er viktig at også lokale band får prøve seg under festivalen. Det vert også fleire artistar som er på P3 si Urørt-liste. I tillegg jobbar arrangørane med å få på plass eit up-andcomingband fra sjølvaste rockens vugge: Liverpool. - Vi har framleis mange spennande namn vi jobbar med å få på plass, så her er det berre å følgje med framover, seier Frank-Levi. Målet er å sy saman det kunstnariske slik at musikken appellerar både til barn og vaksne. ROCK ON Konsertane skal gå kontinuerleg heile helga, og vil spenne frå amerikansk 70 tals-rock til meir poppete rock med innslag av både country og indie. Arrangørane har mål om mange tilreisande, og forventar at så mange som 3000 vitjar festivalen allereie i år. Men det optimistiske talet ligg på 7000. - Vi legg lista høgt. Både i utval av artistar og målsettingar for oss sjølve. Dette skal vere ein årleg festival som ragar høgt i festivalterrenget, slår festivalsjefen fast. For meir informasjon gå til: www.fosnavaagrock.no For billettar gå til: www.billettservice.no


32

Tekst : Hege Norman

«ALT GODT KJEM FRÅ FISK!»

Det meiner festivalgründar Karl Petter - Det finst ein heil bråte

utvikla for å kunne takle store avstandar og røffe forhold. Det er ei

Sortehaug. Då Makrellfestivalen vart ringnotstnurparar her ute

verdifull erfaring som også ligg til grunn for utviklinga innan offshore.

yngla for snart fem år sida, var det som fiskar makrell og

- Vi ønskjer å vise kva for tradisjonar som ligg i botn for den maritime

med bakrunn i eit ønskje om å få fisk leverer til Asia. Her heime

kulturen i dag. Olja er ung, fisken gamal, seier Sortehaug.

og fangst meir fram i lyset.

brukar vi makrellen mest til agn, seier Sortehaug.

Makrellfestivalen startar kvart år med ein fiskerikonferanse med ulike tema på agendaen. På rådhusplassen riggar Bergsøy Fotball til ei

Makrellfestivalen ønskte å pusse fram glansen av makrellen ved å vise

utstyrsmesse for fiskerinæringa. Og på same plassen vil det bli servert

fram nye sider ved fisken. Det første året fekk besøkande difor smake

og selt ulike rettar med ingrediensar frå eller ved havet. Nokre av dei er

makrell på eit noko utradisjonelt vis. Rettare sagt: asiatisk vis.

gode, gamle, andre er nye og pikante.

Rå. Med ris. Sushi.

Felles for alle er at dei er kortreiste.

Reaksjonane utblei ikkje. «Vi kan då ikkje ete RÅ fisk. Og fisk med ris

KORTREIST STEMNING

går´kje an!»

Tidlegare år har det vore mulig å smake «Tilslørte Herøytauser», villsaugryte, lefser, heimelaga sylte og saft, fiskesuppe, kvalkjøt og fersk

Men dei lekre bitane vart likevel fort borte, og etterkvart har

kaffi frå lokalt brenneri. Den gamle familiebedrifta Njardar er også på

festivaldeltakarane late til å setje meir og meir pris både på makrell og

plass med sine unike produkt som speka røykalaks og røykt og salta

alternative tilverkingar av den tradisjonelle fangsten.

sild. Kokkelinja ved Herøy vidaregåande skule står for trakteringa inne i

- Fisken er sjølve næringsgrunnlaget her ute, og har vore det til alle

teltet, og dei imponerer kvart år med sin kulinariske idérikdom. I tillegg

tider. Det er årsaka til at Fosnavåg også er så langt framme innan

til dei dyktige elevane kjem det også kvart år meir profilerte kokkar.

offshore, meiner Sortehaug.

Hanne Frosta har tidlegare gjesta festivalen med «makrellsprell», og

Makrellfestivalen i september er difor ein festival som hyller fiskens

i fjor kom soussjefen frå Park Hotell i Ålesund. Det er enno ikkje klart

gang heilt frå den vert fanga i havet til den ligg som mat på bordet.

kven som kjem til festivalen i år, men publikum kan slå seg til ro med at det også denne gongen kjem ein kokk med lidenskap for mat.

OLJA ER UNG, FISKEN GAMAL Over lang tid gjorde fiskarane stadige nyvinningar for å takle

Festivalen vert arrangert i september – omtrent samtidig som makrellen

fangstforholda til havs. Isbrytarar, snurparar og havsgåande farty vart

kjem inn i farvatna våre. Og det same yrande livet i sjøen når makrellen

Foto: Stargate


33

kjem i stim, vert det å sjå på land når folk stimlar saman i Fosnavåg! Ungmakrellen vert kalla pir – denne har gitt namnet til festivalen som vert arrangert fredag 5. september for ungdomen. Denne inneheld som vanleg elleville krumspring berre slik ein ungpir greier det! Marvin brenn sin eigen kaffi, men det er ikkje berre deira eigne gjester som får nyte dei særeigne blandingane frå kaffibrenneriet i Fosnavåg. Madelynn kaffe er i dag å få kjøpt rundt om på Søre Sunnmøre og i Ålesund. Og på Bakeriet i Lom serverer Morten Schakenda kaffi frå Fosnavåg. - Brenneriet styrer seg sjølv. Det veks sakte og har blitt ein viktig del av det vi driv med både for drifta og for vår eigen del, seier Marvin, som finn glede i å kunne servere eigne produkt. Difor syslar han også med tankar om å starte sitt eige ølbryggeri. Enn så lenge er det øl frå andre småskalaprodusentar som blir servert på Madelynn. Også når det gjeld drikke er Belinda og Marvin ute etter kvalitet og det spesielle. I dag byr dei fram eit førtitals ølsortar og tek gjerne ikkje inn meir enn ei kasse eller to av kvar sort til prøvesmaking. Som blir stadig meir populært på torsdags- eller fredagskveldar. Det er på desse dagane Madelynn har kveldsope og nyttar seg av skjenkeløyvet dei fekk for eit par år sidan. På laurdagar er det ørstingar, ulsteinvikarar og folk frå distriktet elles som fyller dei små og intime lokala i Strandgata i Fosnavåg. Marvin likar å vite kvar folk kjem ifrå, og spør når der er nokon han ikkje har sett før.


34

Tekst: Ragnhild Rooney, Henny Gardshol, Thomas Tarberg, Emilie Skansen Kleppe, Ragnhild Helene Kirkholm, Sofie Kempton Foto: Synnøve Kalleklev

STOKKSUND SKULE

Dei er energiske og lærevillige. Dei struttar 10. klasse ved Stokksund

tok utfordringa. Tidlegare har elevane styrt julefesten sjølve, så eg er

av arbeidslyst og kvir seg aldri for å ta eit skule ville gjere noko

takksam for at dei gjorde dette.

tak. Heller ikkje utanom skuletida.

litt

meir

uvanleg

og

spennande i samanheng med den tradisjonelle julefesten, difor blei dei

Kvifor valde du desse artistane til julefesten?

einige om å gi foreldra deira ein kveld dei seint ville gløyme. Kontaktlærar

-Eg tok utgangspunkt i 80-tals hiten «We Are The World» for å få ein

Synnøve Kalleklev (30), kom med gode forslag om korleis ho såg det

raud tråd gjennom festen. I denne songen er det fleire kjende artistar

føre seg. Ho bestemde kva artistar og songar som skulle vere med. Ho

så det var jo eigentleg berre å plukke dei som var mest kjende (for

lagde øvingsoppsett, og planar for førestillinga. Elevane sto fritt til å

elevane). Det var viktig at det ikkje var for mange artistar for at det

utføre deira eiga rolle på scena. Dei øvde fram for kvarandre, og fekk

skulle vere enkelt å halde styr på kven som var kven. Den avsluttande

tilbakemeldingar på kva som var bra og kva som kunne forbetrast, noko

songen var «We Are The World» og då var det viktig at dei som var

som hjalp mykje. Forestillinga gjekk ut på at dei skulle ta forskjellege

framtredande hovudpersonar i dei føregåande nummera vart visande

karakterar og band hovudsakleg frå 80-talet, og mime det så godt som

igjen i koret.

mogleg. Dei måtte óg søke om rollene dei ville ha, og dei fleste fekk det dei ønskte.

Hadde du ei formeining om at det skulle bli så bra som det blei? -Eg hadde sett opp små gjennomgongar av showet litt no og då for å sjå

INTERVJU MED SYNNØVE

korleis elevane låg an. Mange vaks veldig på desse gjennomføringane

Kvifor ville du at 10. klasse skulle ha dette temaet til ein julefest?

og vart berre sikrare og sikrare i rolla si. Generalprøva gjekk strålande

-Fordi eg har vakse opp med denne musikken og ville at dei skulle få

og eg berre gleda meg til sjølve julefesten. Elevane styrte alt sjølve og

oppleve litt av gleda med den. Eg kunne jo ikkje late elevane gå ut av 10.

eg kunne berre nyte førestillinga frå framste rad. Eg trur hovudgrunnen

klasse utan å vere sikker på at dei hadde fått høyre og opplevd ein del

til at det gjekk så bra som det gjorde var at elevane hadde god tid til å

av denne herlege musikkperioda. Samt tenkte eg at denne julefesten

arbeide med dette, samt at vi hadde mange gjennomkøyringar slik at

skulle i hovudsak vere for publikum, altså foreldra som óg vaks opp med

alt satt som det skulle, når det skulle. Eg kunne sjå at elevane koste seg

denne musikken og som då kunne få reise tilbake igjen i tida. Festen

på scena og tok publikum med storm.

vart kalla «Back to the future», namnet kjem av ein kjend 80-tals trilogi, og ein av songane vi brukte var hovudtema i denne filmen (Power Of

FOOTLOSE

Love).

Media og Kommunikasjon, valfag for 9. klasse, fekk i oppgåve å lage ein musikkvideo til julefesten. Etter nokon veker med planlegging

Korleis var det å jobbe med 10. klasse?

var det tid for filming. Alle elevane måtte ta med seg eigne 80-tals

-Det var utruleg kjekt å arbeide med 10. klasse, dei var veldig «med»

klede, og lærarane stilte gjerne med nokon dei og. «Vi starta med å

og øvde mykje, både heime og på skulen. Dei lagde videosnuttar av

filme skoscenene. Då fekk vi hjelp med resten av klassa» fortalde Dina

seg sjølve heime for å vise til meg at dei hadde øvd, det syns eg var

Løvøy(14). Til nokon av scenene fekk dei hjelp frå heile ungdomsskulen.

veldig tøft gjort. Det er ei kjekk klasse og eg er kjempeglad for at dei

Klassene møtte opp i gymsalen for å filme. Der blei det mykje dansing


og latter. Dei fekk inspirasjon frå den orginale Footlosevideoen. Salen

«Vi hadde óg mange veker på oss, men samstundes verka det ikkje som

blei pynta med ballongar, stjerner, julelenkjer og lys. «Det tok heile

om det var nok, tida flaug og plutseleg så var dagen der» sa Emilie

dagen å filme, men heldigvis var alle motiverte og greie å ha med å

Skansen Kleppe (15). I håp om å få rytmentil til å smitte over på dei

gjere.» forklarar Kari Hatløy(14).

nysgjerrige foreldra, gav elevane alt for å gi ei fantastisk forestilling.

GIRLS JUST WANNA HAVE FUN & THE LONGEST TIME

LIONEL OG WE ARE THE WORLD

I tillegg til banda fekk jentene og gutane i 10. klasse, kvar sin song

I det avsluttande nummeret, kom 10. klasse dansande inn døra med «All

dei skulle framføre. Jentene fekk slå seg laus på «Girl Just Wanna

Night Long» av Lionel Richie på høgtalarane. Dei fekk med seg både 8.

Have Fun» av Cyndi Lauper, og gutane knipsa til «The Longest Time»

og 9. klasse. Etter kvart som dei dansa seg igjennom heile salen, kom dei

av Billy Joel. Sofie Kempton(15) fekk hovudrolla som Cyndi Lauper. «Eg

seg opp på scena og fekk ein roleg slutt, «We Are The World» av Michael

hadde ikkje søkt om rolla, men når eg fekk tilbodet såg eg det som ei

Jackson og Lionel Richie. Heile ungdomsskulen sto ilag, haldande rundt

stor moglegheit. Eg hadde gode hjelparar på scena så det var ikkje så

kvarandre. Hovudrollene frå banda før, blei også observerte på scena.

skummelt som eg hadde trudd det kom til å bli. Eg angrar ikkje på at eg

Etter ei forrykande avslutting fekk dei ein tale frå rektor. «Alt hadde

tok sjansen som frontfigur» sa Sofie. «Saman med alt det morosame,

gått som planlagt, og både lærarar, publikum og elevane sjølve verka

var presset stort. Å få i gong ein koreografi som fungerte bra, til 10

veldig fornøgde. Det var litt av ein meistringsfølelse å stå på scena på

jenter og 10 gutar var ikkje lett» fortalde Ragnhild Helene Kirkholm

siste nummeret, og høyre all applausen vi fekk. Spesielt vi i 10. klasse

(15).

smilte og lo til kvarandre, og var veldig fornøgde» sa Ragnhild Helene Kirkholm (15).

Gruppene blei plasserte kvar for seg, fekk ein leiar, og idèar om ein koreografi kom sakte men sikkert. Jentene fekk i gong ein kreativ, fargerik og energisk forestilling, med trinn frå Cyndi Lauper sin musikk video. Gutane der i mot hadde ein formell og rolegare koreografi enn jentene. «Eg fekk hovudrolla i The Longest Time, det var ein meget kjekk opplevelse, det var kjekt å kome fram i rampelyset og få vere nokon andre enn seg sjølv» sa Jørgen Kløvjan Ringstad (15)


36

Stemningsbilde fr책 sommarfestival

visit fosnavaag

Foto: Stargate


Molo no 01/2014