Page 1

Kyrkjelydsbladet for Balestrand Nr 1 – 2013

Vår/Sommar 2013

Årgang 43


INNHALD Andakt av Bård Haukedal Nye tonar i kyrkja. Lovsongsgrupper Balestrand sokn til Indre Sogn prosti Nytt frå kyrkjetårnet Song til Balestrand av S.Ytrefjord Statistikk og rekneskap 2012 Tjugum kyrkje 150 år Glimt frå arbeidet Trusopplæring - Tårnagenthelg Konfirmantsider Tanker fra en gudbrandsdøl i diakonipraksis Diakonens hjørne: Tankar om tilgjeving. Barneside Ny forskift til gravferdslova I glede og sorg Gudstenesteplan

DEN NORSKE KYRKJA Det aktuellesokneråd soknerådet/kyrkjelege fellesrådet Balestrand

s. 3 s. 4 s. 5 s. 6 s. 7 s. 8 s. 11 s. 12 s. 14 s. 16

KONTAKTINFORMASJON Balestrand kyrkjekontor Kjerneopningstid: Tysdag-fredag

kl. 10 - 14

Sjøtunsvegen 6, 6899 BALESTRAND Telefon: 57 69 15 48 E-post: kontor@balestrand.kyrkja.no Heimeside: www.balestrand.kyrkja.no Sokneprest Audun Systad Kontortid: Tysdag kl. 10-14(elles etter avtale) Telefon: 57 69 16 80 Mobiltelefon: 971 55 237 E-post: sokneprest@balestrand.kyrkja.no

s. 18 s. 19 s. 21 s. 22 s. 23 s. 24

Kyrkjeverje/dagleg leiar Jostein Risa (80 % stilling) Telefon kontor: 57 69 15 48 Mobiltelefon: 920 60 832 E-post: kyrkjeverje@balestrand.kyrkja.no Organist Jan Herland (30 % stilling) Telefon privat: 57 69 11 64 Mobiltelefon: 975 82 011 E-post: organist@balestrand.kyrkja.no

Kyrkjelydsbladet for Balestrand Utgjeve av Balestrand sokneråd Nr. 1 - 2013, 43. årgang

Prostidiakon Kjersti Brudvik (20 % stilling i Balestrand) Mobiltelefon: 402 47 691 E-post: diakon@balestrand.kyrkja.no

Redaksjonsutvalet Solbjørg Angelskår, Rune Haugen, Audun Systad (sokneprest) og Jostein Risa (kyrkjeverje)

Kyrkjelydspedagog Tore Brudvik (25 % stilling i Balestrand) Mobiltelefon: 47 47 68 66 (Nytt nummer) E-post: klped@balestrand.kyrkja.no

Abonnement 3 utgjevingar i året (vår, sommar, jul) Fulldistribusjon i kommunen i tillegg til ikring 75 utanbygds abonnentar. Bladpengar: kr.150,- per år (friviljug) til konto: 3805.10.32583.

Leiar i Balestrand sokneråd Helge Eilifsen Telefon privat: 57 69 16 77 Mobiltelefon: 975 42 481 E-post: helge.eilifsen@enivest.net

Trykk / oppsett Ingvald Husabø Prenteverk, Leikanger

Vakttelefon Ytre Sogn: 954 83 831 Kvardagar: 17.00-08.00 Helg/høgtid: Frå 08.00 I desse tidsromma er ein av prestane i prostiet i beredskap. Vakttelefonen nyttast om ein har bruk for prestetenester som ikkje kan vente (t.d. dødsbod, soknebod for døyande, sjelesorg/støtte i kritiske situasjonar.)

Annonser Små annonser kr.400, store annonser kr.750. Heilside etter avtale. Framsidefoto: Vår i Esebotn. Biletet er teke under “Esefjorden rundt” 1. mai 2012. I framgrunnen ser vi løa frå garden Hjelseng. Til venstre ser vi foten av Vindreken og midt på biletet stikk Gulleplet fram. (Foto: Jostein Risa)

Heimeside: balestrand.kyrkja.no Her finn du oppdatert gudstenesteinformasjon, konfirmantinformasjon, skjema for innmelding av dåp og vigsel, kyrkjegardsføresegner. Vidare kan du søkje etter gravlagde på kyrkjegarden, laste ned årsrapport, dette bladet i pdf-format osb.

2


Andakt

Ei tid for å dansa Har du sett sola dansa? Rart spørsmål, synest du kanskje. For ho gjer jo ikkje det. Sola ho skin, strålar, varmar og gjer godt, men dansa gjer ho no ikkje. Eg har nok ikkje sett sola dansa, men no må eg innrømma at eg ikkje har sett så godt etter heller. Men kanskje nokon såg ho gjera det i påska? Det er nemleg då det blir påstått at sola gjer det. Ikkje kvar dag, men ein heilt bestemt. Fyrste påskedag om morgon då dansar sola. Det var i middelalderen dei oppdaga dette forunderlege fenomenet, og fleire stader i landet vårt har det vore tradisjon å dra til fjells grytidleg om morgonen 1.påskedag. Dei ville sjå sola stå opp. Dei ville oppleve henne dansa over fjelltoppane. Eg veit ikkje kva du tenkjer om dette fenomenet? Kan vera dei tok litt sterkt i dei som påstod dette? Eg er ikkje så sikker på om dei ville støtta teorien på meteorologisk institutt, eller kva den engasjerte astrofysikaren Knut Jørgen Røed Ødegaard ville sagt. Men det får vera. Det er ikkje så nøye. Det er forklaringa eg synest er så flott. Kva det var som gjorde at ein meinte at sola dansa akkurat denne dagen. Og kva var det då? Jau, ho dansa i glede over at Jesus stod opp frå grava. Ho jubla over Jesus sin seier over døden. Ho kunne ikkje halde seg i ro i glede over mor-

Foto: Solbjørg Angelskår gonen som kom med lyset og livet, og som planta håp midt på vår jord. Så er det mogeleg dei tok litt sterkt i dei som meinte sola dansa, men det som hende 1.påskedag er grunn god nok for både den eine og den andre til å bevega litt på seg.

å syrgja og ei til å dansa.” Men når tida for å dansa er der, så kan ein kanskje - saman med sola – våga seg frampå og ta nokre trinn. Den gode bodskapen påskedagen møter oss med, er i alle fall ein god grunn til å gjera det.

Påskeforteljinga inneheld sterke kontrastar. Her er sorg og glede, nederlag og sigrar, sjokk og trøyst, fortviling og håp. Slik kan vi òg oppleve livet. Dagane kan vera så ulike, men påska vil minne oss om at det finst ein soloppgang. Det finst ein kjærleik som er sterkare enn døden, og eit håp som står som fjellet fast.

Bård Haukedal

Det gjer ikkje livet enkelt. Han har så rett Forkynnaren i Gamle testamentet som seier at alt har si tid: ”Ei tid til å gråta, ei til å le, ei tid til 3

Bård Haukedal er sokneprest i Sogndal og fungerande prost i Indre Sogn prosti. På neste side kan du lese meir om at han no er prost også for Balestrand.


Nye tonar i kyrkja Denne vinteren starta ei musikalsk nysatsing i gudstenestene her i Balestrand. Observante kyrkjegjengarar har kanskje lagt merke til at lovsongen i kyrkja har hatt litt større plass denne vinteren. To forsongargrupper har delteke på fleire av gudstenestene med songinnslag og som forsongarar. Regina Hector er ein av initiativtakarane bak lovsongssatsinga. Ho fortel om bakgrunnen for oppstarten: -Eg trur det lenge har vore eit ønske om å komplementarar songen i kyrkja med andre songar enn dei vanlege salmane. Eg har tidlegare bidrege med lovsong og solosong i kyrkja og hadde eit ønske om å organisere det så planlegginga gjekk lettare. Regina blei etterkvart spurt om å starte lovsongs/forsongargrupper og arbeidet var i gang i januar i år. No er det 14 personar i lovsongstenesta som syng og speler for og med kyrkjelyden. Foreløpig er det to grupper som vekslar på å vere forsongarar på ti av vårens gudstenester, men ønsket er at det skal verte meir framover.

framover: - Det hadde vore svært kjekt om vi kunne bli fleire som ville vere med og synge og spele i gruppene så vi kunne hatt med lovsongsgrupper i alle gudstenestene! Dei interesserte kan kontakte meg, Audun eller andre i lovsongsgruppene. Mange tenker kanskje at dei ikkje er flinke eller ikkje vil synge åleine, men eg oppfordrar alle som vil til å ta sjansen. Vi får kome med det vesle vi kan til Jesus og så kan ha gjere noko stort ut av det, avsluttar Regina.

Songane vert vald ut i samarbeid med presten utifrå tema for gudstenesta. Gruppene er forsongarar på sine songar i lovsongsdelen, men er av og til med som forsongarar på salmane også. -Her prøver vi oss litt fram, seier Hector. Ho fortel vidare kva dei ønskjer med denne satsinga på lovsong; -Vi ønskjer å løfte fram betydningen av song generelt og lovsong spesielt i gudstenesta. Det er songane som forsterkar og løfter fram temaet i gudstenesta og vi er sikre på at Gud taler til oss gjennom songane me syng. Lovsongen er og muligheten vi har i gudstenesta til å gi vårt svar til Gud for alt han gir oss. Gjennom lovsongen kan vi takke, prise og be til vår Far. Det har kome mange positive tilbakemeldingar på lovsongstiltaket allereie fortel Regina. -Mange syns at meir og betre song hevar gudstenesta og tydeleggjer bodskapen. Eg trur også at mange opplever det positivt at vi satsar på gudstenestene i kyrkja.

Utfordringa er hermed gitt. SA

Regina Hector deler også tankar om lovsongstenesta 4


Balestrand sokn til Indre Sogn prosti Etter vedtak i Bjørgvin bispedømeråd 6.mars 2013 vart Ytre Sogn prosti lagt ned. Sokna i Balestrand og Vik vert frå same dato lagt til Indre Sogn prosti som truleg snart vil skifte namn til Sogn prosti. Indre Sogn prosti er no samansett av åtte kommunar: Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland. Endringane av prostigrensene er godkjende av departementet og har nok fyrst og fremst økonomiske grunnar: Bjørgvin bispedømeråd sparar inn ei prostestilling, samt kontorutgiftene og sekretærressursen som har vore knytt til denne stillinga. Geir Sørebø som har vore prost i Ytre Sogn held no fram som prost i Norhordland prosti i full stilling, og han får med seg Gulen og Solund sørover. Høyanger og Hyllestad er lagt til Sunnfjord prosti. Bård Haukedal er for tida vår nye prost i Indre Sogn prosti. I tillegg til at han vart spurd om å skrive ein andakt til vårnummeret vårt (sjå side 3) ynskte kyrkjelydsbladet å stille han nokre spørsmål:

Endringa av prostigrensene vart markert ved den siste prostisamlinga for Ytre Sogn prosti som fann stad i Høyanger 28.februar 2013. Vi ser her prostane i dei tre utvida prostia dele prostikaka frå Ytre Sogn mellom seg: Bård Haukedal (Indre Sogn prosti), Geir Sørebø (Norhordland prosti) og Reidar Knapstad (Sunnfjord prosti). (Foto: A. Systad) nedlegging av Ytre Sogn prosti og endring av prostigrensene, utan at det har vore ei hovudårsak til at ein har venta med utlysinga. Men no er altså stillinga som ny prost i det nye prostiet utlyst, og ein håpar å få tilsett ny prost no i vår. Kva tenkjer du om at tidlegare Indre Sogn prosti no er utvida med sokna i Vik og Balestrand? Det er jo alltid spennande med endring og nye ting, og det tar jo sjølvsagt litt tid å finne ut av korleis ein best mogeleg kan samordna den nye eininga. Men ingen har ilt av å tenkje nye tankar, og eg trur at mange opplever at når det skulle skje ei endring av prostigrensene, så var det eit naturleg val at Vik og Balestrand vart lagt til Indre Sogn. Eg har vel òg ei kjensle av at mange i Balestrand og Vik kjenner minst like stor tilknytning innover i fjorden som utover. Ein ting i alle høve viktig å få sagt: De er velkomne !

Bård Haukedal, du har tittelen “fungerande prost”. Kan du seie litt om deg sjølv, tittelen og dine oppgåver som prost? Eg er 54 år gammal, kjem frå Åsane i Bergen og har meir enn 20 års fartstid som prest i Sogn. Eg kom hit til stillinga som vikarprest i Sogn (både Ytre og Indre), men har dei fleste av åra i Sogn vore prest i Sogndal. Dei siste to åra har eg i tillegg vore fungerande prost i Indre Sogn prosti, etter at Jermod Hausberg gjekk av i mars 2011. Å vera fungerande prost er å ha ansvar for prostetenesta i ein periode når ein ikkje har fast prost på plass: Prosten leier prestetenesta i prostiet med alt det inneber av administrasjon, personalleiing og tilrettelegging og utvikling av prestetenesta i prostiet. Prosten har òg ei viktig oppgåve i å spele på lag med fellesråd, kyrkjeverjer og dei andre medarbeidarane i prostiet. Samstundes gjer prosten òg vanleg presteteneste.

Korleis ser du på framtidsutsiktene til prostiet (høve til samarbeid, prestesituasjon osb)? Eg tenkjer at det er viktig å sjå positivt på framtidsutsiktene til prostiet. Det er ein fin stad på jorda, mange gode medarbeidarar og mykje godt arbeid som blir gjort, og eg har god tru på at det går an å byggje vidare på det som er og utvikle det vidare. Så vil det vera utfordringar òg, det høyrer med. Det er alltid spennande om vi klarar å rekruttere medarbeidarar til ledige stillingar. Eg trur òg at det berre blir viktigare og viktigare å få til gode samarbeidsrutinar og ei oppleving av at vi alle er med og har ei viktig oppgåve på same laget. JR

Kan du fortelje litt om prosessane knytt til utlysing og tilsetjing av ny prost i Sogn prosti? Den har tatt si tid prosessen med å få utlyst og tilsett ny prost i prostiet. Det har vore fleire årsaker til det, mellom anna at bispedømet har vore i ein krevande økonomisk situasjon. Samstundes har ein hatt prosessen med 5


Nytt frå kykjetårnet Forskyvingar i utgjevingsdatoar for kyrkjelydsbladet I år har redaksjonen forskyvd utgjevingane litt slik at vårutgåva du no les i år kom litt etter påske. Redaksjonen har vidare lagt opp ikkje vert eit sommarnummer, men ei utgjeving som kjem ut til haustferien i starten av oktober. Soknepresten er mykje engasjert i skriving til jubileumsboka for Tjugum og eit haustnummeret er tenkt som hovudkanalen for å kunngjere det endelege programmet for kyrkjejubileum og visitas.

Innkjøp og fornying i kyrkjene Alt trådlaust lydutstyr i Noreg må skiftast ut før 1.1.2014 i samband med at frekvensane som før har vore brukt til slikt utstyr no skal brukast til mobilt breiband (det nye 4G-nettet). I Balestrand kom nytt utstyr på plass i kyrkjene i januar finansiert av gåvemidlar gjeve til kyrkjene. I samband med ny liturgi ligg boka med bibeltekstane på eit sidebord med to lys. Det er kjøpt inn sølvlysestakar til både Sæle kyrkje og Tjugum kyrkje for gåvemidlar gjeve til kyrkjene og stakane var fyrste gong tekne i bruk julaftan. Stakane som var i bruk før dette var lånt privat.

Måling i Tjugum kyrkje i desember

Dåpsfatet i Tjugum er opprinneleg laga av messing som har vore forsølva i ettertid. Soknerådet ynskte å få forsølva dette på nytt på grunn av slitasje og avskrapa forsølving midt på fatet og dåpsfatet var på plass att, skinande og flott, like etter påske. Også dette er finansiert av gåvemidlar til kyrkja. Ny lysglobe til Sæle kyrkje laga av Myhre Smie på Dokka kom akkurat tidsnok til å verte teken i bruk nyårsaftan 2012. Soknerådet har fått god respons på utforminga.

Golva i Tjugum kyrkje var svært målingsslitne og vart i desember 2012 måla av Lidal Vedlikehold & Service AS. Dørspeglane i dei to sidedørane i kyrkjeskipet vart også sparkla og måla. Dei mangla store målingsflak som hadde falle av. Desse tiltaka er typiske døme på arbeid ein ikkje legg merke til når det er gjort, men som ein legg merke til når det ikkje er gjort. Balestrand sokneråd er glade for å ha fått dette på plass før eit jubileumsår.

Resultat av fasteaksjonen I årets fasteaksjon inviterte Kirkens Nødhjelp oss til å reflektere over ordspelet “Saman for andre” og “Saman forandre”. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon har som mål å samle inn pengar til dei som treng det mest, og å fjerne årsaker til naud gjennom avgjerds-påverknad. Tysdag 19.mars 2013 var Balestrand kyrkjelyd ein av rundt 1.100 kyrkjelydar som tok del i den årlege dugnaden og hjå oss gjekk konfirmantar, konfirmantforeldre og soknerådsmedlemer med bøsse. Resultatet vart kr 23.120, det tredje beste resultatet dei siste 10 åra. Då bladet gjekk i trykken låg Balestrand øvst på fylkestoppen med kr 17,30 per innbyggar. Takk til alle som hjelpte til ved innsamlinga og til alle som gav!

6


Organist og kyrkjelydspedagog går av Organist Jan Herland har sagt opp stillinga si frå 1.august 2013 for å gå av med pensjon. Han vart tilsett som organist 1.august 1979 og har ved avgang gjort teneste som organist i Balestrand i nøyaktig 34 år! Dette står det respekt av. Herland var også kyrkjelydssekretær ein lang periode frå 1.1.1978.

Foto: Jostein Risa

Song til Balestrand

Kyrkjelydspedagog Tore Brudvik har sagt opp stillinga si frå 1.juli 2013, også han for å ta ut pensjon. Tore Brudvik har tidlegare jobba mange år i Balestrand som kyrkjetenar og kyrkjeverje. I denne omgangen var han tilsett frå 1.september 2011 og har dermed vore nesten to år i stillinga.

Ved Sognefjord eg veit ei grend med lange, slake lier. Ho er ‘kje stor, men vide kjend og lovprist gjennom tider. Med fjord og fjell og himmel vid, med snø på toppar, med lauv i li. Slik står ho fram i all si prakt; Eit under i frå skaparmakt.

Soknerådet ynskjer å ha ei markering for dei to som går ut av teneste ved ein utvida kyrkjekaffi etter gudstenesta i Tjugum 9. juni. Dei to stillingane har vore utlyste med søknadsfrist 9.april 2013, etter at dette bladet vart sendt til trykking.

Her sit kong Bele på sin haug, og beint tvers over fjorden står Fridtjov Frøkne, rank og stor av herseætter boren. Vårt sogegull frå Vikingtid er hegna om her i bygdi mi. Det knyter band med fari ætt som odla oss vår heimstadrett.

Gudstenesteplanen vår/sommar 2013 På baksida av dette bladet kan du som vanleg sjå planlagde gudstenester fram til neste utgjeving av kyrkjelydsbladet. Vi må ta eit ekstra atterhald om at klokkesletta for 2.halvår kan verte endra pga samordning av preste- og organistressursar i det nye Sogn prosti. Fylg med på heimeside og plakatar. Her nemner vi nokre av gudstenestene:

Ja, Balestrand mi heimbygd kjær med vollar, li og lundar. Du er meg alltid like nær sjølv når mitt auga blundar. Du lyser bjart når livet gror med eplehagar i blomsterflor. Dei Esefjell i snøkvit drakt; Eit under i frå skaparmakt.

Friluftsgudsteneste på Lunde 2.juni I staden for å ta med oss blomstrar inn vil vi i årets blomstergudsteneste gå ut til blomstrane. Vi trur badeplassen på Lunde (nær arboretet og prestegarden) vil gje ei fin ramme for denne gudstenesta der det også vert utdeling av 4-årsbok og kyrkjekaffi.

Så mang ein kunstnar såg ditt gull, dei mange blåe tonar. I strålelys frå himmelrømd fekk kunstnaren visjonar. Og ferdafolk frå alle land ditt blide åsyn dei tek i famn. Her funn dei fred i luft så rein frå fjell og ned til fjørestein.

Friluftsgudstenester sommaren 2013 På ein så flott stad som Balestrand er det ei stor glede å kunne ha gudstenester ute i den varme årstida. I år vert det i tillegg til gudstenesta på Lunde 2.juni friluftsgudstenester 30.juni på Stølsberg, 18.august i Holmen (diakoniens dag) og 1.september i Nessadalen.

Sjå Esefjorden blank og blå i svartstilla myser dersildestimar er å sjå når augustmånen lyser. Her våre fedrar sette bu, og ættararven fekk eg og du. Når våre dagar talde er, du unner oss å kvila her.

Gudstenester på Kvamsøy jonsokafta og olsokafta Jonsokafta 23.juni kl.12.00 får vi musikalsk besøk av Jostedal songlag på Kvamsøy. Folk må som vanleg gjerne ta med litt mat og drikke til felles kyrkjekaffi på kyrkjebakken. Olsokafta 28.juli vert det gudsteneste same tid. Båtskyssen startar å gå ca 1 time før gudstenestene.

7

Sigrun Ytrefjord


Statistikk og rekneskapsresultat frå Balestrand sokn sin årsrapport 2012 Balestrand sokneråd sin årsrapport for 2012 vart lagt fram for soknemøtet i årsmøtet etter tårnagentgudstenesta i Tjugum kyrkje 10.mars 2013. Rapporten dekkar heile spekteret av soknerådet si verksemd frå vedlikehald av kyrkjer og oversyn over tilsette til gudstenestestatistikk og trusopplæring. Som vedlegg til soknerådet sin årsrapport finn du årsmelding frå diakonen og i 2012 også ei eiga årsmelding frå soknepresten. Du vert med dette oppmoda om å bla gjennom heile årsrapporten som kan lastast ned som pdf-fil frå heimesida balestrand.kyrkja.no. Årsrapport og rekneskap kan du også finne på rådhuset, grendsakulane, biblioteket og på kyrkjekontoret. Medlemsstatistikk og kyrkjelege handlingar 2012 2011 2010 2009 Medlemer, innmeldingar og utmeldingar Medlemer m tilhørige pr.31.12 1037 1054 1077 1096 … endring i tal medlemer frå året før -17 -23 -19 -19 Innbyggarar i kommunen 1337 1338 1343 1347 Medlemsprosent (medlemer av innbyggjarar i kommunen) 78 % 79 % 80 % 82 % Innmeldingar (i tillegg til dåp) 2 0 1 7 Utmeldingar 1 0 2 6 Kyrkjelege handlingar Dåpshandlingar ... av desse dåp av personar med bustadadresse i soknet Forbøn for konfirmantar: Vigsler ... av desse vigsler der minst ein av ektef. hadde bustadadresse i soknet ... av desse vigsler av par utan lokal tilknyting (”utanbygds” vigsler) Gravferder (jordpåkastingar utført av prest i soknet).

7 16 3

3

11

13 5

8

2

1

4

3

0

3

6

3

11

17

22

19

11 16 11

14

8

17 6

12

nedgangen gjeld også dåp av born med besteforeldre i Balestrand / utanbygds dåp. Nedgangen i dåpstal er også med på å forklare nedgangen i gudstenesteframmøtet (sjå neste side). Med 15 færre dåpar og 15-20 personar i kvart dåpsfølgje er det snakk om ein nedgang på 2-300 personar. Talet vigsler i 2012 er det lågaste på mange år, men alle vigslene hadde ei lokal tilknyting. 2012 er det fyrste året utan “utanbygds” vigsler sidan 2003. I statistikken til DnK tel ein gravferder (jordpåkastingar). Dette talet var 11 i 2012, ein markert nedgang frå 2011 då det var 17. Gjennomsnittleg tal gravferder frå og med 2004 er 15,3 per år.

Medlemsprosenten har som elles i Noreg gått ned med nokre prosentpoeng i året over lengre tid og medlemsprosenten i Den norske kyrkja i Balestrand nærmar seg ¾ av innbyggjarane i kommunen. Når nedgangen i medlemstalet i kyrkja i Balestrand er større enn nedgangen i innbyggartalet i kommunen skuldast dette truleg at dei fleste av dei som døyr er medlemer, medan ein høvesvis stor del av dei som kjem flyttande til Balestrand ikkje er medlemer i Den norske kyrkja. Det har vore 1 utmelding og 2 innmeldingar i 2012. Talet dåpar held fram nedgangen frå 2011 og er no under 1/3 av tala i 2008 og 2010. Dette heng delvis saman med nedgangen i fødselstal i kommunen, men 8


Gudstenestestatistikk Type gudsteneste Alle gudstenester (forordna og andre) inkl. skule/institusjon Alle gudstenester på sun- og helgedagar “Forordna” gudstenester Alle gudstenester tidl Tjugum sokn (inkl. skule, institusjon) Alle gudstenester tidl Kvamsøy sokn 1. Gudstenester med nattverd (Deltakarar=Nattverdgjester) 3. Familie - og barnegudstenester (Ikkje julaftan) 4. Gudstenester for ungdom (ikkje konfirmasjonsgudst) 5. Gudstenester for barnehage- og skoleborn 6. Gudstenester julaftan

2012 2011 2010 2009 Delt.tot/ gj.snitt Delt.tot/ gj.snitt Delt.tot/ gj.snitt Delt.tot/ gj.snitt 52 3231 62 56 3346 60 41 2882 70 45 3042 68 41 42

57 3463 61 44 3141 71 42

63 3428 54 44 2962 67 43

37 2448 66 40 2435 61 15 783 52 16 911 57

42 2676 64 15 787 52

45 2534 56 18 894 50

20 702 35 22 624 28

28

808 29

34 882 26

7 463 66 7 484 69

8

566 71

6 564 94

1 60 60 3 219 73 2 144 72 2 167 84 3 258 86 3 294 98

4 1 3

386 97 22 22 290 97

3 237 79 3 188 63 3 290 97

Andre arrangement Konsertar og musikkandaktar 1 177 177 3 360 120 2 162 81 1 215 215

ein seie at soknepresten har fått fleire oppgåver innanfor same stillingsressurs: Med ansvar også for Feios og Fresvik må presten i større grad konsentrere seg om dei ordinære gudstenestene på sun- og helgedagar.

Gudstenester på sun- og helgedagar har halde seg relativt stabilt dei siste par åra, medan totalt tal gudstenester har gått noko ned. Reduksjonen frå 2011 skuldast hovudsakleg at det var 3 færre gudstenester med nattverd på Helsetunet (6 vs 9 dei to føregåande åra). Generelt kan Offerstatistikk Samla inn ved offer/kollekt i kyrkja ... av dette til eiga verksemd ... til eiga verksemd i prosent …gj.snitt per offer Tal gudstenester med offer Samla inn ved gjevarteneste (giro + tiende) Heile summen til eiga verksemd Andre innsamlingar og gåver (Fasteaksjon KN , SKRIK, minne-gåver, offerlegat, andre gåver) ... av dette til Fasteaksjonen ... av dette til eiga verksemd (2012: 50’ jub.bok)

2012

2011

2010

2009

106 730 107 077 37 345 29 397 35 % 27 % 2 668 2 549

114 032 31 779 28 % 2 426

115 873 29 140

40

42

26 215

25 240

72 169 21 537

Sjølv om det har vore ein nedgang i totalt innkome offer i tråd med færre gudstenester kan ein glede seg over at gjennomsnittet av innkomne midlar per gudsteneste i 2012 er den høgaste som har vore etter samanslåinga til eitt sokn i 2004. Gjevartenesta til eiga verksemd viser i 2012 ein auke på ca 4 % frå 2011. Dette er gåver som vert gjevne via giro i kyrkjelydsbladet eller gjennom gjevarteneste: Nokon gjev fast ein del av tienda (10 % av all inntekt ein har) til kyrkjelydsarbeidet. Når det gjeld “andre gåver” til eiga verksemd er Balestrand sokneråd svært glade for ei stor gåve på kr 50.000 til jubileumsboka frå ein privatperson i fylket. Etter dekking av bok¬utgifter i 2012 vart resten av gåva (46.667) sett inn på bunde fond for å dekke utgifter som kjem i 2013. 9

50 632

28 770 20 600 8 170

25 % 2 575

47 29 460

45

18 020

44 604 25 550 4 987

23 665 19 205

Offer til “det lokale kyrkjelydsarbeidet” – kva går det til? Trusopplæring • 4- og 6-årsbøker • Biblar til 5-klassingar • Minikonfirmantleir • Delar av konfirmantopplegget som ikkje vert dekka av kommunen • Stønad til KRIK / skulelag / kor Diakoni • Blomehelsingar til pårørande ved dødsfall • Bøker/materiell som kan delast ut ved behov. • Klubb for psykisk utviklingshemma Vaksenopplæring • Brudeparbiblar ved vigsler i Balestrand • Kompetanseutvikling/kurs uløna medarbeidarar

0


Årsrekneskapen 2012

Årsrekneskapen for 2012 viser at driftsrekneskapen kom ut med eit mindreforbruk (overskot) på kr 7.896,54 i høve til budsjettet.

Kommentarar til mindreforbruk i 2012 Det er mange faktorar som spelar inn på resultatet. Lønsutgifter til faste stillingar som i rekneskapen samla er kr 33.000 større enn budsjettert (jf lønsauke) vert balansert av at pensjonsutgiftene totalt vart 20.000 mindre enn budsjettert og at kostnader ved bruk av ekstrahjelp/vikarar vart 13.000 mindre enn budsjettert. Under er det lista opp nokre av avvika mellom rekneskap og budsjett som kan vere med på å forklare mindreforbruket i 2012 (avrunda summar): a) b) c) d) e) f) g)

Meirforbruk husleige kyrkjekontor pga ny avtale med dyrare reinhald. Meirforbruk refusjon av lønskostnader diakon til Vik kf pga høgare pensjonskonstnader Meirforbruk 11304 Kommunikasjon pga tilkoplingsavgift nytt fibernettverk. Meirforbruk straum (jf varme på i Tjugum krk fleire veker pga måling golv i desember) Mindreforbruk pga ikkje kontroll av brannalarmanlegg i kyrkjene (forskyving mellom to år) Meirinntekt festeavgifter – fekk inn meir enn dei budsjetterte 75 % av utsende festekrav Mindreforbruk tenestekjøp kyrkjegardane (færre lokale gravf 10.000) + reinhald krk 5.000 Nettosum av desse avvika (som kan vere med og forklare overskot på ca 8 000)

-8 000 -6 000 -3 000 -3 000 5 000 8 500 15 000 8 500

OVERSYN OVER UTGIFTER I DRIFTSREKNESKAPEN 2012 Prosentmessig fordeling av Balestrand sokneråd sine utgifter i driftsrekneskapen inkludert midlar avsett til fond. MVA –delen er forholdsvis større i 2012 samanlikna med i 2011 pga mva-refusjon frå investeringar på Kvamsøy. Kjøp av varer og tenester er forholdsvis stor samanlikna med lønsutgiftene av di tidlegare stilling som kyrkjegardsarbeidar (kyrkjetenar ute) er erstatta av tenestekjøp.

OVERSYN OVER INNTEKTER I DRIFTSREKNESKAPEN 2012 Prosentmessig fordeling av Balestrand sokneråd sine inntekter i driftsrekneskapen for 2012 - inkludert bruk av fond / avsette midlar. Totalinntekta på 2.369.500 er sett saman av drifts¬inntekter, renteinntekter og bruk av fond. Statlege tilskot er hovudsakleg tilskot til stillinga som kyrkjelydspedagog i Vik og Balestrand.

10


Tjugum kyrkje 150 år (1863-2013) Nyhende vedrørande kyrkjejubileet Jubileumsbok Tjugum kyrkje 150 år: Kommunal løyving og stor privat gåve Soknerådet søkte kommunen om stønad på ikring 100.000 til utgjeving av jubileumsbok og andre utgifter ved jubileumsfeiring/visitas. I ein vanskeleg økonomisk situasjon gjorde Balestrand kommune vedtak om ei løyving i 2013-budsjettet til kyrkjejubileet (bok og feiring) på kr 60.000. Tidlegare i 2012 var det løyvd kr 14.000 til boka av kulturmidlar. Etter avisoppslag om boka i desember kom det i tillegg ei svært gledeleg og stor, privat gåve på kr 50.000! Med dei nemnde løyvingane og gåvene i ryggen - i lag med eigne fondsmidlar og stor dugnadsinnsats – kunne det gjevast endeleg grønt lys for bokutgjeving. For å kome i hamn er soknerådet likevel framleis avhengig av støtte frå lokale støttespelarar. Det er sendt ut brev til lokale bedrifter med spørsmål om stønad til denne spennande bokutgjevinga som boknemnda jobbar intensivt for å fullføre denne våren.

di han ynskjer å ta del i feiringa. Han var i Balestrand for fyrste gong i 2005. Konsert i Tjugum kyrkje 24.august Egil Einan som er kantor i Luster er invitert til å halde orgelkonsert i Tjugum kyrkje laurdag 24.august kl.18.00. Det vil truleg også verte song av Eyolf Østrem som syng musikk frå mellomalderen og seinare. Konserten er planlagt kombinert med ei vandring til kyrkja via “gamlevegen” leia av Bjørg Bjøberg. Følg med på kunngjeringar og plakatar. Jubileumskonsert 31. oktober: Duoen Garness med band og gjest Programmet for jubileumsveka for Tjugum kyrkje 150 år er enno ikkje heilt spikra, men vi vil likevel nemne eit par av godbitane vi har å gle oss til:

Besøk av biskop Skrenes (USA) Bishop Thomas A. Skrenes er biskop for Northern Great Lake Synod i Den evangelisk-lutherske kyrkja i USA. Han har røter og slekt i Balestrand og soknepresten melder at han har lagt ferien sin til jubileumsveka av

11

Torsdag 31.oktober vert det stor jubileumskonsert i kyrkja med duoen Garness med band. Garness består av tvillingsystrene Hildegunnn Garnes Reigstad og Ingelin Reigstad Norheim som har gjeve ut to album dei siste åra. Du finn meir info på garnessmusic.com. Vi har dessutan gleda av å kunngjere at bestemor deira, den kjende lyrikaren Haldis Reigstad, vert med som gjest under konserten og vil lese eigne dikt. Balestrendingar har også vore med og påverka kyrkjehistoria i Noreg og onsdag 30.oktober vert det eit spennande foredrag ved rektor ved Menighetsfakultetet, kyrkjehistorikar Vidar L. Haanes. Fullstendig program og meir informasjon kjem i neste kyrkjelydsblad som kjem ut i starten av oktob


Glimt frå arbeidet Det vart i 2012 gjort fosøk med å kombinere lysmesse og julekonsert ved at mange av lysmesseledda var innbakte i julekonserten med prosesjon, lesingar og bøner av konfirmantar og prest. 16.desember avlslutta Balestrand songlag (dir. Gerda Otterstein) og Balestrand musikklag ei flott fellesavdeling med Slavekoret frå Verdi-operaen “Nebukadnesar”.

Konfirmant Iselin Sande Bakke var var med og tende lys fyrste gongen den heilt nye lysgloben i Sæle kyrkje var teken i bruk nyårsaftan.

Trond Kråvik i Sæle kyrkje julaftan. I samband med vakant prestestilling i Vik vart det jula 2012 slik at Audun Systad hadde gudstenester i Feios og Vik, medan Trond Kråvik var lek gudstenesteleiar i Sæle og Tjugum.

Ungdomsgudstenesta fredag 11.januar markerte oppstarten av Ungdomsåret 2013 i Bjørgvin. Balestrand ungdomskor song og eit team frå Fjellhaug Bibelskule med Ragnhild Kråvik frå Balestrand og tre andre hadde vitnemål og song. Kyrkjelydspedagog Tore Brudvik hadde andakt og mange deltok i bønevandringa som også inkluderte nattverd. 12


Baluba hadde tysdag 12 mars invitert den kjende artisten Tore Thomassen til øvingsdag rett etter skuletid og fram til konsert same kveld på bedehuset. Han spela på både små og store gitarar og det vart ein triveleg konsert både for dei på podiet og dei i salen.

Nesse barnehage inviterte presten til å ha ei samling på oppvekstsenteret før påske.

13

Denne våren har det vore to minikonfirmantgrupper. Diakon Kjersti Brudvik har hatt dei fleste samlingane på Sagatun, medan Audun Systad hadde den siste og samlingane på Fjordtun. På bileta ser vi Sagatun-gjengen (over) og Andrine Sværen som har dåpsopplæring (bokstaveleg tala) på Fjordtun. Laurdag 6. - sundag 7.april var dei på leir på Alværa i lag med minikonfirmantar frå Vik.


Tårnagentar i Tjugum kyrkje Ti forventningsfulle 8- og 9-åringar møtte fram i kyrkja laurdag 9.mars. Saman med Tore kyrkjelydspedagog, Kari og Gjertrud frå trusopplæringsutvalet og foreldra Gunn Beathe og Elin utforska dei kyrkja og leita etter skattar. Tårnagentane vart utstyrte med id-kort og passord for å starte på skattejakta. Dei skulle trene på å observere og legge merke til uvanlege ting. Dei måtte gje fingeravtrykk på siste stasjonen i labyrinten. Då fann vi ut at alle har sitt eige unike fingeravtrykk. På same måte er vi alle unike skapningar for Gud. Ei kryssordoppgåve måtte dei løyse for å koma vidare. Løysingsorda gav dei ein peikepinn på kvar skattane i kyrkja låg. Etter kvart fann tårnagentane både dåpsfat med mugge, nattverdkalk med disk, altarbibel og altarlysestakar som låg gøymt i “skattekister” Rundtom i kyrkja.

song, tårnagentsongen. Dei øvde og på inngangsprosesjon der dei bar med seg alle skattane dei hadde funne. Til gudstenesta teikna vi til teksten for dagen; Brødet frå himmelen, som er Jesus. På gudstenesta søndag deltok tårnagentane med i inngangsprosesjon, tårnagentsangen og viste fram skattane i kyrkja, som Audun prest spurde dei ut om.

Vi snakka om det vi hadde funne og kva det betydde, om kva dåpen var, om nattverdbrød og vin, om kva Bibelen betydde for oss og korleis lysa på alteret minna oss om Jesus som er eit lys for alle menneske. Det var heilt klart at tårnagentane måtte undersøkje tårnet og kyrkjeklokka. Dei klatra opp alle trappene og kom til slutt opp til tårnrommet der klokka hang. Det var spanande å få klokka til å svinge og slå litt med kolven så vi høyrde klokkeklangen. Då måtte alle halde seg for øyrene.

Tårnagentopplegget er utarbeidd av Søndagsskulen i Noreg og ca ein søndag i månaden er det søndagsskule på Bedehuset Betel der borna i skulealder har eigne Tårnagentsamlingar på loftet. Sjå også nettsida tarnagentene.no. Det var triveleg å ha tårnagentar i kyrkja, som vi til no har hatt annakvart år, vekselvis i Tjugum og Sæle kyrkje. Takk til foreldra som var med!

Alt det som agentane hadde høyrt og lært, skulle dei ta med seg til gudstenesta dagen etter. Dei øvde inn ein

Tore Brudvik, kyrkjelydspedagog 14


15


Konfirmant 2013 Konfirmantleir på Alværa 18-20.januar Denne leiren var Balestrandkonfirmantane i lag med konfirmantar frå Hyllestad. Ein sentral del av leiren var å førebu gudstenesta på søndag og prest Magnar Hellesøy frå Flekke hadde ansvar for både for forarbeidet og sjølve gudstenesta. Han har eit samarbeid med Hyllestad no med ”Ung Messe”. Magnar har lete skjegg og hår gro, og mange synst han minna om det bilete ein har av Jesus. Det nytta han og i forkynning og samtale med dei unge. Konfirmantane bidrog med både bøner, musikk, fotografi og andre innslag i gudstenesta. Soknepresten i Hyllestad, Ole Agnar Helland var organist i lag med konfirmantmusikantar. Frå Balestrand var Andrea Ålen og Anette Friborg frå konfirmantteamet med som leiarar i lag med Kari N. Systad og Audun Systad. Første kvelden var det leiarane som hadde ansvar for leikar og moro. Andre kvelden var det konfirmantane , og det var veldig kjekt! Ved bønevandringa laurdagskvelden kunne ein skrive bønelappar, tenne lys, eller bli bedd for. Denne samlinga vart spesielt fin og sterk for mange. Dei to konfirmantgruppene fungerte godt i lag og både deltakarar og leiarar fortel om god stemning og mange gode leirminne.

16


Konfirmantnatt i Sogndal 8. mars Fredag 8. mars reiste konfirmantane, Audun, to Sygna-elevar og ein forelder til Sogndal for å vere med på nattcup. Guttane reiste med ekspressbåten til Sogndal kl. 20.00, og jentene tok buss tidlegare på dagen. Når vi kom til Sogndal begynte vi å gå opp mot Sognehallen. Når vi kom opp i Sognehallen var det samling med musikk og informasjon, så gjekk dei som skulle spele først for å gjere det. Vi frå Balestrand spelte den første kampen vår kl. 23.10 mot Hafslo, ein kamp vi spelte uavgjort. Tilsaman spelte vi fire kampar i turneringa, vi vann ein, fekk uavgjort ein og tapte to. Når vi ikkje spelte kamp spelte vi volleyball, fotball eller var på stillerommet, som var ein plass der det skulle vere stille for dei som ville slappe av. Vi reiste heim igjen med ekspressen i 7- tida og var på kaien i Balestrand kl. 8.00. Det var gøy på nattcupen, sjølv om vi berre vant ein kamp. Kristian Sæhl Målsnes

Konfirmasjonar i Balestrand våren 2013 Sæle kyrkje, sundag 28.april kl.11.00: Iselin Sande Bakke Linda Nesse Haugen Martine Aasen Tjugum kyrkje, sundag 5.mai kl.11.00: Mathias Knudsen Bjerk Aleksander Dale Runar Dale Maria Flatland Ese Arnborg Karin Grinde Mathias Hellenes Ørjan Midtbø Lidal Kristian Sæhl Målsnes Vemund Åm Risa Vilde Thue Eirik Briseid Tjugum

Konfirmantar frå heile Indre Sogn prosti samla til gudsteneste og konsert natt til laurdag. (Foto: Audun Systad)

17


Tanker fra en gudbrandsdøl i diakonipraksis i Sogn og Fjordane Jeg tar en mastergrad i diakoni ved Diakonhjemmet Høgskole i Oslo, og kom med natt-toget til Bergen mandag morgen 18.februar for å gjennomføre en tre uker lang menighetspraksis i Balestrand og Vik. Opprinnelig kommer jeg fra Vinstra, midt i Gudbrandsdalen.

På bakgrunn av dette er det viktig for innbyggerne, kirka og lokalsamfunnet at bygda har en diakoni som fungerer godt! Diakonien står framfor utfordringer. Tilgangen på ressurser og midler skrumper inn. Vi må tenke i nye baner for diakonien. Men når en dør lukkes, åpnes kanskje en annen? Det er som kjent i motbakker det går oppover, og det er ofte i trange tider det foregår utvikling. Vi må tenke nytt og nyttig. Være kreative og innovative som det heter på fint. Kanskje vil til og med flere nye dører åpne seg?

Etter kontakt med kirkeverge i Hyllestad, Rune Ziener i fjor høst, kom det i stand en praksisplass for meg i Balestrand og Vik. Det er jeg i dag veldig glad og takknemlig for. Mitt møte med Vestlandet har på mange måter vært en reise inn i det ukjente. For en gudbrandsdøl med lite kjennskap og kontakt med Vestlandet fra før, har møtet med Sognefjorden, menneskene og kulturen vært en lærerik og spennende periode både i min utdanning spesielt, og i livet mitt generelt. Jeg reiser tilbake med udelt positive tanker og minner. Menneskene jeg har møtt er åpne, positive og varme.

solid diakoni.

Diakonien må søke nye arenaer. Arenaer som ser nytten og verdien av diakonitjenesten. Arenaer som har mulighet og villighet til å bidra økonomisk for å sikre en

- Kanskje ser næringslivet verdien av diakoner som jobber med personalomsorg?

Diakoni er kirkens omsorgstjeneste. Vi reiser opp mennesker som av en eller annen grunn ligger «nede for telling». Vi inkluderer mennesker i fellesskapet. Vi hjelper folk til å få tilbake troen på seg selv. Vi er der i kriser. Vi er der i sorgen. Vi er der når problemer i livet blir for tunge å bære selv. Vi er der når rusen tar overhånd. Vi er der når helsa svikter. Kort sagt, vi er tilgjengelige. Vi er der.

- Kanskje ser statlige myndigheter verdien av diakoner som jobber med integrering av utenlandsk arbeidskraft og familier? - Kanskje ser statlige myndigheter verdien av diakoner som jobber med rusomsorg?

Diakonien dømmer ingen. Diakonien krever ingenting. Diakonien formidler Guds ord til de som ønsker det. Diakonien bare er der for de som ønsker det.

- Kanskje ser statlige myndigheter verdien av diakoner som jobber med psykisk og fysisk helsefremmende tiltak?

Ingen går gjennom livet uten å støte på vanskeligheter og tunge perioder. For noen går livsreisen gjennom mange dype daler. For andre er det kanskje bare noen småbakker av og til. Dette vet heldigvis ingen av oss. Det kan komme når vi minst aner det, og det kan komme til den som minst aner det. Diakonien bryr seg også fint lite om dette. Diakonien er opptatt av mennesker, og ikke Herr eller Fru Ditt og Datt. Framfor Gud er vi alle like.

- Kanskje ser statlige myndigheter verdien av at diakoner jobber med tiltak for «ungdom i drift», eller ungdom som dropper ut av skolen? Jeg tror vi får et fattigere og hardere samfunn uten en velfungerende diakonitjeneste i bygda! Terje Elvestad 18


Diakonens hjørne

Tankar om tilgjeving I Matteusevangeliet kapittel 18 handlar det om korleis vi lever med kvarandre. Det er Peter som set tilgjeving på dagsordenen. Kor mange gonger skal eg tilgje bror min? spør han. Spørsmålet som kan vere like så aktuelt i dag som då. Det er godt å bli tilgjeven, og det kan vere vanskeleg å tilgje.

Kongen fekk medkjensle med tenaren og ettergav han skulda. Skulda var ti tusen talentar som er ei svær gjeld, for berre ein talent var 6000 dagløner og verdt mange millionar kroner. Dette var fint og nesten utruleg, og ein skulle kanskje tru at han i glede over dette hadde møtt medtenaren sin med nåde. Medtenaren skulda 100 denarar som var hundre dagløner og skulda såleis mykje mindre enn det tenaren hadde fått ettergjeve. I staden møter han medtenaren hardt og brutalt og får han sett i fengsel. Ein annan tekst handlar om Josef og brørne hans; ein gamal tekst som står i 1.Mos 50,14-21. Brørne var redde for at når faren Jakob var borte, ville Josef hemna det som dei hadde gjort mot han. Dei hadde selt han som ung til framande og laug til faren at han var død. Brørne kastar seg ned for han og bed tilgjeving. Josef møter brørne sin på ein annan måte enn tenaren og seier:

Likninga om den hardhjarta tenaren Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal bror min kunna synda mot meg og eg likevel tilgje han? Så mykje som sju gonger?» Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju! Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine. Då han tok til med oppgjeret, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar. Han hadde ikkje noko å betala med, og herren baud at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han eigde, så gjelda kunne betalast. Men tenaren fall på kne for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg alt saman.’ Herren fekk inderleg medkjensle med han, sleppte han fri og ettergav han skulda. Då tenaren kom ut, møtte han ein medtenar som skulda han hundre denarar. Han greip medtenaren, tok strupetak på han og sa: ‘Betal det du skuldar!’ Medtenaren fall ned for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg.’ Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til han hadde betalt skulda. Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei svært sorgfulle. Dei gjekk til herren sin og fortalde han alt som var hendt. Då kalla herren tenaren til seg att og sa til han: ‘Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det. Skulle ikkje du òg ha vist miskunn mot medtenaren din, slik eg viste miskunn mot deg?’ Og herren vart sint og overgav tenaren til fangevaktarar som skulle mishandla han til han hadde betalt heile skulda. Slik skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjartet tilgjev bror sin.» Matt 18, 21-35

«Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad? De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, for han ville gje liv til eit stort folk, slik vi ser i dag. Så ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.» Slik trøysta han dei og tala til hjartet deira. framhald neste side

19


Diakonens hjørne

Tankar om tilgjeving

framhald

Kjenner vi oss att? Det er vanskeleg å vere menneske. Arveoppgjer og strid mellom søsken kan gjere mykje vondt. Søsken kan bli uvener i lang tid, ja, kanskje for resten av livet. Naboar, kollegaer eller venner kan bli ueinige. Nokon kan kjenne seg dårleg handsama, og det kan føre til bitre og vonde kjensler. Det er på sin plass med bøn om tilgjeving når det har falle vonde ord. Ei bøn om tilgjeving kan for nokon kjennast lettvint. Ein kan ikkje forvente eller krevje at t.d. eit brotsverk skal verte tilgjeve. Når vi opplever å bli sterkt såra, kan ein medvandrar eller ein sjelesørgjar vere ei god hjelp i ein vanskeleg situasjon. Men det kan ta ein del tid og arbeid å få ut sinne og vonde kjensler for å bli ferdig med dei. Gjennom tilgjevinga kan smerta sleppe taket eller i alle fall ikkje binde ein heile livet. Ein motivasjon kan ligge i at dersom ein tilgjev den andre, kan ein i alle fall gjere noko som er av stor verdi for si eiga framtid. Tilgjeving kan frigjere krefter og hindre at krenkinga skal halde fram å forårsake smerte i eige liv. Tilgjeving er ikkje å late som om uretten ikkje har hendt. Tilgjeving er ikkje billeg. Det kan vere å konfrontere det forferdelege som har hendt, og gje den andre høve til å kome ut av situasjonen. Det er òg eit nært tilhøve mellom tilgjeving og sjølvrespekt. Tilgjeving handlar om relasjonar, og er ikkje noko vi gjer for oss sjølve åleine. Den er retta mot den andre. Tilgjeving er ei forandring ein vil i hjarta. Det er ei aktiv handling for å erstatte vonde tankar med gode, bitre tankar og sinne med medkjensle og kjærleik. Tilgjeving er eit kvardagstema. Vi lever liva våre med det sårbare i sinnet vårt som ein del av kvardagen. Vi erfarer gong på gong at menneske vi er glade i, dei sårar vi. Det er eit av paradoksa i livet. Det er ikkje alltid lett å tilgje, for nettopp då kan vi måtte innrømme at vi er i stand til

å gjere noko som sårar dei rundt oss. Når vi innser at vi gjer nokon noko vondt, og må be om tilgjeving, ligg det òg eit høve til vekst og kanskje å unngå å repetere same handling på nytt. Gud har gjeve oss mange gode gåver, men to er større enn andre. Den første er kjærleik. Den andre er tilgjeving. Gud sende sin einaste Son til jorda for å gje oss eit prov på kva både kjærleik og tilgjeving er. Gud tåler ikkje synd, men elskar syndaren. Han gjorde i sin store kjærleik opp for synda vår då Jesus døydde på krossen. Det er grenselaus kjærleik og tilgjeving. Begge to er naudsynte i høve til menneska rundt oss. Vi kan godt og raust bruke dei på både oss sjølve og andre. Jesus dreg òg spørsmålet inn i tilhøvet mellom Gud og menneske. Vi står i ubetaleleg gjeld til han som skapte oss. Ved hans medkjensle har vi fått nåde og tilgjeving. Kven har då eigentleg rett til å halde si tilgjeving attende? Jesu bøn på krossen: “Far, tilgje dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.” Det er ikkje alltid den som har handla urett mot oss forstår kvar han eller ho har gjort med oss. Kanskje er vedkomande død. For nokon kan det hjelpe å bruke den bøna Jesus bad på krossen: Far, tilgje dei, for dei veit ikkje kva dei gjer. 2.Kor 13,12 «Til slutt, sysken, gled dykk. Ta imot både rettleiing og oppmuntring! Ha eit og same sinnelag, hald fred med kvarandre, så skal kjærleiken og fredens Gud vere med dykk.» 20


S ID E

Fargelegg Fargelegg Maria og disiplene som lytter til Jesus! Tegning: Kari Sortland

Prikk til prikk

75

19 12

7 15 14

6

16 5

1

43

42 44

47

65

69

48

64

66

52 56

59

34 36

32 28

30

33 31

29 51

54

62 63

38

27

50

68 60

35

46

49

71

Tegning: Kari Sortland

40

45

72

37

41

17

73

67

39

18

74

70

25 26

9 13

3 4

24

23

De to bildene v Marta og Jesus er nesten like. Finner du de fem feilene på bildet under?

8

2

21

20 11

10

Finn fem feil

22

53

57 55

61 58

.no nett SPRELL – Musikkvideoer – Tegnefilmer – BARNAS-konkurranser

Søndagsskolens ! nettside for barn

Tegn en strek fra 1 til 2 og så videre. Hva skjuler seg her?

14 blader + DVD + CD = kun 365,nr.7

Oppdrag: Umulig?

(privatabonnement hjem i posten)

Gruppeabonnement kun 189,- pr barn

Manus: Odd Ketil Sæbø 02 Himme Forteller Ålesund l over : Harald livet Stoltenber Solister: Soul Children Astrid g Walderhau 10 God Myren og Kristian tid T/M: Runar g Anita N. Musikkpro Bang Stangela Gjerlaug , Rebecca Fjalsett, nd Kaufman , Mathias T: Karin Karin K. Manvik M: Karin K. Manvik og K. Manvik Merete O: Hildegunn F. Arnevåg

Jakte stille n på stem den men

Henning duksjon/ar r./miks: VokalprodKalvøy, 1/0 Studios, Dag Trommer: uksjon: Runar Oslo SØNDAGBørre Flyen Bang SSKOLEN

En Bestill

-CD Paradisbukta barneblad

Gitarer, Garnes Jesus og Tomas,med tårnagent etside 2 produksjo Reigstad NORGE på www.sond enes BARNAS 04 Herren side 4-5 2011 Kristian Kvalvaag, nbibelserien og arr. klubbavis Bratsj: Vetle agsskolen er min Basement av komp: Tarjei Kleveland .no hyrde Dagens ord: Miks: Espen Nysted T: Asle Studio Bjorvatn og Gjelstad M: PhatBack Tekniker Sammen med Gud(SalmeHanna Muren Audiopol Studio Gunderse Tekniker Fra CD-en Antonsen voice: Håvard selv om vi ikke ser ham 23) n, 15. april • 2012 (vokal): Sanden

06 Kom

Propell Media 2011

Postprod , Studio StaffeldtsGressum uksjon/fe Vegard rdigstillin Schow, Illustratø Make g: Grafisk r: Kanako Music AS & Yuzuru design: CD trykk: Camilla Produsen Dicentia Hoholm t: Odd Ketil Sæbø © og NORGE SØNDAG SSKOLEN www.sond2012 agsskolen .no

Make Music SØNDAG

Jentegru til meg ppa Solist: Mathea Seven T: Britt-Venk Celine Løver M: Melinda e Oldebråte n Fra CD-en E. Løver Det er Seven gull Song Production s 2011 08 Skattesk Tore Thomassrin T/M: Tore en Fra CD-enThomasse Skatteskrinn Lynor as 2005

12 Aria

Vegard Schow, AS SSKOLEN NORGE 2012

Liv-Bene (utdrag ) dicte Fiolin: Hallvard Bjørnebo M: Liv-Benedi Bjørneboe e fra CD-en cte BjørneboeSæbø Liv-BenediAria cte Bjørneboe 2009 14 Tomas Elias sang Songe T/M: Hans og barn Programm Inge Fagervik fra Tromøya Rasmus ering/tekn iker: Solem Bass/keybo ard: Rasmus Gitar: Hans SØNDAG Inge FagervikSolem SSKOLEN NORGE 2012

Den gode

Jakte stille n på stem den men

LUKAS

Bli en www.tarekte tårnagen nagente Få agentbe t på hemmel vis og ne.no ige oppdrag !

Jakte stille n på stem den men SUKAI

LINNE

A MART

IN

Bestill på barnas@sondagsskolen.no eller på telefon 22 08 71 00 D

de e n go

gje

te re n

20 tegnefilmf liv. fra Jesu

ortellinge

21

Christoffer

t innlesing: Produsen Arnevåg Føyen DVD-tryk

Tønnesen, Asbjørn Chris Murphy, Vera Tataro, Jansen, Rikke Fjeld Gaustadnes, Raymond Erik Ødegaard

En -DVD

king:

Dicentia

Harald Stoltenberg

Tegnere:

r

Merete

Forteller:

Den god e

g j e t e re n

gj

: Film Animasjon Alve, CirkA

-DVD

En

gode De n e r e n et

Tegneserie

manus/pro

dusent:

Runar Bang

fra

und 2011

Søndagsskoleforb og © Norsk 0606 OSLO Etterstad, PB 6552

av DVD: Bestilling dagsskole.no butikk@son

t på

Bli abonnen

i posten. olens barneblad rett hjem le.no SøndagsskDVD + bok + ondagssko 14 blader på barnas@s Bestill

En

NSSF

-DVD fra

S0211

© 2011

SØNDAGSSKOLEN NORGE S0112 © 2012

tarnagentene.no Tårnagentenes eget nettsted!


Ny forskrift til gravferdslova frå 1.1.2013 Nye graver som vert grevne på kyrkjegarden er ikkje like djupe no som dei var før. Det kan dessutan gå lengre tid mellom dødsfall og gravferd enn tidlegare. Dette er to døme på praktiske konsekvensare av den nye gravferdsforskrifta som gjeld frå 1.1.2013. “Six feet under”

§ 13 andre ledd lyder no: Kiste skal plasseres slik at den har minst 0,8 meter jordoverdekning og minst 0,3 meter jord under kistebunnen og på alle sider. Tidlegare var kravet 1 meter jordoverdekking. Ei viktig grunngjeving for endringa er at ein med grunnare graver kan redusere problem med dårlege grunntilhøve mange stader (t.d. høg grunnvasstand). Som ein kuriositet nemner vi at dersom vi skulle gravlegge “six feet under” ville det blitt ikring 1,30 m jordoverdekking. (6 feet tilsvarer 1,80 m djupn. Med kistehøgd på ca 0,50 m høgd ville det vorte 1,30 m jord over kista) Kravet om “six feet under” vart fyrst framsett av ein ordførar i London på 1600-talet i samband med eit pest-¬utbrot. Det er ikkje mange stader i verda ein grev så djupe kistegraver i dag.

Gravplass i staden for kyrkjegard

Omgrepsbruken i forskrifta er endra i tråd med endringane i den nye gravferdslova frå 2012. Både lov og forskrift har no bytta ut ordet “kyrkjegard” med “gravplass”. Forskrifta heiter dermed: Forskrift til lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdsforskriften). Lokalt er det likevel lov til å kalle ein gravplass som ligg nær ei kyrkje for kyrkjegard og dermed heiter gravplassane våre framleis Tjugum kyrkjegard, Sæle kyrkjegard og Kvamsøy kyrkjegard.

“Trufast” kan ikkje gravleggjast på offentleg gravplass

Av di det nokre stader har skjedd at t.d. familiehunden har vorte greve ned på grava til eit familiemedlem på kyrkjegarden, eller at det har vore førespurnader med slike ynskje, presiserer departementet no i gravferdsforskrifta § 12 at: På gravplass kan bare levninger etter mennesker gravlegges.

Kva tid skal gravlegging skje?

§ 12 første ledd lyder no: Gravlegging skal skje senest 10 virkedager etter dødsfallet. Lørdag regnes ikke som virkedag. Kirkelig fellesråd fastsetter nærmere tidspunkt for den enkelte gravlegging. Fellesrådets vedtak kan ikke påklages. Før ny gravferdslov i 2012 var kravet 8 dagar, uavhengig av om det var høgtider eller andre fridagar. Den nye forskrifta seier her det same som den nye lova, men etter ein debatt om omgrepet “verkedag” då den nye lova kom, har departementet i den endå nyare forskrifta presisert at laurdag i denne samanhengen ikkje vert rekna som verkedag. Det er kyrkjeverja som på vegner av fellesrådet har mynde til å fastsetje tidspunkt for gravlegging. Pårørande sine ynskje veg tungt, men endeleg avgjerd må takast ut frå tilgjenge av prest, organist og andre tilsette.

Tilrettelagde graver

I tråd med at den nye gravferdslova set større krav til tilpassing til ulike religionar og livssyn er det i forskrifta teke inn eit tillegg i §2: Ved anlegg, utvidelse og vesentlig endring skal behovet for særskilt tilrettelagte graver vurderes. Dersom Balestrand sokneråd ikkje kan innfri eit legitimt behov for særskilt tilrettelegging av grav skal soknerådet i fylgje gravferdslova §6 no dekke kostnadene ved slik gravlegging i ein annan kommune som tilbyr dette. Kyrkjeverje Jostein Risa kyrkjeverje@balestrand.kyrkja.no 22


TAXI mob. 959 86 000 Blomster og gåver Holmen 5, Balestrand

Tlf. 57 69 12 26

Døypte

I GLEDE OG SORG Kjell Grønli Anna Helen Hamre

Døde

E-post: dgb@online.no

Maria England Hoem 03.03.2013 i Sæle kyrkje

Sogn gravferdshjelp, Fossetunet 4, 6856 Sogndal

Turbussar Vi tilbyr også 10- og 17-setars Blomster og gåver bussar med plass til rullestol Holmen 5, Balestrand turbussar Tlf.samt 57 store 69 12 26 49 seter. E-post:med dgb@online.no

Arne Tveit f.1918. d.11.01.2013. Gravferd frå Sæle kyrkje 18.01.2013.

Ytre Sogn gravferdsbyrå A/S

Irina England Hoem 03.03.2013 i Sæle kyrkje

Astrid Høyvik f.1957 Hjelpd.04.02.2013. til alle tenester ved dødsfall Gravferd frå Tjugum kyrkje 12.02.2013

Ytre

GRAVMONUMENT - SKRIFTHOGGING

Vigde

Tlf/Fax: 57 69 12 38 Brita Balevik f.1949 Mob. 952 81 078 Døgnvakt telefon: d.06.02.2013. Gravferd frå Tjugum kyrkje 15.02.2013 577 14 700 / 959 86 000

Åshild Alte og Henning Birger Sagevik 23.03.2013 i St.Olafs kyrkje TAXI Vi takkar

6856 Sogndal

annonsørane mob.våre 959 86 000 for Turbussar støtta og Vi tilbyr også 10- og 17-setars ynskjer lesarane bussar med plass til rullestol våresamt ei store godturbussar påske!

Annonser med 49 seter.

A/S

ødsfall

Pb.14, 6898 BALESTRAND

mob. 959 86 000 TAXI Turbussar mob. 86 000 Blomster ogog gåver Vi tilbyr også 959 1017-setars

/S

Sogndal

g fall /Sas

ravminne

GGING sfall erson and: GGING øneng 6 Sogndal 62 878

A/S

sfall

OGGING

Vi takkar annonsørane våre for støtta og ynskjer lesarane våre ei godfor påske! Kyrkjelydsbladet takkar annonsørane støtta TAXI

TAXIas Melbys skrifthugging

Blomster og gåver HOGGING Frode Buene Blomster og69 gåver Tlf/Fax: 12 38 Holmen 5, 57 Balestrand Holmen 5, Balestrand Tlf. 6912 29 06 Mob. 952 81 078 Tlf.Tlf. 5757 69 57 69 1226 26 Mob. 907 53 579 00 E-post: dgb@online.no TAXI E-post: dgb@online.no

Sogndal

Janne Miriam Helen Gjeraker f.1978 d.22.02.2013. Gravferd frå Tjugum kyrkje 01.03.2013

Holmen 5, Balestrand bussar med plass til rullestol Turbussar Tlf. 57 69 12 26 samt store turbussar Vi tilbyr også 10- og 17-setars E-post: dgb@online.no seter. bussarmed med49 plass til rullestol

samt store turbussar TAXI

Har49 duseter. hugsa med

bladpengane?

Pb.14, 6898 BALESTRAND Turbussar Knut Melby Kjell Grønli Kontaktperson TurbussarViBlomster tilbyr ogsåog 10-gåver og 17-setars Vi tilbyr også 10- og 17-setars Kjell Grønli Steinhoggerveien 5 i Balestrand: Frode Buene Anna Helen Hamre Holmen 5, Balestrand bussar med plass til rullestol Anna Helen Hamre bussar med plass til rullestolTerje Meland 6490 EIDE Steinar Grøneng samt store turbussar Tlf. 57 69 12 26 57 69 29 06 samt store turbussar Tlf.Balestrand Mob. 482 40 612Sogn gravferdshjelp, Mob. 482 62 878med 49 seter.TAXI E-post: dgb@online.no med 49 seter. Fossetunet 4, 6856 Sogndal

959 56 113 Mob. 907 53 579

Sogn gravferdshjelp, Fossetunet 4, 6856 Sogndal

Ytre Sogn gravferdsbyrå A/S Ytre Sogn gravferdsbyrå

A/S

Vi strandtakkar sokn sin konto

3805.10.32583 "Bladpengar 2012" tilbyrMerk også 10- og 17-setars

Vi NB! Nytt telefonnummer Redaksjonen bussar medvåre plass til rullestol Blomster og gåver 57 69 42 40 forTerje støtta og Holmen 5, Balestrand samt store turbussar Meland NB! Nytt telefonnummer Tlf. 57 69 12 26 med 49 seter. ynskjer lesarane Balestrand

959 56 113

mob. 959 86 000

Melb

Inskripsjo

Knu Steinho 649 Mob. 4

Ytre

Turbussar

Hjelp til alle tenester ved dødsfall

HjelpKjell til alle tenester ved dødsfall Vi tilbyr også 10- og 17-setars Grønli GRAVMONUMENT - SKRIFTHOGGING Anna Helen Hamre NB! Nytt telefonnummer bussar med plass til rullestol GRAVMONUMENT 57 69 42 40 samt store turbussar Døgnvakt telefon: - SKRIFTHOGGING 577 14 700 / 959 86 000

Sogn gravferdshjelp, Fossetunet 4, 6856 Sogndal

Døgnvakt telefon: 577 14 700 / 959 86 000

Ytre Sogn gravferdsbyrå A/S

mob. 86 000 Set gjerne959 inn kr.150 på Bale-

Terjes Taxi Turbussar annonsørane

mob. 959 86 000 Terjes Taxi

Inskripsjon, oppussing og sikring av gravminne mob. 959 86 000

Tlf/Fax: 57 69 12 38 Mob.med 9524981seter. 078

TAXI

Har du hugsa bladpengane?

Hjelp til alle tenester ved dødsfall

mob. 959 86 000

GRAVMONUMENT - SKRIFTHOGGING Kjell Grønli telefon: Anna Døgnvakt Helen Hamre 577 14 700 / 959 86 000

Turbussar Set gjerne inn kr.150 på BaleTlf/Fax: 57sin 69 12 38 Vi tilbyr ogsåsokn 10ogkonto 17-setars strand Mob. 952 81 3805.10.32583 bussar med plass til 078 rullestol Merk 2012" samt"Bladpengar store turbussar med 49 seter. Redaksjonen

57ei69 42 påske! 40 E-post: dgb@online.no Sogn gravferdshjelp, Fossetunet 4, 6856 Sogndal våre god Vi takkar Ytre Sogn gravferdsbyrå A/S annonsørane våre Melbys Hjelp skrifthugging as til alle tenester ved dødsfall for støtta Blomster Pb.14, 6898 av gravminne Kjell sikring Grønli Tlf/Fax: 57BALESTRAND 69 12og 38og gåver Inskripsjon, oppussing og Holmen 5, Balestrand Anna Helen Hamre GRAVMONUMENT SKRIFTHOGGING ynskjer Mob. 952lesarane 81 078 Knut Melby Kontaktperson Tlf. 57 69 12 26 Frode Buene våre ei god påske! E-post: dgb@online.noSteinhoggerveien 5 Døgnvakt telefon: i Balestrand:

Sogn gravferdshjelp, Fossetunet 4, 6856 Sogndal

Tlf. 57 69 29 06 Mob. 907 53 579

6490 EIDE 577 14 700 /Steinar 959 86 Grøneng 000 Mob. 482 40 612 Mob. 482 62 878 23 Ytre Sogn gravferdsbyrå A/S

Vi takkar

Melbys skrifthugging as Hjelp til alle tenester ved dødsfall

TAXI mob. 959 86 000

Terjes Taxi

Turbussar Vi tilbyr også 10- og 17-setars bussar med plass til rullestol Tlf/Fax: 57turbussar 69 12 38 samt store Mob. 952 81 078 med 49 seter. Terje Meland

959 56 113 Balestrand

Ytre


INFORMASJON Utgjevar/Avsendar: Balestrand sokneråd Sjøtunsvegen 6 6899 BALESTRAND

Velkomen til gudsteneste 14.apr, 3.s. i påsketida 21.apr, 4.s. i påsketida 28.apr, 5.s. i påsketida 5.mai, 6.s. i påsketida 17.mai, 17. mai 19.mai, Pinsedag 26.mai, Treeiningss. 2.jun, 2.s. i treein 9.jun, 3.s. i treein 23.jun, 5.s. i treein 30.jun, Aposteldagen 14.jul, 7.s. i treein 28.jul, 10.s. i treein 11.aug, 12.s. i treein 18.aug, 13.s. i treein 1.sep, 15.s. i treein 8.sep, 16.s. i treein 22.sep, 18.s. i treein 29.sep, 19.s. i treein 6.okt, 20.s. i treein

TJUGUM kl.11:00. Samtalegudsteneste ved Marte Ottesen (prest og konfirmantlærar), konfirmantane og Audun Systad. Song av Balestrand ungdomskor. Takkoffer til Alværa misjonssenter. TJUGUM kl.11.00. Gudsteneste ved Kjell Nese. Diakonen deltek. Nattverd. Diplom til minikonfirmantane. Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet. SÆLE KYRKJE kl.11:00. Konfirmasjonsgudsteneste ved Audun Systad. Lovsongsgruppe. Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet. TJUGUM KYRKJE kl.11:00. Konfirmasjonsgudsteneste ved Audun Systad. Lovsongsgruppe. Takkoffer til Menneskeverd. TJUGUM KYRKJE kl.10:30. Festgudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet. SÆLE KYRKJE kl.11:00. Høgtidsgudsteneste ved Henry Nygård (DNI) og Audun Systad. Lovsongsgruppe. Takkoffer til Misjonsprosjektet i Romania (DNI). ST.OLAFS KYRKJE kl.12:00. Gudsteneste ved Audun Systad. Lovsongsgruppe. Takkoffer til Vener av St.Olafs kyrkje. LUNDE (Badeplassen ved arboretet) kl.11:00. Frilufts- og blomstergudsteneste ved Audun Systad. Utdeling av 6-årsbok. Kyrkjekaffi. Ta gjerne med noko å sitje på. (Vert flytt til Tjugum kyrkje ved regn.) TJUGUM KYRKJE kl.11:00. Gudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer til Normisjon. Utvida kyrkjekaffi med markering av organist og kyrkjelydspedagog. KVAMSØY KYRKJE kl.12:00. Jonsokgudsteneste ved Audun. Song av Jostedal songlag. Takkoffer til Det Norske Misjonsselskap (NMS). Ta gjerne med mat/drikke til felles kyrkjekaffi. (Båtskyss frå kl.11.00 kr.30 t/r over 16 år) STØLSBERG (Vetlefjorden) kl.12:00. Friluftsgudsteneste. Takkoffer til det lokale kyrkjelydsarbeidet. Ta gjerne med mat/drikke til felles kyrkjekaffi og noko å sitje på. (Vert flytt til Fjordtun oppvekstsenter ved regn.) TJUGUM kl.11:00. Gudsteneste. Takkoffer. KVAMSØY kl.12:00. Olsokgudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer. TJUGUM kl.11:00. Gudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer. HOLMEN (parken ved båthamna) kl.11:00. Friluftsgudsteneste ved diakon Kjersti Brudvik og Audun Systad. Diakoniens dag. Lovsongsgruppe. NESSADALEN (“Kyrkjegarden”) kl.11:00. Friluftsgudsteneste ved Audun Systad. Takkoffer. ST.OLAFS KYRKJE kl.11:00. Gudsteneste ved Audun Systad. Lovsongsgruppe. TJUGUM kl.11:00. Gudsteneste ved Audun Systad. Konfirmantpresentasjon. Markering av 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke. Takkoffer. SÆLE kl.11:00. Gudsteneste ved Audun Systad. Hausttakkefest. med prosesjon. Utdeling av 4-årsbok. Takkoffer. TJUGUM kl.11:00. Gudsteneste. Takkoffer.

Atterhald om endringar. Oppdatert gudstenesteplan finn du alltid på www.balestrand.kyrkja.no

24

Kyrkjelydsbladet for Balestrand nr 1-2013  

Utgjeve av Balestrand sokneråd i Balestrand kommune, Sogn og Fjordane, Norway. 3 utgjevingar i året. Redaktør: Jostein Risa (kyrkjeverje / d...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you