Kapittel 1:
Der eg lærer meg å elske ei motorsag Treet vil ikkje velte. Eg er heilt aleine på hytta, og det store treet som står nærast hytteveggen, vil ikkje ned. Eg dreg alt eg kan, og slår inn alt eg har av kilar, men treet står like støtt. Og det verste av alt: Eg har vore så ivrig på å sikre at eg har kutta heile stammen, at eg har skore meg gjennom brytekanten. Kanten eg har sett att mellom felleskar og hovudskar som treet skal knekke kontrollert langs for å ramle ned den vegen eg vil, har fått eit stort hòl. Midt innpå, heldigvis, men likevel: Treet står, men eg veit ikkje kor mykje det står på. Helvete. Eg visste at det treet kom til å verte vanskeleg, at det ikkje kom til å velte heilt av seg sjølv. Til det var altfor mange av greinene på feil side av treet. Sitkagranene farfaren min samvitsfullt planta i etterkrigstida står no så tett at det ikkje er sollys eller plass til greiner midt i klynga. Greinene må vekse seg ut av skogen. Inn mot hytteveggane mine. Den vegen kan eg ikkje felle treet. Difor har eg utsett det. Stått under trestammen, halde rundt han medan eg kika opp for å vurdere tyngdepunktet i treet. Vorte samd med meg sjølv om at det kunne vore verre, men det kunne jammen vore betre òg. I tillegg må eg nok innrømme at stammen er den tjukkaste eg har vore borti her oppe. Kring ein halv meter i diameter, akkurat så tjukk at eg ikkje kan orsake meg med at sverdet på motorsaga er for kort. Det skal gå heilt fint å felle treet. Eg må berre ikkje gjere noko feil. Hytta mi er det mange framleis vil kalle ei ordentleg hytte. Kring 25 kvadratmeter stor, utan straum og utan innlagt vatn, og utan bilveg fram. Då farfaren min, Steinar Helle, fekk ho opp hit - til fjella bakom Holmedal, barndomsbygda mi ved Dalsfjorden - i byrjinga av femtiåra, låg ho verkeleg på fjellet òg. Med utsikt og slikt. Det gjer ho ikkje lenger. Ho er meir som den vesle stova mormor og dei åtte ungane flyttar til ute i skogen. Men ho er så fin. Dei to kilometrane og 300 høgdemetrane det er å gå frå vegen er akkurat nok til å få opp hjarterytmen og ned den mentale pulsen, men ikkje lenger enn at det meste går an å bere med seg opp. Vel framme ligg ho fint til ved ei elv som alltid er stor nok til å bade i, ofte akkurat for stor til å kome over, og full av det friskaste vatnet eg kan tenke