Kyrkjelydsbladet for Balestrand nr 1-2013

Page 6

Nytt frå kykjetårnet Forskyvingar i utgjevingsdatoar for kyrkjelydsbladet I år har redaksjonen forskyvd utgjevingane litt slik at vårutgåva du no les i år kom litt etter påske. Redaksjonen har vidare lagt opp ikkje vert eit sommarnummer, men ei utgjeving som kjem ut til haustferien i starten av oktober. Soknepresten er mykje engasjert i skriving til jubileumsboka for Tjugum og eit haustnummeret er tenkt som hovudkanalen for å kunngjere det endelege programmet for kyrkjejubileum og visitas.

Innkjøp og fornying i kyrkjene Alt trådlaust lydutstyr i Noreg må skiftast ut før 1.1.2014 i samband med at frekvensane som før har vore brukt til slikt utstyr no skal brukast til mobilt breiband (det nye 4G-nettet). I Balestrand kom nytt utstyr på plass i kyrkjene i januar finansiert av gåvemidlar gjeve til kyrkjene. I samband med ny liturgi ligg boka med bibeltekstane på eit sidebord med to lys. Det er kjøpt inn sølvlysestakar til både Sæle kyrkje og Tjugum kyrkje for gåvemidlar gjeve til kyrkjene og stakane var fyrste gong tekne i bruk julaftan. Stakane som var i bruk før dette var lånt privat.

Måling i Tjugum kyrkje i desember

Dåpsfatet i Tjugum er opprinneleg laga av messing som har vore forsølva i ettertid. Soknerådet ynskte å få forsølva dette på nytt på grunn av slitasje og avskrapa forsølving midt på fatet og dåpsfatet var på plass att, skinande og flott, like etter påske. Også dette er finansiert av gåvemidlar til kyrkja. Ny lysglobe til Sæle kyrkje laga av Myhre Smie på Dokka kom akkurat tidsnok til å verte teken i bruk nyårsaftan 2012. Soknerådet har fått god respons på utforminga.

Golva i Tjugum kyrkje var svært målingsslitne og vart i desember 2012 måla av Lidal Vedlikehold & Service AS. Dørspeglane i dei to sidedørane i kyrkjeskipet vart også sparkla og måla. Dei mangla store målingsflak som hadde falle av. Desse tiltaka er typiske døme på arbeid ein ikkje legg merke til når det er gjort, men som ein legg merke til når det ikkje er gjort. Balestrand sokneråd er glade for å ha fått dette på plass før eit jubileumsår.

Resultat av fasteaksjonen I årets fasteaksjon inviterte Kirkens Nødhjelp oss til å reflektere over ordspelet “Saman for andre” og “Saman forandre”. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon har som mål å samle inn pengar til dei som treng det mest, og å fjerne årsaker til naud gjennom avgjerds-påverknad. Tysdag 19.mars 2013 var Balestrand kyrkjelyd ein av rundt 1.100 kyrkjelydar som tok del i den årlege dugnaden og hjå oss gjekk konfirmantar, konfirmantforeldre og soknerådsmedlemer med bøsse. Resultatet vart kr 23.120, det tredje beste resultatet dei siste 10 åra. Då bladet gjekk i trykken låg Balestrand øvst på fylkestoppen med kr 17,30 per innbyggar. Takk til alle som hjelpte til ved innsamlinga og til alle som gav!

6


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.