molo no 01/2015

Page 29

Tekst: Torill Myren Foto: Siv-Elin Nærø

29

Hovdingdottera Unner forlova med Ingolf. Han er av rette folket, Herøyfolket, og utpeikt av foreldra til Unn som komande svigerson. Ei vakker vårnatt rømer Unn frå plikt og tvang og inn i kjærleiken og kjærasteforhold med opprøraren Møre-Karl. Herøyspelet har gått første veka i juli kvart år sidan 1992. På scena myldrar det av 200 profesjonelle og amatørar, skodespelarar, kor og orkester som jobbar i lag for å gi publikum ei tidsreise og ei teateroppleving, spel og drama. «Kongens ring» har heile vegen lagt vekt på å halde kvalitet i musikken og spelet, kostymar og sminke, roller og regi. Spelet vert vist i Herøy amfi som ligg på sagaøya Herøy der folk har samla seg i hundrevis av år både fordi øya har vore eit kyrkjeleg senter og etter kvart også handelsstad. Herøy kystmuseum tek i dag vare på bygningar og historie, og arbeider med å vise fram Herøy Gard som ein handelsstad frå 1800-talet. På denne delen av øya Herøy, midt i tunet på den gamle handelstaden, driv Herøyspelet sin handel av billettar og effektar, mat og drikke. Rømmegraut, vaflar og fiskekaker er klassisk og god spelmat. Med eit besøk på Herøy og Herøyspelet kan ein oppleve historia gjennom tusen år. Herøyspelhelga kjem du til Herøy med tilrettelagt buss- og båtskyss. Meir om tider, prisar, transport og så vidare finn du på wwww.heroyspelet.no


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.