Nordhordland Næringslag 50 år

Page 1

Laurdag 9. juli 2022

NORDHORDLAND

ANNONSE

ANNONSØRINNHOLD NONL.

Bedriftene i regionen såg at utbygginga på Mongstad ville vera ein «revolusjon» for arbeidsmarknaden i distriktet vårt. Denne utviklinga ville lokalt næringsliv ta sin del av. Det er eit viktig bakteppe for etableringa av Nordhordfland Næringslag, seier Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag sidan 2018.

Stod fram med samla kraft – og dei vågar å tenkja stort Dei stod fram med samla kraft og greip utfordringane og den nye verda som opna seg då oljealderen kom til Nordhordland og Gulen. Nordhordland Næringslag kan no sjå seg tilbake etter 50 år og fastslå at dei har gitt viktige bidrag for å løfta fram både lokalt næringsliv og samfunnsliv. Dei er klare for nye utfordringar på veg inn i det grøne skiftet og står på barrikadane for samferdsel og større kraftforsyning. Det var først og fremst Mongstadutbygginga som var bakteppet for at bedriftsleiarar i regionen såg behovet for eit tettare samarbeid. Dei såg tidleg at det var nødvendig å stå saman i kampen for å få til ei positiv utvikling i regionen og sikra at lokale bedrifter skulle sikra seg oppdrag knytt til den store utbygginga. Nordhordland Handverk- og Industrilag såg dagens lys i juni 1972, og oppslutninga var god frå første stund.

Ein «revolusjon» - Dei såg at utbygginga på Mongstad ville vera ein «revolusjon» for arbeidsmarknaden i distriktet vårt. Denne utviklinga ville lokalt næringsliv ta sin del av, og det ville dei ikkje makta utan samarbeid, seier Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag sidan 2018. Først i 2004 vart Svein Nordvik tilsett som den første daglege leiaren i organisasjonen. Tilsetjinga av dagleg leiar medførte ei betydeleg profesjonalisering av laget. Seinare har næringslaget også styrka drifta med stillingar som er knytt til koordinering og kompetanse.

Har jobba gratis i alle år Baste Tveito er imponert over den innsatsen medlemmane

Opna dørene for alle Organisasjonen fekk stadig nye medlemmar, og etter ein lang diskusjon bestemte laget seg i 2016 for å inkludera alle næringar. Dørene vart opna for både handel og anna næringsliv. I dag har næringslaget ca 360 medlemsbedrifter, og har skifta namn frå Nordhordland Handverkog Industrilag til Nordhordland Næringslag.

Kamp for kraft, TAF, læreplass-garanti og E39 Næringslaget har vore ein viktig medspelar og pådrivar også utover sine næringsinteresser. Mellom anna har laget vore ein sentral aktør for å få etablert ein læreplass-garanti for elevar ved dei vidaregåande skulane i Nordhordland – som den einaste regionen i landet som kan tilby denne garantien til elevar som består VG2. Næringslaget har også vore med på å berga TAF-ordninga, som fleire gonger har vore under hardt press og stått i fare for å bli avvikla. Innan samferdsle er det kampen for veg- og tunnelutbygging på E39strekninga Klauvaneset-Vågsbotn som no har stor fokus hjå medlemsbedriftene i NONL. - Vi har gjort vårt for at dette prosjektet no er inne i komande transportplan-periode (NTP), men vi kan ikkje kvila på laurbæra, seier Tveito. I ei årleg medlemsundersøking i NONL kjem det klart fram at dette prosjektet er svært viktig for bedriftene. Næringslaget sitt engasjement var i si tid heilt avgjerande for å få gjort noko med flaskehalsen Åse-Herland, der medlemsbedriftene gjekk inn med

i næringslaget har lagt ned gjennom mange år – utan ei krone i godtgjersle for å vera med i styre og ulike utval. - Medlemsbedriftene gjer ein stor dugnadsinnsats i dette

forskottering av prosjektet, som elles ville blitt utsett på ubestemt tid.

Kraftkrise i det grøne skiftet Nordhordland Næringslag har også stort fokus på kraftsituasjonen og nettkapasiteten i Nordhordland. - Vi var dei første i landet, i alle fall blant dei første, som sette fingeren på manglande kraftforsyning for å utvikla nye og viktige etableringar som er heilt avgjerande i det grøne skiftet. Etter sterkt påtrykk frå næringslaget er det gitt grønt lys for to nye kablar over Fensfjorden. - Meir kraft og bygging av nye nettlinjer er kjempeviktig for nyetableringar og utvikling i t.d. Mongstad-området. Den grøne industrien er avhengig av mykje straum.

- Det hastar Baste Tveito peikar på at Vestland er svært avhengig av olje- og gassindustrien, og Nordhordland dobbelt så avhengig som resten av Vestland. - Det betyr at det grøne skiftet må koma raskare her enn andre stader, for at vi ikkje skal bli akterutsegla og mista mange arbeidsplassar. Vi har «verdas beste» infrastruktur, men manglar kraft, seier Tveito. Han framhevar det gode samarbeidet som ulike aktørar i Vestland utgjer i Næringsalliansen. Alliansen har under pandemien fungert som eit samlande talerør overfor styresmaktene. Næringslags-leiaren er også tilfreds med kommunane i regionen, som han meiner er gode på å leggja til rette for næringsområde. - Vi er ein svært næringsvenleg region både kommunalt og politisk, seier Baste Tveito.

samarbeidet – alt er basert på at bedrifter og enkeltpersonar stiller opp med frivillig innsats for å utvikla ein mest mogleg attraktiv bu- og arbeidsregion og vekstvilkår for bedriftene,

Grøne og kraftfulle jubileumsønskje - Vi har levd veldig godt av olje- og gassarbeidsplassar i generasjonar. No er ein ny revolusjon i gang – det krevst ein klar strategi for korleis denne omstillinga skal gjennomførast, seier Baste Tveito. Her er hans jubileumsønskje – med klar adresse til nasjonale styresmakter. Styresmaktene har gitt næringslivet ein klar marsjordre: Kutt klimautslepp med 50 prosent innan 2030. Hydrogenfabrikkar og batterifabrikkar blir framheva som avgjerande i omlegginga til grøne industriarbeidsplassar. Men dagleg leiar i næringslaget slår fast at dette er ein visjon det ikkje er lagt nokon konkret strategi bak for å oppnå. - Styresmaktene må først bestemma seg for kvar desse fabrikkane skal leggast, og så syta for at desse stadane får den kraftforsyninga det er behov for, seier Tveito. Han viser til at svenskane ligg langt framfor Norge i tilrettelegging for batterifabrikkar, og Storbritannia og EU eit hestehovud framfor i satsing på blå hydrogen. - Norge har visjonar, men ingen strategi som viser korleis vi skal koma dit, seier Tveito.

seier Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag.

13


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Nordhordland Næringslag 50 år by Bergensavisen - Issuu